{"id":7482,"date":"2020-01-23T18:35:04","date_gmt":"2020-01-23T16:35:04","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=7482"},"modified":"2020-01-24T12:34:30","modified_gmt":"2020-01-24T10:34:30","slug":"den-sare-striden-vinter-med-garborg","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/","title":{"rendered":"&#8220;Min Garborg&#8221; av Ingrid Z. Aanestad"},"content":{"rendered":"<p>Min Garborg? Det er sant at eg hadde ein Garborg som var min. Eg skapte han ut fr\u00e5 ulike bitar. F\u00f8rst og fremst ut fr\u00e5 nokre av romma han hadde levd i. D\u00e5 eg var 16-17-18 \u00e5r hadde eg sommarjobb i Garborgheimen og Knudaheio. Eg skulle ta imot inngangspengar, selja b\u00f8ker, svara p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l, visa turistane rundt. Eg las meg opp p\u00e5 \u00e5rstal og anekdotar, eg las Fred og Haugtussa. Eg sykla gjennom Timesokna. Enkelte dagar gjekk det i eitt med bes\u00f8karar, men ofte var det lange mellomrom mellom kvar omvisning eg hadde. Eg fekk god tid til \u00e5 vera i desse husa p\u00e5 eiga hand. Det kan nok henda at det eg hadde lese og det eg visste om Garborg og familien hans forma inntrykka mine, men det er ingen tvil om at desse to husa var sv\u00e6rt ulike. Garborgheimen \u2013 barndomsheimen til Garborg l\u00e5g l\u00e5gt i landskapet. Det er eit vakkert j\u00e6rhus, men mest av alt hugsar eg kor tr\u00f8ytt eg blei av \u00e5 vera der. Det l\u00e5g ei slags tyngd over romma. Det biletet eg oftast kjem tilbake til i tanken er dette:<\/p>\n<p>Arne Garborg som ung gut, sitjande p\u00e5 kne framf\u00f8re kista i finstova. G\u00f8ymt i kista hadde han b\u00f8ker han p\u00e5 ulike vis hadde f\u00e5tt tak i. Han m\u00e5tte lesa i skjul, for i denne heimen var det ikkje lov \u00e5 lesa andre b\u00f8ker enn bibelen. Finstova blei ikkje varma opp til dagleg. Eg tenker p\u00e5 kor kalde hendene hans m\u00e5 ha blitt. Kor hardt det var med knea p\u00e5 tregolvet. Kor d\u00e5rleg leselys det m\u00e5 ha vore. Det er eit paradoksalt bilete \u2013 den knelande guten i ei slags b\u00f8n, men ikkje til ein streng og d\u00f8made gud. Det var litteraturen han vende seg mot \u2013 og gjennom litteraturen: VERDA som p\u00e5 ein eller annan m\u00e5te m\u00e5 ha opna seg for han nede i den m\u00f8rke kista.<\/p>\n<p>I Knudaheio var det annleis. Lettare, friare. N\u00f8kternt. Ein stad \u00e5 sj\u00e5 utover fr\u00e5. Eit utgangspunkt, ein skrivestad. Ein m\u00e5te for den vaksne Arne Garborg \u00e5 venda tilbake til J\u00e6ren p\u00e5.<\/p>\n<p>Framtida drog liksom i meg desse somrane. Meir enn noko anna ville eg ut og vekk, helst langt vekk. Eg ville mot kunsten og sola og fridomen, mot det vakre og ukjente og litt farlege. Marmorst\u00f8v og varm asfalt, sterk kaffi, \u00f8l med ferskensmak, smijernsportar, fontenar. Tjukke b\u00f8ker, kj\u00f8lege museum, ein bar med raude stolar der nokon kanskje venta p\u00e5 meg. Framtida hadde smakar og lukter og var framfor alt langt fr\u00e5 dei steinete jordene p\u00e5 H\u00f8g-J\u00e6ren. Denne impulsen hadde ein styrke som nesten er vanskeleg \u00e5 koma i kontakt med no. Retninga for lengten er ikkje lenger like opplagt. No lengtar eg like gjerne heim som ut, like gjerne til det ukjende inne i det kjende. Ein heilt vanleg m\u00e5ndag i januar kan eg sitja ved skrivebordet i atelieret midt i Oslo og sj\u00e5 ut p\u00e5 det nakne kirseb\u00e6rtreet i bakgarden og kjenna meg heldig som er akkurat her \u2013 og samstundes, ein stad i brystet kjenna ein liten lengt mot den store himmelen og vinden p\u00e5 Skeiestranda &#8211; og bare det \u00e5 kunna sj\u00e5 langt, langt, lenger enn til Ekeberg\u00e5sen.<\/p>\n<p>Min Garborg var ogs\u00e5 den Garborg som var med og forma kva slags spr\u00e5k eg har om den staden eg kjem fr\u00e5 \u2013 og om mi tilknytning til staden. Gjennom hans ord har eg l\u00e6rt meg \u00e5 sj\u00e5 den sju mil lange stranda. Dei fakskvite brimhestane. Alvelandet som stig av hav. N\u00e5r eg kjenner meg som den bortkomne eller heimkomne dottera tenker eg p\u00e5 Garborg. Og eg skuldar p\u00e5 han n\u00e5r nokon skildrar meg som mager og m\u00f8rk og mj\u00e5.<\/p>\n<p>I mitt indre portrettgalleri er Garborg ein alvorleg og litt spinkel mann. Ja, han liknar faktisk sv\u00e6rt mykje p\u00e5 den Garborg Eilif Petersen malte i 1894. Det er ikkje umogleg at den vesle reproduksjonen av m\u00e5leriet foreldra mine hadde st\u00e5ande i bokhylla gjennom st\u00f8rsteparten av oppveksten min rett og slett har flytta inn i hovudet mitt. Der sit han i ein lys trestol. Sj\u00f8lv er han m\u00f8rkkledd. Han har hovudet lent p\u00e5 den eine handa \u2013 tenkaren sin positur. Den andre armen er strekt ut, kviler liksom rundt stolryggen. Han ser innadvendt ut, men samstundes er det noko ope og fritt i m\u00e5ten \u00e5 sitja p\u00e5. Han eig ikkje verda, men han ser heller ikkje ut til \u00e5 ha havna p\u00e5 feil klode \u2013 han ser ut til \u00e5 vera heime der han er.<\/p>\n<p>Eg skal tenka p\u00e5 Garborg, p\u00e5 <em>min<\/em> Garborg, det er oppdraget mitt. Og det skal ikkje handla om J\u00e6ren eller om utferdstrong eller heimlengt denne gongen. Eg treng ein ny Garborg. Eg skal ikkje skapa han eller kopiera han fr\u00e5 bilete eg har sett. Eg skal g\u00e5 p\u00e5 jakt etter han. Men eg treng eit utgangspunkt, eg treng ei avgrensing. Sj\u00f8lv flyttar eg hausten 2019 fr\u00e5 Oslo sentrum til eit hus i skogkanten i lag med kj\u00e6rasten min. Flyttinga forvirrar meg, sj\u00f8lv om det ikkje er mange kilometer det er snakk om. Eg leiter etter meg sj\u00f8lv i dei nye romma, eg frys i det d\u00e5rleg isolerte 60-talshuset, l\u00e6rer meg nye oppfyringstriks, pr\u00f8ver \u00e5 falla til ro. Og eg tenker slik eg ofte gjer n\u00e5r det gjer litt vondt i eksistensen, at arbeidet, at skrivinga kjem til \u00e5 hjelpa meg, kjem til \u00e5 l\u00f8fta meg over og inn i noko nytt. Denne gongen inviterer eg Garborg med meg. Eg kjem p\u00e5 at eg mange gonger har h\u00f8yrt at Kolbotnbrev er den lysaste boka hans, at ein litt annan Garborg kjem til syne der. Og handlar ikkje denne boka nettopp om \u00e5 flytta, om \u00e5 bu p\u00e5 ein ny stad? Og er ikkje Garborg 36 \u00e5r \u2013 slik eg er no \u2013 medan han skriv desse breva? Ein Garborg midt mellom barndomsheimen og skrivestova Knudaheio, ein Garborg f\u00f8r Fred og Haugtussa. Eg lar lysta og tilfeldigheitane avgjera \u2013 dette er eit utgangspunkt, ein plass eg kan begynna jakta p\u00e5 den nye Garborg.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/eilif_peterssen-arne_garborg2\/\" rel=\"attachment wp-att-7491\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone wp-image-7491 size-large\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/Eilif_Peterssen-Arne_Garborg2-780x1024.jpg\" alt=\"\" width=\"780\" height=\"1024\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/Eilif_Peterssen-Arne_Garborg2-780x1024.jpg 780w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/Eilif_Peterssen-Arne_Garborg2-229x300.jpg 229w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/Eilif_Peterssen-Arne_Garborg2-1170x1536.jpg 1170w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/Eilif_Peterssen-Arne_Garborg2-1560x2048.jpg 1560w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/Eilif_Peterssen-Arne_Garborg2-250x328.jpg 250w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/Eilif_Peterssen-Arne_Garborg2-scaled.jpg 1950w\" sizes=\"auto, (max-width: 780px) 100vw, 780px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Aller f\u00f8rst, litt fakta \u2013 sj\u00f8lv om mange av dykk nok kjenner til denne boka, desse tekstane, betre enn det eg gjorde f\u00f8r Garborg-jakta begynte i haust. Kanskje har nokon til og med h\u00f8yrt Torbj\u00f8rn Berglund Eriksen framf\u00f8ra utdrag fr\u00e5 boka tidlegare under \u00e5rets Garborgdagar. Kolbotn-brev er ei samling brev som Arne Garborg sendte til avisa Fedraheimen i siste del av 1880-\u00e5ra. Dei blei litt omarbeidde f\u00f8r dei blei gjevne ut som bok i 1890. Bakteppet for \u2013 og noko av tematikken i \u2013 breva er at Arne Garborg vil vekk fr\u00e5 Kristiania etter det som nok har vore ganske strie \u00e5r i hovudstaden. Garborg var ein ekstremt aktiv debattant, i tillegg til \u00e5 skriva skj\u00f8nnlitter\u00e6rt. Han opplevde J\u00e6ger-saka, Kielland-saka, Albertine-striden, og sj\u00f8lv vart han avsett fr\u00e5 statsrevisor-posten. Det var \u00e5r med strid, motsetningar, motstand. Eg trur nesten det er vanskeleg for oss i dag \u00e5 forst\u00e5 kva slags kraft Garborg var, ikkje berre i m\u00e5lsaka, men i mange politiske stridssp\u00f8rsm\u00e5l, og i heile den store samtalen om nasjonal identitet, om kva Noreg skulle vera.<\/p>\n<p>Uansett: Han kj\u00f8pte hytta\/huset Kolbotnen i \u00d8sterdalen i 1885, d\u00e5 han kom attende til Norge etter eit opphald i Paris. Det skulle vera ein fristad. Det f\u00f8rste Kolbotn-brevet er fr\u00e5 dette \u00e5ret. Det er eit sommarbrev \u2013 dei f\u00f8rste breva er det, eitt fr\u00e5 kvar sommar, i tre \u00e5r.<\/p>\n<p>Og ein fristad synest det \u00e5 vera, desse f\u00f8rste somrane.<\/p>\n<p>\u00abJau &#8211; her er betre \u00e5 vera\u00bb, opnar Garborg det f\u00f8rste brevet. Det vil seia: Betre enn \u00e5 sitja p\u00e5 statsrevisjonskontoret og sj\u00e5 p\u00e5 kor lite visdom verda vert styrt med. F\u00f8rste del av dette brevet er ein slags lang utpust, han skriv seg gjennom noko av denne manglande visdommen dei styrande menn i Kristiania har vist fram. Rekneskapen over den nybygde \u00d8sterdalsbanen har han sj\u00f8lv site med, og sett korleis budsjetta blir sprengde \u2013 og korleis vanlege folk gav tilskot til ein jernbane som seinare blei for dyr for mange \u00e5 bruka, og korleis mange gjekk konkurs f\u00f8r han i det heile teke var ferdig. \u00abAlle desse sprengde liv legg seg for bringa p\u00e5 meg\u00bb, skriv han.<\/p>\n<p>Han treng luft, men det er ikkje nok \u00e5 bevega seg bort til Grand, der finn han berre tr\u00f8ytte og klagande studentar. Nei \u2013 han m\u00e5 lenger avgarde. Den utskjelte \u00d8sterdalsbanen tek han til Auma stasjon, s\u00e5 skal han vidare litt vestover, over innsj\u00f8en Savalen, til det han kallar \u00abstogo mi i Garvik-lia\u00bb. Det er ein venn som insisterer p\u00e5 \u00e5 kalla bustaden Kolbotnen \u2013 og riktig nok ligg ho p\u00e5 ein gammal kolbotn \u2013 der det blei brent kol \u2013 \u00abmen stogo mi er for fin til \u00e5 hava so svart eit namn\u00bb, skriv Garborg.<\/p>\n<p>Siste del av dette brevet er eit slags portrett av Kolbotnen \u2013 som hytta trass motstand blir heitande, ogs\u00e5 hos Garborg \u2013 eller aller mest eit portrett av dei omgjevnadane som hytta er plassert midt i \u2013 og som den desillusjonerte statsrevisoren Garborg r\u00f8rer seg rundt i. Her er me langt fr\u00e5 kontoret med vindauge h\u00f8gt oppe p\u00e5 veggen. Her kjem utsikta tett p\u00e5. I denne f\u00f8rste skildringa er det eit vennleg landskap som trer fram: Tronfjell \u2013 eit sant \u00f8sterdalsfjell med breide rolege rundingar. Saval-sj\u00f8en t\u00f8yer seg bl\u00e5 og blank. Det er lange, mjuke \u00e5sar. Alt virkar friskt og reint. Og landskapet er liksom i tecnicolor, h\u00f8yr bare her, i den vidare skildringa av Tronfjell: \u00abVed solegladsbil f\u00e6r dette storfjelle stundom ein serskild glans yvi seg, ein raud linn solglim som skin av ein eld; ein kjem til \u00e5 tenkje p\u00e5 sveitsisk Alpengl\u00fchen. Speglar so dette h\u00f8gfjell-skine seg i Savalen millom det furugr\u00f8ne og bj\u00f8rke-ljose fr\u00e5 skog, det reinmose-gule fr\u00e5 \u00e5s, det himilreint bl\u00e5e fr\u00e5 luft, &#8211; d\u00e5 vert det eit bil\u00e6te so draumfagert i sin mjuke og skifterike glans, at du ikkje er i verdi lenger, men i \u00e6ventyrheimen.\u00bb Det har blitt peikt p\u00e5 det merkelege i at den beste skildringa av austlandsk h\u00f8gfjellsnatur blei gjort av vestlendingen Arne Garborg. Men eg veit ikkje om det er s\u00e5 merkeleg. S\u00e5 uvanleg er det vel ikkje at eit blikk utanfr\u00e5 kan sj\u00e5 klarare enn det tilvande, automatiserte blikket. Og det sl\u00e5r meg at det finst ei kime i desse skildringane, ein anar Alvelandet i Haugtussa. Hadde Garborg blitt buande p\u00e5 J\u00e6ren, kunne han aldri ha skildra j\u00e6rlandskapet slik han faktisk gjorde \u2013 det er eg overtydd om. Han vaska blikket i andre landskap, i andre utsikter. Eg er freista til \u00e5 seia at han \u00f8vde seg p\u00e5 Austlandet, men det er nok \u00e5 dra det for langt: Kolbotnbrev er p\u00e5 fleire m\u00e5tar eit eksperiment, ei overgangsbok kanskje til og med, men det er ikkje ei \u00f8ving.<\/p>\n<p>Det er eit \u00abeg\u00bb i desse breva. Men ein naiv eller privat brevskrivar er det ikkje snakk om \u2013 sj\u00f8lv om mykje nok ligg tett p\u00e5 det faktiske livet Arne Garborg levde desse \u00e5ra. Autofiksjon, kunne ein kalla det, med eit moderne ord. Alts\u00e5: Eg-et (som heiter det same som forfattaren) blir brukt som ein instans for \u00e5 fortelja, for \u00e5 visa fram \u2013 men det er ikkje eit absolutt likskapsteikn mellom forfattaren og dette eg-et -sj\u00f8lv om brevforma er med p\u00e5 \u00e5 gjera det n\u00e6rt og intimt. Brevet vender seg mot lesaren, skaper eit rom av fortrulegheit. Slik kan eg som lesar lett koma til \u00e5 tru at desse orda str\u00f8ymer rett fr\u00e5 sjela til Garborg, gjennom tida og treffer meg, der eg sit p\u00e5 t-banen mot sentrum og myser vekselvis mot orda i boka og mot vintermorgonsola som stig over industrilandskapet. Eit temperament kjem til syne i desse breva \u2013 utan tvil. Teksten er sint, desillusjonert, skarp, morosam, nokre stykke \u2013 s\u00e6rleg landskapsskildringane, er nesten meditative i si rolige dveling. Men om sjela til Garborg veit eg n\u00e5r det kjem til stykket lite om. Det er den skapande, spr\u00e5klege krafta hans eg f\u00e5r tilgang til n\u00e5r eg les han.<\/p>\n<p>Nokre stader er sj\u00f8lvframstillinga sv\u00e6rt tydeleg. I det f\u00f8rste brevet skriv han litt om kvardagen p\u00e5 Kolbotn, slik h\u00f8yrest det ut: \u00abHer kjem min sanne natur upp. Skrive kann eg ikkje. Det einaste eg hev moro av er \u00e5 g\u00e5 i skogen med \u00f8ksi eller spaden og hogge tre og ved og rydja upp; det vert ikkje stort av det, gubbe\u2019r oss, men likevel! Og s\u00e5 koke mat. Trur du ikkje at eg, som kvar mann held for ein litterat, ubrukeleg til all god gjerning, &#8211; at n\u00e5r det kjem til \u00e5lvor, so kann eg koke b\u00e5de kaffi og fisk og hermetik og jordeple og graut; ja graut!\u00bb Eg tvilar ikkje ein augneblink p\u00e5 at den faktiske Garborg kosa seg med \u00e5 g\u00e5 i skogen og hogga ved og koka graut. Men n\u00e5r ein forfattar skriv \u00abSkrive kann eg ikkje\u00bb i eit brev som skal publiserast \u2013 ja, s\u00e5 kan det vera grunn til \u00e5 halda auga opne. Det er ogs\u00e5 stor forskjell p\u00e5 \u00e5 g\u00e5 i skogen og hogga ved og \u00e5 skriva at du g\u00e5r i skogen og h\u00f8gg ved. Ikkje dermed sagt at det ikkje ogs\u00e5 blei hogd ved!<\/p>\n<p>I neste brev f\u00e5r me bli med p\u00e5 sj\u00f8lve grautkokinga. Vennen Ivar er p\u00e5 bes\u00f8k, dei kranglar vennskapeleg \u2013 og eg-et, alts\u00e5 Garborg kokar havregraut, eller gr\u00f8nagraud som det heitte p\u00e5 J\u00e6ren. Det st\u00e5r: \u00abDet er eg som stend ved gruva og r\u00f8rer i gryta; eg er kl\u00e6dd som ein skogmann og heit og arg; detteher vert det aldri graut av, murrar eg og bannar.\u00bb Her er Garborg skildra som ein nesten komisk figur, med eit blikk utanfr\u00e5. Det er mange slike sm\u00e5 glimt eller sj\u00f8lvframstillingar gjennom breva, til saman skapar dei eit samansett og slett ikkje heilst\u00f8ypt bilete av ein mann midt i livet.<\/p>\n<p>Midt i livet, sa eg. Men Garborg begynte \u00e5 kjenna seg gammal. Han skriv: \u00ab\u00c5 ja, eg eldest no. 36 \u00e5r, h\u00e5re fell og mode fell; hev det vori skralt med gjentelykke fyrr, so vert det nok ikkje betre heretter.\u00bb, skriv han. Eg f\u00e5r lyst til \u00e5 innvenda: Ikkje klag over jentelykke, du, som f\u00e5r Hulda! I ein periode for nokre \u00e5r sidan der eg sj\u00f8lv syntest det var ganske skralt p\u00e5 kj\u00e6rleiksfronten, og heller ikkje syntest eg kunne sj\u00e5 mykje lukkeleg kj\u00e6rleik i parforholda \u2013 s\u00e6rleg kunstnarparforholda &#8211; rundt meg, bestemte eg meg for \u00e5 legga spesielt merke til dei harmoniske eller beint ut lukkelege para eg trass alt kunne f\u00e5 auge p\u00e5. Det fanst nokre. Og dersom eg utvida s\u00f8kjet til ogs\u00e5 \u00e5 gjelda folk som ikkje lenger levde, blei det fleire. Det er sj\u00f8lvsagt umogleg \u00e5 vita n\u00f8yaktig kva som faktisk r\u00f8rer seg mellom to personar i eit forhold. Men eg har lenge tenkt at kj\u00e6rleiken mellom Arne og Hulda representerer \u2013 om ikkje eit ideal, s\u00e5 i alle fall noko sv\u00e6rt fint. To heilt ulike og sj\u00f8lvstendige personar som finn kvarandre og vel kvarandre, vil kvarandre vel, utfordrar kvarandre intellektuelt og menneskeleg \u2013 og let kvarandre bevara sj\u00f8lvstendet sitt.<\/p>\n<p>Eg trur at det \u00e5 leita etter gjenkjenning i ei bok kan gjera oss til d\u00e5rlege lesarar. Viss me f\u00f8rst og fremst leiter etter det som er kjent for oss, kan me g\u00e5 glipp av sentrale delar av verket. Og me g\u00e5r glipp av den store gleda det kan vera \u00e5 finna ei ny og ukjend verd, eller ein ny og utvidande m\u00e5te \u00e5 sj\u00e5 ting p\u00e5. Eg vil likevel ikkje undervurdera kor viktig litteraturen kan vera \u2013 ogs\u00e5 som ein stad for tr\u00f8yst og identifikasjon. I lesinga av Kolbotnbrev har eg ganske skamlaust s\u00f8kt etter nettopp dette. Og eg finn det blant anna i skildringane av svarte netter og uro. N\u00e5r eg som vaksen har bes\u00f8kt familien p\u00e5 J\u00e6ren er ein av dei tinga som har sl\u00e5tt meg kor m\u00f8rkt det er her om vinteren, kor mykje svart nattestoff det finst mellom husa i den m\u00f8rke \u00e5rstida. Kanskje har eg umedvite r\u00f8rt meg vekk fr\u00e5 det, vekk fr\u00e5 opplevinga av \u00e5 vera lita og med eit massivt m\u00f8rker rundt. I byen er det alltid lys, alltid nokon vakne, det lyser fr\u00e5 fr\u00e5 gatelys, vindauge, skilt, billykter. Utan \u00e5 heilt tenka over det har eg opplevd det som trygt. I det nye huset n\u00e6r marka ligg m\u00f8rkret tettare p\u00e5. Me bur i ein kvit firkant midt i den svarte vinteren. Og Garborg veit noko om svart \u2013 h\u00f8yr bare her: \u00abAusthimilen svartnar og svartnar; alle skiftingar av svart er der: ljost gr\u00e5svart, tungt gr\u00e5svart, likkiste-bl\u00e5svart, halvgr\u00f8nt-bl\u00e5svart.\u00bb<\/p>\n<p>Dei store vindauga ut mot hagen v\u00e5r blir til blanke svarte flater. Romma speglar seg: bokhyller, m\u00f8bler, flytte\u00f8skjer som enno ikkje er pakka opp. Eg skimtar meg sj\u00f8lv i rastlaus r\u00f8rsle i spegelflatene. N\u00e5r det ikkje g\u00e5r an \u00e5 sj\u00e5 noko der ute, blir eg tvungen til \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 meg sj\u00f8lv og alle dumme sm\u00e5 bekymringar og uhamslege redsler som tyt fram. Garborg skriv i det tredje Kolbotnbrevet: \u00abEg gjeng uppi lidi og kjenner meg \u00e5leine i villmarki. Det myrknar. Eg ser p\u00e5 klokka; kannhende lid det lenger enn eg veit. Klokka hev stana. Det er som eg ved dette vert end\u00e5 meir \u00e5leine. Som eit lik ligg klokka og tyngjer i vestelumma mi; eg er det einaste bankande hjarta i denne veksande natti. Det snikjer seg ei kaldr\u00e6dsle yvi meg. Eg tenkjer p\u00e5 henne, men kann ikkje tenkje i samanheng. Tankane vert f\u00e6lne; r\u00f8mer ifr\u00e5 kvarandre og s\u00f8kjer ihop att; driv som skyine deruppe; sprengjest; samlar seg i myrke, tunge flokar som kastar djupe skuggar nedyvi heilen min.<\/p>\n<p>I dei f\u00f8rste tre breva er Garborg aleine p\u00e5 Kolbotnen. S\u00e5 startar ei ny tidsrekning. No er det vinter, det har blitt 1888 og dei er to som reiser, nei: tre \u2013 det er Arne og Hulda og hunden Sjapa. Overskrifta p\u00e5 denne delen av Kolbotnbrev er \u00abHusliv\u00bb. Ein kunne ogs\u00e5 ha kalt det \u00abSn\u00f8 og kj\u00e6rleik\u00bb. Eller \u00abKunsten \u00e5 fyra opp i ei kald hytte\u00bb. Eg m\u00e5 innr\u00f8mma at eg kosar meg veldig mykje med desse breva, der Arne og Hulda saman inntek Kolbotnen etter \u00e5 ha betalt 5 kr og 36 \u00f8re for \u00e5 bli via hos byfuten. Dermed g\u00e5r dei fr\u00e5 \u00e5 vera syndige til \u00e5 vera reine som gull \u2013 slik Garborg syrleg skriv. Vidare skriv han: \u00abKolbotm-stogo sting seg fram or sn\u00f8en som ei stor tuve og ser jammerleg ut. Me stig inn; det er kaldt som i ein iskjellar. I gruva ei lita sn\u00f8fonn. Det gjeld \u00e5 f\u00e5 varme. Eg hiver pelsen og ber inn ved. Men veden er r\u00e5. Eg ligg i gruva og pustar og bl\u00e6s ei stund, men kjem ingin veg. Det berre kokar og sojar i dei r\u00e5e vedskidine.\u00bb Samstundes pr\u00f8ver Hulda \u00e5 f\u00e5 fyr i komfyren. \u00abHulda ligg p\u00e5 kne og str\u00e6var med \u00e5 f\u00e5 det til \u00e5 brenne (\u2026). Men han dreg ikkje. Stend berre og r\u00f8ykjer gjenom alle ringar og opningar; kjeringi f\u00e6r augo og lungur fulle av r\u00f8yk; upp med d\u00f8ri.\u00bb Det er nesten uforklarleg oppmuntrande \u00e5 lesa om nokon andre som strevar med \u00e5 f\u00e5 det varmt i eit kaldt hus, nokon som ogs\u00e5 har ei for kort pipe og som kranglar om kor tid ein m\u00e5 lufta. I bakhovudet noterer eg meg Arne og Hulda sine triks: Dei drikk konjakk og speler kort. Dei et m\u00e5ltida framfor grua. Dei tettar dei glisne veggene med filler. Dei gjer senga om til eit fuglereir med all slags klede og pledd. Dei varmar seg p\u00e5 kvarandre og kjeftar p\u00e5 hunden. Og ute sn\u00f8r det: \u00abFr\u00e5 morgon til kveld inkje anna enn dette lette, tette, kviskrande fall av sn\u00f8; sn\u00f8 so langt me ser; sn\u00f8 heilt upp til himils.\u00bb<\/p>\n<p>Med Hulda p\u00e5 plass i Kolbotn-stova kjem ogs\u00e5 eit nytt element inn i breva, nemleg Hulda sine lett spydige kommentarar \u2013 skrivne som fotnoter &#8211; n\u00e5r Arne overdriv, skriv usant eller j\u00e5lar seg til. Igjen minnar eg oss p\u00e5 at dette er ein del av verket. Eg tvilar eigentleg ikkje p\u00e5 at det er Hulda som har skrive desse kommentarane. Men at dei blir st\u00e5ande n\u00e5r tekstane blir trykka b\u00e5de i avis- og bokform m\u00e5 vera forfattaren Arne si avgjerd. N\u00e5r han skriv mot slutten av eit brev: \u00abJa, eg er kry no, far; det er sant det. tenk gard og kjering og bikkje og alt; bikkja til \u00e5 smeikje n\u00e5r eg er blid, og kjeringi til \u00e5 gryle p\u00e5 n\u00e5r eg er grettin, kva kann ein gamall syndar og boh\u00eame ynskje seg meir i denne verdi?\u00bb kommenterer Hulda: \u00abO, de m\u00e6nd!\u00bb Men den beste kommentaren hennar kjem etter ei lang skildring av Arne si strabasi\u00f8se ferd til Auma for \u00e5 kj\u00f8pa br\u00f8d. Turen tek nesten eitt d\u00f8gn, og p\u00e5 vegen kavar han med enorme mengder sn\u00f8, kladdef\u00f8re, sin eigen manglande stadssans og dessutan skrekken for \u00e5 aldri koma heim att, men sovna i ei sn\u00f8fonn eller falla i ei m\u00f8rk elveopning. N\u00e5r han til slutt stabbar inn d\u00f8ra p\u00e5 Kolbotnen, gul i andletet, kan han berre f\u00e5 fram eitt ord: \u00abVin\u00bb. Hulda kommenterer: \u00abHan sa portvin, det visste han me hadde. Men det klinger vel ikkje so godt.\u00bb<\/p>\n<p>Hulda syr og smiler underleg. Etterkvart viser det seg at det er sm\u00e5 plagg ho syr, og at det veks noko i magen hennar som oppf\u00f8rer seg s\u00e5 vilt at avisene blir sparka ned p\u00e5 golvet. End\u00e5 ei ny tidsrekning skal til \u00e5 begynna p\u00e5 Kolbotnen.<\/p>\n<p>Eg nevnte tidlegare at Kolbotnbrev er eit slags eksperiment, og ei overgangsbok. Kva meiner eg eigentleg med dette? Jo, eg meiner mellom anna at Arne Garborg i desse breva skaper seg rom til \u00e5 gjera veldig mykje forskjellig. Han lagar seg ein fridom som gjer at han ikkje treng \u00e5 gjera eller vera berre \u00e9in ting. N\u00e5r han kommenterer politiske strider og dumskap, er det med ein beisk, skarp og satirisk tone. I naturskildringane er han til tider nesten impresjonistisk. Naturen blir skildra som ei fargeoppleving, og det er auget si oppfatting og registrering av motivet som er det sentrale. Klattar av klare fargar ligg inntil kvarandre og skaper til saman ein djup og levande heilskap. I skildringane av livet med Hulda og etterkvart ogs\u00e5 Tuften er Garborg b\u00e5de mjuk og lett p\u00e5 handa, samstundes som han har eit skr\u00e5blikk p\u00e5 det meste, fr\u00e5 Hulda sine fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 kommunisera med bygdefolket, til bleieskift og voggesongar. Han er essayistisk utpr\u00f8vande i tankar om tid, arbeid og tilh\u00f8yrsle. Og i skildringane av sin eigen psyke, er Garborg borande uredd og innsiktsfull \u2013 og iblant ganske morosam ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Mot slutten av 1880-talet strammar det seg til p\u00e5 Kolbotn. B\u00e5de Arne og Hulda strevar med s\u00f8vnen, dei er sjuke etter tur, hanglar seg gjennom lange og m\u00f8rke vinterm\u00e5nadar. Medan det stort sett er Tuften som held Hulda vaken, er det boksorger, pengesorger, skrekk for galskap og d\u00f8d som plagar Arne. Slik h\u00f8yrest det ut, n\u00e5r ein forfattar klarar \u00e5 skriva lett om noko tungt, lyst om noko m\u00f8rkt: \u00abEg var komin av Svevnen, ser du. Og so var det hovdaverk og hugverk og all den develskap som finst, og skriving attp\u00e5; so eg m\u00e5 undrast p\u00e5 kjeringi, som ikkje gav meg skilsm\u00e5lsbrev og drog sin veg; for der var lite moro p\u00e5 Kolbotnen i den tid. Det kunde vera heile vikur at eg ikkje sa eit ord; berre gjekk og brygde og brygde p\u00e5 sjuke tankar som ein halvgalning. Allting arga meg; alt var meg imot. Dei minste ting gjekk so innp\u00e5 meg, at eg gong p\u00e5 gong kom til kjeringi og sagde: det ryk til helvite; me kann likso godt g\u00e5 p\u00e5 sj\u00f8en. Ho forkl\u00e5ra meg kvar gong, at eg f\u00f3r med tull; og kvar gong vart eg modig att og sagde: det gjeng godt i grunnen! Men tvo dagar etter sat eg ved \u00e5ren og sturde og stirde i myrke tankar: det ryk til helvite. Me kan likso godt g\u00e5 p\u00e5 sj\u00f8en.\u00bb<\/p>\n<p>Men toppen er enno ikkje n\u00e5dd. Ei natt les han ei skr\u00e6meleg bok og angsten tek han. \u00abR\u00e6dsla fossar inn-yvi meg som eit gr\u00f8nt hav; skjelten tek meg; viljen er magtlaus; no kjem det \u2026 no \u2026 Eg velter meg upp, riv kl\u00e6di p\u00e5 meg; ut; inn i gamlestogo; m\u00e5 kje vera \u00e5leine no \u2026\u00bb I denne verda finst det faktisk noko som hjelper. Og slik den unge Arne Garborg stod knelande over kista for \u00e5 lesa, er det ogs\u00e5 litteraturen som blir redninga i denne m\u00f8rke natta. Eller Hulda og litteraturen, for \u00e5 vera meir presis. Men f\u00f8rst pr\u00f8ver han anna. \u00ab Eg drikk konjak; det hjelper ikkje. Eg drikk nafta; det hjelper ikkje. Ho Hulda m\u00e5 upp og kveikje eld p\u00e5 \u00e5ren og lesa Voltaire for meg; etter eit kav p\u00e5 ein times tid eller tvo hev eg vunne meg yvi. Kva det var eg var r\u00e6dd? \u2013 Gud veit. Alt; ingenting; det var Pan-skr\u00e6msla, skog-st\u00f8kken \u2026\u00bb<\/p>\n<p>Den store skog-st\u00f8kken har enno ikkje kome over meg, i huset i skogbrynet. Men dei sm\u00e5 og store bekymringane vil heller ikkje legga seg heilt. Ein dag synest eg det luktar veldig rart i gangen. Ein annan dag feiltolkar eg den lysegr\u00e5 beisen i tretaket og trur det er eit jamnt lag mygl. Eg googlar kva det kostar \u00e5 pussa opp badet og kva som er ei vanleg straumrekning i det norske hus. Er det verkeleg normalt at det knakar slik i veggene? Nokre dagar klarer eg \u00e5 le av meg sj\u00f8lv, men iblant m\u00e5 eg gr\u00e5ta ein skvett ogs\u00e5. Kj\u00e6rasten min seier at ho kunne budd med meg i ei sko\u00f8skje, men at ho ogs\u00e5 synest dette huset fungerer godt. Eg er like delar irritert p\u00e5 henne og lukkeleg for at ho ikkje er som eg. I fleire m\u00e5nader ser eg berre veldig dyre eller heilt ul\u00f8yselege problem uansett kor eg snur meg.<\/p>\n<p>Ein venn seier: Du m\u00e5 omfavna det.<\/p>\n<p>Ein annan venn seier: Eg trur ikkje det betyr s\u00e5 mykje kor ein bur n\u00e5r det kjem til stykket.<\/p>\n<p>Ein tredje venn kjem p\u00e5 bes\u00f8k med blomar og t\u00f8rka frukt og krydder i sm\u00e5, fine boksar og seier: Eg trur det kjem til \u00e5 bli bra.<\/p>\n<p>Me f\u00e5r ein snekkar til \u00e5 bygga ei stor bokhylle med plass til alle b\u00f8kene v\u00e5re, og det begynner \u00e5 hjelpa litt.<\/p>\n<p>I presentasjonen av dette f\u00f8redraget skreiv eg: Kan Garborg l\u00e6ra meg noko om kvit sn\u00f8, svarte netter, om korleis skapa seg ein heim og eit skrivande \u00abeg\u00bb som virkar n\u00e5r tidene endrar seg?<\/p>\n<p>Det korte svaret er: ja.<\/p>\n<p>Men kva er det s\u00e5 han l\u00e6rer meg? Eg trur det viktigaste han l\u00e6rer meg er at endringar og overgangstider ogs\u00e5 er ein moglegheit til \u00e5 leika og eksperimentera og finna opp seg sj\u00f8lv p\u00e5 ny. Alt kan vera eit utgangspunkt, ein kan begynna der ein er. Garborg begynner med den politiske og personlege situasjonen han er midt i. Han begynner med landskapet rundt Kolbotn-stova. Han begynner med \u00e5 observera lynnet til menneska rundt seg. Og sin eigen skrekk. Han skriv om livet med Hulda og Tuften. Han g\u00e5r langt i ulike retningar, langt i \u00e5 utforska ulike spr\u00e5klege register. Dette f\u00e5r vera min nye Garborg, han som er modig og morosam, mjuk og klok, redd og klarsynt \u2013 til stades og skrivande akkurat der han er.<\/p>\n<p>Det er til slutt ei f\u00e6l tannpine som jagar den vesle familien fr\u00e5 Kolbotn. Dei innser at det er for hardt og avsides \u00e5 bu slik med eit barn og alt. P\u00e5 veg over Savalsj\u00f8en snur dei seg \u2013 og her kjem det siste sitatet for denne gong: \u00abMen som me fer ut yvi sj\u00f8en, og ser attende til den vesle stogo der me hev havt det so vondt og so godt, og me ser lidi som hev sust for oss alle sine underlege songar, og det vene Einund-fjell, og Storh\u00f8a dukkande opp i nord, og Marsj\u00f8fjelle og Savalkletten, men i aust Tronfjell barmbreidt og trygt, heile denne vesle store verdi der me f\u00f8rde v\u00e5r fyrste s\u00e5re strid for \u00e5 byggje oss ein heim \u2026 d\u00e5 tek ho Hulda til \u00e5 gr\u00e5te.\u00bb<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv skal eg fortsetja \u00e5 bu i det vesle kvite huset n\u00e6r skogen ei stund til, trur eg. Og det skal bli v\u00e5r og laukane eg mismodig sette i november skal bli til tulipanar og eg skal s\u00e5 ringblomar og urter og gr\u00f8nk\u00e5l og sitja i sola p\u00e5 trappa utanfor mitt eige hus med kaffi i koppen. Men f\u00f8rst skal eg vera her i denne vinteren s\u00e5 lenge han varer, og l\u00e5na Garborg sitt skr\u00e5blikk iblant n\u00e5r det trengst, og eg skal skriva noko nytt, noko eg aldri kunne ha skrive f\u00f8r.<\/p>\n<p><strong>Ingrid Z. Aanestad<\/strong><\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/20200122_193052bearb2\/\" rel=\"attachment wp-att-7484\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"2560\" height=\"1711\" class=\"alignnone size-full wp-image-7484\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/20200122_193052bearb2-scaled.jpg\" alt=\"\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/20200122_193052bearb2-scaled.jpg 2560w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/20200122_193052bearb2-300x201.jpg 300w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/20200122_193052bearb2-1024x685.jpg 1024w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/20200122_193052bearb2-1536x1027.jpg 1536w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/20200122_193052bearb2-2048x1369.jpg 2048w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2020\/01\/20200122_193052bearb2-250x167.jpg 250w\" sizes=\"auto, (max-width: 2560px) 100vw, 2560px\" \/><\/a><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<hr \/>\n<p>&#8220;Den s\u00e5re striden &#8211; vinter med Garborg&#8221; blei f\u00f8rst framf\u00f8rt som foredrag p\u00e5 Garborgsenteret\/Time bibliotek 22. januar 2020.<\/p>\n<p>Ingrid Z. Aanestad (f. 1983) er ein forfattar fr\u00e5 Tu i Klepp kommune. Ho bur i dag i Oslo. Ho har sidan debuten i 2006 gitt ut fem romanar og ei sakprosabok.<\/p>\n<p>Foto av Kolbotnen: Jan Nordtveit.<br \/>\nEilif Petersen sitt m\u00e5leri av Arne Garborg: Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.<br \/>\nFoto av Ingrid Z. Aanestad: \u00d8rjan Zazzera Johansen, Garborgsenteret.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Min Garborg? Det er sant at eg hadde ein Garborg&#8230;<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":533,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[13],"tags":[],"class_list":["post-7482","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-nytt-fra-garborgsenteret","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.4 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>&quot;Min Garborg&quot; av Ingrid Z. Aanestad - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"&quot;Min Garborg&quot; av Ingrid Z. Aanestad - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Min Garborg? Det er sant at eg hadde ein Garborg...\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2020-01-23T16:35:04+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2020-01-24T10:34:30+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/03\/KolbotnEksteri\u00f8rJNweb1.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"448\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"299\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"administrator\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"administrator\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"25 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"administrator\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee\"},\"headline\":\"&#8220;Min Garborg&#8221; av Ingrid Z. Aanestad\",\"datePublished\":\"2020-01-23T16:35:04+00:00\",\"dateModified\":\"2020-01-24T10:34:30+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\\\/\"},\"wordCount\":4940,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/03\\\/KolbotnEksteri\u00f8rJNweb1.jpg\",\"articleSection\":[\"Nytt\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\\\/\",\"name\":\"\\\"Min Garborg\\\" av Ingrid Z. Aanestad - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/03\\\/KolbotnEksteri\u00f8rJNweb1.jpg\",\"datePublished\":\"2020-01-23T16:35:04+00:00\",\"dateModified\":\"2020-01-24T10:34:30+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/03\\\/KolbotnEksteri\u00f8rJNweb1.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/03\\\/KolbotnEksteri\u00f8rJNweb1.jpg\",\"width\":448,\"height\":299},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"&laquo;Min Garborg&raquo; av Ingrid Z. Aanestad\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee\",\"name\":\"administrator\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"administrator\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/administrator\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"\"Min Garborg\" av Ingrid Z. Aanestad - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"\"Min Garborg\" av Ingrid Z. Aanestad - Garborgsenteret","og_description":"Min Garborg? Det er sant at eg hadde ein Garborg...","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2020-01-23T16:35:04+00:00","article_modified_time":"2020-01-24T10:34:30+00:00","og_image":[{"width":448,"height":299,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/03\/KolbotnEksteri\u00f8rJNweb1.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"administrator","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"administrator","Est. reading time":"25 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/"},"author":{"name":"administrator","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee"},"headline":"&#8220;Min Garborg&#8221; av Ingrid Z. Aanestad","datePublished":"2020-01-23T16:35:04+00:00","dateModified":"2020-01-24T10:34:30+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/"},"wordCount":4940,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/03\/KolbotnEksteri\u00f8rJNweb1.jpg","articleSection":["Nytt"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/","name":"\"Min Garborg\" av Ingrid Z. Aanestad - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/03\/KolbotnEksteri\u00f8rJNweb1.jpg","datePublished":"2020-01-23T16:35:04+00:00","dateModified":"2020-01-24T10:34:30+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/03\/KolbotnEksteri\u00f8rJNweb1.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/03\/KolbotnEksteri\u00f8rJNweb1.jpg","width":448,"height":299},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-sare-striden-vinter-med-garborg\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"&laquo;Min Garborg&raquo; av Ingrid Z. Aanestad"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee","name":"administrator","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g","caption":"administrator"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/administrator\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/03\/KolbotnEksteri\u00f8rJNweb1.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7482","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=7482"}],"version-history":[{"count":9,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7482\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":7493,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/7482\/revisions\/7493"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/533"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=7482"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=7482"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=7482"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}