{"id":6621,"date":"2018-08-01T10:43:30","date_gmt":"2018-08-01T08:43:30","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=6621"},"modified":"2018-08-02T09:14:50","modified_gmt":"2018-08-02T07:14:50","slug":"det-som-ovrar-seg","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-som-ovrar-seg\/","title":{"rendered":"Det som ovrar seg"},"content":{"rendered":"
I<\/p>\n
Ja; no er eg heime att. S\u00e5 heime som ein bortkomen son kan vera, n\u00e5r heimen er bortkomen liks\u00e5 vel som sonen<\/em>, skriv Arne Garborg i 1899, i det f\u00f8rste av ei rad Knudaheibrev<\/em>. Breva som vart til p\u00e5 skrivestaden Knudaheio p\u00e5 Undheim, er alle stila til venen Steinar Schj\u00f8tt, men kom samla ut i bokform i 1904, og er kanskje eigentleg vendt til ein \u00e5lmenn lesar. Samla gjev breva i alle h\u00f8ve eit litter\u00e6rt blikk p\u00e5 Garborg sine eigne erindringar, kulturhistoriske refleksjonar og den nasjonale so vel som hans eiga livssoge.<\/p>\n Tidlegare i v\u00e5r reiste eg til J\u00e6ren, for \u00e5 vitje ein n\u00e6r ven, forfattaren Peter Strassegger. Peter hadde nett flytt heim til Bryne, etter \u00e5 ha budd og arbeidd ei tid i Oslo. Med flyttinga hadde Peter teke til \u00e5 skrive p\u00e5 eit bokprosjekt om nett Garborg og sitt eige forhold til diktaren, ettersom han hadde innsett, ikkje utan ei viss skam, at han ikkje eigentleg hadde<\/em> noko djupt forhold til J\u00e6ren sin store son, trass i at han sj\u00f8lv var ein som skreiv b\u00f8ker, og det var p\u00e5 J\u00e6ren han var oppvaksen.<\/p>\n Under opphaldet vitja vi fleire av Garborg sine stadar; stadar som var viktige for Garborg medan han levde, der han budde og arbeidde, stadar han var knytt til, og som inng\u00e5r i den seinare forteljinga om han. Det var fint \u00e5 sj\u00e5 Knudaheio og haugen der han er lagt saman med Hulda, og det var gjevt \u00e5 sj\u00e5 steingardane p\u00e5 b\u00f8ane, og h\u00f8yre b\u00f8lgjene kome veltande inn or dei vestlege himlar<\/em>.<\/p>\n Kva er det eigentleg ein r\u00f8yner og ser n\u00e5r ein vitjar slike stadar? Er det opphavsstoffet til litteraturen ein ser, sj\u00f8lve den krafta og det landskapet litteraturen har sitt utspring i, eller er det snarare omsnudd, at staden sj\u00f8lv har vorte til gjennom at einkvan har skrive derifr\u00e5?<\/p>\n Kanskje var det Garborg som oppfann J\u00e6ren, p\u00e5 same m\u00e5te som Nikolai Astrup viste oss korleis J\u00f8lster s\u00e5g ut. Det er kjend at Baudelaire grunnla Paris, at Dublin er Joyce sitt p\u00e5funn. Byen Bergen ser ut som han gjer av di han er dikta av Tomas Espedal, Amalie Skram og Erlend N\u00f8dtvedt.<\/p>\n N\u00e5r ein stad f\u00f8rst finst, er det han eller ho som skriv, som bidreg til \u00e5 halde han fast og gjeve han innhald.<\/p>\n