{"id":6487,"date":"2018-06-20T14:02:46","date_gmt":"2018-06-20T12:02:46","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=6487"},"modified":"2018-06-20T15:05:18","modified_gmt":"2018-06-20T13:05:18","slug":"den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/","title":{"rendered":"Den bortkomne bonden og ein mosaikk"},"content":{"rendered":"<p>Eg hadde f\u00e5tt bes\u00f8k av to forfattarar fr\u00e5 Bergen.<\/p>\n<p>Korleis er det d\u00e5, \u00e5 ha flytta heim til J\u00e6ren? spurte dei d\u00e5 eg henta dei p\u00e5 byterminalen i Stavanger.<\/p>\n<p>Eg veit ikkje korleis det er.<\/p>\n<p>Eg veit ikkje kva J\u00e6ren er; kva det tydar, kvar det byrjar og kvar det sluttar. Om det er myrene som utgjer det, eller malmen som binder sanden ved det m\u00f8rke havet, om det er dei framande trekkfuglane som bes\u00f8ker oss kvart \u00e5r; storspoven, raudstilken, heiloen, eller vipa. Eller om det er traktorane som meier over jordene store og f\u00e6le som troll, vindm\u00f8llene som heng i det fjerne, lukta av kuskit i klede og h\u00e5r, marka som gr\u00f8nka innanfor steingjerdene.<\/p>\n<p>Me kan k\u00f8yra litt rundt, sa eg.<\/p>\n<p>Det regna heile dagen og me satt i bilen og s\u00e5g gjennom vindauget: dei tjukke rullesteinstrendene p\u00e5 Vigrestad, <em>MADLAND<\/em> med sine rustne skipsvrak, gamle Varhaug kyrkjegard; me overraska to eldre damer inni det vesle kapellet, plutseleg stinn brakke, kva skulle me seia? Og kva sa dei ikkje til oss? Ho eine trudde eg var tilsett i kommunen, s\u00e5 frimodig som ho forklarte oss kapellet. Ho andre gjekk barbeint og forsvann nedover mot sj\u00f8en.<\/p>\n<p>Hadde me sett J\u00e6ren no?<\/p>\n<p>Har det eit hjarta? \u00a0Eller er det \u00ab<em>berre heid og himil, berre lyng og luft<\/em>\u00bb som Garborg skreiv?<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/dav-5\/\" rel=\"attachment wp-att-6493\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"4160\" height=\"3120\" class=\"alignnone size-full wp-image-6493\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180510_132157.jpg\" alt=\"\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180510_132157.jpg 4160w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180510_132157-300x225.jpg 300w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180510_132157-1024x768.jpg 1024w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180510_132157-250x188.jpg 250w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180510_132157-800x600.jpg 800w\" sizes=\"auto, (max-width: 4160px) 100vw, 4160px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Dagen etter ringte eg til han, bonden som hadde kome bort til meg for eit halvt \u00e5r sidan. Det var fyrste gong eg var ute og snakka om Garborg, eg held eit <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/\">f\u00f8redrag p\u00e5 Mellombels<\/a> og snakka om \u00e5 koma heim. Om J\u00e6ren; ein stad \u00e5 koma heim til. Ein stad som er framand sj\u00f8lv p\u00e5 sitt mest heimslege. Garborg skreiv ein gong om ein tilstand som kunne ramma den mest heimfaste j\u00e6rbuen; at han plutseleg ikkje kjente seg att: \u00ab<em>Det var som fjella hadde flytt seg;<\/em> <em>det var som om leiene hadde snutt seg; (\u2026) han hadde gl\u00f8ymt, kor han heime budde; i ring han tulla, og s\u00e5 han snudde<\/em>\u00bb.<\/p>\n<p>Ein framandkjensle som berre ventar p\u00e5 \u00e5 bli utl\u00f8yst. Ber me den i oss alle?<\/p>\n<p>Bonden hadde kome bort til meg, og sagt noko som gjorde inntrykk d\u00e5, p\u00e5 scenen p\u00e5 Mellombels, eller rett nedanfor for \u00e5 vera presis, han sa at han kjente seg igjen i mykje av det eg hadde sagt. Han sa at han ogs\u00e5 hadde flytta heim. Hadde tatt over garden etter mange \u00e5r borte, det var ikkje heilt planlagt, og det var ikkje heilt lett. Og s\u00e5 viste han meg noko p\u00e5 mobilen sin, eit bilete av ein mosaikk av Garborg som skulle opp p\u00e5 siloen. Om eg var interessert i \u00e5 koma og sj\u00e5?<\/p>\n<p>Garborgs indre strev for at han ikkje kunne ta over odelsgarden sin blei plutseleg forl\u00f8yst i denne bonden som stod framf\u00f8re meg, og Garborgs lidande ord klang likesom over oss: \u00ab<em>Heilt heim vinn eg ikkje; d\u00e5 eg ikkje hev kraft til \u00e5 leva p\u00e5 \u00e6rleg m\u00e5te, d.e. av jorda<\/em>\u00bb. I motsetnad til Garborg vann denne bonden heimen, og lever av jorda. Om eg var interessert i det?!<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Det er eit halvt \u00e5r sidan. No s\u00e5g eg p\u00e5 nettet at mosaikken byrja \u00e5 ta form.<\/p>\n<p>Eg ringte han.<\/p>\n<p>Kan me koma og sj\u00e5 i dag? spurte eg.<\/p>\n<p>Eg hadde sj\u00f8lv tenkt \u00e5 ringa til deg, svarte han.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>*<\/p>\n<p>Kan du sj\u00e5 p\u00e5 kartet? spurte eg Sivert Nesb\u00f8, ein av dei som var p\u00e5 bes\u00f8k, og gav han mobilen min.<\/p>\n<p>Kor er det me skal i dag?<\/p>\n<p>Fjermestadvegen, sa eg, men eg er ikkje s\u00e5 kjent her.<\/p>\n<p>Det er inn til venstre etter eit vatn, svara han.<\/p>\n<p>Ja, sj\u00e5 her er det allereie.<\/p>\n<p>Eg svinga inn.<\/p>\n<p>Og der er jo 608!<\/p>\n<p>Heilt i enden av grusvegen s\u00e5g eg den; den halvferdige mosaikken. Det vil seia skuldrene, halsen og hardangerbunadssl\u00f8yfa som Garborg hadde tatt p\u00e5 seg til 70-\u00e5rsmarkeringa.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Me k\u00f8yrte forsiktig innover. P\u00e5 avstand s\u00e5g me den bl\u00e5e liften som stod p\u00e5 ein platting og heiste kunstnaren opp til mosaikken. Eg k\u00f8yrde lenger inn, stoppa framfor fj\u00f8set.<\/p>\n<p>Pappa, kor er m\u00e5ling? Eg vil ikkje m\u00e5la her, eg vil m\u00e5la heime, sa guten min, som eg, p\u00e5 grunn av kvardagslogistikken denne langhelga, hadde tatt med meg.<\/p>\n<p>Ja, me skal berre sj\u00e5 p\u00e5 ein som m\u00e5lar, me skal ikkje m\u00e5la sj\u00f8lv, svara eg.<\/p>\n<p>Kor er han som m\u00e5lar d\u00e5?<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/dav-7\/\" rel=\"attachment wp-att-6495\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"3120\" height=\"4160\" class=\"alignnone size-full wp-image-6495\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_124642.jpg\" alt=\"\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_124642.jpg 3120w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_124642-225x300.jpg 225w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_124642-768x1024.jpg 768w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_124642-250x333.jpg 250w\" sizes=\"auto, (max-width: 3120px) 100vw, 3120px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Ein eldre mann helste p\u00e5 oss og gjekk vidare inn i eit hus. Me stod litt r\u00e5dville, i vissa om at me stod utan los p\u00e5 ein anna manns gard. Men me var d\u00e5 invitert, var me ikkje?<\/p>\n<p>Eg tok guten i handa, og me gjekk til liften for \u00e5 sj\u00e5 n\u00e6rmare p\u00e5 mosaikken. Den portugisiske kunstnaren var i full gang der oppe, hamra og trykka og stod p\u00e5, fliseesker stod ved f\u00f8tene hans.<\/p>\n<p>Der er han som m\u00e5lar, sa eg til guten.<\/p>\n<p>Han s\u00e5g opp.<\/p>\n<p>Kunstnaren s\u00e5g ned p\u00e5 oss, vinka litt og smilte f\u00f8r han snudde seg igjen og haldt fram. Ja, s\u00e5 dette er m\u00e5ling? Nei, det er sj\u00f8lvsagt ikkje m\u00e5ling, men korleis skal eg forklara kva ein mosaikk er til ein tre\u00e5ring? Eg skj\u00f8nar det ikkje sj\u00f8lv ein gong, det er vel noko med betar som ein sett saman til ein st\u00f8rre heile? Ein teknikk som gjer at du kan sy saman eit menneske av knuste fliser; kor anden ligg i heilskapen og heilskapen er st\u00f8rre enn enkeltdelane? Guten spurte ikkje, og eg var glad for, han berre s\u00e5g.<\/p>\n<p>Og eg s\u00e5g.<\/p>\n<p>Og han s\u00e5g meir.<\/p>\n<p>Me fann ikkje ord for det me s\u00e5g. Kva skulle me uansett ha gjort med dei?<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>S\u00e5 kom endeleg bonden g\u00e5ande ut fr\u00e5 v\u00e5ningshuset; Gudmund Edland. Han hadde p\u00e5 seg shorts og ulltr\u00f8ye. H\u00e5ret var kort, nokre stader var det hakk etter barbermaskinen, fordi han, som me seinare fekk veta, hadde fjerna ein kul i hovudet dagen f\u00f8r. No s\u00e5g han litt herja ut, men i ansiktet kunne ein likevel ana eit drag av noko mildt.<\/p>\n<p>Han helste p\u00e5 oss. Fr\u00e5 v\u00e5ningshuset h\u00f8yrde me barn som leika.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Korleis starta ein samtale med ein du ikkje kjenner? Og is\u00e6r n\u00e5r du samstundes har ein tre\u00e5ring som er blitt utolmodig og vil sj\u00e5 dyra. Han er ferdig med m\u00e5linga no, han fekk jo ikkje m\u00e5la sj\u00f8lv, no vil han inn og sj\u00e5 dyra i stallen, men du kan ikkje bli med han og sj\u00e5 dyra no, du m\u00e5 helsa p\u00e5 bonden og pr\u00f8va \u00e5 f\u00e5 noko ut av samtalen, noko som betyr noko, for det er det du har bestemt deg for, du vil at samtalene skal bety noko, p\u00e5 ein eller anna m\u00e5te.<\/p>\n<p>Eg fann ein ball. Eg kasta den eit stykke ned mot v\u00e5ningshuset, og guten sprang etter.<\/p>\n<p>Kvifor tok eg han med?<\/p>\n<p>Fordi orda ein bruker overfor s\u00e5 sm\u00e5 barn betyr noko. Dei betyr noko heile vegen, og eg er ikkje alltid klar over det, men barna tek imot dei som sanningar; det du seier er rett for evig og alltid. Det varer nok ikkje lenge, denne tida, etter nokre \u00e5r skjer det noko i dei, noko som gjer at dei ikkje trur p\u00e5 foreldra sine som berarar av sanninga lenger, noko som gjer at dei byrja \u00e5 <em>tvila<\/em>. Guten min har ikkje kome dit enno, han har s\u00e5 vidt fylt tre og augo hans er framleis truskyldige, slik dei har vore heilt sidan han blei f\u00f8dt, og eg har s\u00e5 ofte lurt p\u00e5: kvar kjem denne tilliten ifr\u00e5? Den som me aldri har gjort oss fortent til.<\/p>\n<p>Mannen i liften lagar ikkje mosaikk, han m\u00e5lar. Det er ei sanning no.<\/p>\n<p>Og eg har ogs\u00e5 lurt p\u00e5: Kan me gjenskapa den same tilliten i vaksen alder? Kan me seia ting rett fram og veta at det me seier blir tatt imot truskyldig? Kan me f\u00e5 det til? Kan me legga vekk dei laga med vern som me alle ber p\u00e5, laga med tvil og mistru som me g\u00f8ymer oss bak, masker og fasadar, h\u00f8flegheiter og fraser, det typiske, det trygge, det vanlege. Er det berre barna som v\u00e5gar seg framp\u00e5 med heile seg?<\/p>\n<p>Nei. For d\u00e5 han kom bort til meg p\u00e5 scenen p\u00e5 Mellombels og viste meg eit bilete p\u00e5 mobilen av den merkelege ideen \u00e5 henga ein sv\u00e6r mosaikk av ein daud forfattar p\u00e5 siloen sin, d\u00e5 v\u00e5ga han noko. Og det var det som interesserte meg, ikkje det at han var ein heimkomen bonde som utjamna Garborgs lagnad, men det at han v\u00e5ga noko med heile seg. Og eg hugsa at han var skjelven og nerv\u00f8s d\u00e5 han hadde kome bort til meg, han virka utanfor seg sj\u00f8lv; som om han stod fram bak sine lag med vern. Og no, d\u00e5\u00a0me kom p\u00e5 bes\u00f8k m\u00e5tte han st\u00e5 inne for dette, for eg bar i meg eit von om at me kunne skapa noko nytt i lag, noko \u00e6rleg, noko opent. For det er det eg vil skriva om: folk som klarar \u00e5 opna seg for kvarandre.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Medan eg kasta ball med guten, byrja me \u00e5 snakka saman, bonden og dei framande som hadde kome til garden hans, den eine ein forfattar han hadde invitert for eit halvt \u00e5r sidan, dei to andre var ukjente. Og s\u00e5 ein liten gut som sprang opp og ned p\u00e5 tunet hans, kva m\u00e5 han ha tenkt om oss? Me s\u00e5g p\u00e5 mosaikken hans, snakka om den, og han snakka om garden sin, om livet sitt, og om korleis han etter ti \u00e5r utanstads kom tilbake for \u00e5 ta over garden.<\/p>\n<p>Det var bror min som eigentleg skulle ta over. Men s\u00e5 fekk han andre moglegheiter som han val \u00e5 ta, og eg fekk denne. Eg jobba som l\u00e6rar i Tr\u00f8ndelag d\u00e5 og var i tvil.<\/p>\n<p>Kva synes du no, angrar du?<\/p>\n<p>No angrar eg ikkje. \u00c5 ha ein gard, det er noko meiningsfullt med det. Og s\u00e5 f\u00e5r eg vera i n\u00e6rleiken av far, og kven veit kor lenge det vil halda fram? Me har fire ungar som kan g\u00e5 rundt som dei vil her.<\/p>\n<p>Kva med kunsten? Kvifor har du hengt den opp?<\/p>\n<p>Me h\u00e5par at det kan trekka til seg litt folk iblant. Som du ser har eg skore hull nedst i siloen. Eg har s\u00f8kt tilskot til \u00e5 f\u00e5 byggja den ut innvending i etasjar, for \u00e5 ha eit galleri, kanskje. Og utsiktst\u00e5rn opp\u00e5, for derifr\u00e5 kan du sj\u00e5 heilt til Garborg\u00e5sen. Garborgsenteret har installert eit kamera her, og tek bilete kvart minutt. Eg kan ikkje g\u00e5 rundt i berre shortsen lenger!<\/p>\n<p>Han lo litt. Og me lo litt.<\/p>\n<p>Har det alltid vore Garborg som skulle opp?<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/dav-4\/\" rel=\"attachment wp-att-6492\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"4160\" height=\"3120\" class=\"alignnone size-full wp-image-6492\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133346.jpg\" alt=\"\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133346.jpg 4160w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133346-300x225.jpg 300w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133346-1024x768.jpg 1024w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133346-250x188.jpg 250w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133346-800x600.jpg 800w\" sizes=\"auto, (max-width: 4160px) 100vw, 4160px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Me heldt fram ei stund slik, ein pr\u00f8vande samtale, men etter kvart tenkte eg det var p\u00e5 tide \u00e5 snu. Dette var interessant nok, det var ikkje det, men det var ikkje meir heller. Guten blei lei av \u00e5 kasta ball og ville heim no, heim og m\u00e5la sj\u00f8lv, kunstnaren held p\u00e5 med sitt og kom ikkje ned for \u00e5 snakka med oss, ei dame svinsa rundt tunet utan \u00e5 helsa, heile bes\u00f8ket byrja \u00e5 bety mindre og mindre for meg. Var det ikkje meir?<\/p>\n<p>Me s\u00e5g p\u00e5 kvarandre, denne vesle augneblinken som plar vera nett slik n\u00e5r ein dr\u00f8s g\u00e5r over i vonbrot, ein trekk litt p\u00e5 skuldrene, ser p\u00e5 dei som ein er med, og unng\u00e5r augekontakt med dei andre ein ikkje er med, seier ja-nei, sparkar litt i grusen, og s\u00e5, mest alltid i ein oppbygd synkroni seier begge parter at ein m\u00e5 vidare. Og ein slik synkroni held p\u00e5 \u00e5 byggja seg opp mellom oss, d\u00e5 Edland plutseleg sa: Vil de ha kaffi?<\/p>\n<p>Me s\u00e5g p\u00e5 kvarande.<\/p>\n<p>Ja takk, ein liten kopp hadde vore fint, svara Sivert.<\/p>\n<p>Ja, svara eg ogs\u00e5.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 gjekk me nedover mot v\u00e5ningshuset.<\/p>\n<p>No skal me drikka kaffi, sa eg til guten min.<\/p>\n<p>Ja! sa han, med st\u00f8rste sj\u00f8lvf\u00f8lge, for sj\u00f8lvsagt var det d\u00e9t for han; ei sj\u00f8lvf\u00f8lge. Kvifor ikkje?<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Edland fant fram puter fr\u00e5 store poser og la dei i trem\u00f8blementet sitt.<\/p>\n<p>Ver s\u00e5 god, ta plass.<\/p>\n<p>Me sette oss. Han gjekk inn i huset, kom ut med eit fruktfat og kaffikanne og sm\u00e5 bestemorskoppar i fint porselen. Eg hadde venta meg andre koppar. Guten min hadde nett tatt plassen til Edland, s\u00e5 bonden m\u00e5tte finna fram ein klappstol og setta seg ved sida av. Kunstnaren heldt fram med sitt, men han var i bakgrunnen no, langt bak der og ikkje viktig lenger. No var det berre kaffien som gjaldt, og at me sat her. At me var blitt invitert hit av ein framand. Og at me snakka saman, og kanskje kunne bygga opp noko i lag. Eit m\u00f8te som ikkje kunne ha skjedd elles. Dersom ikkje\u2026 Ja, kva d\u00e5? Dersom ikkje Garborg?<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Guten min slong seg ned p\u00e5 bakken og plukka opp grastustar som han kasta p\u00e5 Edland.<\/p>\n<p>Nei, slutt, sa eg.<\/p>\n<p>Han slutta etterkvart, men noko av graset blei hengande i tr\u00f8ya til Edland.<\/p>\n<p>Pappa, eg m\u00e5 tisse.<\/p>\n<p>M\u00e5 du det no?<\/p>\n<p>Eg spurte Edland om me kunne l\u00e5na toalettet.<\/p>\n<p>Her er me p\u00e5 gard, han kan berre tisse i bedet, svara han.<\/p>\n<p>Er du sikker?<\/p>\n<p>Han nikka. Me gjekk til bedet.<\/p>\n<p>G\u00e5 vekk, pappa. Eg skal klara det sj\u00f8lv.<\/p>\n<p>Han skubba meg bort. Eg gjekk og sette meg igjen. Edland og Sivert snakka saman om garden og drifta. Garden strekk seg over grusvegen me hadde k\u00f8yrt p\u00e5. Tidlegare hadde Gjesdal og Time kommune hatt same prest, forklara Edland, og prestevegen gjekk gjennom garden hans. For \u00e5 spara p\u00e5 vedlikehald til prestevegen ga Time kommune ein del av vegen til Gjesdal, noko som gjer at heile garden hans no ligg i denne kommunen.<\/p>\n<p>Eg har Time p\u00e5 begge sider, men eg veit at ikkje alle er n\u00f8gd med at eg heng Garborg opp p\u00e5 siloen min, sa han.<\/p>\n<p>Kvifor d\u00e5? Er ikkje Gjesdal ein del av J\u00e6ren?<\/p>\n<p>Det blir rekna som H\u00f8g-J\u00e6ren, det er noko anna, svara han.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/dav-6\/\" rel=\"attachment wp-att-6494\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"4160\" height=\"3120\" class=\"alignnone size-full wp-image-6494\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_121444.jpg\" alt=\"\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_121444.jpg 4160w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_121444-300x225.jpg 300w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_121444-1024x768.jpg 1024w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_121444-250x188.jpg 250w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_121444-800x600.jpg 800w\" sizes=\"auto, (max-width: 4160px) 100vw, 4160px\" \/><\/a><\/p>\n<p>H\u00f8g-J\u00e6ren, det er det heilt andre J\u00e6ren. Her ein f\u00e5r eit anna ganglag fordi ein g\u00e5r i bakkane og heiane, rullesteinane er ikkje like runde som p\u00e5 Vigrestad, det er eit fjellheim og dermed ikkje ein del av \u00abdet eigentlege J\u00e6ren\u00bb, for det eigentlege J\u00e6ren er ein flat heim, og dei som bur her oppe er meir fortrylte; ein gjeng med tussar som v\u00e5gar \u00e5 invitera framande p\u00e5 kaffi.<\/p>\n<p>D\u00e5 du kom bort til meg etter f\u00f8redraget mitt i januar fortalte du noko om at du kjente deg igjen i det eg sa. At du ogs\u00e5 hadde budd vekke lenge og kome heim att. At det ikkje var berre berre \u00e5 koma heim att. Ikkje sant, det var noko der? spurte eg.<\/p>\n<p>Han s\u00e5g p\u00e5 meg, grastusten hang framleis p\u00e5 tr\u00f8ya hans, det blei stille. Og i dei sm\u00e5 augneblinkane, i dei \u00f8rsm\u00e5 tilstrammingane i pupillane, fann eg det med ein gong: ein tvil. Men tvilen var ikkje slik som eg hadde trudd, tvilen var ikkje ei avvising eller ei utestenging. Den inneheld eit sp\u00f8rsm\u00e5l eg burde ha stilt meg sj\u00f8lv: Kven er eg som sp\u00f8r om dette?<\/p>\n<p>Eg meiner: Kven er eg som till\u00e8t meg \u00e5 skriva om eit menneske? Eit heilt menneske.<\/p>\n<p>Det gjekk opp for meg kva eg held p\u00e5 med. Eg lagar ein mosaikk, eg ogs\u00e5. Men eg sett ikkje saman eit ansikt av sm\u00e5 beter. Eg riv ansiktet i filler utan \u00e5 skriva fram eit heile, eg tek opp ei flis og skriv om den, eg tek opp ei ny flis og skriv om den. Det er som lause sitat som ikkje heilt finn sin plass. For ein m\u00e5 \u00f8ydelegga for \u00e5 skapa noko, og lyga for \u00e5 kunna laga ein heilskap. Eller vera full av tvil?<\/p>\n<p>Guten min kom bort til meg, han ville at eg skulle kasta ballen igjen, ville at eg skulle vera med og henta den. Eg s\u00e5g p\u00e5 bonden, augeblinken var forbi, sj\u00f8lvsagt var den det. Sivert hadde stilt han eit anna sp\u00f8rsm\u00e5l i tomrommet og dei snakka ledig som f\u00f8r, om drift av ku og mj\u00f8lkerobotar, og eg lurte p\u00e5 om det berre var eg som opplevde denne intensiteten i stad. Og at det kanskje er det som eigentleg driv skrivinga; ei kjensle av augneblink som opnast og lukkast. Og ikkje meir enn det.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg hadde f\u00e5tt bes\u00f8k av to forfattarar fr\u00e5 Bergen. Korleis&#8230;<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":6491,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[13],"tags":[],"class_list":["post-6487","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-nytt-fra-garborgsenteret","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.7 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Den bortkomne bonden og ein mosaikk - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Den bortkomne bonden og ein mosaikk - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Eg hadde f\u00e5tt bes\u00f8k av to forfattarar fr\u00e5 Bergen. Korleis...\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2018-06-20T12:02:46+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2018-06-20T13:05:18+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133342-1024x768.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"1024\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"768\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"administrator\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"administrator\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"14 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"administrator\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee\"},\"headline\":\"Den bortkomne bonden og ein mosaikk\",\"datePublished\":\"2018-06-20T12:02:46+00:00\",\"dateModified\":\"2018-06-20T13:05:18+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\\\/\"},\"wordCount\":2807,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2018\\\/06\\\/IMG_20180511_133342.jpg\",\"articleSection\":[\"Nytt\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\\\/\",\"name\":\"Den bortkomne bonden og ein mosaikk - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2018\\\/06\\\/IMG_20180511_133342.jpg\",\"datePublished\":\"2018-06-20T12:02:46+00:00\",\"dateModified\":\"2018-06-20T13:05:18+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2018\\\/06\\\/IMG_20180511_133342.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2018\\\/06\\\/IMG_20180511_133342.jpg\",\"width\":4160,\"height\":3120,\"caption\":\"dav\"},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Den bortkomne bonden og ein mosaikk\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee\",\"name\":\"administrator\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"administrator\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/administrator\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Den bortkomne bonden og ein mosaikk - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Den bortkomne bonden og ein mosaikk - Garborgsenteret","og_description":"Eg hadde f\u00e5tt bes\u00f8k av to forfattarar fr\u00e5 Bergen. Korleis...","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2018-06-20T12:02:46+00:00","article_modified_time":"2018-06-20T13:05:18+00:00","og_image":[{"width":1024,"height":768,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133342-1024x768.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"administrator","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"administrator","Est. reading time":"14 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/"},"author":{"name":"administrator","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee"},"headline":"Den bortkomne bonden og ein mosaikk","datePublished":"2018-06-20T12:02:46+00:00","dateModified":"2018-06-20T13:05:18+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/"},"wordCount":2807,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133342.jpg","articleSection":["Nytt"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/","name":"Den bortkomne bonden og ein mosaikk - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133342.jpg","datePublished":"2018-06-20T12:02:46+00:00","dateModified":"2018-06-20T13:05:18+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133342.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133342.jpg","width":4160,"height":3120,"caption":"dav"},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-bortkomne-bonden-og-ein-mosaikk\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Den bortkomne bonden og ein mosaikk"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee","name":"administrator","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g","caption":"administrator"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/administrator\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/06\/IMG_20180511_133342.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6487","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6487"}],"version-history":[{"count":11,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6487\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":6504,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6487\/revisions\/6504"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/6491"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6487"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6487"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6487"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}