{"id":6147,"date":"2018-01-25T17:40:09","date_gmt":"2018-01-25T15:40:09","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=6147"},"modified":"2018-01-30T15:52:08","modified_gmt":"2018-01-30T13:52:08","slug":"eit-brev-heim","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/","title":{"rendered":"Eit brev heim"},"content":{"rendered":"<p>\u00ab\u2026og der er d\u00e5 J\u00e6ren fullkomin: berre heid og himil, berre lyng og luft\u00bb<br \/>\nArne Garborg: Knudaheibrev<\/p>\n<hr \/>\n<p>Eg skal ikkje skriva om det eg ikkje veit. Om d\u00e5 det byrja. I ungdomstida mi. Eg kom flyttande til. S\u00e5 drog eg, gjekk tom, no kjem eg att.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Eg vil ikkje skriva om dette, og ikkje om barna mine, dei sm\u00e5 eg dreg med meg, dei som har alt \u00e5 mista.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Eg skal ikkje skriva meg inn i noko, ikkje skriva meg heim, ikkje skriva det som var, ikkje det som er. Eg skriv berre det eine: At noko har skjedd. Det er det einaste eg veit.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p style=\"text-align: center;\">***<\/p>\n<p>Det starta p\u00e5 Mellombels \u00f8lstove i sommar. Det kan ha starta lenge f\u00f8r. Kanskje allereie i ungdomstida, d\u00e5 eg kom flyttande til. Det st\u00e5r ikkje heilt klart for meg enno. Men noko har skjedd.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Mellombels er ein ny plass. Eg spurte eigaren ein gong kva slags bar det er, og han svarte: Det er ein smaksbar. Eg kjem med eit motsvar no: Det er ein hipsterbar. Midt i Bryne sentrum. Slik kunne aldri ha skjedd for berre nokre \u00e5r sidan. Fr\u00e5 ungdomstida mi hugsar eg staden som Pontis Pizza, og her kunne me kj\u00f8pa shave-is i alle smakar. Det var den fyrste plassen eg blei kjent med etter at familien min flytta hit, eg var ein av dei som kom flyttande til, eg var ny, men eg fekk vener, og venene mine tok meg med til Pontis. Det s\u00e5g bra ut for meg. Eg sykla rundt med dei nye venene mine, hadde allereie gl\u00f8ymt dei gamle venene mine, me syklar rundt, kasta vassballongar p\u00e5 folk fr\u00e5 Domustaket, stod p\u00e5 rullebrett, me r\u00f8yka rulletobakk, snusa og me stal. Eg hugsa godt pizzastykkene p\u00e5 Pontis, me gjekk fram til desken, peikte p\u00e5 stykkene me ville ha, men me turte aldri g\u00e5 heilt inn i lokalane, for der, p\u00e5 benkane heilt innerst satt nazistane. Dei snauskalla. N\u00e5r dei stod ved desken, turte me ikkje g\u00e5 inn, og n\u00e5r dei stod utanfor, p\u00e5 den vesle plassen p\u00e5 framsida, turte me ikkje ein gong \u00e5 g\u00e5 p\u00e5 same side av fortauet. Nazistane stod der med dei store maskinene sine, det me trudde var store maskiner, motorsyklar minst, men eigentleg var det berre mopedar, crossara, kanskje ein og anna firhjuling, men alt laga lyd, h\u00f8y lyd, lyd som skremte oss, sj\u00f8lv om me ikkje var barn lenger, men me trudde at nazistar hata alle oss som var unge, alle oss som skata, i alle fall var det det me blei fortalt. Eller fortalte me oss sj\u00f8lv det?<\/p>\n<p>P\u00e5 laurdagskveldane var det verst. D\u00e5 blei manndommen vekka i dei, og karane blei til ekte mannfolk. Det kom andre folk til og, dei kom k\u00f8yrande til fr\u00e5 alle sm\u00e5stadar rundt omkring, dei drakk, dei sl\u00e5st, dei klina med damer, som ekte mannfolk! Men dei klina aldri med kvarandre, sj\u00f8lv om nokon nok ville det og. Heller sl\u00e5st enn \u00e5 sei at ein er glad i nokon, det hugsa eg og fr\u00e5 barndommen min og, den eg flytta ifr\u00e5, den som blei kapsla inn i eigne spor i minnet mitt, dei som eg ikkje ville opna, som eg m\u00e5tte holda unna, for eg opna meg for noko anna no, for alt rundt meg, og d\u00e5 kunne eg ikkje opna gamle minnespor, ikkje f\u00f8r i dei siste \u00e5ra har eg opna dei, opna dei p\u00e5 vid gap, slept alt ut og skrevet det ut, skrevet det inn i b\u00f8kene mine, alt det gamle og alt det fine. No er det tomt.<\/p>\n<p>Sl\u00e5stinga hugsar eg godt, eg hugsar alle som snakka om det, fr\u00e5 dag ein eg kom her til landet var det snakk om det, om sl\u00e5sting og fyll p\u00e5 torget. Eg klarte ikkje \u00e5 f\u00f8restilla meg korleis det var. Var det som p\u00e5 ein skulegard? Kven ordna opp? To \u00e5r seinare, stod eg sj\u00f8lv ute p\u00e5 torget, og s\u00e5g p\u00e5 dei som sl\u00e5st. Fyrst d\u00e5 skj\u00f8na eg kva det var, det som var heilt umogleg \u00e5 forst\u00e5 f\u00f8r eg hadde opplevd det sj\u00f8lv, no skj\u00f8na eg det: det var underhaldning. Og eg var full p\u00e5 absolutt sitron som me hadde drukke i eit smug &#8211; <em>ei l\u00e5ge<\/em> p\u00e5 deling. Etter kvart kom eg her kvar helg, eg fann noko sprit i skapet til foreldra mine, eller \u00f8l som eg stal i butikkane, i ein-og-ein-halvlitersflasker. Eg hugsar s\u00e6rskilt ein sl\u00e5sskamp: ein brynemann som alle kjente til, blei angripen av tre h\u00e5buar samtidig, men med utruleg dugleik, som me alle beundra han for, klarte han \u00e5 sl\u00e5 dei ned alle saman, ein etter ein. Eg hugsar det godt, fyrst haldt han den eine med handa medan han avverja eit till\u00f8pande angrep av ein anna kar, som han klarte \u00e5 f\u00e5 slengt ned i bakken. Der blei han liggande livlaus, og s\u00e5 byrja brynemannen \u00e5 banka opp han han held i handa, og den tredje h\u00e5buen trur eg blei skremt og la p\u00e5 sprang. Eller blei han og sl\u00e5tt til han blei liggande livlaus midt i vegen han og? Eg hugsar ikkje lenger. Sj\u00f8lvsagt blei me, unggutar som me var, imponert av brynemannen, han var ein av oss, han var brynemann, han slo ned tre h\u00e5buar samtidig, han var som oss! Eller var det me som blei som han? Fr\u00e5 dagen etter byrja historiene \u00e5 ta til. Historiene om han som slo ned tre h\u00e5buar samtidig, historier om oss som s\u00e5g p\u00e5, historier om staden v\u00e5r. Nokre m\u00e5nader seinare byrja ein av venene mine \u00e5 sl\u00e5st, han rulla rundt p\u00e5 bakken med eit godt grep om ein eller anna fyr, og alle me andre gjekk rundt og hissa oss opp over alt me s\u00e5g, me bruste oss opp, ropte f\u00f8kk ju til folk, kom her \u00e5 sei det!<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Det er staden eg vil skriva om. Den eg kom flyttande til, den eg blei ein del av, der eg blei ein av dei andre. Eg vil skriva om det eg blei til og alt det som staden har gjort meg til, og samstundes vil eg skriva om noko anna, om det ein ikkje kan seia i ettertid, om at ein ikkje kan seia noko i det heila i ettertid, for i ettertid kan ein ikkje gjera anna enn \u00e5 pr\u00f8va \u00e5 forst\u00e5. Men forst\u00e5inga er alltid falsk, forst\u00e5inga i ettertid er noko me fortel oss sj\u00f8lv, innbiller oss sj\u00f8lv. Noko me trur p\u00e5. Derfor m\u00e5 eg skriva det p\u00e5 denne m\u00e5ten, og eg m\u00e5 skriva om alle dei som klarte seg og kom seg vidare, og alle dei som kom p\u00e5 glattcella, om dei som voks saman og dei som skilte lag, om dei som banna for kvar setning dei sa, og dei som klarte \u00e5 legga bannorda ifr\u00e5 seg, om dei som blei verande, og dei som drog sin veg.<\/p>\n<p>Det er noko me ikkje kan forst\u00e5.<\/p>\n<p>Ikkje i ettertid.<\/p>\n<p>Og kanskje heller ikkje om ein er midt i det.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Ungdommane er ikkje barn, livet deira er ikkje soning.<\/p>\n<p>Dei er midt i dommen.<\/p>\n<p>Framtida blir aldri den same etterp\u00e5, samstundes finnes den ikkje fr\u00e5 f\u00f8r, og noko skapes for ein kvar. Men kva d\u00e5? Me kavar, me blir redde, me blir s\u00e5ra. Og s\u00e5ra ser me p\u00e5 som vener etterkvart.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Men sorga er st\u00f8rst i ettertid.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Mellombels er v\u00e5r stad.<\/p>\n<p>Kanskje nokre ungdommar kan seia noko slik ein gong?<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p style=\"text-align: center;\">***<\/p>\n<p>Bygget st\u00e5r som f\u00f8r, det stikk som ein meisel inn mot den opne brusteinplassen p\u00e5 torget, her me rulla rundt, her me brusa oss opp og ropte f\u00f8kk ju til kvarandre som ekte mannfolk. Her fekk me bank og bl\u00f8dde fr\u00e5 panna, me drog kvarandre bort fr\u00e5 sl\u00e5sskampar som ikkje skulle sl\u00e5st, og me drog kvarandre med til sl\u00e5sskampar som skulle sl\u00e5st, og me byrja \u00e5 drikka mindre i skjul, me trong ikkje lenger stela for \u00e5 f\u00e5 tak i \u00f8l, me kunne kj\u00f8pa heimebrent og porno p\u00e5 same tid av ein av nazistane, og me blei gamle nok til \u00e5 k\u00f8yra moped, og me fant ut at dei m\u00e5tte trimmast for \u00e5 f\u00e5 den rette lyden, og nokon av oss blei som nazistane og andre blei annleis, nokon kom p\u00e5 glattcella og andre blei k\u00f8yrt heim av politiet, nokon k\u00f8yrte moped og andre stal ein bil, nokon brusa seg opp og sl\u00e5st medan andre s\u00e5g p\u00e5, men me var vener st\u00f8tt, og eg var ein av dei som hadde kome flyttande til, det var nesten gl\u00f8ymt no for me var vener som hadde vokse saman, og no var me vener som voks me ifr\u00e5 kvarandre igjen, det var det som var viktig no, at me voks ifr\u00e5 kvarandre, og eg voks ifr\u00e5 dei andre p\u00e5 same m\u00e5te som alle andre voks ifr\u00e5 meg, eg var lik dei og dei var like meg, det var det som var s\u00e5 rart, me hadde ikkje noko ord for det som skjedde. Me visste ikkje kva det var men me kjente at noko skjedde. Kva var det? S\u00e5 underleg, s\u00e5 skjult. Me kunne ikkje sl\u00e5st for det, ikkje brusa oss opp for det. Ikkje hadde me opplevd noko slikt f\u00f8r, det berre skjedde. Det einaste me kunne gjera var \u00e5 banna.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>S\u00e5 kom ein dag i 2001, dagen d\u00e5 kongen kom p\u00e5 bes\u00f8k. Kongen og dronninga kom berre, nesten som av seg sj\u00f8lve, me merka ikkje at dei var her. Nei, det er ikkje sant, me visste p\u00e5 f\u00f8rehand at noko held p\u00e5 \u00e5 skje, sj\u00f8lv om me ikkje visste kva det var, for ei bygd er ei bygd, og ein dag byrja kommunearbeidarar \u00e5 endevenda heile torget. Asfaltflekkane blei k\u00f8yrt bort, kva gjorde dei med dei? Vegen som gjekk forbi Pontis blei sperra og skulle aldri opne igjen. Kvar skulle nazistane gjera av seg no? Det blei lagt brusteinar over heile plassen, torget blei bilfritt, og scenen blei utvida. F\u00f8r hadde den berre tre trappetrinn, men det er ikkje noko for ein konge, han m\u00e5 ha seks-sju trappetrinn, minst!<\/p>\n<p>Og det fekk han.<\/p>\n<p>Og s\u00e5 kom dagen.<\/p>\n<p>Kongen og dronninga drog litt rundt her og der f\u00f8r dei stilte seg opp p\u00e5 den nye scenen, v\u00e5r scene, der me plar \u00e5 sitta og laga spytteklyser i bakken, no stod kongen og dronninga der, og det var mange som var der og h\u00f8yrte p\u00e5, heile torget var fullt, folk over alt, men eg var ikkje der, og ikkje venene mine heller, for det var ikkje v\u00e5r stad, ikkje enn\u00e5, det var framleis noko nytt det som held p\u00e5 \u00e5 skje, noko framand. Kven var alle dei som var der? Det var folk me kasta vassballongar p\u00e5 d\u00e5 me var mindre, det var folk som oppdaga oss medan me stal i butikkane, det var folk som s\u00e5g ned i bakken n\u00e5r dei gjekk forbi oss, for sj\u00f8lv om me var unge var me mange, me var ekte menn som drakk oss fulle og sl\u00e5st og me var ikkje redde, me ropte ting etter dei, for kven var dei? Vaksne folk! Kongen stod og siterte den gamle diktaren framfor dei. Ja, slik var kongen, og slik var folka som stod der og h\u00f8yrte p\u00e5, s\u00e5nne som likte kongen, og s\u00e5nne som likte Garborg. Dermed kunne ikkje me like det same, for det var berre dei vaksne som likte kongen og den gamle diktaren, og aldri hadde me h\u00f8yrt om nokon som les Garborg, andre enn vaksne, l\u00e6rarar og dei gamle.<\/p>\n<p>Men i ettertid har eg skj\u00f8nt noko, i ettertid har eg skj\u00f8nt at Garborg var viktig den gongen, s\u00e5 viktig som han kanskje aldri har vore sidan, for han hadde si tid, den gamle mannen som eg ikkje visste nokon ting om. I 2001 var det jubileum, han hadde tid p\u00e5 seg og var ikkje kapsla inne i eit minnespor eller tildekt med vene monumenta. Men den tida kom snart, like etterp\u00e5 eigentleg, for folka som fekk endevendt p\u00e5 heile torget, dei som reiv opp asfaltflekkane v\u00e5re og sperra vegen framfor Pontis, dei som \u00f8ydela scenen v\u00e5r der me plar \u00e5 spytta i bakken, dei hadde store plana for den gamle diktaren. Fyrst og fremst m\u00e5tte han ha ein eigen plass p\u00e5 torget, og ikkje veit eg kven som planla kor han skulle st\u00e5, men han m\u00e5tte no st\u00e5 her p\u00e5 torget meinte dei, den gamle diktaren, stolt og kneisande m\u00e5tte han st\u00e5, og s\u00e5 fann dei ein plass til han som dei trudde var best. Og der satt dei han ned, der satt dei han ifr\u00e5 seg, fundamenterte statuen, og der st\u00e5r han den dag i dag, ein ekte Fritz R\u00f8ed-skulptur, stor som ein sovjet-Lenin, heldt eg p\u00e5 \u00e5 sei, i heilfigur. Eg ser det eg ser, og eg brydde meg ikkje om det eg s\u00e5g d\u00e5, men eg bryr meg no, for det er noko eg ikkje tenkte p\u00e5 f\u00f8r, noko eg tenker p\u00e5 no: eg veit ikkje kvifor han st\u00e5r der han st\u00e5r. Kjem du g\u00e5ande inn p\u00e5 torget fr\u00e5 oppsida, fr\u00e5 Pontis-sida, eller Mellombels om du vil, s\u00e5 ser du ikkje Garborg.<\/p>\n<p>Dei har g\u00f8ymt han!<\/p>\n<p>Kongen s\u00e5g han nok heller ikkje d\u00e5 han siterte han. Eg var ikkje der og s\u00e5g kongen men eg veit kva eg ser no. Eg veit ikkje kvar eg var d\u00e5, eg brydde meg ikkje om kongen og eg brydde meg ikkje om Garborg, eg var ein av venene mine, og venene mine og eg voks ifr\u00e5 kvarandre, eg byrja \u00e5 f\u00e5 nye vener, heilt andre vener, vener som ikkje sl\u00e5st, vener som ikkje bruste seg, vener som rusa seg utan vald, vener som vaks saman og ifr\u00e5 kvarandre igjen, vener som rusa seg og d\u00f8yde, og vener som klara seg. Det sama leksa om igjen. Eg vaks saman med dei, med dei nye venene, og eg blei eldre og gjekk p\u00e5 vidareg\u00e5ande, eg blei russ og eg byrja \u00e5 tenka stort om meg sj\u00f8lv, eg trudde eg hadde noko i meg fordi eg var annleis enn dei andre, eg trudde stort om kjenslene mine, og etterkvart, d\u00e5 eg hadde missa all kontakt med venene mine som sl\u00e5st, d\u00e5 eg var sikker p\u00e5 at eg ikkje ville f\u00e5 bank for det, d\u00e5 turte eg \u00e5 tru at eg kunne bli kunstnar, at eg likte dikt og m\u00e5leri, at eg kunne skriva og teikna, at eg kunne klara meg med det, med mitt eige sinn \u00e5leine. Men framleis hadde eg ikkje opna nokon av minnespora mine, framleis hadde eg ikkje gjort anna enn \u00e5 tru det eg sj\u00f8lv trudde p\u00e5, framleis kunne eg ikkje snakka meir enn to setningar utan \u00e5 banna, utan \u00e5 bruse meg. Og framleis las eg ikkje ei einaste bok sj\u00f8lv om eg trudde eg skulle bli kunstnar, og spr\u00e5ket blei ikkje betre av \u00e5 skriva slik, \u00e5leine, og eg visste ikkje kven Garborg var utanom det vanlege, og det einaste eg visste om Garborg var at nokon hadde spraylakkert statuen av Veslem\u00f8y ei natt. Eg visste kven det var, og eg hugsar at han som gjorde det kom i avisa p\u00e5 grunn av h\u00e6rverket sitt, og at eg blei misunneleg p\u00e5 han p\u00e5 grunn av det, han hadde spraya ein raud kjole p\u00e5 Veslem\u00f8y og kom i avisa.<\/p>\n<p>Dette med Veslem\u00f8y tilh\u00f8yra den gamle tida, d\u00e5 me brusa oss opp og drakk, og sj\u00f8lv om eg hadde vakse ifr\u00e5 venene mine og dei ifr\u00e5 meg, sj\u00f8lv om eg hadde f\u00e5tt nye vener og trudde eg kunne bli kunstnar, s\u00e5 hang slike ting igjen. Den raude spraylakkjolen til Veslem\u00f8y.<\/p>\n<p>Kongen og dronninga drog sin veg og torget vart aldri meir det sama. Det var blitt bilfritt, Pontis fantes ikkje meir, nazistane hadde blitt eldre, me som var unggutar hadde og blitt eldre, nokon av oss hadde sl\u00e5st ifr\u00e5 oss medan andre kom i fengsel, nokon flytta p\u00e5 seg og andre blei nazistar i vaksen alder, nokon forblei som dei alltid hadde vore, nokon blei fine p\u00e5 det, og nokon blei alkoholikarar. Ungdomstida mi var forbi. Eg antar at det var d\u00e5 det heile byrja, og eg skriv no om staden v\u00e5r som var, og den som blei til, om dei som sl\u00e5st og dei som ikkje sl\u00e5st, om dei som s\u00e5g kongen og dronninga og dei som ikkje brydde seg om slikt, om dei som flytta p\u00e5 seg, og dei som kom heim igjen. For der er me alle like: Me veks ifr\u00e5 kvarandre og me blir framande for kvarandre. Det gjeld kongen, og det gjeld Garborg, han som framleis st\u00e5r der, heilt i randen av torget, i skammekroken, med for store nevar, ruvande som ein kjempe, han ser utover mot torget, eller eigentleg ikkje, for slik dei har plassert han er utsikta hans dekka til av scenen der kongen stod. Kongen s\u00e5g ikkje Garborg medan han siterte han, og Garborg sj\u00f8lv ser berre inn mot baksida av andedammen. Fugleskiten renn nedover ansiktet hans.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p style=\"text-align: center;\">***<\/p>\n<p>Det var ein onsdagskveld i juli, og det var litteraturkveld p\u00e5 Mellombels \u00f8lstove. Heilt innerst i lokalet satt me, der dei gamle nynazistane pla sitta og glo ut p\u00e5 alle som gjekk forbi, der satt me og snakka om skriving og dikting. Og kor merkeleg er det ikkje at det kan g\u00e5 slik med ein stad? For nokre \u00e5r sidan turte eg ikkje g\u00e5 inn her, men no satt folk i hippe lenestolar og h\u00f8yrte p\u00e5 andre folk som snakka om b\u00f8ker og skriving, om inspirasjon og nynorsk. Og p\u00e5 laurdagskveldane er det ingen som sl\u00e5st lenger, ikkje p\u00e5 sama vis i alle fall, ikkje som f\u00f8r d\u00e5 det var underhaldning at unge menn banka livsskiten ut av kvarandre. No er bygda blitt ein by og alle er blitt finare p\u00e5 det, i alle fall p\u00e5 overflata, og viss du bestiller ein vanleg \u00f8l p\u00e5 Mellombels f\u00e5r du sp\u00f8rsm\u00e5l om kva du meiner. For dei har berre ein vanleg \u00f8lsort i utvalet, alt anna er nytt, handverk\u00f8l.<\/p>\n<p>Det einaste som ikkje fungerte den kvelden var mikrofonane, det vil sei at det var for mange av dei der me satt i ein ring alle fem deltakarar med kvar v\u00e5r mikrofon i handa. Berre gjenklang og piping, men det fekk me og ordna opp i og alt gjekk sin gang, s\u00e5 vandt og uvandt p\u00e5 same tid, s\u00e5 strigla og fint, ein litteraturkveld p\u00e5 Bryne, kvifor ikkje? Ein kan vel leva greitt her? tenkte eg. Kanskje ikkje s\u00e5 dumt \u00e5 flytta heim likevel? Men s\u00e5, d\u00e5 det n\u00e6rma seg slutten, kom sp\u00f8rsm\u00e5let som drog meg tilbake til byrjinga.<\/p>\n<p>Kva slags forhold har du til Garborg?<\/p>\n<p>Det er eit obligatorisk sp\u00f8rsm\u00e5l \u00e5 stilla no, for me veit kven han er, me har sementert han med statuar og museum, med byster, formidlingarenaer, jubileumsfester, og ein heilfigur av han bak torget. 1890-\u00e5ra er forbi, Askerkretsen er borte, 2001 er og forbi, og kongen kjem ikkje tilbake til scena, torget har blitt endevendt for denne og neste generasjon, alle veit kven Garborg er no, det er s\u00e5 sj\u00f8lvsagt, han st\u00e5r jo der, han er den store lokaldiktaren, han st\u00e5r der og glor inn mot torget, myser gjennom fugleskiten og ser p\u00e5 oss, og om 7 \u00e5r er det eit nytt jubileums\u00e5r.<\/p>\n<p>Eg satt med mikrofonen i handa.<\/p>\n<p>Fortida er ikkje sona, det var den raude kjolen til Veslem\u00f8y eg s\u00e5g. Eg visste ikkje kva eg skulle seia, Garborg var den han var, fastl\u00e5st og st\u00f8ypt, dei gamle les han sikkert framleis, tenkte eg, men dei beh\u00f8ver ikkje, han st\u00e5r der alt. S\u00e5 kom noko fram i meg, eit minnespor eg ikkje hadde opna f\u00f8r, fr\u00e5 nazistane p\u00e5 Pontis, fr\u00e5 isoporbegeret etter at shave-isen var oppeten, endene som satt p\u00e5 torget og spytteklysene p\u00e5 scenen. Det som var d\u00e5 og det som er no, bindingane imellom, nazistar p\u00e5 Pontis og litteraturfolk p\u00e5 Mellombels, og eg fekk ein tanke, tanken om at det finnes ein stad her, her p\u00e5 Mellombels, det skriv eg i alle fall no, og orda f\u00e5r dermed ei ny retning, og eg m\u00e5 f\u00f8lga dei, f\u00f8lga orda vidare ut n\u00e5r det blinkar i dei forholdsvis nye brusteinane utanfor Mellombels.<\/p>\n<p>Kva slags forhold har eg til Garborg?<\/p>\n<p>Kva hugsa eg?<\/p>\n<p>Sigbj\u00f8rn Reime, s\u00e5 klart. Medan me trilla rundt p\u00e5 rullebrett og gjekk p\u00e5 ungdomsskule, medan me drakk oss fulle og sl\u00e5st i helgene, hadde me ein engelskl\u00e6rar. Han budde bak huset til J\u00e5nne, der me av og til spelte fotball og kasta steinar p\u00e5 kvarandre p\u00e5 ein nedkomen og lite brukt grusplass. Av og til gjekk Reime forbi, nokon gonger helsa han, andre gonger ikkje. Plutseleg ein dag slutta han som engelskl\u00e6rar, og eg hugsar dette no, fordi eg syntest det var synd at han skulle slutta, fordi eg syntest at han var ein av dei f\u00e5 l\u00e6rarane som s\u00e5g meg i augo medan han underviste. Og eg hugsar at Reime var glad for \u00e5 slutte, noko eg ikkje klarte \u00e5 skj\u00f8na d\u00e5. Sigbj\u00f8rn Reime var glad for \u00e5 slutte, han var glad for \u00e5 bli kvitt oss. Kvifor det? kan me ha spurt han, for eg hugsar at han ein gong sa at han skulle byrja i dr\u00f8ymejobben sin. Eller kanskje han ikkje sa det slik likevel, n\u00e5r eg tenker meg om trur eg det var klasseforstandaren v\u00e5r, Signe, som sa det til oss etter at han hadde slutta. Men Sigbj\u00f8rn Reime fant dr\u00f8ymejobben sin, langt unna oss udugelege ungdommar, me som drakk i helgene, me som stod i dommen og brusa oss opp og sl\u00e5st. Sigbj\u00f8rn Reime slutta p\u00e5 ungdomsskulen og byrja i dr\u00f8ymejobben sin d\u00e5 ungdomstida mi tok slutt, like f\u00f8r kongen kom p\u00e5 scenen, og ikkje lenge etter, d\u00e5 eg hadde vakse ifr\u00e5 nokre av venene mine, og byrja \u00e5 f\u00e5 meg nye vener, d\u00e5 eg gjekk p\u00e5 vidareg\u00e5ande og litt etter litt byrja \u00e5 mistolka vanlege kjensler som teikn p\u00e5 at eg kunne bli kunstnar, d\u00e5 drog norskklassen v\u00e5r p\u00e5 utflukt opp til Undheim. Og der trefte eg han igjen, i Knudaheio, og det som overraska meg var at han hugsa meg. For meg var han den same som f\u00f8r, han hadde den same kakibrune jakka p\u00e5 seg som d\u00e5 han var l\u00e6rar, no stod der, i stov\u00e5 til Aadne og Eivind og fortalte om sj\u00f8lvmordet til faren, kor han kan ha hengt seg og s\u00e5 vidare, heile tida den djupe, intense blikkontakten. Streng og tydeleg og god, som f\u00f8r.<\/p>\n<p>Eg lurar p\u00e5 om han hugsar det han og?<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Heimen h\u00f8yrar til i minnet.<\/p>\n<p>Staden blir aldri lik som den var. Endringane er som b\u00f8lgene som ollar seg inn over strendene v\u00e5re, dei kvite utanomjordiske strendene v\u00e5re, alltid annleis, alltid i bevegelse.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Men samstundes er det noko som ikkje endrar seg, noko som blir verande usagt. Det er det eg skriv om. For der er eit von. Der bannorda forsvinn.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p style=\"text-align: center;\">***<\/p>\n<p>Han kom heim. Til staden v\u00e5r. \u00abSo heime som ein burtkomin son kann vera, n\u00e5r heimen er burtkomin likso vel som sonen\u00bb. Han ville flytta heim han og, odelsgutten fra \u00absud-hallet att-under Garborgs-\u00e5sen\u00bb, han ville <em>venda<\/em> heim. Fyrst gjekk han til doktoren, m\u00e5tte finna ut av det, om han framleis hadde det i seg til \u00e5 bli bonde. Han var blitt lei av \u00e5 \u00abliggje \u00e5 prikke p\u00e5 papper med ein penn st\u00f8dt\u00bb, denne bokmannen, som han kalla seg sj\u00f8lv, men doktoren berre smilte. \u00c5nei, han hadde det ikkje i seg lenger, \u00abdet du ein gong hev kasta ifr\u00e5 deg tek du ikkje letteleg att\u00bb. Tida hans var forbi, men han ga seg ikkje, sj\u00f8lv om det var for seint for han, kva veit vel doktoren? For hundre kroner fekk han eit knapt m\u00e5l jord med utsyn over heile heimlandet sitt. \u00abDette brune heid-landet med gr\u00f8ne gardflekkir og her og der ein skimt av vatn eller \u00e5, so som det herifr\u00e5 breider seg ned-yvi og ut-yvi til havs\u00bb.<\/p>\n<p>Det er framleis tidleg p\u00e5 heimreisa hans, og heimhugen er stor, han g\u00e5r rundt i det lyngbrune, skoddesl\u00f8ra landet, ser til tider \u00abb\u00ectar og br\u00f2t av j\u00f8tnar og troll\u00bb, og han kjenner seg att der han g\u00e5r, den umiddelbare lengselen blir d\u00f8yva, og han blir eitt med landet, den gamle mannen, det er hans igjen.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>\u00abNo er eg heime. No er eg der eg er ifr\u00e5\u00bb.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Men det varer ikkje lenge, altfor kort eigentleg, f\u00f8r det framande dukkar opp. Han, den bortkomne sonen, g\u00e5r rundt, setter seg p\u00e5 eit steingjerde, kjenner igjen kvar stein, g\u00e5r vidare, innom barndomsheimen sin, der som me no har stilt livet hans ut som eit skjelett, men den gong budde folk her, og den gamle mannen drog p\u00e5 bes\u00f8k hj\u00e5 dei, Anna ans T\u00f8nes og husbonden hennar, han bes\u00f8kte dei, satt seg ned med dei, s\u00e5g p\u00e5 dei, han s\u00e5g det han s\u00e5g, det var snille folk, men bonden syntest ikkje \u00e5 vera s\u00e5 sterk, likevel klok og grei. Det meste var som f\u00f8r, men herregud s\u00e5 lite. Han s\u00e5g seg rundt i heimen sin, denne heimlause heimen, og no er han den framande her i huset. \u00abMest framand kjenner eg meg her, der eg skulde vera heime\u00bb. Og han sp\u00f8r seg sj\u00f8lv: \u00abDette \u201dheime\u201d, er det til slutt anna enn ein draum?\u00bb.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Tida hans var forbi, heimreisa drog ut i tid, blei til heimturar, kortare og lengre, opphald i sommarhalv\u00e5ret, men han flytta aldri heim. Kvifor ikkje? Han d\u00f8yr p\u00e5 Austlandet, som ein Asker-mann, ein heimlaus Asker-mann, han, den gamle mannen, som vart f\u00f8dt og oppvaksen her. No og d\u00e5 drog han heimom, men blei aldri meir j\u00e6rbu. Kvifor ikkje?<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Kva leita han etter?<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>\u00abDu J\u00e6ren, du gamle J\u00e6ren, du myrke, ljosande Jadar fr\u00e5 gamall tid, me skal finne deg att og vinne deg att\u00bb.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Ein gong var han ung, odelsgut, men han tok ikkje over som han skulle, han utdanna seg til l\u00e6rar, drog ut i verda, starta nokre aviser her og der, drog vidare, og d\u00e5 han slutta i Tvedestrandposten fekk han fem dalar fr\u00e5 kassen, og \u00abmed dei fem dalane strauk eg til Oslo og vilde \u201dstudere eller d\u00f8y\u201d\u00bb<em>. <\/em>Han ville sj\u00e5 om han hadde det i seg, sj\u00e5 det an ei stund, for sp\u00f8rsm\u00e5let var om han var diktar, tenkte han, eller skreiv han i det minste i ettertid. Han var framleis ung d\u00e5, var framleis ikkje blitt den gamle diktaren, han som me har stilt ut med statuar og museum, han hadde framleis tid p\u00e5 seg, tid p\u00e5 seg til \u00e5 bli diktar, tid til \u00e5 bli heimlaus, men var han diktar s\u00e5 var alt greitt, for \u00abein diktar skulde kje kunna noko; han skulde vera geni\u00bb. S\u00e5 det var lettvindt dette her, tenkte han. Eller skreiv han i det minste, i ettertid. Han skreiv alt dette i ettertid, som gamal. D\u00e5 er vel alt lettvindt \u00e5 forst\u00e5, om man vil. Om man verkeleg vil.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Men han visste det.<\/p>\n<p>Han m\u00e5 ha visst det, for han skreiv det i ettertid, og forstod.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Han d\u00f8yde ikkje i Oslo, sj\u00f8lvsagt ikkje, han levde, blei levande, fekk det til for seg og blei diktar, men han blei ein diktar som lengta heim, og til slutt, d\u00e5 tida hans var forbi, ville han venda heim igjen, s\u00e5 han drog, og skreiv brev etter brev, men breva kjennes for meg mest ut som ei avverging mot eit tungsinn.<\/p>\n<p>Det gjekk mot slutten av heimreisa d\u00e5 han skreiv dette: \u00abDet myrkaste i Livssogo mi hev eg att \u00e5 fortelja. Eg skal fortelja det stutt\u00bb.<\/p>\n<p>Han fortel det stutt, om og om igjen, i alt han skriv, i alt han gjer til liv med papir og penn. Kanskje han m\u00e5tte det. Vera n\u00e6rg\u00e5ande for \u00e5 forst\u00e5 det gamle. Kanskje var det det han var, ein som fors\u00f8ker \u00e5 halda seg oppe ved \u00e5 skriva. Det som skjer f\u00e5r skje under skrivinga. \u00abDet gjekk upp og ned med meg. I dag hadde eg ei leid rid. Og den f\u00e6r vel f\u00e5 skuldi for at eg vart \u201dfull den syttande\u201d \u00bb. Han som var s\u00e5 opptatt av landet sitt, av staden sin, som til slutt meinte at det ikkje var <em>han<\/em> som var heimlaus, men folket og landet. Han m\u00e5 ha hatt ei sterk tru p\u00e5 orda sine, p\u00e5 spr\u00e5ket sitt, og han drakk seg fr\u00e5 sans og samling den syttande mai 1901, for \u00abn\u00e5r ein ikkje veit anna \u00e5 velja millom enn ein dram og eit reip&#8230; n\u00e5; eg tok drammen\u00bb.<\/p>\n<p>Det er noko tungt som ligg her i spr\u00e5ket, noko me m\u00e5 merka oss no, i ettertid, no som tida hans er forbi. Han skriv: eg <em>tok<\/em> drammen. Han skriv ikkje eg <em>tar<\/em> drammen. Det er ikkje notid for han n\u00e5r han skriv det, han ser tilbake p\u00e5 valet han tok. Ikkje noko er for evig og alltid, me m\u00e5 lesa det slik, tenker eg no. Tida hans var forbi, som den gong, som no, ein kan forst\u00e5 kva ein vil i ettertid, men det som ein skal gjera kan ein berre gjera ein gong. Ein kan gjenta det gong etter gong, men berre ein gong kvar gong. Ogs\u00e5 det \u00e5 overleva. Han visste det. Han skj\u00f8na det s\u00e5 godt, og han skreiv det. Ingenting er lettvint \u00e5 forst\u00e5 i ettertid. Han valde \u00e5 leva d\u00e5, men han <em>tar<\/em> ikkje drammen kvar gong, berre den eine gongen, denne eine gongen <em>tok<\/em> han drammen, men kva vil han vela neste gong, det veit han ikkje. Det vil han ikkje seia, for han veit det ikkje, p\u00e5 same m\u00e5te som me ikkje veit kvar tid noko startar og tar slutt, kva tid me kan forst\u00e5 noko i ettertid og kva tid me er midt i det. Kva som er ein stad, kvar tid staden er ein del av oss, kvar tid den veks ifr\u00e5 oss. Han var arvingen som vraka arven, \u00abhan vilde vera tenar hj\u00e5 framande i staden for herre heimen\u00bb, og garden blei selt, og odelsguten var ikkje heime d\u00e5 det skjedde, han var p\u00e5 seminarskule, og faren skulle eigentleg dra med dei andre til den nye staden dei hadde kj\u00f8pt, ein stad n\u00e6r byen. Men f\u00f8r han drog, greip han reipet. \u00ab\u2026og framand gjekk han or verdi; son hans m\u00e5tte verta gamall sj\u00f8lv, fyrr han l\u00e6rde \u00e5 skyna det syrgjesp\u00e9let som livet hans Eivind Garborg vart\u00bb.<\/p>\n<p>Var heimhugen hans borte?<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p style=\"text-align: center;\">***<\/p>\n<p>Etter litteraturkvelden var omme gjekk eg ut. Dei forholdsvis nye brusteinane utanfor, lyset fr\u00e5 lyktestolpane blink i dei. Nokon hadde satt opp ein sv\u00e6r sandkasse her, midt p\u00e5 torget. Eg gjekk forbi alt dette, gjekk over heile plassen, ned mot scena, mot andedammen. Eg s\u00e5g dei hadde byrja \u00e5 endevenda ein annan del av staden v\u00e5r no, heile Kongoelva var utgraven. No byrja det igjen, \u00f8ydelegginga, starten p\u00e5 det nye ein gong til, det eg skriv om er det eg ser, \u00f8ydelegginga av staden v\u00e5r, og det me igjen m\u00e5 byrja \u00e5 fortelja om. P\u00e5 nytt og p\u00e5 nytt. Eg m\u00e5 det, no som eg flyttar hit. Eg drog for \u00e5 sj\u00e5 han, eg ville sj\u00e5 om eg s\u00e5g det sama. Bak scenen, kneisande, ruvande, sj\u00f8lvsagt. Som alltid, som me har satt han der til \u00e5 st\u00e5, stolt, aldri radbrekka, og kanskje det er det som er vona hans, at me ikkje har satt han opp midt iblant oss. Me har laga museum av heimen hans, av skrivestova hans, me har stilt han ut og held p\u00e5 \u00e5 sementera han heilt, for me forst\u00e5r s\u00e5 mykje no i ettertid, med statuer, jubileums\u00e5r og store ord. Til og med kroppen hans er gravlagt i jorda her. Men ein ting let me aldri skje: me let han aldri koma heilt heim.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/dav-2\/\" rel=\"attachment wp-att-6164\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"wp-image-6164 size-full\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/01\/Statue.jpg\" alt=\"\" width=\"3120\" height=\"2593\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/01\/Statue.jpg 3120w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/01\/Statue-300x249.jpg 300w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/01\/Statue-1024x851.jpg 1024w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/01\/Statue-250x208.jpg 250w\" sizes=\"auto, (max-width: 3120px) 100vw, 3120px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Nedste bilde: Arne Garborg av Fritz R\u00f8ed, Bryne torg; foto: Peter F. Strassegger. \u00d8vste bilde: Peter F. Strassegger p\u00e5 Garborgsenteret; foto: \u00d8rjan Zazzera Johansen, Garborgsenteret.<\/p>\n<hr \/>\n<p><b>Peter Franziskus Strassegger er forfattar og psykolog, f\u00f8dd i 1984 i Graz, \u00d8sterrike. Familien flytta til Bryne d\u00e5 han var 11 \u00e5r. Han debuterte med romanen<em> Stasia <\/em>(2012), som han\u00a0fekk Tarjei Vesaas debutantpris for. Romanane <em>F\u00f8r de henter oss <\/em><\/b><strong>og<\/strong><b><em>\u00a0S<\/em><em>lutten p\u00e5 flagget v\u00e5rt<\/em> <\/b><strong>kom i 2015 og 2017. <\/strong><\/p>\n<p><strong>27. januar kl. 15 heldt han\u00a0foredrag p\u00e5 Mellombels, Bryne. Arrangementet var ein del av Garborgdagar 2018<\/strong>.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>\u00ab\u2026og der er d\u00e5 J\u00e6ren fullkomin: berre heid og himil,&#8230;<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":6153,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[13],"tags":[],"class_list":["post-6147","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-nytt-fra-garborgsenteret","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.6 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Eit brev heim - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Eit brev heim - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"\u00ab\u2026og der er d\u00e5 J\u00e6ren fullkomin: berre heid og himil,...\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2018-01-25T15:40:09+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2018-01-30T13:52:08+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/01\/StrassPaint3to.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"1825\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"1227\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"administrator\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"administrator\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"27 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-brev-heim\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-brev-heim\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"administrator\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee\"},\"headline\":\"Eit brev heim\",\"datePublished\":\"2018-01-25T15:40:09+00:00\",\"dateModified\":\"2018-01-30T13:52:08+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-brev-heim\\\/\"},\"wordCount\":5499,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-brev-heim\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2018\\\/01\\\/StrassPaint3to.jpg\",\"articleSection\":[\"Nytt\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-brev-heim\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-brev-heim\\\/\",\"name\":\"Eit brev heim - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-brev-heim\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-brev-heim\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2018\\\/01\\\/StrassPaint3to.jpg\",\"datePublished\":\"2018-01-25T15:40:09+00:00\",\"dateModified\":\"2018-01-30T13:52:08+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-brev-heim\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-brev-heim\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-brev-heim\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2018\\\/01\\\/StrassPaint3to.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2018\\\/01\\\/StrassPaint3to.jpg\",\"width\":1825,\"height\":1227},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-brev-heim\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Eit brev heim\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee\",\"name\":\"administrator\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"administrator\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/administrator\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Eit brev heim - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Eit brev heim - Garborgsenteret","og_description":"\u00ab\u2026og der er d\u00e5 J\u00e6ren fullkomin: berre heid og himil,...","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2018-01-25T15:40:09+00:00","article_modified_time":"2018-01-30T13:52:08+00:00","og_image":[{"width":1825,"height":1227,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/01\/StrassPaint3to.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"administrator","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"administrator","Est. reading time":"27 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/"},"author":{"name":"administrator","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee"},"headline":"Eit brev heim","datePublished":"2018-01-25T15:40:09+00:00","dateModified":"2018-01-30T13:52:08+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/"},"wordCount":5499,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/01\/StrassPaint3to.jpg","articleSection":["Nytt"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/","name":"Eit brev heim - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/01\/StrassPaint3to.jpg","datePublished":"2018-01-25T15:40:09+00:00","dateModified":"2018-01-30T13:52:08+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/01\/StrassPaint3to.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/01\/StrassPaint3to.jpg","width":1825,"height":1227},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-brev-heim\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Eit brev heim"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/f2e9af7fbf7a7b72daa2718def22b0ee","name":"administrator","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/b304f5477c830e6df18a624e12b175295f0cb7632a8503c9117aa155bbb5b3b0?s=96&d=mm&r=g","caption":"administrator"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/administrator\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2018\/01\/StrassPaint3to.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6147","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=6147"}],"version-history":[{"count":23,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6147\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":6177,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/6147\/revisions\/6177"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/6153"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=6147"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=6147"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=6147"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}