{"id":5734,"date":"2017-05-02T15:44:38","date_gmt":"2017-05-02T13:44:38","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=5734"},"modified":"2023-07-05T13:18:06","modified_gmt":"2023-07-05T11:18:06","slug":"kom-og-fa-kart-til-garborgloypa","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kom-og-fa-kart-til-garborgloypa\/","title":{"rendered":"Kart til Garborgl\u00f8ypa"},"content":{"rendered":"

Garborgl\u00f8ypa er ei digital formidlingsl\u00f8ype i Knudaheio, Garborgheimen og Time kyrkje. Til saman finn du rundt 60 skilt med QR-kodar p\u00e5. Ved hjelp av telefonen f\u00e5r du s\u00e5 fram ein film eller eit filmklipp til kvart av desse. Du m\u00f8ter Arne og Hulda Garborg, Veslem\u00f8y fr\u00e5 Haugtussa, Enok Hove fr\u00e5 Fred – me lovar at skal f\u00e5 nokre overraskingar \u00f2g.<\/p>\n

Dette er ei l\u00f8ype for heile familien, og du treng ikkje \u00e5 f\u00e5 med deg alt eller g\u00e5 i ei spesiell rekkef\u00f8lge for ha utbytte av henne.<\/p>\n

Kartet kan du henta i skranken p\u00e5 Garborgsenteret\/Time bibliotek, p\u00e5 servicetorget p\u00e5 Time r\u00e5dhus og fleire andre stadar. Ta kontakt viss du lurer p\u00e5 noko. Dei fleste punkta er utand\u00f8rs og tilgjengelege for alle \u00e5ret rundt. Knudaheio og Garborgheimen er opne s\u00f8n- og helgedagar kl. 12-16 f.o.m. 7. mai og ut september (2017). Sommarope i juli og halve august, kl. 12-17. Elles opent ved f\u00f8respurnad (gjeld ogs\u00e5 Time kyrkje).<\/p>\n

Last ned pdf her<\/a><\/p>\n

Les meir om Garborgl\u00f8ypa<\/a><\/p>\n