{"id":494,"date":"2013-03-30T23:00:00","date_gmt":"2013-03-30T22:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/"},"modified":"2017-11-15T11:57:21","modified_gmt":"2017-11-15T09:57:21","slug":"det-brenn-eit-kveldblatt-lys","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/","title":{"rendered":"Episode 7: Det brenn eit kveldbl\u00e5tt lys!"},"content":{"rendered":"<p><strong>Dette er saka:<\/strong><em> I lag med poetspisaren John Fossmark er poeten Helge Torvund p\u00e5 jakt etter ein sakna oppfinnar. P\u00e5 Knudaheio fekk dei uventa hjelp av Eva, ei bondedotter, den siste som s\u00e5g oppfinnaren i live. Likevel: mot slutten av forrige episode s\u00e5g det ut som at Torvund og Fossmark var p\u00e5 villspor. Men, hehe, dei snudde berre bilen og kj\u00f8rte inn p\u00e5 rett spor. Dette skjedde etter at episoden var slutt. N\u00e5 glanar dei inn vindauga p\u00e5 Fotland m\u00f8lle, der Bongo Jensen dansar i bar overkropp. Klarer dei \u00e5 overmanna han? \u00c5 herregud, lat oss h\u00e5pa det!<\/em><\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/epSju14.jpg\" alt=\"epSju14\" width=\"458\" height=\"558\" \/><\/p>\n<p>Det knirka i heile m\u00f8llebygningen. Bongo Jensen opna slusa og slapp vatn inn i bassenget. Etterkvart som det vart fullare, tok hjulet til \u00e5 dreia. Eit sinnrikt system av stag og tannhjul overf\u00f8rte krafta fr\u00e5 vatnfallet i H\u00e5elva til det to etasjar h\u00f8ge diktarhjulet.<\/p>\n<p>Oppfinnaren Vilhelm Skj\u00e6rpe sat ur\u00f8rleg p\u00e5 ein stol i hj\u00f8rnet og s\u00e5g p\u00e5, omhyggeleg bunden og litt basta \u00f2g. Den litle sniken Jensen hadde overteke livsverket hans.<\/p>\n<p><em>Diktarhjulet.<\/em><\/p>\n<p>Etter \u00e5 ha arbeidd i fleire \u00e5r med \u00e5 laga revolusjonerande og spennande installasjonar for Garborgsenteret, hadde oppfinnaren kome over eit mystisk brev i Garborg-reolen p\u00e5 Time bibliotek. Det var stila til Steinar Schj\u00f8tt og signert Arne Garborg. Ettersom Skj\u00e6rpe var ein genial oppfinnar dekoda han det. Brevet leidde han til hageflekken utanfor Garborg si diktarstove Knudaheio, kor han hadde funne tusenvis av sm\u00e5 metalldelar i plenen. Etter vekevis med graving dukka det opp ein flat og avlang bit med inskripsjonen honorificabilitudinitatibus.<\/p>\n<p>Han hadde funne sluttordet.<\/p>\n<p>Men s\u00e5 \u2013 <em>faen \u00f2g!<\/em> \u2013 Bongo Jensen, Garborgsenterets formidlar, overfall han, kidnappa han, stal puslespeldelane \u2013 og bygde diktarhjulet sj\u00f8lv, i all l\u00f8yndom \u2013 inne i Fotland m\u00f8lle.<\/p>\n<p>Til sist hadde han lurt sluttordet til seg fr\u00e5 Helge Torvund.<\/p>\n<p>Formidlaren gnei seg i hendene. Mellom hans fargelause lepper slapp det ut hysteriske gledeshikst. I dag skulle han tre inn i den geniale rekka av glupe diktarar og gl\u00f8gge filosofar. Shakespeare, Bacon og Jonson. Corneille og Fontenelle. De Sade og Hugo. Arne Garborg og Bongo Jensen.<\/p>\n<p>Han pilla seg lukkeleg i nasen. Han hadde regulert diktarhjulet etter funksjonane prosa, nynorsk og a-endingar i infinitiv. Syntaksen var stilt p\u00e5 maksimum. Han klappa i hendene. Garborgsenteret sin vikarformidlar var berre nokre minutt unna sitt litter\u00e6re gjennombrot.<\/p>\n<p>D\u00e5 h\u00f8yrde han ein lyd.<\/p>\n<p>&#8220;Vilhelm?&#8221;<\/p>\n<p>Han snudde seg rundt. Oppfinnaren var vekke.<\/p>\n<p>&#8220;John!&#8221;<\/p>\n<p>Den kolossale helteskurken John Fossmark hadde teke oppfinnarens plass.<\/p>\n<p>Formidlaren stotra:<\/p>\n<p>&#8220;Har du befridd Vilhelm? Men&#8230; Men&#8230; tauet var skikkeleg stramt, jo!&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Eg \u00f2g er stram.&#8221; Fossmark lyfta p\u00e5 T-skjorta. Han hadde ein imponerande sixpack. &#8220;Dessutan,&#8221; sa han, &#8220;var ikkje Skj\u00e6rpe ordentleg basta og bunden.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Kva meiner du? Han var d\u00e5 bunden!&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Men ikkje skikkeleg basta.&#8221;<\/p>\n<p>Ut fr\u00e5 m\u00f8rkret kom Skj\u00e6rpe sj\u00f8lv, fulgt av poeten Helge Torvund. Dei batt Bongo Jensen til stolen og lo av han.<\/p>\n<p>&#8220;Ha ha!&#8221; sa dei. &#8220;Hi! Hi! Hi!&#8221;<\/p>\n<p>Skurken var avsett, diktarhjulets maestro gjeninnsett. Oppfinnaren Vilhelm Skj\u00e6rpe stilte seg ved hjulet, han s\u00e5g p\u00e5 det, han var alvorleg. Opprinneleg hadde han tenkt \u00e5 gjera diktarhjulet til ein installasjon p\u00e5 Garborgsenteret, slik at alle \u2013 barn og unge, lette og tunge &#8211; kunne ha glede av det. N\u00e5 skj\u00f8na han at det vart altfor stort. Korleis skulle han f\u00e5 eit toetasjars hjul inn i eit \u00e9inetasjes museum? Kva skulle han gjera? M\u00e5tte han \u00f8ydelegga det? Det var opplagt farleg om diktarhjulet kom i galne hender. Skulle han kutta trossa og la det seila sin eigen sj\u00f8, ut i elva og heilt til sj\u00f8en?<\/p>\n<p>Helge Torvund, poeten, strauk diktarhjulet over substantiva. Han ga komparativa ein varm klem og sendte eit \u00f8mt slengkyss til adjektiva. Han blunka forf\u00f8rerisk til pluskvamperfektum og smilte til presens partisipp.<\/p>\n<p>&#8220;S\u00e5 det er slik du ser ut,&#8221; kviskra han og klamra seg til metallet. &#8220;Som eg har lengta, kj\u00e6re diktarhjul. Du er l\u00f8ysinga p\u00e5 alle mine problem. Svaret p\u00e5 alle mine draumar.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Men Helge!&#8221; ropte Fossmark, &#8220;du er jo allereie ein stor forfattar. Kva skal du med diktarhjul, du?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Fordi,&#8221; sa poeten og tok eit steg bak\u00e5t, han pusta, peste, var raud i toppen som ein nisse med standardbekledning, &#8220;det er s\u00e5 j\u00e6kligt vanskeleg \u00e5 laga titlar! <em>Alabama?<\/em> \u00c5nei \u00e5nei! Som eg grubla! Dag og natt, morgon og kveld som ein annan Fosse \u2013 til slutt m\u00e5tte eg berre setta punktum. Eg meiner sj\u00f8lvsagt sp\u00f8rsm\u00e5lssteikn. Boka vart heitande <em>Alabama<\/em> med sp\u00f8rsm\u00e5lsteikn! Har de h\u00f8yrt s\u00e5 gale! Som om eg ikkje visste kva Alabama var for noko, kor det l\u00e5g, koss ein stava det. Og n\u00e5 har eg fordundre meg det same problemet med oppf\u00f8lgaren! Har de h\u00f8yrt s\u00e5 gale? Skal eg kalla den nye boka for <em>Alabama<\/em> med semikolon eller tankestrek? Parentes eller firkanttast? Kursiv eller understrek? <em>Alabama 2<\/em>, kanskje? <em>Alabama 2.0<\/em>? Eller kva med noko som rimar? Eg er jo poet, for faen, folk ventar at eg skal kunna rima som eit kj\u00f8lesk\u00e5p med fukt i. Men, i himmelens namn d\u00e5, kva er det som rimar p\u00e5 <em>Alabama<\/em>? New Drama? Barack Obama? Valderrama? Kamel og&#8230;&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Valderrama?&#8221; avbraut Skj\u00e6rpe. &#8220;Kva er d\u00e9t?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Herregud, veit du kje det?&#8221; sa Torvund.<\/p>\n<p>&#8220;Det er ein fotballspelar,&#8221; sa Fossmark.<\/p>\n<p>&#8220;Med kr\u00f8llete h\u00e5r,&#8221; sa Torvund.<\/p>\n<p>&#8220;Som spelte for Colombia i VM 1990,&#8221; sa Fossmark.<\/p>\n<p>&#8220;94 og 98 \u00f2g,&#8221; sa Torvund.<\/p>\n<p>&#8220;Han var kaptein,&#8221; sa Fossmark.<\/p>\n<p>&#8220;Hadde dei mest vedunderlege framspela til Freddy Rincon,&#8221; sa Torvund.<\/p>\n<p>&#8220;Herregud, Vilhelm, tenk at du ikkje visste dette,&#8221; sa Fossmark.<\/p>\n<p>&#8220;Og han kallar seg oppfinnar!&#8221; kom det fr\u00e5 den fastbundne Bongo Jensen.<\/p>\n<p>&#8220;S\u00e5 s\u00e5, folkens,&#8221; sa Torvund. &#8220;N\u00e5 skal me kje mobba nokon berre fordi dei er grusomt kunnskapslause og dumme som br\u00f8d. Sj\u00f8lv har eg jo eit problem med \u00e5 rima p\u00e5 <em>Alabama<\/em>.&#8221; Han fortsatte: &#8220;Dalai Lama? Bananarama? Ari og dama? Det kan vera det sama?&#8221;<\/p>\n<p>Han snurra p\u00e5 diktarhjulet.<\/p>\n<p>&#8220;Det verkar jo kje!&#8221; sa han og kl\u00f8dde seg i hovudet.<\/p>\n<p>Han vrei av all kraft.<\/p>\n<p>&#8220;Det manglar eit ord!&#8221; Han peika: &#8220;Eit adjektiv! Hjelp meg! <em>Honorificabilitudinitatibus<\/em> m\u00e5 ha vore det engelske sluttordet. Me treng jo det <em>nynorske<\/em> ordet!&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Kan dette hjelpa?&#8221;<\/p>\n<p>Bondedottera Eva hadde kome inn d\u00f8ra, lydlaust. Ho heldt halssmykket sitt opp s\u00e5nn at alle kunne sj\u00e5 det:<\/p>\n<p><em>kveldbl\u00e5<\/em><\/p>\n<p>Torvund gispa:<\/p>\n<p>&#8220;Eit ekte Garborg-ord!&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Eg fann det i eit ramnereir p\u00e5 garden,&#8221; smilte Eva. Ho opna kjedet og ga smykket til Torvund. &#8220;Berre kjekt \u00e5 kunna hjelpa.&#8221;<\/p>\n<p>Torvund stogga, pusta tungt, iakttok dei andre som andelaust venta \u2013 s\u00e5 sette han kveldbl\u00e5 p\u00e5 den ledige plassen.<\/p>\n<p>&#8220;D\u00e5 trur eg det er truleg at me snart skal f\u00e5 sj\u00e5 noko utruleg,&#8221; sa Torvund. &#8220;Ikkje sidan 1899 er det blitt skrive s\u00e5 god litteratur som dette. Her kjem namnet p\u00e5 den neste boka mi!&#8221;<\/p>\n<p>Han stilte sjangerpendelen p\u00e5 tittel.<\/p>\n<p>M\u00f8llehjulet dreidde, stag r\u00f8rte seg, tannhjul greip inn i einannan. Diktarhjulets ringar snurra som svimle ballerinaer utan gymsokkar p\u00e5 nybona spegl.<\/p>\n<p>Br\u00e5tt h\u00f8yrde dei eit brak. Det eine slusefestet brakk. Vatnet str\u00f8ymde inn gjennom slusa og fylte bassenget. Snart sto dei til knea i vatn.<\/p>\n<p>Diktarhjulet tok heilt av. Dei forskjellige ringane snurra som om dei visste det var siste gongen dei vart brukt. Helge Torvund, Vilhelm Skj\u00e6rpe og John Fossmark \u2013 den geniale poeten, den geniale oppfinnaren og samfunnsfiende nummer to \u2013 pressa seg saman p\u00e5 gardintrappa. Vatnet f\u00f8lgte dei oppover, trinn for trinn.<\/p>\n<p>Hjulet plinga.<\/p>\n<p>Ringane stogga.<\/p>\n<p>Diktarhjulet hadde sukka si siste strofe, sin siste tittel.<\/p>\n<p>&#8220;Kva st\u00e5r det?&#8221;<\/p>\n<p>Torvund gnissa tenner, han skalv i knea. Fingrane dirra.<\/p>\n<p>&#8220;Ein augneblink, Helge,&#8221; sa Fossmark og stilte seg p\u00e5 t\u00e5. &#8220;Det st\u00e5r&#8230;&#8221; Han strakte hals for \u00e5 lesa, &#8220;;-)&#8221;.<\/p>\n<p>I same sekundet forsvann gardintrappa under dei. Alt og alle vart skylt i elva.<\/p>\n<p>&#8220;Men John!&#8221; ropte Torvund. &#8220;John! H\u00f8yrer du meg? Var det smilefjes <em>med<\/em> eller <em>utan<\/em> sp\u00f8rsm\u00e5lsteikn?&#8221;<br \/>\n<img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/DaudPaintDok.jpg\" alt=\"Daud mann\" width=\"660\" height=\"962\" \/><\/p>\n<hr \/>\n<p><strong>Epilog<\/strong><\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/SnurrPaintWeb.jpg\" alt=\"Snurr eit dikt\" width=\"555\" height=\"534\" \/><br \/>\nEtter ei avstemming p\u00e5 J\u00e6rbladet si Facebook-side vart det bestemt at lokalkjendisen John Fossmark skulle setjast fri. I det opne ben\u00e5dningsbrevet, trykt i J\u00e6rbladet, skreiv ordf\u00f8rar Kverneland at Fossmark hadde vist ein &#8220;etter m\u00e5ten god oppf\u00f8rsel. Han er opplagt i stand til \u00e5 t\u00f8yla sjukdommen sin, sj\u00f8lv om hr. Torvund klaga f\u00e6lt over bittesm\u00e5 bitemerker. Arbeidsuhell kan skje. Det m\u00e5 Alabama-poetar \u00f2g forst\u00e5. Er ein svolten, s\u00e5 er ein svolten; det seier eg til meg sj\u00f8lv kvar gong eg stansar ved Guddy&#8217;s bu. Til lukke med fridomen, hr. Fossmark! Hipp hipp!&#8221;<\/p>\n<p>Nokre dagar seinare drog den forhenverande samfunnsfienden til \u00c5na fengsel for \u00e5 stempla brevet hos dommar Heien. Men f\u00f8r han tok steget ut igjen som fri mann, ville han visa noko til Torvund.<\/p>\n<p>&#8220;Men,&#8221; brumma dommaren, &#8220;eit slikt bes\u00f8k er h\u00f8gst ureglementert. Sidan f\u00f8dselen har samfunnsfiende nummer \u00e9in lidd av eit syndrom, ein synleg mutasjon. De har kanskje h\u00f8yrt om sjukdommen? I visse blader og filmar vert han omtala som &#8220;agurcus maximus utrolius&#8221;. Sj\u00f8lv f\u00f8retrekkjer eg den korrekte termen &#8220;banana satana fraghana pornostella&#8221;.<\/p>\n<p>&#8220;Er han&#8230;?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Vegetarianar? Kva veit eg? De m\u00e5 sp\u00f8rja han sj\u00f8lv.&#8221;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/IngeriskWeb3.jpg\" alt=\"Ingerisk\" width=\"33\" height=\"35\" \/><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>St\u00e5lkasse nummer \u00e9in senka seg i golvet, og botnluka opna seg. Ut kom ein kjempe \u2013 med fotlenke, tvangstr\u00f8ye og briller. Han m\u00e5tte vera to meter og tretti centimeter h\u00f8g, hadde bulande musklar og fall i h\u00e5ret.<\/p>\n<p><em>Samfunnsfiende nummer \u00e9in.<\/em><\/p>\n<p>&#8220;Herregud!&#8221; utbraut Torvund. &#8220;Ein forvokst Fossmark!&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Han galningen der,&#8221; sa Fossmark, &#8220;er Jone, trimenningen min. Besteforeldra v\u00e5re besto av to par einegga firlingar. D\u00e5, ser du, er det ikkje s\u00e5 rart at slektningar liknar kvarandre.&#8221;<\/p>\n<p>Jone Fossmark la hovudet p\u00e5 skakke og kveste. R\u00f8ysta var kl\u00e5r, men metallisk:<\/p>\n<p>&#8220;John, kj\u00e6re trimenning som eg har treft annankvar jul og ein og annan sankthans sidan eg var liten, kvifor er du her? Du er kje komen berre for \u00e5 bes\u00f8ka meg vel? For \u00e5 sj\u00e5 til at eg har det bra, f\u00e5r sunn og n\u00e6ringsrik kost, laurdagsgodt utan sukker, sokkar utan kunstfiber, har tilgang til Internett og abonnement p\u00e5 nettavisa Den 17de Mai?&#8221;<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/ThePaintWeb.jpg\" alt=\"ThePaintWeb\" width=\"533\" height=\"775\" \/><\/p>\n<hr \/>\n<p>Helge Torvund<br \/>\nJohn Fossmark<br \/>\nVilhelm Skj\u00e6rpe<br \/>\nGro Hamre Stangeland<br \/>\nInger Undheim<br \/>\nGunhild Hammeraas<br \/>\nAud S\u00f8yland Kristensen<br \/>\nsamt<br \/>\n\u00d8rjan Zazzera Johansen i rolla som som Bongo Jensen<\/p>\n<p>Takk til: Time bibliotek, IKM, Mediafarm, Eva Aalberg Undheim, Leif Rune Salte, Jan Terje Strand, Frank S\u00f8rensen og Morten S\u00f8rensen.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/IngeriskWeb3speglvend.jpg\" alt=\"Ingerisk\" width=\"33\" height=\"35\" \/><\/p>\n<p>Laga av \u00d8rjan Zazzera Johansen<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/IngeriskWeb3speglvend.jpg\" alt=\"Ingerisk\" width=\"33\" height=\"35\" \/><\/p>\n<p>(C) \u00d8rjan Zazzera Johansen\/Garborgsenteret 2013<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/IngeriskWeb3.jpg\" alt=\"Ingerisk\" width=\"33\" height=\"35\" \/><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p><strong><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"746\" height=\"254\" style=\"margin-bottom: 10px;margin-right: 10px\" alt=\"ep7liggande2\" src=\"images\/stories\/garborgsenter\/Garborgs_galningar\/Diktarhjulet\/ep7liggande2.jpg\" \/><\/strong><\/p>\n<p><strong>Garborgs galningar og diktarhjulet, siste episode<\/strong><\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":3754,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[16],"tags":[],"class_list":["post-494","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar-og-diktarhjulet","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.7 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Episode 7: Det brenn eit kveldbl\u00e5tt lys! - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Episode 7: Det brenn eit kveldbl\u00e5tt lys! - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Garborgs galningar og diktarhjulet, siste episode\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2013-03-30T22:00:00+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2017-11-15T09:57:21+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/ep7liggande.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"746\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"254\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"9 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"headline\":\"Episode 7: Det brenn eit kveldbl\u00e5tt lys!\",\"datePublished\":\"2013-03-30T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:57:21+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\\\/\"},\"wordCount\":1746,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2013\\\/03\\\/ep7liggande.jpg\",\"articleSection\":[\"Garborgs galningar og diktarhjulet\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\\\/\",\"name\":\"Episode 7: Det brenn eit kveldbl\u00e5tt lys! - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2013\\\/03\\\/ep7liggande.jpg\",\"datePublished\":\"2013-03-30T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:57:21+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2013\\\/03\\\/ep7liggande.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2013\\\/03\\\/ep7liggande.jpg\",\"width\":746,\"height\":254},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Episode 7: Det brenn eit kveldbl\u00e5tt lys!\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Episode 7: Det brenn eit kveldbl\u00e5tt lys! - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Episode 7: Det brenn eit kveldbl\u00e5tt lys! - Garborgsenteret","og_description":"Garborgs galningar og diktarhjulet, siste episode","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2013-03-30T22:00:00+00:00","article_modified_time":"2017-11-15T09:57:21+00:00","og_image":[{"width":746,"height":254,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/ep7liggande.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"9 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"headline":"Episode 7: Det brenn eit kveldbl\u00e5tt lys!","datePublished":"2013-03-30T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:57:21+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/"},"wordCount":1746,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/ep7liggande.jpg","articleSection":["Garborgs galningar og diktarhjulet"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/","name":"Episode 7: Det brenn eit kveldbl\u00e5tt lys! - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/ep7liggande.jpg","datePublished":"2013-03-30T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:57:21+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/ep7liggande.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/ep7liggande.jpg","width":746,"height":254},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Episode 7: Det brenn eit kveldbl\u00e5tt lys!"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/ep7liggande.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/494","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=494"}],"version-history":[{"count":15,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/494\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5033,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/494\/revisions\/5033"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3754"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=494"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=494"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=494"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}