{"id":493,"date":"2013-03-31T23:00:00","date_gmt":"2013-03-31T22:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/"},"modified":"2017-11-15T11:56:28","modified_gmt":"2017-11-15T09:56:28","slug":"det-siste-ordet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/","title":{"rendered":"Episode 6: Det siste ordet?"},"content":{"rendered":"<p><strong>Dette er saka:<\/strong> <em>Oppfinnaren Vilhelm Skj\u00e6rpe er forsvunnen og vart sist observert p\u00e5 Garborgsenteret. Garborg-jegeren John Fossmark r\u00f8mte fengselet for \u00e5 bist\u00e5 poeten Helge Torvund i topphemmeleg detektivarbeid. Det er berre Garborgsenteret sine lesarar som kjenner til dette arbeidet. I sist episode m\u00f8tte dei ei hjelpsam bondedotter som kunne fortelja om mystiske hendingar i Knudaheio. Var dette til hjelp? Sannsynlegvis ikkje. F\u00f8lg med likevel!<\/em><\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/Bunden14.jpg\" alt=\"episode 6\" width=\"454\" height=\"520\" \/><br \/>\nOppfinnaren av Garborgsenterets mest namngjetne installasjonar, den uvanleg g\u00e5verike Vilhelm Skj\u00e6rpe, sat bunden til ein stol og iakttok den stormannsgale formidlaren Bongo Jensen. Skj\u00e6rpe var h\u00f8gare enn ein gjennomsnittleg nordmann, men hadde f\u00e5tt ein god omgang juling av den iltre overfallsmannen Jensen \u2013 som b\u00e5de klorte, klaup og hylte som ei jente n\u00e5r han sl\u00e5ss. Det var n\u00e5 g\u00e5tt tri dagar sidan overfallet, og Skj\u00e6rpe hadde berre uklare og glimtvise minne fr\u00e5 tida etterp\u00e5. Han visste berre at han m\u00e5tte ha sete i den same stolen, at han var inne i ei m\u00f8lle, samt at overfallsmannen Jensen hadde gjeve han vatn og suppe fr\u00e5 tid til annan.<\/p>\n<p>Han tok seg til skjortelomma.<\/p>\n<p><em>Alabama?<\/em><\/p>\n<p>Han m\u00e5tte ha mista boka p\u00e5 Garborgsenteret!<\/p>\n<p><em>Alabama?<\/em><\/p>\n<p>Kva ville biblioteket seia? Ville dei krevja 40 kroner om han ikkje fann ho att i tide?<\/p>\n<p>Skj\u00e6rpe lukka auga, s\u00e5g for seg den eine bibliotekaren etter den andre. Han stramma kjeven, knytte nevane. Koss skulle han forklara dette? At boka &#8220;Alabama?&#8221; var vekke. At han ikkje hadde rokke \u00e5 opna henne eingong. At han ikkje visste om det var ei slik bok han var ute etter.<\/p>\n<p><em>Alabama? Ei reisehandbok?<\/em><\/p>\n<p>Han hadde bestilt Amerika-turen for lenge sidan.<\/p>\n<p>Skj\u00e6rpe var blitt klarare i hovudet, om enn framleis ganske sliten; og raseriet bobla i han der han sat og s\u00e5g Jensen pusla i hop det eine ordet etter det andre.<\/p>\n<p><em>Diktarhjulet.<\/em><\/p>\n<p>Enorme ringar l\u00e5g p\u00e5 golvet, festa til eit gedigent reisverk av tre og metall. Til saman utgjorde det eit slags hjul, og fr\u00e5 dette hjulet var det beste av vestleg filosofi og litteratur skapt. Tri verdsspr\u00e5k var sett saman p\u00e5 ein s\u00e5 sinnrik m\u00e5te at sj\u00f8lv tilfeldig snurring, diktrullett, kunne skapa dei mest vedunderlege strofer. Ein diktarhjultekst var klangfull som ein orkestersymfoni \u2013 og inneheldt visdom s\u00e5 djup at mennesket ikkje kunne produsera han \u00e5leine. Diktarhjulet var dei store diktarane sin katalysator: ein strengt organisert semantisk mosaikk med tallause funksjonar.<\/p>\n<p>Skj\u00e6rpe hadde dekoda eit tilsynelatande uforst\u00e5eleg brev: skrive av Garborg, stilt til Steinar Schj\u00f8tt. Han hadde rekna seg fram til korleis hjulet m\u00e5tte ha vore konstruert og kor Garborg hadde g\u00f8ymt dei tallause sm\u00e5 delane. Ei setning i &#8220;Knudaheibrev&#8221; \u2013 <em>Dei sm\u00e5 delane er sj\u00f8lvsagt i hagen min; grav der, g\u00e5sehjerne<\/em> \u2013 hadde f\u00e5tt han inn p\u00e5 tanken om at han kanskje skulle grava i hagen ved Knudaheio. Overraskinga var stor d\u00e5 han fann bit etter bit.<\/p>\n<p>Hjulet hadde ikkje vore i bruk sidan 1899, d\u00e5 Garborg nytta det til \u00e5 skriva meisterverket &#8220;Den bortkomne faderen&#8221;; men det kunne f\u00f8ra si historie heilt tilbake til slutten av 1500-talet, d\u00e5 William Shakespeare og Ben Jonson sameinte sine geni med filosofen og kodeknekkaren Francis Bacon. Dei tok utgangspunkt i det engelske spr\u00e5ket og skapte litteratur og filosofi verda aldri hadde sett maken til.<\/p>\n<p>P\u00e5 diktarhjulets merittliste sto <em>Romeo og Julie<\/em>; <em>Hamlet<\/em>; <em>Shakespeare sine sonettar<\/em>. Og Bacons <em>Votone<\/em>; <em>Alkymisten<\/em>; <em>Sejanus<\/em>. Jonsons <em>Det nye Atlantis<\/em>; <em>Essayes<\/em>; <em>Den nye metoden<\/em>.<\/p>\n<p>Etterp\u00e5 kom det i kl\u00f8rne p\u00e5 dei franske br\u00f8rne Corneille og nev\u00f8en deira, diktarfilosofen Fontenelle. Saman hadde dei tilf\u00f8ydd alle orda i den franske encyklopedien.<\/p>\n<p>Med dei kom storverk som <em>Le Cid<\/em>; <em>Horace<\/em> og <em>Attila<\/em>. <em>Ariane<\/em>; <em>Jarlen av Essex<\/em>; <em>Timmokraten<\/em>. <em>Thetis og Pelee<\/em>; <em>Samtalar om mangfald av verdar<\/em>; <em>Oraklas historie<\/em>.<\/p>\n<p>Hjulet vart s\u00e5 stole av den ustyrlege adelsguten Donatien de Sade. Han la straks la til banning og griseord.<\/p>\n<p><em>Under erotikkens gissel<\/em>; <em>Justine<\/em>; <em>Hundreogtjue dagar i Sodom<\/em>.<\/p>\n<p>Markien hadde opprinneleg tenkt \u00e5 skriva om berre hundreognitten dagar i Sodom, men diktarhjulet forbetra teksten kraftig. Fr\u00e5 marki de Sade gjekk hjulet til den br\u00e5modne Victor Hugo, som la til ein ring med undertekst.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 franskmannens hand og diktarhjulets mekanikk kom klassikarar som <em>Fangen p\u00e5 Munkholmen<\/em>; <em>Ringeren i Notre Dame<\/em>; <em>Dei elendige<\/em>.<\/p>\n<p>D\u00e5 Garborg fekk diktarhjulet av den gamle Hugo i Paris p\u00e5 1880-talet, n\u00e5dde den vestlege litteraturen sitt forel\u00f8pige senit.<\/p>\n<p><em>Bondestudentar; Haugtussa; Fred; Den bortkomne faderen.<\/em><\/p>\n<p>St\u00e5ande st\u00f8tt p\u00e5 gigantane sine skuldrer hadde Garborg utvikla hjulet til \u00e5 innehalda nynorsk. Han hadde lagt til ein ironi-funksjon og ein knapp med dobbel botn. P\u00e5 baksida festa han to spakar for kl\u00f8yvd infinitiv, samt eit vektlodd for \u00e5 justera syntaksen. Mindre brukte funksjonar var synonymspegelen, antonymvibratoren, den automatiske metaforknappen og den hemmelege brytaren for skjulte allusjonar. Klisj\u00e9moderatoren kunne trenga ein ny pakning.<\/p>\n<p>Bongo Jensen drog i infinitivsspaka. Han let pila peika p\u00e5 a-endingar og klappa hysterisk i hendene. S\u00e5 festa han repet til eit tannhjul og drog. Langsomt lyfta diktarhjulet seg. Etter nokre minutt sto det nesten loddrett, to etasjar h\u00f8gt, og Bongo Jensen braut saman i eit hysterisk latteranfall.<\/p>\n<p><em>J\u00e6vla Bongo Jensen.<\/em><\/p>\n<p>Vilhelm Skj\u00e6rpe s\u00e5g korleis den vonde formidlaren plukka dei siste metallbitane opp fr\u00e5 golvet. Ved hjelp av ei h\u00f8g gardintrapp begynte han \u00e5 setta dei p\u00e5 plass. Den eine biten var betrakteleg lenger enn dei andre.<\/p>\n<p><em>Honorificabilitudinitatibus.<\/em><\/p>\n<p>Formidlaren strippa p\u00e5 overkroppen og dansa magedans av rein, skitten glede.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/IngeriskWeb3.jpg\" alt=\"Ingerisk\" width=\"33\" height=\"35\" \/><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&#8220;Sj\u00e5,&#8221; sa Helge Torvund d\u00e5 citroenen svingte nedover mot L\u00e5gj\u00e6ren. Dei skulle til Gr\u00f8daland, der Garborg hadde henta sand som liten og kor det var ei vindm\u00f8lle &#8211; eit hjul med krefter nok til \u00e5 driva eit stort og tungt diktarhjul.<\/p>\n<p>Torvund var J\u00e6rens uoffisielle hoffpoet og ein kanonisert barnebokforfattar. Den einaste svakheita i forfattarskapen hans var titlane, s\u00e6rleg diktsamlinga &#8220;Alabama?&#8221;. Dette hadde medf\u00f8rt at mest ingen visste kva boka eigentleg heitte.<\/p>\n<p><em>Alabama, kanskje?<\/em><\/p>\n<p>N\u00e5 peika Torvund forn\u00f8gd p\u00e5 sola, ho var i ferd med \u00e5 klatra over fjellryggen bak dei.<\/p>\n<p>&#8220;H\u00f8yr lerkesongen, John,&#8221; smilte poeten, &#8220;ingenting er som ein soloppgang om v\u00e5ren.&#8221;<\/p>\n<p>Dei kryssa Flatj\u00e6ren i ein rasande fart, f\u00f2r forbi tettstaden N\u00e6rb\u00f8, kryssa riksvegen og trilla langsamt inn p\u00e5 den aude landevegen mellom dei spreidde gardane s\u00f8r for Obrestad. D\u00e5 frontlysa klatra oppover veggen til det forlatne huset p\u00e5 Gr\u00f8daland &#8211; ved vindm\u00f8lla &#8211; slo Torvund motoren av, bremsa lydlaust og sette bilen i vegkanten. John Fossmark bretta erma opp og kviskra:<\/p>\n<p>&#8220;Let&#8217;s roll.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;H\u00e6?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Lat oss rulla, Helge.&#8221;<\/p>\n<p><em>Finn diktarhjulet. Redd Vilhelm Skj\u00e6rpe.<\/em><\/p>\n<p>Dei \u00e5lte seg p\u00e5 grusen dei siste metrane mellom bilen og huset. Med ryggen mot veggen, reiste dei seg forsiktig og lista seg bort til vindauget.<\/p>\n<p>Millimeter for millimeter n\u00e6rma dei seg vindaugskarmen. Til slutt kikka dei forsiktig inn.<\/p>\n<p>Ein augneblink etter s\u00e5g dei forskremt p\u00e5 kvarandre.<\/p>\n<p>&#8220;Herregud!&#8221; sa Fossmark. &#8220;Det er ingen her!&#8221;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/IngeriskWeb3speglvend.jpg\" alt=\"Ingerisk\" width=\"33\" height=\"35\" \/><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>I Fotland m\u00f8lle dansa Bongo Jensen sigersdans. Han gjorde h\u00f8ge knel\u00f8ft og spretne hip-moves. Han var i stand til \u00e5 ta gjera moonwalk utan \u00e5 g\u00e5 bakover. Han var lukkeleg, s\u00e5 lukkeleg. Vikariatet p\u00e5 Garborgsenteret hadde gjeve han alle moglegheiter. Ikkje berre hadde han f\u00e5tt utvikla si skriftlege formidling i nettavisa Den 17de Mai \u2013 men guidinga p\u00e5 Garborgheimen, Knudaheio og Fotland m\u00f8lle hadde gjeve han handlingsrom. Dinest var han blitt kjend med Vilhelm Skj\u00e6rpe, oppfinnaren som sto bak installasjonane p\u00e5 Garborgsenteret. D\u00e5 Skj\u00e6rpe fann sluttordet, slo Jensen til.<\/p>\n<p><em>Honorificabilitudinitatibus.<\/em><\/p>\n<p>Br\u00e5tt h\u00f8yrde han ein lyd. Skj\u00e6rpe? Nei, oppfinnaren sat framleis bunden til stolen. Det var forresten tid for \u00e5 gje han suppe. Det var viktig at Skj\u00e6rpe var opplagt og konsentrert n\u00e5r Bongo Jensen skulle restarta diktarhjulet for f\u00f8rste gong p\u00e5 meir enn hundre \u00e5r. Bongo Jensen ville bli opph\u00f8gd til ein plass mellom store diktarar.<\/p>\n<p><em>Shakespeare, Garborg og Bongo Jensen.<\/em><\/p>\n<p><em>Bongo Jensen.<\/em><\/p>\n<p><em>Bongo Jensen.<\/em><\/p>\n<p>Stordomen gav gjenlyd i formidlarens hovud. Han gnei seg ivrig i hendene.<\/p>\n<p><em>F\u00f8rst suppe, s\u00e5 sluttordet.<\/em><\/p>\n<p>Nei nei, <em>hihihi<\/em>, aller f\u00f8rst ein liten artikkel i Den 17de Mai.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/SnartPaintWeb.jpg\" alt=\"Bongo Jensen vert genial\" width=\"567\" height=\"839\" \/><\/p>\n<p>Vilhelm Skj\u00e6rpe skar grusomme grimasar d\u00e5 Jensens vonde latter runga gjennom m\u00f8lla.<\/p>\n<p><em>Shakespeare, Garborg og Bongo Jensen.<\/em><\/p>\n<p><em>Shakespeare, Garborg og Bongo Jensen.<\/em><\/p>\n<hr \/>\n<p><em>Oi oi. Kva skal me seia om dette? Kva skjer med Skj\u00e6rpe n\u00e5r formidlaren vert genial? M\u00e5 han driva diktarhjulet rundt og rundt som ein hamster? I s\u00e5 fall, lat oss h\u00e5pa nokon filmar det, det b\u00f8r bli ein hit p\u00e5 Youtube. F\u00f8lg med i morgon, s\u00e5 f\u00e5r du svaret &#8211; i den siste episoden av p\u00e5skekrimmen Garborgs galningar og diktarhjulet: <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-brenn-eit-kveldblatt-lys\/\">Det brenn eit kveldbl\u00e5tt lys!<\/a><\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p><strong><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1111\" height=\"435\" style=\"margin-bottom: 10px;margin-right: 10px\" alt=\"BundenLiggande4\" src=\"images\/stories\/garborgsenter\/Garborgs_galningar\/Diktarhjulet\/BundenLiggande4.jpg\" \/><br \/>Garborgs galningar og diktarhjulet, episode 6<\/strong><\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":3753,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[16],"tags":[],"class_list":["post-493","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar-og-diktarhjulet","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.7 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Episode 6: Det siste ordet? - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Episode 6: Det siste ordet? - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Garborgs galningar og diktarhjulet, episode 6\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2013-03-31T22:00:00+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2017-11-15T09:56:28+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/BundenLiggande3.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"1188\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"435\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"7 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-siste-ordet\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-siste-ordet\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"headline\":\"Episode 6: Det siste ordet?\",\"datePublished\":\"2013-03-31T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:56:28+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-siste-ordet\\\/\"},\"wordCount\":1454,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-siste-ordet\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2013\\\/03\\\/BundenLiggande3.jpg\",\"articleSection\":[\"Garborgs galningar og diktarhjulet\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-siste-ordet\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-siste-ordet\\\/\",\"name\":\"Episode 6: Det siste ordet? - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-siste-ordet\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-siste-ordet\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2013\\\/03\\\/BundenLiggande3.jpg\",\"datePublished\":\"2013-03-31T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:56:28+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-siste-ordet\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-siste-ordet\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-siste-ordet\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2013\\\/03\\\/BundenLiggande3.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2013\\\/03\\\/BundenLiggande3.jpg\",\"width\":1188,\"height\":435},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/det-siste-ordet\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Episode 6: Det siste ordet?\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Episode 6: Det siste ordet? - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Episode 6: Det siste ordet? - Garborgsenteret","og_description":"Garborgs galningar og diktarhjulet, episode 6","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2013-03-31T22:00:00+00:00","article_modified_time":"2017-11-15T09:56:28+00:00","og_image":[{"width":1188,"height":435,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/BundenLiggande3.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"7 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"headline":"Episode 6: Det siste ordet?","datePublished":"2013-03-31T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:56:28+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/"},"wordCount":1454,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/BundenLiggande3.jpg","articleSection":["Garborgs galningar og diktarhjulet"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/","name":"Episode 6: Det siste ordet? - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/BundenLiggande3.jpg","datePublished":"2013-03-31T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:56:28+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/BundenLiggande3.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/BundenLiggande3.jpg","width":1188,"height":435},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Episode 6: Det siste ordet?"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/03\/BundenLiggande3.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/493","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=493"}],"version-history":[{"count":8,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/493\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3767,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/493\/revisions\/3767"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3753"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=493"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=493"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=493"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}