{"id":492,"date":"2013-04-01T23:00:00","date_gmt":"2013-04-01T22:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/"},"modified":"2017-11-15T11:55:56","modified_gmt":"2017-11-15T09:55:56","slug":"poetmos","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/","title":{"rendered":"Episode 5: Poetmos?"},"content":{"rendered":"<p><strong>Dette er saka:<\/strong> <em>Vilhelm Skj\u00e6rpe er forsvunnen, sist observert p\u00e5 Garborgsenteret. For \u00e5 finna oppfinnaren drog poeten Helge Torvund til \u00c5na fengsel for \u00e5 snakka med Garborg-eksperten John Fossmark. Sidan sist hadde mordaren f\u00e5tt p\u00e5vist eit mildt kannibalsyndrom. Fossmark slo f\u00f8lge ut av fengselet, og n\u00e5 er dei i Knudaheio. Ordet &#8220;gyngehest&#8221; i Garborgs &#8220;Knudaheibrev&#8221; har f\u00e5tt dei til \u00e5 tru at ein gammal gyngehest i kjellaren kunne vera til hjelp. Dei om det. Hesten viste seg \u00e5 vera m\u00f8llspist og ikkje til hjelp. D\u00e5 vart d\u00f8ra l\u00e5st fr\u00e5 utsida! Vil den snille Torvund overleva tvungent samv\u00e6r med ein mordarkannibal? F\u00f8lg med!<\/em><\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/04\/Episode5liggande.jpg\" alt=\"episode 5\" width=\"419\" height=\"510\" \/><br \/>\nHelge Torvund \u2013 ein god poet som laga d\u00e5rlege titlar, og John Fossmark, kannibal med s\u00e6rskilt smak for diktarar \u2013 hadde sete innel\u00e5st i Knudaheio i timevis. For \u00e5 f\u00e5 tida til \u00e5 g\u00e5, hadde dei fortalt historier fr\u00e5 fortida si. Torvund hadde fortalt om d\u00e5 han studerte, utdanna seg til psykolog og tok embetseksamen med ein studie om gl\u00f8ymsle.<\/p>\n<p>&#8220;Kva handla han om?&#8221; spurde Fossmark.<\/p>\n<p>&#8220;Oppg\u00e5va? Nei, d\u00e9t hugsar eg ikkje,&#8221; svarte Torvund. &#8220;Det er s\u00e5 lenge sidan.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Har du <em>gl\u00f8ymt<\/em> det?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Du veit, det m\u00e5 ha vore ei empirisk oppg\u00e5ve. Eg tok det iallfall til meg.&#8221;<\/p>\n<p>D\u00e5 poeten endeleg var ferdig med \u00e5 minnast sine kjedelege forteljingar om gl\u00f8ymsle, tok endeleg Fossmark over. Han kunne fortelja om saftige hendingar fr\u00e5 musikkmilj\u00f8et: kongelege, plat\u00e5sko og hemmelege kroppsopningar. Rett nok var Fossmark b\u00e5de lesarbrevforfattar, norsklektor og katteeigar \u2013 men det var som triangelspelar han var blitt vidkjend i lokalmilj\u00f8et. Ein gong hadde han delteke p\u00e5 ein triangelfestival i Nantes, og nytta d\u00e5 sjansen til \u00e5 gjera noko avantgarde.<\/p>\n<p>&#8220;&#8230; Der sto eg,&#8221; fortalte Fossmark, &#8220;framfor nokre av dei beste jazz- og rocketriangelistane i Europa \u2013 i strame, sensuelle flammestillongs med julep\u00f8lse framme og luke bak. Eg skulle halda \u00e5rets avslutningskonsert, og var klar som ein avhaldsmann m\u00e5ndags morgon, utstyrt med eit frikanta triangel. Du veit, firangel. Og eg dundra laus med ein frosen fiskepinne. Det begynte gysla bra. Klangen i firangela er einest\u00e5ande, ser du, rundare i kantane, ja rundare enn sirkangel til og med, og fiskepinnen var betre enn dei crabsticksa eg hadde for vane \u00e5 bruka p\u00e5 den tida. Problemet var berre at eg spelte ein s\u00e5 sinnssjukt lang song. Fiskepinnen tinte, klangen forsvann og det begynte \u00e5 stinka.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Kva spelte du?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Firangel, sa eg jo.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Eg meiner, kva for ein song?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Jau,&#8221; sa Fossmark, &#8220;dette var i min romanperiode. Eg hadde tonesett teksten til Fred, ser du.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Sette du musikk til ein <em>roman<\/em>?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Ro deg ned, diktarfaen. Det var ingenting mot dei som avslutta \u00e5ret etterp\u00e5, skal eg seia deg! Ein fransk triangelkvartett, meiner eg \u00e5 hugsa, eit Proust-tribute band, ser du. Dei spelte heile romanserien P\u00e5 sporet av den tapte tid.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;P\u00e5 sporet av den tapte tid&#8221; var franskmannen Marcel Prousts hovudverk, eit av nittenhundretalets mest om fattande verk og eit av dei viktigaste n\u00e5r det gjaldt utviklinga av den modernistiske romanen.<\/p>\n<p>&#8220;Vart dei ferdige i tide?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Det kjem an p\u00e5 kva du meiner, Helge. Dei var definitivt p\u00e5 sporet av tida, for \u00e5 seia det slik. D\u00e5 eg kom ned igjen \u00e5ret etter, passa det s\u00e5 godt at dei innleidde neste festival med dei siste sidene av bind tolv.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Eg trudde at Proust d\u00f8ydde f\u00f8r han vart ferdig med alle binda?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Heldigvis. Elles m\u00e5tte me ha venta end\u00e5 eit \u00e5r p\u00e5 ein ny festival.&#8221;<\/p>\n<p>P\u00e5 dette tidspunktet begynte Fossmark \u00e5 smatta. Dei hadde vore innel\u00e5st i fleire timar n\u00e5, og hadde ikkje ete sidan ein pitstop i Garborgstova p\u00e5 veg ut fr\u00e5 Garborgsenteret. Samfunnsfienden glodde stadig oftare p\u00e5 poeten. Torvund vart reddare og sveittare.<\/p>\n<p>&#8220;Kva er det, Helge? Kokar du?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Nei nei.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Eg tykkjer det luktar varm mat her, eg.&#8221;<\/p>\n<p>Magen til Fossmark romla p\u00e5 kannibalistisk vis.<\/p>\n<p>&#8220;Du?&#8221; spurde Torvund skjelvande, &#8220;er det sant at du har sagt at du f\u00f8retrekkjer forfattarkj\u00f8t?&#8221;<\/p>\n<p>Fossmark reiste seg, den m\u00f8rke silhuetten gav eit prov p\u00e5 hans monumentale fysikk. Han studerte m\u00e5ltidet ovanfr\u00e5 og ned. Han svarte:<\/p>\n<p>&#8220;D\u00e5 tenkte eg kje p\u00e5 deg, Helge.&#8221; Han gnei seg i hendene. &#8220;Det m\u00e5 ha vore Helene Uri, ser du.&#8221;<\/p>\n<p>Poeten smilte forsiktig.<\/p>\n<p>&#8220;I matvegen, derimot,&#8221; fortsette Fossmark, &#8220;er eg sv\u00e6rt glad i steikte poetar.&#8221; Han nykka laus eit h\u00e5r fr\u00e5 den forskrekka poeten sin legg og studerte det, putta det i munnen, smakte p\u00e5 det og smatta. &#8220;Nam. P\u00e5 ein vanleg fredagskveld,&#8221; sa han, &#8220;kan eg tenka meg ein enkel austerriksk ostesnitzel med middelhavssalat og tyggeferdig poetstappe. Eller rifla poetl\u00f8v steikt i soyaolje p\u00e5 gammaldagse s\u00f8lvpanner. Krydra sommarkotelettar med v\u00e5rlauk og poetsalat, kanskje? Eller moste poetar med mormors heimelaga brune lauksaus med ekstra lauk.&#8221;<\/p>\n<p>Kannibalen saug p\u00e5 tommelen, s\u00e5 begynte han \u00e5 plystra. Helge Torvund pr\u00f8vde desperat \u00e5 skifta samtaleemne, s\u00e5 han skrytte av Fossmark sine plystreeigenskapar og spurde kva melodi det var.<\/p>\n<p>&#8220;H\u00f8yrer du kje det?&#8221;<\/p>\n<p>Han plystra h\u00f8gare.<\/p>\n<p>&#8220;Det er Jarl Goli, ser du.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Fr\u00e5 barne-TV?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Ja, veit du kva melodien heiter?&#8221;<\/p>\n<p>Torvund tok eit steg bakover.<\/p>\n<p>&#8220;<em>Ta ein poet.<\/em>&#8221;<\/p>\n<p>Kannibalen kasta seg mot Torvund av all kraft, men forfattaren var lettbeint og slengte seg unna. Han flykta inn i eit m\u00f8rkt hj\u00f8rne. Fossmark reiste seg, l\u00f8fta sine skitne hender til \u00f8yreh\u00f8gd og gjekk langsamt mot Torvund med kl\u00f8rne klar.<\/p>\n<p>&#8220;Du Helge,&#8221; kviskra han, &#8220;Helgeee? Er du f\u00f8dd i Tr\u00f8ndelag, du?&#8221;<\/p>\n<p>Det var ei kjend sak at Fossmark hata tr\u00f8nderar og paranoide.<\/p>\n<p>&#8220;Nei nei,&#8221; svarte poeten svakt inne i m\u00f8rkret. &#8220;Eg er kje det, er eg redd.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Er d\u00e9t noko \u00e5 vera redd for d\u00e5, Helge? Er du paranoid, eller?&#8221;<br \/>\n&#8220;Nei,&#8221; sa Torvund. Han, som jo \u00f2g var psykolog, visste kva han m\u00e5tte gjera i ein situasjon som denne. Han stira Fossmark i auga. Han smalna auga og laga ei feit rynke over naserota. S\u00e5 opna han munnen. Dr\u00f8velen arbeidde i eit hysterisk tempo d\u00e5 han ropte:<\/p>\n<p>&#8220;Hjelp! Hjelp!&#8221;<\/p>\n<p>Fossmark hadde akkurat sett tennene i han, d\u00e5 det banka p\u00e5 d\u00f8ra.<\/p>\n<p>&#8220;Hallo?&#8221; sa ei kvinnestemme, &#8220;er det nokon der?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Nokon og nokon,&#8221; svarte Fossmark med mat i munnen. &#8220;Du snakkar faktisk med Gonzo Johnsens banemann.&#8221;<\/p>\n<p>D\u00f8ra gjekk opp \u2013 og ei ung dame med skaut stakk hovudet inn.<\/p>\n<p>&#8220;Skal eg ringa til politiet, er det d\u00e9t du meiner?&#8221;<\/p>\n<p>Ho heitte Eva og budde p\u00e5 nabogarden. Ho var opplagt ein Garborgs galning, kring halsen hadde ho Garborg-ordet <em>kveldbl\u00e5<\/em> skravert inn p\u00e5 eit smykke.<\/p>\n<p>&#8220;Takk skal du ha,&#8221; sa Torvund og bl\u00e5ste p\u00e5 bitemerka han hadde f\u00e5tt i leggen, &#8220;s\u00e5 flaks at du h\u00f8yrde oss.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Ikkje flaks,&#8221; sa Eva. &#8220;Eg luskar kringom til stadigheit. Eg bur jo rett nedi her.&#8221; Ho peika. &#8220;Berre fleire kilometer unna. I mange \u00e5r har eg venta p\u00e5 at nokon skulle ropa hjelp hjelp.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Kvifor det?&#8221; spurde Torvund.<\/p>\n<p>&#8220;S\u00e5 eg kan hjelpa, s\u00e5klart. Eg er s\u00e5 hjelpsam. Og n\u00e5 skjedde det endeleg. Tenk, s\u00e5 kjekt. Er det noko meir eg kan hjelpa med?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Gje oss mat,&#8221; sa Torvund, &#8220;og det fort.&#8221;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/04\/IngeriskWeb3.jpg\" alt=\"Ingerisk\" width=\"33\" height=\"35\" \/><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Inne i v\u00e5ningshuset, p\u00e5 garden nedanfor Knudaheio, sat Helge Torvund og John Fossmark gode og mette i kvar sin lenestol. Bondedottera Eva hadde n\u00e5 gjeve dei kvar sin kopp kakao.<\/p>\n<p>&#8220;Her,&#8221; sa ho. &#8220;Drikk, det hjelper.&#8221;<\/p>\n<p>Ho tok til med \u00e5 fortelja om alt det merkelege ho hadde opplevd i det siste. I fleire dagar hadde ein mann, han heitte Vilhelm, grave p\u00e5 tomta kring Knudaheio. Eva hadde vore oppe hj\u00e5 han fleire gonger dagleg for \u00e5 sp\u00f8rja om det var noko ho kunne hjelpa til med, men mannen rista bestandig p\u00e5 hovudet. Ho merka seg at han kunne g\u00e5 i mange timar utan \u00e5 eta, s\u00e5 ein dag gjekk ho opp til han med lunsj. D\u00e5 vart han s\u00e5 glad at han letta litt p\u00e5 sl\u00f8ret og viste henne kva han leita etter.<\/p>\n<p>&#8220;Sm\u00e5 metallplater,&#8221; fortalte ho. &#8220;Med ord p\u00e5. Han ville ikkje seia kva dei var til, men han fann dei i hagen, djupt nedi graset.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Veit du kva han gjorde med dei? Tok han dei med seg?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Eg trur d\u00e5 det,&#8221; svarte Eva. &#8220;Han hadde lommene fulle d\u00e5 han gjekk om kveldane, men eg veit kje kor han drog.&#8221;<\/p>\n<p>Dei fortalte henne om diktarhjulet, og spurde om ho kunne tenka seg noko som Garborg forbatt med <em>hjul<\/em>.<\/p>\n<p>&#8220;Den var kje lett,&#8221; sa ho. &#8220;Eller, kan mannen ha rekonstruert hjulet?&#8221;<\/p>\n<p>Fossmark og Torvund s\u00e5g p\u00e5 kvarandre.<\/p>\n<p>&#8220;Det veit me kje,&#8221; svarte Torvund. &#8220;Diktarhjulet m\u00e5 ha hatt eit tungt og avansert drivverk, omtrent som ei kyrkjeklokke. Det best\u00e5r av alle engelske, franske og nynorske ord.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Fanst det noka kyrkjeklokke i Time p\u00e5 Garborg si tid? P\u00e5 Timekyrkja?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Ikkje det me veit,&#8221; sa Fossmark. &#8220;Kommunen sitt f\u00f8rste store urverk var p\u00e5 torget i byen, og det kom etter krigen.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Kva kan han ha brukt, d\u00e5?&#8221; spekulerte Torvund. &#8220;Kva kan driva eit diktarhjul?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Ein annan type hjul, kanskje?&#8221; sa Eva. &#8220;Eit vasshjul?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Ei m\u00f8lle, meiner du? Kor finn me det? Vasshjulet til Garborgheimen var jo vekke for lenge sidan d\u00e5 Garborg skreiv det siste storverket sitt.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Det fanst jo andre m\u00f8ller,&#8221; slo Eva fast.<\/p>\n<p>&#8220;Kva meiner du?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;P\u00e5 Fotland, til d\u00f8mes. Og s\u00e5 er det ei vindm\u00f8lle p\u00e5 Gr\u00f8daland gard. Ho er fr\u00e5 1700-talet.&#8221;<\/p>\n<p>Dei s\u00e5g p\u00e5 kvarandre. Garborg skildra Gr\u00f8daland i &#8220;Knudaheibrev&#8221;. I barndommen hadde han f\u00f8lgt faren til omr\u00e5det for \u00e5 henta sand p\u00e5 strendene.<\/p>\n<p>Og Gr\u00f8daland gard var underlagt J\u00e6rmuseet, p\u00e5 same m\u00e5ten som Garborgsenteret.<\/p>\n<p>&#8220;Helge, f\u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 den metallbiten igjen,&#8221; sa Fossmark. &#8220;Det m\u00e5 vera noko p\u00e5 baksida, eit slags feste som gjev eit hint om koss diktarhjulet kan ha sett ut.&#8221;<\/p>\n<p>Torvund tok seg til lommene. Han leita meir og meir febrilsk, til han ropte:<\/p>\n<p>&#8220;Eg har han kje lenger! Nokon m\u00e5 ha stole han!&#8221;<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"aligncenter\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/04\/IngeriskWeb3speglvend.jpg\" alt=\"Ingerisk\" width=\"33\" height=\"35\" \/><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Det blinka i fortennene d\u00e5 Bongo Jensen l\u00f8fta metallbiten opp mot lyset. Han las:<\/p>\n<p>&#8220;Honorificabilitudinitatibus.&#8221;<\/p>\n<p>Ved f\u00f8tene hans, utover tregolvet i den gamle m\u00f8llebygningen, l\u00e5g eit storslagent puslespel. Eit titals ringar med sm\u00e5 metallbitar var i ferd med \u00e5 fyllast. Her var ord p\u00e5 engelsk, fransk og nynorsk, dei tri verdsspr\u00e5ka. Kvar maestro hadde kome med sine eigne tillegg og endringar. N\u00e5 skulle Jensen skumma fl\u00f8yten.<\/p>\n<p>Framfor seg hadde han ei lang natt med eit m\u00f8ysommeleg arbeid. Men s\u00e5 snart sola sto opp igjen, var han sikker p\u00e5 at han skulle kunna aktivera diktarhjulet for f\u00f8rste gong sidan 1899. D\u00e5 skulle han setta sluttordet p\u00e5 rette plassen.<\/p>\n<p><em>Honorificabilitudinitatibus.<\/em><\/p>\n<p>Han skulle kopla diktarhjulet til m\u00f8lla. Bongo Jensen hadde planar om \u00e5 bli tidenes st\u00f8rste formidlar og journalist.<br \/>\n<em>Honorificabilitudinitatibus<\/em> betydde <em>kvalifisert til \u00e6re<\/em>.<\/p>\n<p>Aldri meir skulle avdelingsleiaren p\u00e5 Garborgsenteret kunna klaga p\u00e5 rettskrivinga i Den 17de Mai.<\/p>\n<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/04\/PolitietWeb.jpg\" alt=\"Fossmark-tips\" width=\"526\" height=\"780\" \/><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<hr \/>\n<p><em>Fy s\u00f8ren, for ei vending! Dette er usannsynleg bra! F\u00f8lg med i morgon, d\u00e5 vert det end\u00e5 usannsynlegare &#8211; i episode seks: <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/det-siste-ordet\/\">Det siste ordet?<\/a><\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>  <img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1307\" height=\"538\" style=\"margin-bottom: 10px;margin-right: 10px\" alt=\"EpisodeFemLiggande3\" src=\"images\/stories\/garborgsenter\/Garborgs_galningar\/Diktarhjulet\/EpisodeFemLiggande3.jpg\" \/><br \/><strong>Garborgs galningar og diktarhjulet, episode 5<\/strong><\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":3771,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[16],"tags":[],"class_list":["post-492","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar-og-diktarhjulet","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.4 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Episode 5: Poetmos? - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Episode 5: Poetmos? - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Garborgs galningar og diktarhjulet, episode 5\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2013-04-01T22:00:00+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2017-11-15T09:55:56+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/04\/Episode5-Copy.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"530\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"303\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"9 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/poetmos\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/poetmos\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99\"},\"headline\":\"Episode 5: Poetmos?\",\"datePublished\":\"2013-04-01T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:55:56+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/poetmos\\\/\"},\"wordCount\":1826,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/poetmos\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2013\\\/04\\\/Episode5-Copy.jpg\",\"articleSection\":[\"Garborgs galningar og diktarhjulet\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/poetmos\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/poetmos\\\/\",\"name\":\"Episode 5: Poetmos? - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/poetmos\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/poetmos\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2013\\\/04\\\/Episode5-Copy.jpg\",\"datePublished\":\"2013-04-01T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:55:56+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/poetmos\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/poetmos\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/poetmos\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2013\\\/04\\\/Episode5-Copy.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2013\\\/04\\\/Episode5-Copy.jpg\",\"width\":530,\"height\":303},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/poetmos\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Episode 5: Poetmos?\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Episode 5: Poetmos? - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Episode 5: Poetmos? - Garborgsenteret","og_description":"Garborgs galningar og diktarhjulet, episode 5","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2013-04-01T22:00:00+00:00","article_modified_time":"2017-11-15T09:55:56+00:00","og_image":[{"width":530,"height":303,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/04\/Episode5-Copy.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"9 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99"},"headline":"Episode 5: Poetmos?","datePublished":"2013-04-01T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:55:56+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/"},"wordCount":1826,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/04\/Episode5-Copy.jpg","articleSection":["Garborgs galningar og diktarhjulet"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/","name":"Episode 5: Poetmos? - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/04\/Episode5-Copy.jpg","datePublished":"2013-04-01T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:55:56+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/04\/Episode5-Copy.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/04\/Episode5-Copy.jpg","width":530,"height":303},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/poetmos\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Episode 5: Poetmos?"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2013\/04\/Episode5-Copy.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/492","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=492"}],"version-history":[{"count":10,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/492\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5949,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/492\/revisions\/5949"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3771"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=492"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=492"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=492"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}