{"id":475,"date":"2012-07-16T23:00:00","date_gmt":"2012-07-16T22:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/"},"modified":"2017-11-15T11:38:57","modified_gmt":"2017-11-15T09:38:57","slug":"kroller-og-kulehol","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/","title":{"rendered":"Episode 22: Kr\u00f8ller og kulehol"},"content":{"rendered":"<p><strong>Dette er saka:<\/strong> <em>Formidlaren p\u00e5 Garborgsenteret \u2013 eit framifr\u00e5 museum som opnar i desse dagar \u2013 har i lag med norsklektoren John Fossmark kj\u00f8rt til Knudaheio for \u00e5 f\u00e5 svar p\u00e5 sine sp\u00f8rsm\u00e5l. Mykje tyder p\u00e5 at dette vert skrekkeleg spennande. M\u00f8rkret har falt p\u00e5, regnet piskar p\u00e5 rutene, dei er langt fr\u00e5 folk og det ligg ein gravhaug i hagen. Dei er etters\u00f8kt for drap og no har politiet fanga dei. F\u00f8lg med!<\/em><br \/>\n<strong><br \/>\n<span style=\"color: #ff0000;\">Eg og John Fossmark<\/span><\/strong>, hovudmannen bak drapet p\u00e5 den tidlegare kr\u00f8lltoppen Jan Zahl, var blitt innhenta av politiet. Betjentane Leif Rune Salte og Jan Terje Strand hadde omringa oss inne i Knudaheio, diktarstova til Arne Garborg. Hunden deira, ein sch\u00e6fer, hadde nettopp urinert p\u00e5 leggen min.<\/p>\n<p>Det lukta honnikorn.<\/p>\n<p>Me hadde teke med oss eit portrett av Arne Garborg. Det var blitt skutt p\u00e5 tri gonger, diktarens panne hadde tri hol gjennom seg. Me hadde teke det med oss fordi det skulle vera tri identiske hol p\u00e5 loftet, og historia sa at dersom ein hengte biletet opp\u00e5 dei, p\u00e5 den opprinnelege plassen, s\u00e5 skulle Garborg sitt blikk flakka. F\u00f8lgde me blikket, s\u00e5 ville me finna den nye Garborg.<\/p>\n<p><em>Om Du er vaksen eller ung<\/em><br \/>\n<em>eller kanskje berre Barnet<\/em><br \/>\n<em>F\u00f8lg Blikket mitt, Venen<\/em><br \/>\n<em>helsing Arne.<\/em><\/p>\n<p>\u00abNo,\u00bb sa Strand, \u00aber det ute med dykk. Men er de oppvakte, finst det framleis eit h\u00f8ve.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abHee, he he!\u00bb lo Salte.<\/p>\n<p>\u00abFor de veit vel at det berre finst <em>eitt<\/em> verkeleg filosofisk problem?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abHee, he he!\u00bb<\/p>\n<p>Politibetjent Strand var kjend for \u00e5 lika dei franske eksistensialistane. Heilt sidan ungdommen hadde han fors\u00f8mt Garborg-lesinga i lange periodar til fordel for Jean-Paul Sartre, Simone de Beauvoir og Albert Camus. Strand sat ofte p\u00e5 puben Thime station med ei halvflaske burgund og resiterte. No sa han:<\/p>\n<p>\u00ab\u00c5 avgjera om livet er verd eller ikkje verd \u00e5 leva, det er \u00e5 svara p\u00e5 filosofiens fundamentale sp\u00f8rjem\u00e5l.\u00bb<\/p>\n<p>Salte knegga.<\/p>\n<p>\u00abAlbert Camus. Fr\u00e5 Myten om Sisyfos. <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/SmilDetalj.jpg\">Hee, he he!<\/a>\u00bb<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 Salte var glad i fransk litteratur, men han hella meir mot symbolistane. Rimbaud, Verlaine, Baudelaire. Intellektuelle flan\u00f8rar likte dei iallfall, begge politibetjentane.<\/p>\n<p>Me var i ei skikkeleg knipe. Det var s\u00e5 plagsomt \u00e5 vera fanga av politiet at eg nesten skulle \u00f8nskja at me ikkje hadde teke livet av journalisten og forfattaren Jan Zahl p\u00e5 brutalt vis. Vel var drapet i seg sj\u00f8lv ei god handling, iallfall om me la konsekvensetikk til grunn \u2013\u00a0me vart jo kvitt han og kunne\u00a0ikkje vita at han var uskuldig; men det var no\u00a0ei gong dette drapet\u00a0som hadde f\u00f8rt oss til denne vanskelege og kjipe situasjonen.<\/p>\n<p>Hadde ikkje Zahl klipt seg, ville me ha vore frie menn no.<\/p>\n<p>\u00abDet er fris\u00f8ren sin feil,\u00bb sa eg.<\/p>\n<p>\u00abVeit det,\u00bb sa Fossmark.<\/p>\n<p>Salte hadde sett seg i Garborg sin eigen j\u00e6rstol framfor oss, ein stol\u00a0som opprinneleg var ei personleg g\u00e5ve fr\u00e5 Kitty Kielland \u2013\u00a0og han merka at eg fikla med mobiltelefonen. Han spurde kva eg dreiv med.<\/p>\n<p>\u00abEg trur eg veit det,\u00bb svarte Strand bak oss. \u00abFormidlaren skal sikkert formidla kontakt med politiet!\u00bb<\/p>\n<p>\u00abJa, han er jo formidlar!\u00bb skratta Salte.<\/p>\n<p>\u00ab<em>Revolver<\/em>formidlar,\u00bb presiserte Strand.<\/p>\n<p>\u00abJa, d\u00e9t har eg lese p\u00e5 garborg.no,\u00bb sa Salte. \u00abHee, he he.\u00bb<\/p>\n<p>Dei lo r\u00e5tt og lenge. I mellomtida rakk eg \u00e5 senda ein tekstmelding til dommar Heien. Me brukte \u00e5 kalla han for \u00abhaien\u00bb \u2013 sidan\u00a0han var eit rovdyr etter slike som ikkje klarte \u00e5 oppf\u00f8ra seg. Som lokal fotballdommar hadde han gjeve gult kort til begge politiane. Kom han seg hit opp, kunne han kanskje gje dei raudt, og forvirra dei slik at me ville sleppa unna.<\/p>\n<p>Like etter banka det p\u00e5 d\u00f8ra. Strand og Salte vart tause.<\/p>\n<p>Det banka igjen.<\/p>\n<p>Kunne verkeleg dommar Heien vera s\u00e5 rask? Nei, var det noko Heien ikkje var, s\u00e5 var det rask. Det hadde eg sett, gong etter gong, p\u00e5 fotballkamp etter fotballkamp, ja p\u00e5 handballkampar \u00f2g. \u00abHaien\u00bb var treig. Han kom for seint inn i situasjonane, men kompenserte for det med \u00e5 dela ut mange kort.<\/p>\n<p>\u00abKven kan det vera?\u00bb sa Strand.<\/p>\n<p>\u00abGarborg sj\u00f8lv?\u00bb sa Salte; og s\u00e5 lo dei h\u00f8gare enn nokon gong.<\/p>\n<p>D\u00e5 tystnaden atter la seg, banka det p\u00e5 for tredje gongen.<\/p>\n<p>Me s\u00e5g korleis d\u00f8ra langsamt opna seg. Ho knirka noko grueleg. Vinden ulte. Greiner slo mot husveggane.<\/p>\n<p>\u00abKva i\u2026!\u00bb<\/p>\n<p>Diktarstoveguiden Sigbj\u00f8rn Reime vart skikkeleg overraska d\u00e5 han s\u00e5g meg. Han var kulturformidlar i Time kommune \u2013 med ansvar for diktarheimane Knudaheio og Garborgheimen, og det kjekkaste han visste var \u00e5 syna pensjonistar og turistar Knudaheio.<\/p>\n<p>\u00abEr det deg, Gonzo?\u00bb sa han. \u00abHyggeleg \u00e5 sj\u00e5 folk fr\u00e5 Garborgsenteret her. Har du Inger med deg?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abNei nei,\u00bb sa eg, \u00abdet er berre meg her.\u00bb<\/p>\n<p>Han flytta blikket fr\u00e5 \u00abberre meg\u00bb\u00a0til den storvaksne John Fossmark; vidare til den sleipe politibetjenten Leif Rune Salte; til den kranglevorne politibetjenten Jan Terje Strand. Endeleg stirte han p\u00e5 den hissige, illeluktande sch\u00e6feren som nettopp hadde gjort fr\u00e5 seg p\u00e5 beinet mitt.<\/p>\n<p>Det lukta framleis honnikorn.<\/p>\n<p>Gr\u00e5e luggar kikka nysgjerrig over Reime si skulder hans og inn i den vidkjende diktarstova.\u00a0Han hadde med seg eit heilt fylgje. Turistane vart st\u00e5ande p\u00e5 trammen og venta.<\/p>\n<p>\u00abDeg kjenner eg \u00f2g att,\u00bb sa Reime og peika p\u00e5 Fossmark. \u00abDu er han som skriv lesarbrev til J\u00e6rbladet. Du skriv godt \u00f2g, du. S\u00e6rleg har eg sans for m\u00e5ten du kombinerer garpegenitiv med substantiv som endar p\u00e5 vislelydar. Det der er ganske nyskapande, trur eg.\u00bb<\/p>\n<p>Fossmark takka h\u00f8fleg.<\/p>\n<p>\u00abEin skulle tru du var den nye Garborg,\u00bb sa diktarstoveguiden.<\/p>\n<p>F\u00f8r eg rakk \u00e5 jekka Fossmark ned, gjekk me overende, alle mann. Gangen i diktarstova vart plutseleg full av folk, liggjande, fallande, sprikande og skrikande. Dei bakarste i fylgjet hadde ikkje skj\u00f8na kvifor dei m\u00e5tte st\u00e5 ute i regnet, no ville dei inn i varmen. Trykket vart for stort, og til slutt hadde menneskeveggen bak guiden broste. Det var som ei flaumb\u00f8lgje av gamle menneske. Me vart skylt rett i veggen. Det harka rundt oss i hese l\u00e5rhalsar.<\/p>\n<p>Fossmark tok eit fast grep om biletet og lyfta meg opp p\u00e5 skuldrene. Han skauv folkehaugen til sides og gjekk oss opp trappa til loftet. Han drog lemmen over trappa og sette p\u00e5 bommen p\u00e5 plass. Me var trygge. Enn s\u00e5 lenge hadde me unnsloppe politiet. Men det var noko med augene hans.<\/p>\n<p>\u00abIkkje tenk p\u00e5 det, John,\u00bb sa eg. \u00abDet var berre noko Reimen sa. Du forst\u00e5r vel det?\u00bb<\/p>\n<p>Han gjekk <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/MedBiletetWeb.jpg\">lenger inn<\/a> p\u00e5 loftet.<\/p>\n<p>\u00abDu er ikkje den nye Garborg, John!\u00bb sa eg.<\/p>\n<p>Han svarte ikkje, men peika p\u00e5 nokre kulehol i veggen.<\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\">_________<\/span><br \/>\nInntil vidare,<br \/>\n<strong>Gonzo Johnsen<\/strong><br \/>\nFormidlar<br \/>\nNasjonalt Garborgsenter<\/p>\n<p>Til <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kategori\/garborgs-galningar\/\">oversynsside<\/a><br \/>\n<em>Neste: <\/em><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/blikket-flakkar\/\"><strong><em>Blikket flakkar!<\/em><\/strong><\/a><em> \u00c5 herregud, f\u00f8lg med!<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"772\" height=\"378\" style=\"margin-bottom: 10px;margin-right: 10px\" alt=\"Episode22liggande\" src=\"images\/stories\/garborgsenter\/Garborgs_galningar\/Episode22liggande.jpg\" \/><br \/><span style=\"color: #808080\">Episode 22.<\/span><\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":3704,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[14],"tags":[],"class_list":["post-475","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.4 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Episode 22: Kr\u00f8ller og kulehol - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Episode 22: Kr\u00f8ller og kulehol - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Episode 22.\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2012-07-16T22:00:00+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2017-11-15T09:38:57+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode22liggande.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"772\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"378\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"6 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"headline\":\"Episode 22: Kr\u00f8ller og kulehol\",\"datePublished\":\"2012-07-16T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:38:57+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/\"},\"wordCount\":1127,\"commentCount\":0,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode22liggande.jpg\",\"articleSection\":[\"Garborgs galningar av Gonzo Johnsen\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"CommentAction\",\"name\":\"Comment\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/#respond\"]}]},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/\",\"name\":\"Episode 22: Kr\u00f8ller og kulehol - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode22liggande.jpg\",\"datePublished\":\"2012-07-16T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:38:57+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode22liggande.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode22liggande.jpg\",\"width\":772,\"height\":378},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/kroller-og-kulehol\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Episode 22: Kr\u00f8ller og kulehol\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Episode 22: Kr\u00f8ller og kulehol - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Episode 22: Kr\u00f8ller og kulehol - Garborgsenteret","og_description":"Episode 22.","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2012-07-16T22:00:00+00:00","article_modified_time":"2017-11-15T09:38:57+00:00","og_image":[{"width":772,"height":378,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode22liggande.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"6 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"headline":"Episode 22: Kr\u00f8ller og kulehol","datePublished":"2012-07-16T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:38:57+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/"},"wordCount":1127,"commentCount":0,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode22liggande.jpg","articleSection":["Garborgs galningar av Gonzo Johnsen"],"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"CommentAction","name":"Comment","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/#respond"]}]},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/","name":"Episode 22: Kr\u00f8ller og kulehol - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode22liggande.jpg","datePublished":"2012-07-16T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:38:57+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode22liggande.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode22liggande.jpg","width":772,"height":378},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kroller-og-kulehol\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Episode 22: Kr\u00f8ller og kulehol"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode22liggande.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/475","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=475"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/475\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3909,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/475\/revisions\/3909"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3704"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=475"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=475"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=475"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}