{"id":472,"date":"2012-07-20T23:00:00","date_gmt":"2012-07-20T22:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/"},"modified":"2022-08-02T15:05:57","modified_gmt":"2022-08-02T13:05:57","slug":"rocktum","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/","title":{"rendered":"Episode 18: Rocktum"},"content":{"rendered":"<p><strong>Dette er saka:<\/strong><em> Ein fast tilsett formidlar ved Garborgsenteret \u2013 eit framifr\u00e5 museum som opnar grueleg snart \u2013 har i lag med ein l\u00e6rarvikar p\u00e5 Bryne vidareg\u00e5ande skule teke livet av Jan Zahl. Politiet er p\u00e5 sporet, men dei har if\u00f8rt seg falske Garborg-bartar og er umoglege \u00e5 kjenna att. Mot slutten av f\u00f8rre episode l\u00e6rte vikaren klasse 2C \u00e5 prompa. Dette skjedde i klasserom 22.<\/em><\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\"><strong>Fossmark<\/strong><\/span> skreiv ei lang lekse p\u00e5 tavla. Til tysdag skulle elevane lesa \u00abKnudaheibrev\u00bb, \u00abKolbotnbrev\u00bb og \u00abLabr\u00e5tenbrev\u00bb \u2013 og samanlikna dei med Karl-Ove Knausg\u00e5rds seksbindsverk \u00abMin kamp\u00bb. N\u00e5r dette var gjort skulle dei analysera syntaksen si utvikling fr\u00e5 fyrste til siste bok, hj\u00e5 begge forfattarane. Hovudsp\u00f8rsm\u00e5let var om det var mogleg \u00e5 halda p\u00e5 rytmen over s\u00e5 mange \u00e5r, om det i det heile tatt var \u00f8nskjeleg; eller om endring i rytme og klang rett og slett var eit verknadsfullt og resepsjonsestetisk verkemiddel som tydeleggjorde det ekspresjonistiske utviklingsperspektivet innan modernistisk og postmodernistisk realisme.<\/p>\n<p>Elevane jubla. Dei sette i gang med stor entusiasme. Dei skj\u00f8na ikkje at sp\u00f8rsm\u00e5let var leiande og smilte fr\u00e5 \u00f8yre til \u00f8yre. \u00abEndeleg ei skikkeleg oppg\u00e5ve!\u00bb h\u00f8yrde eg ei av jentene seia. Fossmark tok meg om skuldrene og f\u00f8rte meg ut derifr\u00e5.<\/p>\n<p>Me forlet skulen og gjekk ned fr\u00e5 Skuleh\u00f8gda. Me skulle til Fossmark si leilegheit for \u00e5 finna fjerdeutg\u00e5va av Arne Garborg sin profetiske diktsyklus \u00abI Helheim\u00bb. Han budde \u00f8vst i Slottsblokka p\u00e5 sj\u00f8lvaste Brynehaugen, den mest Garborg-fanatiske delen av byen. Men fyrst m\u00e5tte me sj\u00e5 plastikksteinane med lys i \u2013 to av dei var i Storgata og hadde bilete av Arne og Hulda Garborg. Det var lenge sidan Fossmark hadde sett dei no, sa han. Han hadde tenkt p\u00e5 dei heile natta, men hadde ikkje f\u00e5tt tid tidlegare p\u00e5 dagen. For min eigen del tykte eg det var heilt greitt, eg hadde heller ikkje sett dei p\u00e5 ei stund \u2013 ikkje sidan i g\u00e5r morges d\u00e5 eg gjekk for \u00e5 bes\u00f8ka Fossmark. Det var den turen som hadde sett det heile i gang, som hadde f\u00f8rt til at Jan Zahl vart drepen, at eg og Fossmark vart drapsmenn, og grunnen til at me framleis nytta falske Garborg-bartar for at ingen skulle kjenna oss att.<\/p>\n<p>Me fann steinane. Det var skikkeleg morosamt. N\u00e5r ein tr\u00e5kka p\u00e5 dei, s\u00e5 blunka dei. Ja, Arne og Hulda blunka til <em>kvarandre<\/em>.<\/p>\n<p>\u00abHe he,\u00bb sa Fossmark.<\/p>\n<p>\u00abHi hi,\u00bb sa eg.<\/p>\n<p>S\u00e5 gjekk me vidare. Me tok snarvegen over Kongobrua, forbi hotellet og Bryne kyrkje, og ankom Slottsblokka fr\u00e5 toppen av Brynehaugen.<\/p>\n<p>Me sleit oss opp gjennom trappehuset. Det draup svette av meg, men Fossmark var heilt turr. Eg let vera \u00e5 sp\u00f8rja, men gjekk ut fr\u00e5 at han ikkje var blitt mindre gira p\u00e5 \u00e5 finna og uskadeleggjera den nye Garborg sidan sist. Fossmark hadde eit n\u00e6r religi\u00f8st forhold til Garborg, han s\u00e5g p\u00e5 diktaren som sin velgjerar. Fr\u00e5 ein posisjon p\u00e5 himmelkvelvinga sytte gamle Garborg for Fossmark sine spesielle evner, det var eg sikker p\u00e5.<\/p>\n<p>Eg skulle berre \u00f8nskja at Garborg s\u00e5g <em>min<\/em> veg snart.<\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\"><strong>Medan Fossmark leita<\/strong><\/span> etter fjerdeutg\u00e5va, i ei eske full av gjeldsbrev og kj\u00e6rleiksbrev som stamma ifr\u00e5 mormora, merka eg meg ein noko snodig dings i bokhylla. Det s\u00e5g ut som eit slags erotisk verkt\u00f8y, men bar ein plakett som antyda at det var ein premie han hadde vunne.<\/p>\n<p>Eg lyfta han opp mot taklampa og studerte han fr\u00e5 alle vinklar.<\/p>\n<p>\u00abKva i all verda er dette?\u00bb spurde eg. \u00abDet ser ut som ei\u2026\u00bb<\/p>\n<p>\u00abIkkje sei det!\u00bb sa Fossmark. \u00abEg likar han ikkje. Det var berre noko eg vann i Tr\u00f8ndelag, ser du.\u00bb<\/p>\n<p>Eg las opp fr\u00e5 plaketten:<\/p>\n<p>\u00ab<em>Rocktum?<\/em>\u00bb<\/p>\n<p>\u00abDet var ein festival,\u00bb sa Fossmark. \u00abNo har han skifta namn til Orkdal-festivalen eller noko anna kjedeleg; men d\u00e5 var han nyskapande og radikal. Det hadde seg slik at eg i ein kort periode var <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/Foss-fortid2.jpg\">tysk pornostjerne<\/a>, og p\u00e5 denne tida fekk studentbandet mitt invitasjonar til diverse stemne.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abVar du tysk pornostjerne?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abIkkje ta den tonen der til meg!\u00bb sa han. \u00abMen ja, i Trondheim trudde dei at alle som skarra p\u00e5 R-ane kom fr\u00e5 Bergen eller Tyskland. Og sidan eg ikkje var ifr\u00e5 Bergen, m\u00e5tte eg vera ifr\u00e5 Tyskland. P\u00e5 denne tida hadde eg lite pengar \u2013 det vart mykje kneipp og ketsjup, for \u00e5 seia det slik \u2013 og d\u00e5 er det fort gjort \u00e5 hamna p\u00e5 galne sida. S\u00e6rleg i Tr\u00f8ndelag, det kan eg lova deg. Plutseleg var det nokon som sette ut eit forferdeleg, vondsinna rykte om at eg hadde eit seksuelt forhold til den mannlege vokalisten min.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abFalske rykte er noko av det verste ein kan bli utsatt for,\u00bb sa eg.<\/p>\n<p>\u00abDette var kje falskt,\u00a0berre forferdeleg og vondsinna. Ettersom eg og vokalisten hadde\u2026 Eg snakkar kje meir om det. Og sidan han og eg tok fram v\u00e5re\u2026 Eg snakkar kje meir om det heller. Uansett, me m\u00f8tte opp p\u00e5 Rocktum-festivalen og spelte to konsertar der. Ein p\u00e5 fredagen, d\u00e5 me var hovudattraksjon, og ein p\u00e5 laurdagen d\u00e5 me var oppvarmingsband for eit band som hadde varma opp for Return \u00e5ret f\u00f8r. Dei hadde eit visst namn, dette bandet, sj\u00f8lv om eg ikkje hugsar kva det var \u2013 og dei var j\u00e6kligt gode.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abKva har dette med tida som tysk pornostjerne \u00e5 gjera?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abIkkje mykje, Gonzo. Eg m\u00e5tte berre seia det medan eg hugsa det.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abPremien d\u00e5?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abGrunnen til at eg ikkje likte han, var at me ikkje fortente han, skj\u00f8nar du. Me vart utropt til vinnarar i kategorien for beste enderim, noko som provoserte meg. Me hadde jo ikkje skrive songane sj\u00f8lv, men snikra i hop eit repertoar som best me kunne av melodiar fr\u00e5 Haugtussa. Du veit, dei vanlege. S\u00e5 eg ville dedikera premien til Arne Garborg, ser du, men d\u00e5 skal eg helsa og seia det vart rabalder.\u00bb<\/p>\n<p>P\u00e5 dette tidspunktet gjorde Fossmark ein str\u00e5lande imitasjon av rabalder. Det var ikkje utan grunn at han\u00a0ein gong\u00a0vart ungdomsskulemeister i mimespel.<\/p>\n<p>\u00abFor,\u00bb sa han, \u00abdet var ikkje lydrim dei hadde premiert oss for i det heile tatt, men endane v\u00e5re. Dette var vanskeleg for oss \u00e5 forst\u00e5 den gongen; men eg og bassisten, ein feit fyr fr\u00e5 Grong, hadde prikk like romper. S\u00e5 d\u00e5 meinte dei i juryen, med sin sjuke humor, at det var enderim me dreiv med.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abOg d\u00e5 fekk de denne?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abEg gjekk med p\u00e5 \u00e5 ta imot han d\u00e5 eg skj\u00f8na korleis ting hang saman. Dei var ikkje ute etter \u00e5 dissa Garborg i det heile.\u00bb<\/p>\n<p>Han tok premien til seg, v\u00f2g han i handa.<\/p>\n<p>\u00abEg og bassisten <em>hadde<\/em> like endar,\u00bb sa han. \u00abI vide bukser var det plent umogleg \u00e5 skilja oss. Her,\u00bb sa han og kasta premien mot meg. \u00abBehald han. Mine dagar som homohelt er over.\u00bb<\/p>\n<p>Han rota vidare oppi eska.<\/p>\n<p>\u00abEvreka!\u00bb ropte han. \u00abEg <em>visste<\/em> eg hadde sett ho her i g\u00e5r.\u00bb<\/p>\n<p>Han heldt boka triumferande opp over hovudet.<\/p>\n<p>\u00abFjerdeutg\u00e5va!\u00bb ropte me i kor.<\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\"><strong>_________<\/strong><\/span><br \/>\nInntil vidare,<br \/>\n<strong>Gonzo Johnsen<\/strong><br \/>\nFast tilsett<br \/>\nGarborgsenteret<\/p>\n<p>Til <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kategori\/garborgs-galningar\/\">oversynsside<\/a><br \/>\n<em>Neste: <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/hekkan\/\">Hekkan!<\/a><\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"664\" height=\"306\" style=\"margin-bottom: 10px;float: left;margin-right: 10px\" alt=\"Episode18liggande4\" src=\"images\/stories\/garborgsenter\/Garborgs_galningar\/Episode18liggande4.jpg\" \/><span style=\"color: #808080\"> <\/span><br \/><span style=\"color: #808080\">Episode 18.<\/span><\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":3691,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[14],"tags":[],"class_list":["post-472","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.6 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Episode 18: Rocktum - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Episode 18: Rocktum - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Episode 18.\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2012-07-20T22:00:00+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2022-08-02T13:05:57+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode18liggande4.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"1482\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"684\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"7 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"headline\":\"Episode 18: Rocktum\",\"datePublished\":\"2012-07-20T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2022-08-02T13:05:57+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/\"},\"wordCount\":1181,\"commentCount\":0,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode18liggande4.jpg\",\"articleSection\":[\"Garborgs galningar av Gonzo Johnsen\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"CommentAction\",\"name\":\"Comment\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/#respond\"]}]},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/\",\"name\":\"Episode 18: Rocktum - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode18liggande4.jpg\",\"datePublished\":\"2012-07-20T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2022-08-02T13:05:57+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode18liggande4.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode18liggande4.jpg\",\"width\":1482,\"height\":684},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/rocktum\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Episode 18: Rocktum\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Episode 18: Rocktum - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Episode 18: Rocktum - Garborgsenteret","og_description":"Episode 18.","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2012-07-20T22:00:00+00:00","article_modified_time":"2022-08-02T13:05:57+00:00","og_image":[{"width":1482,"height":684,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode18liggande4.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"7 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"headline":"Episode 18: Rocktum","datePublished":"2012-07-20T22:00:00+00:00","dateModified":"2022-08-02T13:05:57+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/"},"wordCount":1181,"commentCount":0,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode18liggande4.jpg","articleSection":["Garborgs galningar av Gonzo Johnsen"],"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"CommentAction","name":"Comment","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/#respond"]}]},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/","name":"Episode 18: Rocktum - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode18liggande4.jpg","datePublished":"2012-07-20T22:00:00+00:00","dateModified":"2022-08-02T13:05:57+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode18liggande4.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode18liggande4.jpg","width":1482,"height":684},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/rocktum\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Episode 18: Rocktum"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode18liggande4.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/472","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=472"}],"version-history":[{"count":8,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/472\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":9479,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/472\/revisions\/9479"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3691"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=472"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=472"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=472"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}