{"id":468,"date":"2012-07-09T23:00:00","date_gmt":"2012-07-09T22:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/"},"modified":"2022-08-02T15:24:06","modified_gmt":"2022-08-02T13:24:06","slug":"garborgsenteret-opnar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/","title":{"rendered":"Episode 29: Garborgsenteret opnar!"},"content":{"rendered":"<p><strong>Dette er saka:<\/strong> <em>Garborgsenterets formidlar Gonzo Johnsen og det unge diktargeniet Nils Henrik Smith har f\u00f8lgt blikket til Veslem\u00f8y-statuen utanfor Time r\u00e5dhus. Det f\u00f8rte dei til Garborgsenteret \u2013 eit framifr\u00e5 museum som opnar i dag. Plassen utanfor yrer av liv. Alle mennene brukar falske Garborg-bartar og alle damene har Hulda-parykkar.\u00a0Kjende forfattarar kretsar omkring som gribbar. Dei siklar etter tittelen \u00abden nye Garborg\u00bb. Kven\u00a0av dei\u00a0blir det? Kva konsekvensar vil det f\u00e5 for Garborgsenteret. Kva skjer, kva skjer?<\/em><\/p>\n<p><em>Skund deg, du \u00f2g! Adressa er Hetlandsgata 11.<\/em><\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\"><strong>Ordf\u00f8rar Kverneland<\/strong><\/span> tok farvel med oss og skreid verdig gjennom folkemassen til podiet. Eg og Nils Henrik Smith\u00a0vart st\u00e5ande bakerst og glana.<\/p>\n<p>Hundrevis av menneske hadde samla seg i atriet utanfor Garborgsenteret og H\u00f8ghuset. Nysgjerrigperar hang ut av vindauga som klesvasken i Napoli. Over oss hang skyene tunge som bombefly, men for augneblinken heldt dei skytsen tilbake. Oppe p\u00e5 podiet sto sjefen p\u00e5 Garborgsenteret, Inger Undheim, i lag med direkt\u00f8rane i J\u00e6rmuseet, M\u00e5lfrid Grimstvedt og M\u00e5lfrid sn\u00f8rteland, ordf\u00f8raren i Time kommune, H\u00f8gres Reinert Kverneland, som hadde stemt p\u00e5 Dei gr\u00f8ne; kulturminister Huitfeldt, kong Harald og dronning Sonja. I trappa sto utstillingsleiaren, og nedanfor henne dei staute og stolte politibetjentane Jan Terje Strand og Leif Rune Salte. Dei stilte seg i rett d\u00e5 ordf\u00f8raren kom.<\/p>\n<p>I hj\u00f8rnet utanfor helsestudioet sto byens oppr\u00f8rarar, litteraturhooligansane Frank og Morten s\u00f8rensen. Dei gjekk i vestar med <em>Torvald Tu<\/em> p\u00e5 ryggen. Dei hadde lagt ei fisepute p\u00e5 ein benk og fors\u00f8kte \u00e5 f\u00e5 ein eldre mann til \u00e5 setta seg. Eg lo h\u00f8gt d\u00e5 eg s\u00e5g at det var pater Pollestad. H\u00e5buen Pollestad hadde omsett Snorre til riksm\u00e5l utan tanke p\u00e5 kva Gadamer ville ha sagt om det. Br\u00f8rne S\u00f8rensen fors\u00f8kte \u00e5 trykka han ned p\u00e5 benken, men han\u00a0rappa til\u00a0dei med stokken sin\u00a0og svor eder og galle p\u00e5 bokm\u00e5l.<\/p>\n<p>I det heile teke var det flust av forfattarar til stades. H\u00e5buar, kleppsbuar og timebuar. Smith sin konkurrent i \u00e5 bli utropt til <em>den nye Garborg<\/em>, Einar O. Risa, hadde teke ein pause fr\u00e5 skrivinga av \u00e5ttebindstrilogien \u00abM.Kanne &amp; S\u00f8nes\u00f8n\u00bb; Tor Obrestad \u00e5t p\u00f8lser med alt, s\u00e6rleg ketsjup; Svein F. Hestvaag unders\u00f8kte Garborg-barten han hadde f\u00e5tt utdelt; Ingrid Z. Aanestad kom l\u00f8pande fr\u00e5 togstasjonen; Heidi Strand Harboe heldt mannen sin, Leif, i handa; Helge Torvund tasta noko p\u00e5 telefonen, sikkert ei twitter-melding; og Nils Henrik Smith sto der i lag med meg.<\/p>\n<p>Me venta p\u00e5 stadfestinga av at det var <em>han<\/em>, Nils Henrik \u2013 ingen ringare, som var <em>den nye Garborg<\/em>.\u00a0Han skulle\u00a0omd\u00f8ypa senteret til <em>Smiths bestevener<\/em> og\u00a0gje meg fast stilling som formidlingssjef.<\/p>\n<p>Dette gledde eg meg til.\u00a0Eg\u00a0h\u00e5pte eg skulle f\u00e5 betre l\u00f8n og fleksitid.<\/p>\n<p>Kjende eg\u00a0Nils Henrik\u00a0rett, ville eg f\u00e5 lov til \u00e5 bruka spanskr\u00f8yr p\u00e5 ringevikarane \u00f2g.<\/p>\n<p>Eg kunne ikkje nekta for at eg var lukkeleg. Etter ein del motgang, s\u00e5g det endeleg ut til \u00e5 g\u00e5 min veg. I utgangspunktet hadde det vore tri kandidatar til tittelen som ny Garborg: Nils Henrik, Einar O. Risa og Jan Zahl. No var Zahl d\u00f8d, mest p\u00e5 grunn av lesarbrevforfattaren John Fossmark sine kyniske ambisjonar.\u00a0Fossmark hadde overfalle Nils Henrik \u00f2g, som heldigvis hadde kome seg unna. Den siste kandidaten, Einar O. Risa, var det ingen grunn til \u00e5 ta alvorleg \u2013\u00a0sidan han berre skreiv p\u00e5 verdas lengste trilogi, noko gamle Garborg aldri ville ha funne p\u00e5.\u00a0S\u00e5 skj\u00f8na d\u00e5 Risa heller ingenting av det som var i ferd med \u00e5 skje. Han rusla\u00a0omkring med hovudet plassert p\u00e5 toppen av sitt lange legeme og slikka i seg sukkerspinn.<\/p>\n<p>D\u00e5 gjekk d\u00f8ra opp fr\u00e5 Arne &amp; Hulda fris\u00f8r.<\/p>\n<p>Ut kom det monumentale legemet til John Fossmark. Han\u00a0hadde skrelt seg p\u00e5 hovudet. Han hadde Garborg-barten p\u00e5. Han hadde skumle planar \u2013 hadde eg ikkje visst betre, ville eg ha trudd han var\u00a0den nye Garborg. Han tok ei avis fram fr\u00e5 baklomma, opna han og leste. Eg kunne sj\u00e5 at det var J\u00e6rbladet, ekstrautg\u00e5ve. Fyrst trudde eg dei hadde gjeve ut eit ekstra bilag i samband med opninga av Garborgsenteret. S\u00e5 fekk eg auge p\u00e5 overskrifta. Det sto: <em>EXTRA Einar O. Risa avbryter Kanne-trilogien etter berre fire bind. 25. september kjem den sj\u00f8lvstendige romanen \u00abMaskineriet. Listene\u00bb.<\/em><\/p>\n<p>Nils Henrik s\u00e5g det same. Han snappa han\u00a0i seg ei <a href=\"http:\/\/old.jaermuseet.no\/component\/content\/article\/822\">flue<\/a> som som flygande forbi. Han var i sjokk.<\/p>\n<p>\u00abKven vert <em>no<\/em> den nye Garborg?\u00bb gispa eg.<\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\"><strong>Inger Undheim<\/strong><\/span> hosta i mikrofonen. Me tidde, alle saman. Ho smilte, ho var lukkeleg. Dette hadde ho venta p\u00e5 s\u00e5 lenge. Medan me andre sov, hadde ho arbeidd for dette i all l\u00f8yndom. Det kunne verka urettvist at ho hadde g\u00e5tt bak ryggen v\u00e5r p\u00e5 den m\u00e5ten, men i dag skj\u00f8na eg\u00a0kvifor.<\/p>\n<p>Ho var s\u00e5 stolt. Det var vel fortent.<\/p>\n<p>Ho takka publikum\u00a0for oppm\u00f8tet, og me klappa for oss sj\u00f8lve. S\u00e5 gav ho ordet vidare til direkt\u00f8rane i J\u00e6rmuseet. Dei roste Inger for innsatsen og takka\u00a0publikum for oppm\u00f8tet. Me klappa for oss sj\u00f8lve. S\u00e5 var det ordf\u00f8raren sin tur. Han takka for oppm\u00f8tet, me klappa,\u00a0og lovte at viss han vann det neste valet \u00f2g, s\u00e5 skulle han sleppa ut barten. Me klappa s\u00e5nn m\u00e5teleg. Han avslutta med ein liten appell til fordel for Dei gr\u00f8ne. Eg registrerte ikkje noko klapping for det. Dronning Sonja sa \u00f2g nokre ord, blant anna takka ho for oppm\u00f8tet, me klappa heftig, og s\u00e5 gav ho\u00a0ordet til kong Harald. Kongen takka Sonja; ho klappa. Deretter minte han\u00a0folket om at han hadde nemnt Garborg i\u00a0ein nytt\u00e5rstale, og sa at dette ville gjenta seg viss han ikkje snart fekk ein ny taleskrivar.<\/p>\n<p>Me klappa. Kongen leverte alltid det me forventa av han.<\/p>\n<p>Politiane Strand og Salte lyfta eit sn\u00f8re, og utstillingsleiaren gjekk bort til kongen med ei saks.<\/p>\n<p>\u00abKj\u00e6re godtfolk,\u00bb sa Undheim. \u00abNo skulle me ha opna Garborgsenteret. Men store ting har hendt i verda.\u00bb Spenninga var andelaus. \u00abMe har f\u00e5tt ein ny diktar!\u00bb<\/p>\n<p>Stor jubel, men ein og annan peip, sannsynlegvis av glede.<\/p>\n<p>\u00abP\u00e5 nettsidene v\u00e5re den siste tida har me sett noko heilt nytt,\u00bb sa Inger. \u00abEin artikkel av uante dimensjonar. Me har sett korleis det er mogleg \u00e5 kombinera sakprosa med spenning, berre det skjer noko spennande. Me har f\u00e5tt fylgja med p\u00e5 kaldblodige drap, biljakter, mystiske m\u00e5leri og ukontrollert hekkan. Alt sydd i hop som ein Gonzo-artikkel med poetisk spr\u00e5k. Med dette,\u00bb sa ho og gjorde teikn til kongen, som straks vakna og klipte snora; \u00aberkl\u00e6rer eg Gonzosenteret for opna!\u00bb<\/p>\n<p>\u00abGonzo! Gonzo! Gonzo!\u00bb<\/p>\n<p>Folk var heilt i ekstase.<\/p>\n<p>\u00abKom opp, kj\u00e6re formidlar!\u00bb<\/p>\n<p>Eg br\u00f8yta meg ivrig veg mot podiet. Det var ikkje lett, alle\u00a0skulle ta p\u00e5 meg. D\u00e5 eg gjekk opp trappa vart jubelen elektrisk. H\u00e5ret reiste seg. Ungane fors\u00f8kte \u00e5 r\u00f8ra ved meg, dei unge kvinnene kasta undert\u00f8y til meg, gamle menn knelte og velsigna meg.<\/p>\n<p>Dei to politibetjentane lyfta meg opp p\u00e5 gullstol.\u00a0Den eine av dei kviskra \u00abhugs, du er ikkje eit menneske.\u00bb<\/p>\n<p>Den andre fulgte opp:\u00a0\u00abDu er den nye Garborg no.\u00bb<\/p>\n<p>Hunden deira logra venleg.<\/p>\n<p>\u00abMine damer og herrar,\u00bb sa Inger d\u00e5 eg inntok podiet og stilte meg opp ved sida av henne; \u00ablat meg presentera: Gonzo Johnsen! V\u00e5r st\u00f8rste forfattar!\u00bb<\/p>\n<p>Eg gav henne ein skikkeleg klem, det hadde ho fortent. Ja, kulturministeren \u00f2g. S\u00e5 hyggeleg! Og dronning Sonja, hei hei!\u00a0Og\u00a0kongen ja, eg\u00a0klaska han kameratsleg i\u00a0ryggen \u2013\u00a0og stilte meg ved mikrofonen.<\/p>\n<p>\u00abTakk,\u00bb sa eg, \u00abtusen hjarteleg takk, alle saman.\u00bb<\/p>\n<p>Eg rekte armane i v\u00earet og s\u00e5g utover folkehavet. Dei smilte. Dei jubla. Konfettien dalte ned fr\u00e5 H\u00f8ghuset, alle helsa og klappa for meg. Korpset spelte den nykomponerte Gonzo-marsjen. Herborg Kr\u00e5kevik song \u00abGonzo, kjempers f\u00f8rstemann\u00bb. Det glimta overalt. I musikkinstrument, i blitsar, i auga \u2013\u00a0i den velkjente revolveren John Fossmark no tok opp ifr\u00e5 lomma si.<\/p>\n<p>Det var det siste eg s\u00e5g f\u00f8r det smalt.<\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\"><strong>_________<\/strong><\/span><br \/>\nTakk for alt,<br \/>\n<strong>Gonzo Johnsen<\/strong><br \/>\nDen nye Garborg<br \/>\nGonzosenteret<\/p>\n<p>Til <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kategori\/garborgs-galningar\/\">oversynsside<\/a><br \/>\nNeste: <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/til-deg\/\">Til deg<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"448\" height=\"198\" style=\"margin-bottom: 10px;margin-right: 10px\" alt=\"Episode30liggandeWeb\" src=\"images\/stories\/garborgsenter\/Garborgs_galningar\/Episode30liggandeWeb.jpg\" \/><\/p>\n<p><span style=\"color: #808080\">Episode 29.<\/span><\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":3736,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[14],"tags":[],"class_list":["post-468","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.4 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Episode 29: Garborgsenteret opnar! - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Episode 29: Garborgsenteret opnar! - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Episode 29.\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2012-07-09T22:00:00+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2022-08-02T13:24:06+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode30liggande2.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"1238\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"548\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"8 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"headline\":\"Episode 29: Garborgsenteret opnar!\",\"datePublished\":\"2012-07-09T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2022-08-02T13:24:06+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/\"},\"wordCount\":1385,\"commentCount\":0,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode30liggande2.jpg\",\"articleSection\":[\"Garborgs galningar av Gonzo Johnsen\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"CommentAction\",\"name\":\"Comment\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/#respond\"]}]},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/\",\"name\":\"Episode 29: Garborgsenteret opnar! - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode30liggande2.jpg\",\"datePublished\":\"2012-07-09T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2022-08-02T13:24:06+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode30liggande2.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode30liggande2.jpg\",\"width\":1238,\"height\":548},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/garborgsenteret-opnar\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Episode 29: Garborgsenteret opnar!\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Episode 29: Garborgsenteret opnar! - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Episode 29: Garborgsenteret opnar! - Garborgsenteret","og_description":"Episode 29.","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2012-07-09T22:00:00+00:00","article_modified_time":"2022-08-02T13:24:06+00:00","og_image":[{"width":1238,"height":548,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode30liggande2.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"8 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"headline":"Episode 29: Garborgsenteret opnar!","datePublished":"2012-07-09T22:00:00+00:00","dateModified":"2022-08-02T13:24:06+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/"},"wordCount":1385,"commentCount":0,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode30liggande2.jpg","articleSection":["Garborgs galningar av Gonzo Johnsen"],"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"CommentAction","name":"Comment","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/#respond"]}]},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/","name":"Episode 29: Garborgsenteret opnar! - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode30liggande2.jpg","datePublished":"2012-07-09T22:00:00+00:00","dateModified":"2022-08-02T13:24:06+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode30liggande2.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode30liggande2.jpg","width":1238,"height":548},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/garborgsenteret-opnar\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Episode 29: Garborgsenteret opnar!"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode30liggande2.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/468","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=468"}],"version-history":[{"count":9,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/468\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":9488,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/468\/revisions\/9488"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3736"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=468"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=468"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=468"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}