{"id":467,"date":"2012-07-31T23:00:00","date_gmt":"2012-07-31T22:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/"},"modified":"2017-11-15T11:16:38","modified_gmt":"2017-11-15T09:16:38","slug":"ut-og-et","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/","title":{"rendered":"Episode 7: Ut og et!"},"content":{"rendered":"<p><strong>Dette er saka:<\/strong><em> Formidlaren ved Garborgsenteret \u2013 eit framifr\u00e5 museum som opnar om berre nokre veker \u2013 har vore p\u00e5 bes\u00f8k hj\u00e5 ein tidlegare kollega for \u00e5 studera eit mystisk portrett av Arne Garborg. Dette var inngangen til ein diskusjon omkring den velkjende sp\u00e5domen om at ein ny Garborg skal koma; dei konkluderte med at vedkomande m\u00e5 finnast og uskadeleggjerast. Mykje tyder p\u00e5 at det er Einar O. Risa eller Nils Henrik Smith dei ser etter. Mot slutten av f\u00f8rre episode n\u00e6rlas dei andreutg\u00e5va av diktsamlinga I Helheim og fann ei profetisk setning som sa: \u00abUt og et! Ut og et!\u00bb Difor er dei no p\u00e5 veg til Kaf\u00e9 Garborgstova for \u00e5 eta.<\/em><\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\"><strong>Min tidlegare kollega<\/strong><\/span>, John Fossmark, lektor og musikalsk hjerne i rockebandet <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/TMnamnelogo.png\">Trette Menn<\/a>, hadde leia an ned trappehuset.<\/p>\n<p>Me forlet Slottsblokka, der han hadde leilegheit i \u00f8vste etasjen, og gjekk hurtig ned den bratte Tinghaugvegen. Me passerte Shell-stasjonen og rusla inn i Arne Garborgs veg, som nest etter riksvegen var den st\u00f8rste og viktigaste ferdsels\u00e5ra i byen. Dette var ein av berre tretten vegar i landet som var oppkalla etter den store diktaren, noko som manifesterte v\u00e5r tids intellektuelle forfall.<\/p>\n<p>\u00abDet er rare tider me lever i,\u00bb sa eg.<\/p>\n<p>\u00abNei, ikkje eg,\u00bb svarte Fossmark; \u00abmen kanskje du.\u00bb<\/p>\n<p>Me m\u00e5tte finna og uskadeleggjera den nye Garborg. Men fyrst m\u00e5tte me identifisera han. Alt tyda p\u00e5 at han var ein av to: <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/Risa_passbileteWeb.jpg\">Einar O. Risa<\/a> eller <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/Smith_passbileteWeb.jpg\">Nils Henrik Smith<\/a>. Sj\u00f8lv hadde eg Jan Zahl som eit mogleg tredje alternativ, men dette var blitt\u00a0bryskt avvist av Fossmark. Han kunne ikkje sj\u00e5 for seg den nye Garborg som ein <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/Zahl-passbileteWeb.jpg\">dandy med tjukke kr\u00f8ller<\/a>. Den opprinnelege <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/Garborg_passbilete2.jpg\">Garborg<\/a> hadde jo stritt h\u00e5r, og det han hadde var heller tynt.<\/p>\n<p>D\u00e5 me kryssa den regnv\u00e5te vegen, drog eg hetta over hovudet. Me gjekk langs m\u00f8lledammen Kongo, menga oss med stokkender og metall-piltane i Fritz R\u00f8ed sin skulpturpark. D\u00e5 me n\u00e6rma oss torget, m\u00f8tte me ein barnehage p\u00e5 tur. Dei kom p\u00e5 rad og rekkje, sm\u00e5j\u00e6vlar i oljedressar og h\u00f8gst\u00f8vlar. Dei skravla og song og lagde eit larmande leven.<\/p>\n<p>\u00abPip, pip, det so seg lagar \/ alle Dagar \/ at Monsemann meg jagar \/ men kann meg aldri faa.\u00bb<\/p>\n<p>Br\u00e5tt, men lydlaust, man\u00f8vrerte Fossmark sitt forvokste legeme over ein diger stein i vegkanten. Han stilte seg i skuggen, tok stilling, greip revolveren med begge hender og sikta p\u00e5 ei av dei sm\u00e5, s\u00f8te jentene som gjekk fyrst. Ho hadde rosa lue og musefletter som stakk ut bak \u00f8yrene.<\/p>\n<p>D\u00e5 fingeren hans n\u00e5dde avtrekkaren, kasta eg meg fram og slo handskytaren ut av nevane hans.<\/p>\n<p>Me rulla rundt p\u00e5 bakken, landa hovudkulls i ein skitten bladhaug. Han reiste seg rasande opp att, med meg p\u00e5 hovudet; rista kroppen som ei blaut bikkje og lo ondt d\u00e5 eg\u00a0deiste i\u00a0bakken. Han sa eg hadde godt av \u00e5 sl\u00e5 meg. S\u00e5 b\u00f8ygde han seg, plukka opp revolveren, s\u00e5g seg fr\u00e5 side til side \u2013 men barnehageborna hadde forsvunne inn i Storgata.<\/p>\n<p>\u00abSattan!\u00bb sa Fossmark iltert. \u00abEg hadde han p\u00e5 kornet, Gonzo.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abHan? Det var ei lita jente, jo.\u00bb<\/p>\n<p>Det var like f\u00f8r han hoppa p\u00e5 meg.<\/p>\n<p>\u00abKva om Risa er ein meister i forkledning? Har du tenkt p\u00e5 d\u00e9t?\u00bb\u00a0Han peika\u00a0mot r\u00e6vdiltarane: \u00abSkal me g\u00e5 etter dei?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abMe skal jo eta,\u00bb sa eg, og la til: \u00abslik som Garborg sa.\u00bb<\/p>\n<p><em>Ut og et! Ut og et!<\/em><\/p>\n<p>Meir skulle det ikkje til f\u00f8r Fossmark gav seg. Eg hadde alltid vore temmeleg dyktig til \u00e5 manipulera folk, men dette gjekk over all forventning. Heldigvis romla magen hans noko heilt forderveleg, han berre <em>m\u00e5tte<\/em> ha mat. Det var fordi han s\u00e5 svolten at han handla overilt, sa han, det hadde han alltid gjort.<\/p>\n<p>\u00abHugsar du den gongen eg stal ein traktor p\u00e5 Vinje?\u00bb spurde han. \u00abEin raud Massey-Ferguson med tungmetallfelgar, doble dekk og magnetisk mobiltelefonhaldar. Berre p\u00e5 faen k\u00f8yrde eg heile natta utan lys. Eg fylte bensin utan \u00e5 betala for meg, og stal kaffi b\u00e5de her og der. Eg heiv molotovcocktails p\u00e5 ein par-tri bilar som eg kunne sj\u00e5 var registrerte i Tr\u00f8ndelag. Og d\u00e5 eg kom heim, p\u00e5 morgonkvisten ein gong, pl\u00f8yde eg opp halve kunstgrasbanen p\u00e5 K\u00e5sen f\u00f8r politiet skulle ta meg.\u00bb Han smilte ein augneblink. \u00abDet sto i J\u00e6rbladet, Gonzo, kan du hugsa det?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abJa,\u00bb sa eg.<\/p>\n<p>\u00abDet var berre fordi eg var svolten, ser du.\u00bb<\/p>\n<p>Etter glimtet av sj\u00f8lvinnsikt blei han snill som eit p\u00e5skelam. Han beklaga det inntrufne og gjekk s\u00e5gar med p\u00e5 \u00e5 putta revolveren i lomma. Han lova at han berre skulle ta han fram igjen viss det blei absolutt naudsynt eller me m\u00f8tte nokre tr\u00f8nderar. P\u00e5 vegen over torget b\u00f8rsta me dei siste l\u00f8vblada av kleda, og helste til Garborg-statuen. Fossmark helste fordi han var h\u00f8fleg, eg fordi eg var instruert til det.<\/p>\n<p>D\u00e5 me kom til Tjemsland, byrja det \u00e5 hagla, sj\u00f8lv om det var sommar. Eg s\u00f8kte instinktivt ly innanfor d\u00f8ra, og Fossmark kom etter. Medan eg sto der, i gangen, og let regn og og hagl renna av meg, la eg merke til at Fossmark var heilt t\u00f8rr. Eg fekk ikkje dette til \u00e5 henga p\u00e5 greip, s\u00e5 eg spurde kva det gjekk i.<\/p>\n<p>\u00abLat meg seia det slik,\u00bb sa Fossmark, \u00abeg treng ikkje nokon ny Garborg s\u00e5 lenge eg trivst med den gamle.\u00bb<\/p>\n<p>Han s\u00e5g \u00e5ndfullt ut gjennom d\u00f8ra, og opp p\u00e5 himmelen.<\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\">_________<\/span><br \/>\nInntil vidare,<br \/>\n<strong>Gonzo Johnsen<br \/>\n<\/strong>Revolverformidlar<br \/>\nNasjonalt Garborgsenter<br \/>\n<em>Til <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kategori\/garborgs-galningar\/\">oversynsside<\/a><\/em><br \/>\n<em>Neste: <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/litteraturhooligans\/\">Litteraturhooligans!<\/a><\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"505\" height=\"245\" style=\"margin-bottom: 10px;margin-right: 10px\" alt=\"Episode7liggande\" src=\"images\/stories\/garborgsenter\/Garborgs_galningar\/Episode7liggande.jpg\" \/><\/p>\n<p><span style=\"color: #808080\"><br \/>Episode 7.<\/span><\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":3621,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[14],"tags":[],"class_list":["post-467","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.3 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Episode 7: Ut og et! - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Episode 7: Ut og et! - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Episode 7.\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2012-07-31T22:00:00+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2017-11-15T09:16:38+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode7liggande.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"505\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"245\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"5 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99\"},\"headline\":\"Episode 7: Ut og et!\",\"datePublished\":\"2012-07-31T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:16:38+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/\"},\"wordCount\":943,\"commentCount\":0,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode7liggande.jpg\",\"articleSection\":[\"Garborgs galningar av Gonzo Johnsen\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"CommentAction\",\"name\":\"Comment\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/#respond\"]}]},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/\",\"name\":\"Episode 7: Ut og et! - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode7liggande.jpg\",\"datePublished\":\"2012-07-31T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:16:38+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode7liggande.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode7liggande.jpg\",\"width\":505,\"height\":245},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/ut-og-et\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Episode 7: Ut og et!\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Episode 7: Ut og et! - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Episode 7: Ut og et! - Garborgsenteret","og_description":"Episode 7.","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2012-07-31T22:00:00+00:00","article_modified_time":"2017-11-15T09:16:38+00:00","og_image":[{"width":505,"height":245,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode7liggande.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"5 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99"},"headline":"Episode 7: Ut og et!","datePublished":"2012-07-31T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:16:38+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/"},"wordCount":943,"commentCount":0,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode7liggande.jpg","articleSection":["Garborgs galningar av Gonzo Johnsen"],"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"CommentAction","name":"Comment","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/#respond"]}]},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/","name":"Episode 7: Ut og et! - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode7liggande.jpg","datePublished":"2012-07-31T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:16:38+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode7liggande.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode7liggande.jpg","width":505,"height":245},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/ut-og-et\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Episode 7: Ut og et!"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode7liggande.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/467","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=467"}],"version-history":[{"count":8,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/467\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3871,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/467\/revisions\/3871"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3621"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=467"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=467"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=467"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}