{"id":455,"date":"2012-08-02T23:00:00","date_gmt":"2012-08-02T22:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/"},"modified":"2017-11-15T11:14:53","modified_gmt":"2017-11-15T09:14:53","slug":"i-helheim","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/","title":{"rendered":"Episode 5: I Helheim"},"content":{"rendered":"<p><strong>Dette er saka: <\/strong><em>Formidlaren ved Garborgsenteret \u2013 eit museum som opnar om berre nokre veker \u2013 er i leilegheita til ein tidlegare kollega for \u00e5 sj\u00e5 eit mystisk portrett av Arne Garborg. Det visar seg at diktaren sin sp\u00e5dom er i ferd med \u00e5 g\u00e5 oppfyllelse: ein ny Garborg skal koma, den gamle blir gl\u00f8ymt. Det heile er s\u00e6rs dramatisk.<\/em><\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\"><strong>John Fossmark<\/strong><\/span>, norsklektor og rockeartist, hadde nyss vist sitt kraftfulle intellekt. Ikkje berre var han lynande intelligent og hadde evna til \u00e5 sj\u00e5 kausale samanhengar, men han var ogs\u00e5 innehavar av eit portrett av Arne Garborg, biletet som kunne gje oss l\u00f8ysinga p\u00e5 diktarens profeti. Den dagen Garborgsenteret opna sine d\u00f8rer ville den nye Garborg syna seg. Den gamle skulle gl\u00f8ymast, Garborgsenteret m\u00e5tte stenga og eg ville mista jobben. Men det ville ogs\u00e5 f\u00e5 st\u00f8rre konsekvensar: morgondagens ungdom ville ikkje f\u00e5 Garborg p\u00e5 l\u00e6replanen.<\/p>\n<p>Dovre var eit korthus, gamle Noreg sto for fall.<\/p>\n<p>Eg jumpa ut p\u00e5 altanen og spydde ned fr\u00e5 \u00f8vste etasje.<\/p>\n<p>\u00abF\u00e5 det ut,\u00bb sa Fossmark. \u00abDet er eit sjokk. Sj\u00f8lvsagt er det det.\u00bb Han tok ein pause, f\u00f8r han sa: \u00abSpy litt meir mot h\u00f8gre, er du snill. Eg likar ikkje dei som bur der.\u00bb Han peste. \u00abDei er ikkje fritenkjarar.\u00bb<\/p>\n<p>Eg kraup inn igjen, dumpa tungt ned i sofaen hans, lente meg bak\u00e5t og lukka augene. Det hamra i brystet. Kva skulle me gjera?<\/p>\n<p><em>N\u00e5r Garborg veks inn i himmelen, skal ein ny diktar koma.<\/em><\/p>\n<p>John Fossmark hadde svar. Han sa at dette hadde han tenkt p\u00e5 lenge, dilemmaets l\u00f8ysing ville vera fullbyrdinga av livsgjerninga hans. Kampen me no sto overfor passa han slik den andre verdskrigen hadde passa Churchill, slik Napoleonskrigane hadde\u00a0passa Napoleon, slik Torskekrigen hadde passa laksen og auren. Fossmark meinte me hadde to moglegheiter. Anten m\u00e5tte me setta fyr p\u00e5 H\u00f8ghuset slik at Garborgsenteret ikkje p\u00e5 noko vis kunne veksa inn i himmelen og oppfylla sp\u00e5domen. Eller s\u00e5 m\u00e5tte me finna den nye Garborg og uskadeleggjera han.<\/p>\n<p>\u00abIkkje brann\u00bb, sa eg, \u00abd\u00e5 forsvinn jo arbeidsstaden min, okke som.\u00bb<\/p>\n<p>Fossmark var einig. Sj\u00f8lv om han hadde eit islett av pyromani i seg, sa han \u2013 og eit trassig behov for \u00e5 framst\u00e5 som ein nihilist i adventstida \u2013 var han ikkje terrorist. Han ville ikkje skada nokon. Me fekk heller finna den nye Garborg og uskadeleggjera han.<\/p>\n<p>\u00abKorleis gjer me det?\u00bb spurde eg.<\/p>\n<p>\u00abMe drep han,\u00bb sa Fossmark, \u00abog det gler eg meg til.\u00bb<\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\"><strong>For at livet<\/strong><\/span> skulle g\u00e5 sin vante gang, Garborg halda p\u00e5 posisjonen som v\u00e5r st\u00f8rste forfattar og tenkjar, og for at Garborgsenteret skulle opna som planlagt, m\u00e5tte eg og John Fossmark finna den nye Garborg. Men korleis gjorde me d\u00e9t? Kven kunne han vera?<\/p>\n<p>Fossmark sa at me kunne ta det heilt med ro. Me hadde tilgang p\u00e5 dei beste hjelpemidla som fanst, nemleg portrettet og den visjon\u00e6re diktsyklusen I Helheim. Dessutan kunne me nytta hovudet.<\/p>\n<p>\u00ab\u00c5 ja,\u00bb sa eg, \u00abdet hadde eg gl\u00f8ymt.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abVeit det,\u00bb sa Fossmark, \u00abeg kjenner deg s\u00e5pass.\u00bb<\/p>\n<p>Han presiserte at den nye Garborg var n\u00f8ydd til vera ein me allereie hadde h\u00f8yrt om. Det m\u00e5tte vera ein forfattar som var anerkjent, trass alt m\u00e5tte han st\u00e5 fram i l\u00f8pet av eit par veker. Han sto p\u00e5 terskelen sitt livs gjennombrot, jamvel eit europeisk gjennombrot. Men var det nok? Kunne det vera fleire variablar?<\/p>\n<p>\u00abGeografi,\u00bb sa eg.<\/p>\n<p>\u00abGodt tenkt, Gonzo. Den nye Garborg m\u00e5 jo ha noko til felles med den gamle for \u00e5 kunne kallast den nye. Det er berre logisk. Han m\u00e5 vera herifr\u00e5, timebu, det m\u00e5 me rekna med.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abOg mann?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abJa, for elles ville han ha vore den nye Hulda.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abOg tenk kva konsekvensar det ville ha f\u00e5tt\u00bb, sa eg \u2013 og f\u00f8rte oss ut i eit apokalyptisk scenario om eit Noreg utan bunadar, utan folkedans, utan Det norske Teatret. Vidare diskuterte me kvantefysikk, Guds opprinnelse og kvifor Nietszche ikkje nytta ord som nedrinnelse om Gud n\u00e5r Han slutta \u00e5 eksistera. Til slutt tok me for oss sp\u00f8rsm\u00e5let om det var Tom Lund eller Roger Albertsen som var sist p\u00e5 ballen d\u00e5 Noreg gjekk opp til 2-1 mot England i 1981. Endeleg kom me tilbake til sp\u00e5domen om den nye Garborg. Me var einige om at det m\u00e5tte vera ein etablert og anerkjent forfattar, han m\u00e5tte vera fr\u00e5 Time kommune og han m\u00e5tte utvilsamt vera mann.<\/p>\n<p>\u00abMen ikkje s\u00e5 mannsleg som meg,\u00bb sa John. \u00abEg er noko i overkant.\u00bb<\/p>\n<p>Han stilte seg sidelengs og strama bicepsane.<\/p>\n<p>Me gjekk igjennom kandidatane. Dei viste seg \u00e5 vera kleppsbuar, h\u00e5buar eller kvinner mest heile bunten. Til slutt sto me att med berre tri kandidatar. Fleire var det ikkje som oppfylte kriteria v\u00e5re. Den nye Garborg m\u00e5tte vera <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/Risa_passbileteWeb.jpg\">Einar O. Risa<\/a>, <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/Smith_passbileteWeb.jpg\">Nils Henrik Smith<\/a> eller <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/Zahl-passbileteWeb.jpg\">Jan Zahl<\/a>. Risa var i skotet for tida, han hadde nyss gjeve ut den fjerde romanen i ein trilogi, \u00abM. Kanne &amp; S\u00f8n\u00bb, ei bedrift som i seg sj\u00f8lv var imponerande; og han hadde f\u00e5tt eit slags nasjonalt gjennombrot. Smith hadde berre gjeve ut to b\u00f8ker i heile sitt liv, til saman like tjukke som \u00e9i; men den fyrste, Manhattan, hadde gjeve han Tarjei Vesaas\u00bb debutantpris, og no dreiv han og sulla nedover i Europa \u2013 slik den unge Garborg hadde gjort.<\/p>\n<p>\u00abZahl d\u00e5?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abJau,\u00bb sa Fossmark, \u00abZahl har gjeve ut fleire b\u00f8ker, han driv i avisbransjen som Garborg. Men,\u00bb Fossmark slo i bordet, \u00abhan er ein dandy med kr\u00f8ller! Og kr\u00f8ller, det hadde ikkje Garborg.\u00bb Han t\u00f8mte kaffikoppen og sa: \u00abZahl er ute.\u00bb<\/p>\n<p>Eg protesterte. H\u00e5r var vel ikkje ein av variablane me var blitt einige om? Eg trudde me var samde om at den nye Garborg kunne vera kven som helst, berre han var ein kjend forfattar, mann og at han kom\u00a0ifr\u00e5 Time.<\/p>\n<p>\u00abKor kjem dette med h\u00e5r inn, John?\u00bb spurde eg.<\/p>\n<p>\u00abDu har rett, Gonzo,\u00bb sa Fossmark. \u00abMe sa ikkje noko om det med kr\u00f8ller.\u00bb Han reiste seg og br\u00f8lte: \u00abEg tok det som ein sj\u00f8lvf\u00f8lge!\u00bb<\/p>\n<p>Me sto igjen me to: Smith og Risa.<\/p>\n<p>\u00abNei, vent!\u00bb sa eg. \u00abDet er \u00e9in til!\u00bb<\/p>\n<p>\u00abKva?\u00bb Fossmark m\u00e5pte. \u00abEin til? Fr\u00e5 Time? Du k\u00f8ddar?\u00bb<\/p>\n<p>\u00ab<a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/ForfWeb.jpg\">Han<\/a> som skreiv bok om fotballklubben, kan han vera den nye Garborg?\u00bb<\/p>\n<p>Fossmark lo s\u00e5 han svaia.<\/p>\n<p>\u00abHoho! Sei at det er ein sp\u00f8k, Gonzo! Hihihihi! Eg ser det for meg. Hihi! Det skulle tatt seg ut, he he he.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abJa!\u00bb lo eg. \u00abDet <em>er<\/em> ein sp\u00f8k, John!\u00bb<\/p>\n<p>\u00abEin <em>god<\/em> sp\u00f8k\u00bb sa han. \u00abMen no m\u00e5 me verta alvorlege. Me m\u00e5 finna ut om det er Smith eller Risa som er den nye Garborg.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abKorleis gjer me det?\u00bb spurde eg.<\/p>\n<p>\u00abMe g\u00e5r til skriftene. Me m\u00e5 lesa I Helheim.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abKva kan me finna der, som andre ikkje har sett?\u00bb spurde eg.<\/p>\n<p>Han viste meg forsida igjen. N\u00e5r eg no s\u00e5g skikkeleg godt etter, kunne eg sj\u00e5 at det var <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/CoverwebHelheim2.jpg\">andreutg\u00e5va<\/a>.<\/p>\n<p>Fossmark presiserte at Garborg jo var eit geni, det m\u00e5tte me aldri gl\u00f8yma; og for geniale gl\u00f8ggingar var det ikkje s\u00e5 vanskeleg \u00e5 lura folk, det hadde han sj\u00f8lv erfart. Fossmark lurte folk heile tida. Garborg m\u00e5tte ha visst at folk ville rekna fyrsteutg\u00e5va som viktigast, for det vestlege mennesket var framleis impresjonistiske i sitt kollektive undermedvit; dei innbilte seg at skaparaugneblinken inneheldt noko unikt. Difor ville Garborg ha notert sp\u00e5domane sine i andreutg\u00e5va, det verket lesarar flest ville vurdera som medvite i gjerningsaugneblinken og difor ikkje som ekte, ukontrollert kunst det var umogleg \u00e5 begripa. I andreutg\u00e5ver kunne l\u00f8yndomar skjulast i ein mannsaldar.<\/p>\n<p>\u00abTil det kjem ein lesar like gl\u00f8gg som forfattaren,\u00bb sa Fossmark \u2013 og stilte seg under taklampa.<\/p>\n<p>\u00abOpna boka!\u00bb sa eg. \u00abFort, fort! Kva st\u00e5r det?\u00bb<\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\"><strong>_________<\/strong><\/span><br \/>\nInntil vidare,<br \/>\n<strong>Gonzo Johnsen<\/strong><br \/>\nRevolverformidlar<br \/>\nNasjonalt Garborgsenter<\/p>\n<p>Til<a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kategori\/garborgs-galningar\/\"> oversynsside <\/a><br \/>\n<em>Neste: <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/alf-buestreng\/\"><strong>Alf Buestreng!<\/strong><\/a><\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"295\" height=\"149\" style=\"margin-bottom: 10px;margin-right: 10px\" alt=\"Episode_5web_liggande2\" src=\"images\/stories\/garborgsenter\/Garborgs_galningar\/Episode_5web_liggande2.jpg\" \/><\/p>\n<p><span style=\"color: #808080\">Episode 5.<\/span><\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":3609,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[14],"tags":[],"class_list":["post-455","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.7 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Episode 5: I Helheim - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Episode 5: I Helheim - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Episode 5.\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2012-08-02T22:00:00+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2017-11-15T09:14:53+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/08\/20111011_009_oej.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"295\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"149\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"7 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"headline\":\"Episode 5: I Helheim\",\"datePublished\":\"2012-08-02T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:14:53+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/\"},\"wordCount\":1332,\"commentCount\":0,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/08\\\/20111011_009_oej.jpg\",\"articleSection\":[\"Garborgs galningar av Gonzo Johnsen\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"CommentAction\",\"name\":\"Comment\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/#respond\"]}]},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/\",\"name\":\"Episode 5: I Helheim - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/08\\\/20111011_009_oej.jpg\",\"datePublished\":\"2012-08-02T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:14:53+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/08\\\/20111011_009_oej.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/08\\\/20111011_009_oej.jpg\",\"width\":295,\"height\":149},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/i-helheim\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Episode 5: I Helheim\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Episode 5: I Helheim - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Episode 5: I Helheim - Garborgsenteret","og_description":"Episode 5.","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2012-08-02T22:00:00+00:00","article_modified_time":"2017-11-15T09:14:53+00:00","og_image":[{"width":295,"height":149,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/08\/20111011_009_oej.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"7 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"headline":"Episode 5: I Helheim","datePublished":"2012-08-02T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:14:53+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/"},"wordCount":1332,"commentCount":0,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/08\/20111011_009_oej.jpg","articleSection":["Garborgs galningar av Gonzo Johnsen"],"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"CommentAction","name":"Comment","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/#respond"]}]},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/","name":"Episode 5: I Helheim - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/08\/20111011_009_oej.jpg","datePublished":"2012-08-02T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:14:53+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/08\/20111011_009_oej.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/08\/20111011_009_oej.jpg","width":295,"height":149},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/i-helheim\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Episode 5: I Helheim"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/08\/20111011_009_oej.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/455","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=455"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/455\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3869,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/455\/revisions\/3869"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3609"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=455"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=455"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=455"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}