{"id":454,"date":"2012-07-23T23:00:00","date_gmt":"2012-07-23T22:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/"},"modified":"2017-11-15T11:26:43","modified_gmt":"2017-11-15T09:26:43","slug":"plysj-og-pafuglar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/","title":{"rendered":"Episode 15: Plysj og p\u00e5fuglar"},"content":{"rendered":"<p><strong>Dette er saka:<\/strong> <em>Den nye Garborg m\u00e5tte uskadeleggjerast for at den gamle ikkje skulle bli overskugga. Det viste seg at journalist og forfattar Jan Zahl var den skuldige. I f\u00f8rre episode vart han fullt fortent skoten av norsklektor John Fossmark og ein vikar p\u00e5 Garborgsenteret. Dei er no p\u00e5 flukt fr\u00e5 politiet. Vert dei tekne? F\u00f8lg med! Det er sabla spennande.<\/em><\/p>\n<p><strong><br \/>\n<span style=\"color: #ff0000;\">Politibetjentane Strand og Salte<\/span> <\/strong>sprang nedover Garborgsenterets kontorkorridor. Dei var i sivil, men hadde tunge skor og steg s\u00e5 kraftfulle at det rista st\u00f8vet av gamle b\u00f8ker. Heldigvis f\u00f2r dei rett forbi oss, dei stogga fyrst ved den kvite d\u00f8ra i enden av gangen, den som leia til utstillingslokalet og H\u00f8ghuset. Me kikka forsiktig ut i m\u00f8rkret. Me hadde g\u00f8ymt oss p\u00e5 kontoret til sjefen min; men dukka sn\u00f8gt, d\u00e5 ho kom halsande etter for \u00e5 l\u00e5sa opp for dei.<\/p>\n<p>Me h\u00f8yrde at politiane sprang vekk, og sjefen min gjekk hurtig tilbake til Storsalen. Ho m\u00e5tte vel roa publikum som hadde vore vitne til drapet p\u00e5 Jan Zahl.<\/p>\n<p>Heldigvis hadde ho\u00a0gl\u00f8ymt \u00e5 l\u00e5sa kontoret, og me var nok trygge der ei stund til. Men \u00e5 koma seg vekk, det kunne bli vanskeleg.<\/p>\n<p>\u00abKva gjer me no?\u00bb spurde eg. \u00abKorleis kjem me oss ut av dette uf\u00f8ret?\u00bb<\/p>\n<p>John Fossmark, nordist og skarp musikar i rockebandet Trette menn, hadde svaret.<\/p>\n<p>\u00abMe g\u00e5r til Garborg,\u00bb sa han roleg.<\/p>\n<p>Han fann fram igjen tredjeutg\u00e5va av \u00abI Helheim\u00bb, diktsamlinga som med sitt profetiske \u00abDen som liknar aller mest \/ er kje \u00e5 rekna som Folke flest\u00bb hadde leia oss til forfattaren Jan Zahl. Han kom rett fr\u00e5 fris\u00f8ren og likna Arne Garborg noko grueleg, med nystussa munnskjegg og snauklipt skalle. Fylgjeleg hadde me uskadeleggjort Zahl p\u00e5 moderne vis. Fossmark plaffa han rett ned framfor \u00e5tti menneske, samt ei dame i rullestol som sugte p\u00e5 ein kamferdrops. S\u00e5 stakk me. Fossmark og eg r\u00f8mde ut av Storsalen og inn i kontorkorridoren. F\u00f8r politiet fekk summa seg, smatt me inn p\u00e5 kontoret til sjefen.<\/p>\n<p>Eg s\u00e5g meg rundt. Eg hadde aldri vore her f\u00f8r. Rett nok hadde eg skrivebordet mitt like p\u00e5 utsida, i korridoren; men sjefen hadde alltid sagt at eg m\u00e5tte halda meg der ute, nyta ein god dags s\u00f8vn og ikkje forstyrra henne i snorkinga. Og snorkelydane fr\u00e5 kontoret hadde alltid vore h\u00f8ge. Lyden var mest som ei during; eg hadde alltid funne snorkinga b\u00e5de tiltalande og s\u00f8vndyssande, ja somme dagar seksuelt opphissande.<\/p>\n<p>Siklinga til utstillingsleiaren tiltalte meg atskilleg mindre.<\/p>\n<p>Eg kjente p\u00e5 Sjefen sin stol. \u00c5 gud, det var plysj! Eg elska plysj. Plysj var plysj, ferdig med det. Andre ting var andre ting. \u00c5, gjett om sjefen koste seg i ein stol av smakfull beige plysj. Og med slitesterkt kenguruskinn p\u00e5 utsette stader. Han hadde sidelengs hovudst\u00f8tte \u00f2g, i tillegg til at ryggst\u00f8et kunne leggast heilt ned. Eg pr\u00f8vde. Det var herleg! D\u00e5 eg inntok horisontalen, h\u00f8yrdest eit klikk; og br\u00e5tt kvilte dei slitne f\u00f8tene mine p\u00e5 ein elektrisk fotskammel med ankelmassasje! Ein radio slo seg p\u00e5 og eg h\u00f8yrde svak og roleg, men vakker, musikk. Mozart! Beethoven! <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/Veslem\u00f8y_Synsk.mp4\">Trette Menn<\/a>! Det var mest s\u00e5 eg ikkje ville sova likevel; eg ville lytta, lytta til den vakre musikken.<\/p>\n<p>Br\u00e5tt h\u00f8yrde eg eit nytt klikk. Musikken slo seg av. Ut av h\u00f8gtalarane kom snorkelydane eg kjende s\u00e5 godt. Eg vart rasande! Hadde ho lurt meg heile tida? L\u00e8t sjefen min som om ho sov, og s\u00e5 sat ho berre der og arbeidde?<\/p>\n<p>H\u00f8yrde eg riktig godt etter, kunne eg h\u00f8yra ei svak, men skarp kvesing opp\u00e5 snorkinga. Det var sjefen si stemme, ho var rett sinna. \u00abKenneth!\u00bb kveste ho, \u00abKenneth! Gje deg med den snorkinga. Kenneth!\u00bb<\/p>\n<p>Eg var sjokkert. Var det snorkinga til mannen hennar som alltid hadde tiltalt meg s\u00e5 kolossalt, som eg tykte var s\u00e5 pirrande?<\/p>\n<p>Dette var eg n\u00f8ydd til \u00e5 legga bak meg.<\/p>\n<p>Eg s\u00e5g p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/Fossmarkles3web.jpg\">Fossmark<\/a>, men han var oppteken med \u00e5 studera \u00abI Helheim\u00bb.<\/p>\n<p>Eg opna skuffene, og kva fann eg? Masse arbeid! Ho Inger arbeidde kvar dag, ho! Dokument underskrive denne veka avsl\u00f8rte at ho hadde vore i kontakt med Mediafarm om utstillinga, Arkidea om dekoren, IKEA om butikkinventar, Kondomeriet om \u2026 ja, det var privat. Heldigvis. Ho hadde kontakta fleire forlag om \u00e5 utgje Hulda Garborg sine samla komediar; ja, ho hadde byrja p\u00e5 eit forord \u00f2g. Og ho hadde sendt ut brev med foresp\u00f8rslar om \u00f8konomisk st\u00f8tte til alle bedriftene p\u00e5 J\u00e6ren, ho hadde sett kaffikoppen i oppvaskmaskinen, ho hadde vore i kontakt med kongehuset vedr\u00f8rande deltaking under opningsseremonien.<\/p>\n<p>Til dette siste brevet hadde ho f\u00e5tt eit svar. Eg las:<\/p>\n<p>H\u00e6? Var eg mindre tiltalande enn utstillingsleiaren, ho som sikla? Nei, veit du kva! Og han som skulle vera konge for alle nordmenn. Dette viste berre ein ting: kongen hadde ikkje greie p\u00e5 mannfolk. Han hadde sikkert ikkje lese \u00abMannfolk\u00bb eingong. Som Garborg var eg sj\u00f8lvsagt republikanar.<\/p>\n<p>Eg s\u00e5g p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/Fossmarkles4web.jpg\">Fossmark<\/a>, men han var framleis oppslukt av diktsamlinga \u00abI Helheim\u00bb. Sj\u00f8lv kjende eg at situasjonen var under ein slags kontroll. Rett nok var politiet etter oss, og anklagde oss for mord \u2013 noko me utvilsamt var skuldige i, s\u00e6rleg Fossmark \u2013 men me hadde gjort det for ei god sak. At me knerta Jan Zahl, p\u00e5 aller mest kaldblodige vis, var noko ettertida ville takka oss for. Me hadde redda Garborgsenteret, me hadde berga l\u00e6replanen for den vidareg\u00e5ande skulen, me hadde auka den \u00f8konomiske verdien til tredjeutg\u00e5va av \u00abI Helheim\u00bb.<\/p>\n<p>Eg kjende meg trygg p\u00e5 at me snart vart feira som heltar.<\/p>\n<p>Medan eg venta p\u00e5 dette, kikte eg meg rundt om i rommet. Det var mykje ein ikkje kunne sj\u00e5 gjennom vindauget fr\u00e5 korridoren. To esker med p\u00e5fuglkjolar, til d\u00f8mes \u2013 sjefen min hadde alltid lika p\u00e5fuglar \u2013 og fire utstoppa p\u00e5fuglungar i sundagsklede.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lvsagt sto det ei bokhylle her \u00f2g, stappfull av b\u00f8ker. Og ikkje berre Arne og Hulda sine, slik ein kanskje skulle tru; nei, her sto klassikarar som Tarjei Vesaas\u00bb \u00abP\u00e5fuglane\u00bb, Jack Kerouacs \u00abP\u00e5fugl-kj\u00f8ret\u00bb, Olaug Nilssens \u00abF\u00e5 meg p\u00e5, fuglefaen!\u00bb<\/p>\n<p>P\u00e5 veggen hang eit bilete av Hulda Garborg med bunad og p\u00e5fuglhatt. Eit til av Hulda, i solnedgang. Eit av gr\u00e5tande Tuften. Over desse hang eit stort m\u00e5leri av Arne Garborg i nettoen. Eg s\u00e5g n\u00e6rare p\u00e5 det. Ein m\u00e5tte faktisk g\u00e5 heilt inntil for \u00e5 sj\u00e5 noko. Aha! Ein forfalskning. Biletet var signert <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/StormAen2.jpg\">Ivan Storm-Juliussen<\/a>, ein etterkomar av <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/StormAen2svartkvittVridd.jpg\">mannen<\/a> som fann Fossmark sitt <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/07\/BiletetWeb.jpg\">bilete<\/a> under andre verdskrigen.<\/p>\n<p>Eg s\u00e5g p\u00e5 Fossmark att, og denne gongen kikte han tilbake. Han kviskra hest:<\/p>\n<p>\u00abSj\u00e5, Gonzo.\u00bb<\/p>\n<p>Eg reiste meg fr\u00e5 den herlege stolen. Ja, eg hadde ikkje nokon som helst form for tresmak i baken d\u00e5 eg sette meg p\u00e5 huk ved sida av Fossmark. \u00abI Helheim\u00bb l\u00e5g framleis oppsl\u00e5tt i fanget hans. Han viste meg den velkjende setninga p\u00e5 midten av side 95:<\/p>\n<p><em>Den som liknar aller mest<\/em><br \/>\n<em>er kje \u00e5 rekna som Folke flest.<\/em><\/p>\n<p>\u00abMe las ikkje langt nok f\u00f8rre gongen,\u00bb sa han. \u00abSj\u00e5 der.\u00bb<\/p>\n<p>Han peika p\u00e5 den neste setninga. Eg las ho. Eg las ho to gonger. Eg las ho tri gonger. Eg gnei meg i augo. Det me hadde g\u00e5tt glipp av fyrste gongen, var:<\/p>\n<p><em>Sel eller Kval<\/em><br \/>\n<em>Rett eller gal<\/em><br \/>\n<em>Den nye Garborg er ikkje Jan Zahl.<\/em><\/p>\n<p><span style=\"color: #ff0000;\"><strong>_________<\/strong><\/span><br \/>\nInntil vidare,<br \/>\n<strong>Gonzo Johnsen<\/strong><br \/>\nVikar<br \/>\nNasjonalt Garborgsenter<\/p>\n<p><em>Til <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kategori\/garborgs-galningar\/\">oversynssida<\/a><\/em><br \/>\n<em>Neste: <a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/fossmark-er-ein-dass-og-eg-drit-i-han\/\"><strong>Fossmark er ein dass (og eg drit i han)!<\/strong><\/a><\/em><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"649\" height=\"329\" style=\"margin-bottom: 10px;margin-right: 10px\" alt=\"Episode15liggandeNY3\" src=\"images\/stories\/garborgsenter\/Garborgs_galningar\/Episode15liggandeNY3.jpg\" \/><\/p>\n<p><span style=\"color: #808080\">Episode 15.<\/span><\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":3676,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[14],"tags":[],"class_list":["post-454","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.7 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Episode 15: Plysj og p\u00e5fuglar - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Episode 15: Plysj og p\u00e5fuglar - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Episode 15.\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2012-07-23T22:00:00+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2017-11-15T09:26:43+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode15liggandeNY3.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"649\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"329\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"6 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"headline\":\"Episode 15: Plysj og p\u00e5fuglar\",\"datePublished\":\"2012-07-23T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:26:43+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/\"},\"wordCount\":1275,\"commentCount\":0,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode15liggandeNY3.jpg\",\"articleSection\":[\"Garborgs galningar av Gonzo Johnsen\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"CommentAction\",\"name\":\"Comment\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/#respond\"]}]},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/\",\"name\":\"Episode 15: Plysj og p\u00e5fuglar - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode15liggandeNY3.jpg\",\"datePublished\":\"2012-07-23T22:00:00+00:00\",\"dateModified\":\"2017-11-15T09:26:43+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode15liggandeNY3.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2012\\\/07\\\/Episode15liggandeNY3.jpg\",\"width\":649,\"height\":329},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/plysj-og-pafuglar\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Episode 15: Plysj og p\u00e5fuglar\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Episode 15: Plysj og p\u00e5fuglar - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Episode 15: Plysj og p\u00e5fuglar - Garborgsenteret","og_description":"Episode 15.","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2012-07-23T22:00:00+00:00","article_modified_time":"2017-11-15T09:26:43+00:00","og_image":[{"width":649,"height":329,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode15liggandeNY3.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"6 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"headline":"Episode 15: Plysj og p\u00e5fuglar","datePublished":"2012-07-23T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:26:43+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/"},"wordCount":1275,"commentCount":0,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode15liggandeNY3.jpg","articleSection":["Garborgs galningar av Gonzo Johnsen"],"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"CommentAction","name":"Comment","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/#respond"]}]},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/","name":"Episode 15: Plysj og p\u00e5fuglar - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode15liggandeNY3.jpg","datePublished":"2012-07-23T22:00:00+00:00","dateModified":"2017-11-15T09:26:43+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode15liggandeNY3.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode15liggandeNY3.jpg","width":649,"height":329},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/plysj-og-pafuglar\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Episode 15: Plysj og p\u00e5fuglar"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2012\/07\/Episode15liggandeNY3.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/454","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=454"}],"version-history":[{"count":6,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/454\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":3889,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/454\/revisions\/3889"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/3676"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=454"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=454"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=454"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}