{"id":433,"date":"2014-02-07T11:07:04","date_gmt":"2014-02-07T10:07:04","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/"},"modified":"2018-05-04T23:39:29","modified_gmt":"2018-05-04T21:39:29","slug":"arne-garborg-er-ein-readymade","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/","title":{"rendered":"Arne Garborg er ein readymade"},"content":{"rendered":"<p>&#8220;Kom og sj\u00e5,&#8221; seier Wergeland til meg idet me knuffar borti to connoisseurar, som ikkje kan bestemma seg for om dei skal vika for kunstnaren og meg eller dytta oss til sides. Han er vel neppe den mest namngjetne her inne, Even Smith Wergeland, men me er p\u00e5 den st\u00f8rste utstillinga for samtidskunst i Noreg nokon gong, temaet er 22. juli &#8211; nasjonens vonde samvit &#8211; og han har f\u00e5tt det f\u00f8rste rommet.<\/p>\n<p>For Garborgsenteret er han s\u00e5 avgjort den mest interessante. Hadde han ikkje invitert oss, s\u00e5 hadde me ikkje vore p\u00e5 Henie Onstad kunstsenter i det heile. D\u00e5 ville me ha sete i den slitte godstolen heime &#8211; i d\u00e5rlegare lys, men med spiss blyant &#8211; og studert gulna sider med gammal litteratur. Dessutan har han l\u00e5nt tre byster fr\u00e5 senteret v\u00e5rt, p\u00e5 Bryne, og gjort dei til delar av eit st\u00f8rre kunstverk &#8211; eller &#8220;kunstprosjekt&#8221; som Wergeland sj\u00f8lv likar \u00e5 kalla det. Han er jo kunsthistorikar med respekt for termer og den skapande klassen.<\/p>\n<p>Det vil kje <em>eg<\/em> bry meg om. For meg, ein nesten uavhengig betraktar, berre litt Garborg-fanatisk, er det ikkje nokon tvil om at det er eit kunstverk han er ansvarleg for. Det heiter <em>Ekkokammer<\/em>.<\/p>\n<p>Som heilskap ber utstillinga namn etter Hannah Ryggens veggteppe &#8220;Vi lever p\u00e5 en stjerne&#8221;. Det hang i regjeringsbygget og vart \u00f8ydelagt i bombe\u00e5taket. N\u00e5 er det restaurert, men ber s\u00e5r og ein historie som for alltid vil p\u00e5verka betraktaren. &#8220;Vi lever p\u00e5 en stjerne&#8221; formidlar heretter ondskapens augneblink samanvevd med sitt opprinnelege tema og kunstfunksjon.<\/p>\n<p>Det er p\u00e5 alle m\u00e5tar ei viktig utstilling me er p\u00e5, med fare for \u00e5 riva opp s\u00e5r. Men Henie Onstad kunstsenter, ein bauta i norsk kulturliv, har sj\u00f8lvsagt sett faren og s\u00f8rga for at kunstnarane har gjort ei varsam tiln\u00e6rming.<\/p>\n<p>Her er ingen r\u00f8ykskyer. Ingen rifleskot, vaklande h\u00f8ghus, skrikande ungdommar. Ingen bilete av mannen me ikkje skal nemna namnet p\u00e5.<\/p>\n<p>Meir enn noko anna hjelper utstillinga &#8220;Vi lever p\u00e5 en stjerne&#8221; deg til \u00e5 bearbeida terror\u00e5taket. Poetiske kunstverk som Hanne Friis&#8217; dongeriskulpur &#8220;Nyanser i bl\u00e5tt og svart&#8221; varmar deg lenge, dei slepp ikkje tak i deg om du aldri s\u00e5 mykje hastar heim etterp\u00e5, gjennom m\u00f8rke, sn\u00f8f\u00f8yk, neonlys.<\/p>\n<p>Henie-Onstads store samtidsutstilling om 22. juli gjev deg lov til \u00e5 tenka, men du f\u00e5r ikkje grina.<\/p>\n<p>Tusen takk for at eg f\u00e5r lov til \u00e5 le.<\/p>\n<p>Det som kitlar meg mest er Arne Garborg.<\/p>\n<p>&#8220;Er han kje fin?&#8221; seier Even Smith Wergeland idet han kneler for meg, fotografen, som krev eit minne, eit bevis.<\/p>\n<p>For midt p\u00e5 golvet, i det f\u00f8rste rommet i samtidskunstens faste borg, st\u00e5r Garborgsenterets tre byster og stirer connoisseurane i senk etterkvart som me dukkar opp. Den eine av bystene er jamvel berar av supportarutstyr &#8211; pynta med lue og skjerf til minne om fjor\u00e5rets cupkamp d\u00e5 J\u00e6rens superlag beseira erkerivalane fr\u00e5 Stavanger.<\/p>\n<p>&#8220;Akkurat som p\u00e5 Garborgsenteret,&#8221; seier Even Smith Wergeland og rettar p\u00e5 sveisen &#8211; som om han saknar ei lue.<\/p>\n<p>Det er herleg \u00e5 bli m\u00f8tt med noko s\u00e5 folkeleg som eit bebarta andlet med supportarutstyr for noko s\u00e5 smalt og uviktig som ein fotballklubb i f\u00f8rstedivisjon. Ein klubb som sjeldan vinn noko. Ein klubb som ikkje har vunne noko sidan 1987.<\/p>\n<p><em>Sidan 1987.<\/em><\/p>\n<p>&#8220;Ferdig?&#8221; sp\u00f8r Even Smith Wergeland idet eg gjer meg ferdig med \u00e5 fotografera han.<\/p>\n<p>Han viser meg veggen bak bystene. Der er det ei smal, svart hylle, og opp\u00e5 den st\u00e5r eit trettitals biletkort p\u00e5 rekke og rad. Eg ser p\u00e5 dei, eg l\u00f8ftar dei, eg ser at det st\u00e5r noko p\u00e5 baksida p\u00e5 kvart og eitt av dei. Kvar for seg representerer dei eit kapittel i historia til Arne Garborgs plass, som i dag utgjer trafikknutepunktet ved sida av og under Y-bygget i regjeringskvartalet. Korta presenterer plassen fr\u00e5 han vart grunnlagt til det blei ein trafikktrommel og h\u00f2lrom under regjeringskvartalet.<\/p>\n<p>Even Smith Wergeland har presentert plassens fortid medan hans samarbeidspartnarar, arkitektar fr\u00e5 Superunion Architects, presenterer framtida &#8211; gjennom ein modell for korleis plassen kan endrast.<\/p>\n<p>Fr\u00e5 det eine kortet:<br \/>\n&#8220;Arne Garborgs plass ble endret fra en helt \u00e5pen plass i byen med naturterreng til kjegleformet piazza, dernest til overbygget trafikksentral, og til slutt en overbygget trafikksentral med tunnel og ny landskapsutforming p\u00e5 oppsiden.<br \/>\nPlassen har samtidig v\u00e6rt en vedvarende viktig faktor i Regjeringskvartalet.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;I 1940 skipa dei til plassen i samanheng med Deichmanske bibliotek,&#8221; utdjupar Wergeland. &#8220;Der st\u00e5r det ogs\u00e5 ein byste av Arne Garborg. Plassen vart overbygd i nittensekstini &#8211; sytti, etter lange diskusjonar, d\u00e5 Y-blokka vart bygd, og ytterlegera i samband med tunnelbygging rundt 1990.&#8221;<\/p>\n<p>Arne Garborgs plass vart r\u00e5ka 22. juli. Dagen som ikkje berre p\u00e5f\u00f8rte skade p\u00e5 menneske og nasjonens sinn, han reiv opp sivilisasjonens hud, laga skrubbs\u00e5r i betong og asfalt. Desse s\u00e5ra vil konstituera stadsopplevinga heilt til politikarane gjev handverkarar og vegvesen tillating til \u00e5 operera. Men ein Arne Garborgs plass vil jo alltid st\u00e5 i diktarens teikn, vera demokratiets plass, dei sm\u00e5 og svake sin plass, menneskerettane og toleransen sin plass. Som diktaren sj\u00f8lv skreiv i teksten &#8220;Kva er humanitet?&#8221;:<\/p>\n<p><strong>&#8220;N\u00e5r eg til vern for meg sj\u00f8lv og andre f\u00f8rer krig mot alt som er vondt, stygt eller farleg, s\u00e5 at de vonde maktene ingen skade f\u00e5r gjort, korkje p\u00e5 fe eller folk, korkje p\u00e5 land eller \u00e5ndsutvikling, \u2013 det er humanitet.&#8221;<\/strong><\/p>\n<p>Skal me utvikla Arne Garborgs plass? S\u00e5 gje oss meir Garborg, takk! Meir av ein diktarfilosof me gjerne m\u00e5 nemna namnet p\u00e5. Meir av ein bodskap som, universell og klinisk, kan sl\u00e5st mot det ondes augneblink.<\/p>\n<p><em>Ekkokammer<\/em>.<\/p>\n<p>Me h\u00f8yrer gjenlyden.<\/p>\n<p>Det Even Smith Wergeland har gjort, er \u00e5 samla desse lydb\u00f8lgene, konsentrera dei og styrka dei. I <em>Ekkokammer<\/em> m\u00f8ter me Arne Garborgs plass gjennom foto, tekstar, gamle gjenstandar og Arne Garborg sj\u00f8lv. Ondskapens augneblink knytter fortida saman med n\u00e5tid og ei trugande framtid, jamvel ei alternativ n\u00e5tid &#8211; ved at me m\u00f8ter arkitektoniske modellar som aldri vart bygd, me m\u00f8ter arkitektane sj\u00f8lve, utsmykking, tunnelsystemet, meiningsytringar, sikringstiltak, bokomslag, avissider, bussruter, busstopp samt forteljingar om helikopterlandingar og bruken av eit offentleg toalett med knuste lysp\u00e6rer.<\/p>\n<p>&#8220;Menneske har sykla her,&#8221; seier Even Smith Wergeland, &#8220;dei har sykla, g\u00e5tt eller kj\u00f8rt gjennom Arne Garborgs plass i \u00e5revis. Slik har dei etablert faste m\u00f8nster, faste vaner og spor som utspelar seg akkurat slik bare her, alts\u00e5 der.&#8221;<\/p>\n<p><em>Ekkokammer.<\/em><\/p>\n<p>Han held opp det eine kortet.<\/p>\n<p>&#8220;Fontena,&#8221; seier Even Smith Wergeland og peikar. &#8220;Den gamle fontena vart fjerna for ein del \u00e5r sidan og me skulle gjerne ha stilt han ut. Me fann han \u00f2g, men han var tatt i bruk ein annan stad n\u00e5.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Vurderte de \u00e5 stela han?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Ikkje sp\u00f8r,&#8221; svarar han, &#8220;nokon kan h\u00f8yra oss.&#8221;<\/p>\n<p>Han ser mistenksamt fr\u00e5 side til side. Even Smith Wergeland veit godt at connoisseurar er oppmerksamme menneske. \u00d8yrene er vakre, men store &#8211; og moralen h\u00f8g. Det var kje connoisseurar som stal &#8220;Sinnataggen&#8221; eller hovudet til Tom Lund.<\/p>\n<p>For f\u00f8rste gong i mitt liv er eg ein stad i n\u00e6rleiken av \u00e5 forst\u00e5 vitskapens versjon av treeininga: at heilskapen skal vera st\u00f8rre enn summen av delane.<\/p>\n<p>Dei tre bystene representerer ikkje lenger berre Arne Garborg og bilethoggaren Gunnar Janson. I <em>Ekkokammer<\/em> representerer dei Garborgsenteret ogs\u00e5, i forlenginga av Arne Garborgs plass og den 22. juli.<\/p>\n<p>Even Smith Wergeland har teke ferdige gjenstandar med ulik kopling til \u00e5staden og sett dei inn i sitt eige verk. Han har sett kunst i kunst. Han har henta gipsbyster av ein diktarfilosof med supportarutstyr og plassert han i <em>Ekkokammer<\/em> p\u00e5 Henie-Onstad.<\/p>\n<p><em>Arne Garborg er ein readymade.<\/em><\/p>\n<p><em>Ein Bryne-supportar som kunst.<\/em><\/p>\n<p>&#8220;Er han kje fin?&#8221; gjentek Even Smith Wergeland. Han seier at det var viktig \u00e5 f\u00e5 bystene slik som dei sto. &#8220;Det viser koss han vert oppfatta p\u00e5 sine heimtrakter. J\u00e6ren. P\u00e5 Bryne.&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;P\u00e5 Garborgsenteret,&#8221; seier eg. &#8220;Kva synst du eigentleg om skjerfet og lua?&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;Ikkje dumt,&#8221; seier Even Smith Wergeland. &#8220;Eg sa det til ein av dykk p\u00e5 telefonen. <em>Ta med alt<\/em>, sa eg, <em>ta med alt<\/em>.&#8221;<\/p>\n<p>Eg gnir meg i hendene.<\/p>\n<p>&#8220;Ja, det h\u00f8yrde eg, &#8221; seier eg. &#8220;<em>Han ville ha med alt,<\/em> h\u00f8yrde eg nokon seia d\u00e5 me skulle senda bystene av g\u00e5rde.&#8221;<\/p>\n<p>Han gnir seg i hendene, kunstnaren <span style=\"line-height: 115%; font-family: 'Calibri','sans-serif'; font-size: 11pt;\">\u00f2g.<br \/>\n<\/span><\/p>\n<p>&#8220;Eg tenkte du kom til \u00e5 h\u00f8yra det,&#8221; seier han. &#8220;S\u00e5 du&#8230;&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;&#8230; kj\u00f8rte heim og henta skjerfet og lua&#8230;&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;&#8230; slik at bystene kunne framst\u00e5&#8230;&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;&#8230; slik dei gjorde&#8230;&#8221;<\/p>\n<p>&#8220;&#8230; etter cupkampen i fjor.&#8221;<\/p>\n<p>Han er brynebu med, Even Smith Wergeland, fotballsupportar <span style=\"line-height: 115%; font-family: 'Calibri','sans-serif'; font-size: 11pt;\">\u00f2g<\/span>. Eg har berre ikkje fortalt deg dette f\u00f8r n\u00e5.<\/p>\n<p>&#8220;Ullevaal 1987?&#8221; sp\u00f8r eg.<\/p>\n<p>&#8220;25. oktober,&#8221; seier han.<\/p>\n<p>&#8220;Japptribunen,&#8221; smattar eg.<\/p>\n<p>&#8220;Klokkesvingen,&#8221; smattar han.<\/p>\n<p>Og der, p\u00e5 Henie Onstad kunstsenter i B\u00e6rum, i kunstnarens eige <em>Ekkokammer, <\/em>lar me det ringa i \u00f8yrene; det ringer og ringer, men det er ikkje \u00f8yresus. Det ringer og ringer, men det er ingenting gale &#8211; det er berre dette: at me ser bileta f\u00f8re oss, me h\u00f8yrer st\u00f8yen inni oss &#8211; fr\u00e5 dei fem tusen sauebj\u00f8llene som j\u00e6rbuen hadde med seg til Ullevaal den 25. oktober 1987, d\u00e5 Even Smith Wergeland og eg var barn, med skjerf rundt halsen, som me l\u00f8sna og vaia med d\u00e5 Kolbj\u00f8rn Ekker dundra ballen i m\u00e5let, klokka tretten minutt over tre, for d\u00e5 jubla me, me jubla, saman med alle dei andre j\u00e6rbuane, over sk\u00e5ringa som ville vinna cupen for oss &#8211; for f\u00f8rste og hittil einaste gong.<\/p>\n<p><span style=\"font-size: 8pt;\">Tekst: \u00d8rjan Zazzera\u00a0Johansen<\/span><\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/den-nye-malmannen\/\">Her<\/a> kan du lesa om forhistoria til bysten med supportarutstyr.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"350\" height=\"174\" style=\"margin-right: 10px;margin-bottom: 10px\" alt=\"Even2tilpLigg3\" src=\"images\/stories\/garborgsenter\/artikkelbilder\/Artiklar_2014\/Henie-Onstad\/Even2tilpLigg3.JPG\" \/>P\u00e5 tidenes st\u00f8rste norske utstilling for samtidskunst finn du Arne Garborg som Bryne-supportar.<\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":756,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[13],"tags":[],"class_list":["post-433","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-nytt-fra-garborgsenteret","featured-image-size-small"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.3 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Arne Garborg er ein readymade - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Arne Garborg er ein readymade - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"P\u00e5 tidenes st\u00f8rste norske utstilling for samtidskunst finn du Arne Garborg som Bryne-supportar.\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2014-02-07T10:07:04+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2018-05-04T21:39:29+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2014\/02\/Lagbilete2tilp1.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"655\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"376\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"8 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/arne-garborg-er-ein-readymade\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/arne-garborg-er-ein-readymade\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99\"},\"headline\":\"Arne Garborg er ein readymade\",\"datePublished\":\"2014-02-07T10:07:04+00:00\",\"dateModified\":\"2018-05-04T21:39:29+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/arne-garborg-er-ein-readymade\\\/\"},\"wordCount\":1615,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/arne-garborg-er-ein-readymade\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2014\\\/02\\\/Lagbilete2tilp1.jpg\",\"articleSection\":[\"Nytt\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/arne-garborg-er-ein-readymade\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/arne-garborg-er-ein-readymade\\\/\",\"name\":\"Arne Garborg er ein readymade - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/arne-garborg-er-ein-readymade\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/arne-garborg-er-ein-readymade\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2014\\\/02\\\/Lagbilete2tilp1.jpg\",\"datePublished\":\"2014-02-07T10:07:04+00:00\",\"dateModified\":\"2018-05-04T21:39:29+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/arne-garborg-er-ein-readymade\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/arne-garborg-er-ein-readymade\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/arne-garborg-er-ein-readymade\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2014\\\/02\\\/Lagbilete2tilp1.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2014\\\/02\\\/Lagbilete2tilp1.jpg\",\"width\":655,\"height\":376},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/arne-garborg-er-ein-readymade\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Arne Garborg er ein readymade\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Arne Garborg er ein readymade - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Arne Garborg er ein readymade - Garborgsenteret","og_description":"P\u00e5 tidenes st\u00f8rste norske utstilling for samtidskunst finn du Arne Garborg som Bryne-supportar.","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2014-02-07T10:07:04+00:00","article_modified_time":"2018-05-04T21:39:29+00:00","og_image":[{"width":655,"height":376,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2014\/02\/Lagbilete2tilp1.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"8 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99"},"headline":"Arne Garborg er ein readymade","datePublished":"2014-02-07T10:07:04+00:00","dateModified":"2018-05-04T21:39:29+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/"},"wordCount":1615,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2014\/02\/Lagbilete2tilp1.jpg","articleSection":["Nytt"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/","name":"Arne Garborg er ein readymade - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2014\/02\/Lagbilete2tilp1.jpg","datePublished":"2014-02-07T10:07:04+00:00","dateModified":"2018-05-04T21:39:29+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2014\/02\/Lagbilete2tilp1.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2014\/02\/Lagbilete2tilp1.jpg","width":655,"height":376},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/arne-garborg-er-ein-readymade\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Arne Garborg er ein readymade"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2014\/02\/Lagbilete2tilp1.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/433","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=433"}],"version-history":[{"count":7,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/433\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":6013,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/433\/revisions\/6013"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/756"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=433"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=433"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=433"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}