{"id":4296,"date":"2016-12-03T01:00:31","date_gmt":"2016-12-02T23:00:31","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=4296"},"modified":"2017-01-09T15:25:06","modified_gmt":"2017-01-09T13:25:06","slug":"21-desember","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/","title":{"rendered":"21. desember: #biljakt"},"content":{"rendered":"<p>Det var begynt \u00e5 likna eit kappl\u00f8p fr\u00e5 Knudaheio til Garborgsenteret.<\/p>\n<p>Framst l\u00e5g Inger Undheim. Saman med doktor Vold, utstillingsleiaren og museumslektoren k\u00f8yrde ho ein oransje mini, og dei hadde allereie kryssa tettstaden Undheim. Rett nok var ikkje tettstaden sv\u00e6rt stor, men b\u00e5de handelslaget og parkeringsplassen var tilbakelagt.<\/p>\n<p>\u00abHoppsan!\u00bb ropte ho, idet bilen traff ein fartsdump ho ikkje hadde sett.<\/p>\n<p>Ein kilometer bak f\u00f8lgde vikaren hennar, John Fossmark, samt formidlaren Sorry Jansen, i ein m\u00f8rkebl\u00e5 skoda. Dei m\u00e5tte hindra henne i \u00e5 koma tilbake p\u00e5 jobb, d\u00e5 ville\u00a0vikariata deira opph\u00f8yra og dei kunne bli arbeidslause.<\/p>\n<p>\u00abFortare!\u00bb sa Fossmark.<\/p>\n<p>\u00abEg har klampen i botn allereie, herr John.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abHekkan, Sorry! Denne j\u00e6kla bilen din, eg skal seia deg det at eg veit faen kje kva eg skal seia. Jau, n\u00e5 veit eg det! Eg kan til d\u00f8mes fortelja ei jevleg fin historie medan me k\u00f8yrer. Vil du h\u00f8yra?\u00bb<\/p>\n<p>\u00ab<em>N\u00e5<\/em>, herr John? Me er jo midt i eit kappl\u00f8p om sj\u00f8lvaste Garborgsenteret.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abMe k\u00f8yrer jo s\u00e5 sakte allikevel. Det er akkurat som \u00e5 st\u00e5 i k\u00f8, dette. Jau, n\u00e5 skal du h\u00f8yra. Sett deg godt tilbake i f\u00f8rarsetet og lytt. Kos deg. Har eg fortalt om d\u00e5 eg vaks opp og fekk kamferdrops av farmor kvar einaste dag?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abNei.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abVel, det skjedde kvar einaste dag, ser du.\u00bb<\/p>\n<p>\u00bbKva d\u00e5, herr John?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abAt eg fekk kamferdrops av farmor! H\u00f8yr etter. Du kan godt visa litt respekt n\u00e5r eg brettar ut privatlivet mitt p\u00e5 denne m\u00e5ten.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abOrsak, herr John. Kva skjedde s\u00e5, herr John?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abDet er kje noko <em>s\u00e5<\/em>, Sorry!\u00a0Det om skjedde var\u00a0at eg fekk kamferdrops av farmor kvar einaste dag, eg <em>sa<\/em> jo det! Det er ei <em>god<\/em> historie;\u00a0nesten romantisk, ser du.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abRomantisk, herr John?\u00bb sa Jansen idet han nesten kj\u00f8rte p\u00e5 ein syklist, \u00abkva meiner du?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abJammen tenk deg, Sorry, at viss det ikkje\u00a0hadde vore\u00a0farmor, ser du,\u00a0men ei dame som var mykje finare og litt yngre, og som i staden for kamferdrops hadde eit par sv\u00e6re puppar.. S\u00e5\u2026 ja, <em>d\u00e5 <\/em>ville det ha vore romantisk. Ikkje sant, Sorry?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abJa, det er vel sant, det, herr John.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abDet er klart det er sant! Romantikken er aldri langt unna, skal eg seia deg. Og det finst ingenting s\u00e5 oppbyggeleg som ei god historie med d\u00e5rleg moral. Eg kjenner meg betre allereie. Ja, n\u00e5 trur eg me kan vinna dette kappl\u00f8pet. Men f\u00f8rst er det <em>din <\/em>tur til \u00e5 fortelja ei historie om deg sj\u00f8lv.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abDet er kje s\u00e5 mykje \u00e5 seia om meg, herr John. Her, ta ein kopp kaffi.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abMmhmm.\u00bb Fossmark sleika seg rundt munnen og smatta. \u00abDet var godt sagt, det. <em>Her, ta ein kopp kaffi<\/em>, sa du. Eg m\u00e5tte ha stroke deg dersom det var ei novelleoppg\u00e5ve, sj\u00f8lvsagt, men eg skal godkjenna det i dag. Enkelt i forma, men godt innhald.&#8221; Han rapte. &#8220;Har du meir?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abHistorier?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abNei, kaffi!\u00bb Fossmark trampa irritert i golvet. \u00abKva faen? Det er noko her nede ved f\u00f8tene mine\u2026 eit ekstra pedalsett! Koss kan dette ha seg?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abOrsak, herr John. Eg fekk han billeg. Det har vore ein polsk k\u00f8yreskulebil.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abDet skulle du ha sagt f\u00f8r.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abJa vel, herr John, men kvifor?\u00bb<\/p>\n<p>Fossmark tr\u00e5kka p\u00e5 gassen. Idet dei k\u00f8yrde inn i ein m\u00f8rk sn\u00f8storm akselererte bilen til dobbel hastigheit.<\/p>\n<p><strong><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/img_20161219_145310insta\/\" rel=\"attachment wp-att-5274\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone wp-image-5274 size-large\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161219_145310insta-1024x833.jpg\" width=\"1024\" height=\"833\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161219_145310insta-1024x833.jpg 1024w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161219_145310insta-300x244.jpg 300w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161219_145310insta-250x203.jpg 250w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161219_145310insta.jpg 1450w\" sizes=\"auto, (max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><\/strong><\/p>\n<p>Oppe ved steinhovudet stod to av J\u00e6rmuseets h\u00f8gastest\u00e5ande personar. Museumsdirekt\u00f8r Sn\u00f8rteland trakk vinterk\u00e5pa godt omkring seg. I sn\u00f8drevet var det berre s\u00e5 vidt ho kunne skimta baklysa p\u00e5 dei to bilane som raste av stad mot Bryne og Garborgsenteret. Ved sida hennar sto den h\u00f8ge og ranke Sondre Hvam. Han var driftsleiar p\u00e5 avdelinga Flymuseet og leidde drifta der. Han drog skinnlua godt og varmt ned over dei store og kalde \u00f8yrene.<\/p>\n<p>\u00abEg kan ta igjen Fossmark,\u00bb sa han h\u00f8gt og rankt.<\/p>\n<p>\u00abKorleis d\u00e5, Sondre?\u00bb Sn\u00f8rteland hutra. \u00abHan er p\u00e5 vegen allereie, og det er berre tolv kilometer til Garborgsenteret.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abMed fly,\u00bb sa Hvam.<\/p>\n<p>\u00abMed <em>fly<\/em>? D\u00e5 m\u00e5 du til Sola f\u00f8rst. Det er nesten fire mil.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abEg har flymotor i bilen. Eg k\u00f8yrer forbi Fossmark rett nedi bakken her, deretter k\u00f8yrer eg grisefort til Sola og flyr tilbake til Garborgsenteret. P\u00e5 den m\u00e5ten kjem eg f\u00f8rst fram. Den galningen skal kje f\u00e5 sjansen til \u00e5 skada Inger.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abJa, det enkle er ofte det beste. Lukke til, Sondre.\u00bb<\/p>\n<p>Hvam h\u00f8yrde ikkje. Han hadde allereie sett seg inn i sin modifiserte milit\u00e6rgrasklippar med flymotor, konstruert av J\u00e6rmuseets altmoglegoppfinnar Endre Ueland.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/img_20161208_175814insta\/\" rel=\"attachment wp-att-5184\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone wp-image-5184 size-full\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_175814insta.jpg\" width=\"648\" height=\"704\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_175814insta.jpg 648w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_175814insta-276x300.jpg 276w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_175814insta-250x272.jpg 250w\" sizes=\"auto, (max-width: 648px) 100vw, 648px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Hvam fyrte opp etterbrennaren sin og gav biogass nedover Knudaheibakken.<\/p>\n<p>Museumsdirekt\u00f8ren sto stolt tilbake. \u00abHadde dette vore fiksjon,\u00bb tenkte ho, \u00abja, d\u00e5 ville Sondre ha vore ein krysning av Batman og Lynvingen. Flinkare driftsleiar har me aldri hatt.\u00bb<\/p>\n<p>Ho gnei seg tilfreds i hendene.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/4-desember\/img_2052svartkvitt6krymp3\/\" rel=\"attachment wp-att-4721\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"43\" height=\"42\" class=\"size-full wp-image-4721 aligncenter\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_2052svartkvitt6krymp3.jpg\" alt=\"\" \/><\/a><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Med dette var tre bilar p\u00e5 veg til Garborgsenteret. F\u00f8rst avdelingsdirekt\u00f8r Inger Undheim og doktor Vold i ein oransje mini; deretter John Fossmark og Sorry Jansen i ein bl\u00e5 skoda med to pedalsett og dobbel hastigheit; til sist Sondre Hvam, Flymuseets h\u00f8ge og ranke driftsleiar, i ein modifisert milit\u00e6rgrasklippar med flymotor og sj\u00e5f\u00f8rtilkopla biologisk etterbrennar.<\/p>\n<p>Hvam styrte kjapt og sikkert ut og inn mellom motg\u00e5ande og medg\u00e5ande trafikk. D\u00e5 han kom bak ein politimotorsykkel, pikka han ryttaren p\u00e5 venstre skulder og f\u00f3r forbi til h\u00f8gre. Ein syklist i motg\u00e5ande felt vart mistenkt og straks arrestert. Det viste seg \u00e5 vera forh\u00f8yrsdommar Einar Heien, p\u00e5 veg heim etter \u00e5 ha d\u00f8mt ein treningskamp for oldboys. Han m\u00e5tte venta til neste morgon med \u00e5 frikjenna seg, han hadde jo ikkje lov til \u00e5 gjera slikt utanom arbeidstid. Til gjengjeld\u00a0gav han\u00a0politimannen gult kort. D\u00e5 det viste seg\u00a0at han hadde gult fr\u00e5 f\u00f8r av, etter munnbruk i den nemnde oldboyskampen, m\u00e5tte dommaren dra opp det raude kortet. Dette resulterte i at politimannen m\u00e5tte st\u00e5 over neste oldboyskamp, som var mot sveitsiske Young Boys.<\/p>\n<p>Alt dette var Hvam sin feil; men han hadde moralsk rett til \u00e5 gjera som han ville. Han hadde jo ikkje h\u00f8yrt om konsekvensetikk. Dessutan skulle han redda Garborgsenteret.<\/p>\n<p>Det var spennande.<\/p>\n<p><em>Spennande. Spennande. Spennande.<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/4-desember\/img_2052svartkvitt6krymp3\/\" rel=\"attachment wp-att-4721\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"43\" height=\"42\" class=\"size-full wp-image-4721 aligncenter\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_2052svartkvitt6krymp3.jpg\" alt=\"\" \/><\/a><\/strong><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>I same stunda som\u00a0dette hende, skjedde noko anna samstundes. Mellom anna var Torvald Tu-tilhengarane ute p\u00e5 hekkan, noko som heldigvis ikkje vedkjem denne soga; for d\u00e5 m\u00e5tte me ha h\u00f8yrt om epleslang, t\u00e6gging, sl\u00f8kking av lyktestolpar og resitering av Torvald Tu-viser med klappeleik og tyggegummi. Det einaste me vil seia om dette er at det er best \u00e5 vera inne n\u00e5r uhellet er ute p\u00e5 pr\u00f8ve. Lukke til!<\/p>\n<p>Det som derimot vedkjem oss, er at Riksm\u00e5lsforbundet, etter \u00e5 filosofert over flukta til Nils Henrik Smith, hadde kome fram til at dei m\u00e5tte <em>handla f\u00f8r det var for seint<\/em>. Ei som h\u00f8yrdest ut som Helene Uri trudde dette innebar at dei m\u00e5tte koma seg p\u00e5 kj\u00f8pesenteret f\u00f8r stengetid. D\u00e5 m\u00e5tte verten, Kjell Arild Pollestad, forklara at han meinte dei skulle g\u00e5 til handling.<\/p>\n<p>\u00abJeg vil heller kj\u00f8re,\u00bb svarte ho; men d\u00e5 sa Pollestad rett ut at dei ikkje kunne venta lenger p\u00e5 at <em>Haugtussa. Pollestad-utgaven<\/em> skulle m\u00f8rna nynorskbrukarane. Dei m\u00e5tte g\u00e5 rett til siste punkt av planen.<\/p>\n<p><em>Meisterplanen.<\/em><\/p>\n<p><em>Eller <\/em>medisterplanen<em> med stum <\/em>d<em>.<\/em><\/p>\n<p>Den endelege l\u00f8ysinga var \u00e5 hacka Instagram-kontoen til Garborgsenteret. N\u00e5r den leiande nynorskinstitusjonen med over tusen f\u00f8lgarar begynte \u00e5 legga ut sine statusoppdateringar og emneknaggar p\u00e5 bokm\u00e5l, ville m\u00e5lstriden vera vunnen. Landet kunne endeleg samlast til \u00e9in kommune. Alt dei trong \u00e5 gjera, var \u00e5 f\u00e5 tak i telefonen til Sorry Jansen, Garborgsenterets vikarformidlar. Medan dei taktlause losjemedlemmane marsjerte i takt nedover Storgata \u2013 med Pollestad framst, der han bevegde seg utan \u00e5 l\u00f8fta p\u00e5 knea \u2013 peika nokon p\u00e5 H\u00f8ghuset og sa:<\/p>\n<p>\u00abSe! Bryne er akkurat som Manhattan!\u00bb<\/p>\n<p>Med rette roder marsjerte dei nedover Storgata, og song i kor:<\/p>\n<p><em>\u00abFirst we take Manhattan! Then we take Garborgsenteret!\u00bb<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<hr \/>\n<p><em>Gubban, s\u00e5 spennande! Kven kjem f\u00f8rst? Riksm\u00e5lsforbundet? Inger Undheim? John Fossmark? Eller Sondre Hvam i fly? Kort sagt: kven kjem til \u00e5 vinna den norske spr\u00e5kstriden? Vil Riksm\u00e5lsforbundet lukkast i \u00e5 innf\u00f8ra bokm\u00e5l i heile Noreg? Vil dette igjen f\u00f8ra til ei storstilt kommunesamansl\u00e5ing? Vert enden p\u00e5 riksm\u00e5lsvisa <\/em>Norge kommune<em>? F\u00f8lg med, f\u00f8lg med, det ang\u00e5r deg!<\/em><\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/22-desember\/\">Til den det m\u00e5tte ang\u00e5<\/a> (22. desember)<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kategori\/garborgs-galningar-moter-riksmalsforbundet\/\">Til oversynsside<\/a><\/p>\n<p>PS! Garborgsenteret poengterer at alle karakterar og institusjonar, sj\u00f8lv dei som er baserte p\u00e5 verkelege personar og institusjonar, er fiktive karakterar og institusjonar.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Det var begynt \u00e5 likna eit kappl\u00f8p fr\u00e5 Knudaheio til&#8230;<\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":5171,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[56],"tags":[58],"class_list":["post-4296","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar-moter-riksmalsforbundet","tag-garborgs-galningar-moter-riksmalsforbundet","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.6 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>21. desember: #biljakt - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"21. desember: #biljakt - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Det var begynt \u00e5 likna eit kappl\u00f8p fr\u00e5 Knudaheio til...\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2016-12-02T23:00:31+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2017-01-09T13:25:06+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161213_145316.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"1680\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"1080\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"7 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/21-desember\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/21-desember\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"headline\":\"21. desember: #biljakt\",\"datePublished\":\"2016-12-02T23:00:31+00:00\",\"dateModified\":\"2017-01-09T13:25:06+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/21-desember\\\/\"},\"wordCount\":1457,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/21-desember\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/11\\\/IMG_20161213_145316.jpg\",\"keywords\":[\"Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet\"],\"articleSection\":[\"Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/21-desember\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/21-desember\\\/\",\"name\":\"21. desember: #biljakt - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/21-desember\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/21-desember\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/11\\\/IMG_20161213_145316.jpg\",\"datePublished\":\"2016-12-02T23:00:31+00:00\",\"dateModified\":\"2017-01-09T13:25:06+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/21-desember\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/21-desember\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/21-desember\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/11\\\/IMG_20161213_145316.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/11\\\/IMG_20161213_145316.jpg\",\"width\":1680,\"height\":1080},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/21-desember\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"21. desember: #biljakt\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"21. desember: #biljakt - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"21. desember: #biljakt - Garborgsenteret","og_description":"Det var begynt \u00e5 likna eit kappl\u00f8p fr\u00e5 Knudaheio til...","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2016-12-02T23:00:31+00:00","article_modified_time":"2017-01-09T13:25:06+00:00","og_image":[{"width":1680,"height":1080,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161213_145316.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"7 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"headline":"21. desember: #biljakt","datePublished":"2016-12-02T23:00:31+00:00","dateModified":"2017-01-09T13:25:06+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/"},"wordCount":1457,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161213_145316.jpg","keywords":["Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet"],"articleSection":["Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/","name":"21. desember: #biljakt - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161213_145316.jpg","datePublished":"2016-12-02T23:00:31+00:00","dateModified":"2017-01-09T13:25:06+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161213_145316.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161213_145316.jpg","width":1680,"height":1080},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/21-desember\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"21. desember: #biljakt"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161213_145316.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4296","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4296"}],"version-history":[{"count":37,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4296\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5465,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4296\/revisions\/5465"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/5171"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4296"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4296"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4296"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}