{"id":4288,"date":"2016-12-07T00:00:32","date_gmt":"2016-12-06T22:00:32","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=4288"},"modified":"2019-11-01T13:18:29","modified_gmt":"2019-11-01T11:18:29","slug":"17-desember","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/","title":{"rendered":"17. desember: #gourmet"},"content":{"rendered":"<p>Sorry Jansen let fingrane gli over kappa til sin herre, avdelingsdirekt\u00f8r John Fossmark. Den var av den herlegaste hermelin og hadde store brune bartar sydd inn i stoffet. Saman med kongekrona hadde han n\u00e5 f\u00e5tt eit fint tillegg til avdelingssepteret.<\/p>\n<p>\u00abHerr John,\u00bb sa Jansen, \u00abs\u00e5 fin kappe du har.\u00bb<\/p>\n<p>Fossmark tok ein ekstra runde rundt seg sj\u00f8lv framfor spegelen i gangen p\u00e5 Vitengarden.<\/p>\n<p>\u00abS\u00e5 fint septer du har.\u00bb<\/p>\n<p>Fossmark kikka litt ekstra p\u00e5 staven med Garborg-hovud.<\/p>\n<p>\u00abS\u00e5 fin krone du har.\u00bb<\/p>\n<p>Fossmark smilte. Gullkrona var opprinneleg blitt funnen i ei grav ved Tinghaug; men sidan ingen hadde kunna prova at ho ikkje hadde vore Arne Garborg si, var ho blitt flytta fr\u00e5 jernaldersamlinga til Garborgsenterets avdelingsregaliar.<\/p>\n<p>\u00abMen, herr John,\u00bb sa Jansen til avdelingskongen med kannibalsyndrom, \u00abs\u00e5 stor munnen din er. Er det lenge sidan du tok medisin?\u00bb<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/img_20161118_175151insta\/\" rel=\"attachment wp-att-5097\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"510\" height=\"547\" class=\"alignnone size-full wp-image-5097\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161118_175151insta.jpg\" alt=\"\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161118_175151insta.jpg 510w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161118_175151insta-280x300.jpg 280w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161118_175151insta-250x268.jpg 250w\" sizes=\"auto, (max-width: 510px) 100vw, 510px\" \/><\/a><\/p>\n<p>\u00abEr du konge n\u00e5? Eg meiner, er du<em> arveavdelingsdirekt\u00f8r<\/em> n\u00e5, herr John? Skal eg seia: <em>dykkar majestet, direkt\u00f8r John den f\u00f8rste<\/em>?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abDu m\u00e5 innsj\u00e5 verdas realitetar, Sorry. Me treng godkjenning fr\u00e5 museumsdirekt\u00f8ren i J\u00e6rmuseet og det veit du. M\u00e5lfrid Sn\u00f8rteland er Garborgsenterets overherrekvinne og det er ho som har makt over dette.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abDu snakkar som om me var del av eit f\u00f8ydalsamfunn allereie, herr John.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abSom om me var f\u00f8ydalherrar,\u00bb retta Fossmark. \u00abHeldigvis tilh\u00f8yrer me eliten, Sorry, s\u00e6rleg eg. Og etter mitt syn er f\u00f8ydalsamfunnet det beste av alle gode samfunnssystem. Tidlegare, d\u00e5 eg var historie- og norskl\u00e6rar og underviste i demokrati og menneskerettar, hadde eg ikkje dette synet; noko som viser at eg har utvikla meg til det betre. Du trur vel ikkje Europa ville ha blitt ein s\u00e5 overlegen og sivilisert verdsdel utan f\u00f8ydalsamfunnet?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abSlett ikkje, herr John.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abOg korleis skulle me ha f\u00e5tt gratis naturressursar og billeg arbeidskraft, om det ikkje var for kolonitida?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abSant nok, herr John. Men kva tid vil museumsdirekt\u00f8r Sn\u00f8rteland sanera desse planane?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abF\u00f8rstkomande tysdag klokka to. D\u00e5 er det m\u00f8te p\u00e5 hovudkontoret og eg er invitert. Kva dag er det i dag, Sorry?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abTysdag, herre.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abOg kva er klokka?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abEitt.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abHerleg. D\u00e5 har me tid til lunsj. Det passar bra. Eg brukar \u00e5 ta medisinen min til dessert, ser du.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abFlott, herr John. Det likar eg.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abMen kor skal me eta? Skal me g\u00e5 p\u00e5 pizzarestaurant? Hamburgarrestaurant? Fiskerestaurant? Eller gourmetrestaurant?<\/p>\n<p>\u00abGourmet, herr John! Det er jo s\u00e5 godt!\u00bb<\/p>\n<p>\u00abD\u00e5 tar me gourmet, Sorry. Det er mat ein konge verdig, ogs\u00e5\u00a0er me\u00a0jo her\u00a0p\u00e5 Vitengarden allereie.\u00bb<\/p>\n<p>Dei sprang opp trappa ved museumsbutikken og kom rett inn i den store kafeen. Dei gjekk bort til kassen og dytta vekk nokre irriterande ungar som smilte og lo og gleda seg til brus og is.<\/p>\n<p>\u00abTo gourmetar, takk!\u00bb brumma Fossmark til kokken; \u00abog ein kaffi med p\u00e5fyll! Gje meg <em>to <\/em>koppar! Eg tar p\u00e5fyllet med det same!\u00bb<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/img_20161208_193554insta\/\" rel=\"attachment wp-att-5099\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone wp-image-5099 size-large\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_193554insta-1024x998.jpg\" width=\"1024\" height=\"998\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_193554insta-1024x998.jpg 1024w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_193554insta-300x292.jpg 300w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_193554insta-250x244.jpg 250w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_193554insta.jpg 1210w\" sizes=\"auto, (max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Han fekk med seg kaffien og nokre beger med mj\u00f8lk; og ikkje lenge etter kom kokken serverande med to porsjonar gourmet, dagsferske rett fr\u00e5 anlegget.<\/p>\n<p>\u00ab\u00c5h! Desse var m\u00f8re,\u00bb sa Jansen.<\/p>\n<p>\u00abOg desse var romsdal,\u00bb sa Fossmark.<\/p>\n<p>Dei smatta, \u00e5t og koste seg.<\/p>\n<p>\u00abEg et,\u00bb sa Fossmark.<\/p>\n<p>\u00abEg koser meg,\u00bb sa Jansen.<\/p>\n<p>Begge smatta.<\/p>\n<p>\u00abMmmhm!\u00bb<\/p>\n<p>\u00ab\u00c5\u00e5\u00e5\u00e5\u00e5h!\u00bb<\/p>\n<p>\u00abTykkjer kje ogs\u00e5 du, Sorry,\u00bb sa Fossmark, idet han slikka seg rundt munnen for \u00e5 f\u00e5 tak i dei siste gourmetrestane, \u00abat gourmetrestaurantar er mykje betre enn fiskerestaurantar og hamburgarrestaurantar?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abFor ikkje \u00e5 snakka om kebabsjapper, herr John. Og p\u00f8lsebuer og hundehus.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abMen,\u00bb sa Fossmark og vart flakkande i blikket, \u00abn\u00e5r eg tenker meg om, s\u00e5 likar eg nok aller best familierestaurantar.\u00bb<\/p>\n<p>Formidlaren stoppa br\u00e5tt med \u00e5 eta. Han visste jo at Fossmark leid av eit mildt kannibalsyndrom. Livretten var kj\u00f8tkaker med brun saus og steikte poetar.<\/p>\n<p>\u00abTa medisinen, herr John. Du m\u00e5 ikkje f\u00e5 eit anfall.\u00bb<\/p>\n<p>John Fossmark hadde f\u00e5tt auge p\u00e5 Helge Torvund. Poeten \u00e5t middag i lag med ein slektning. Det s\u00e5g ut som dei hadde det festleg.<\/p>\n<p>Avdelingsdirekt\u00f8ren skulle til \u00e5 reisa seg d\u00e5 ei hand la seg over aksla hans.<\/p>\n<p>\u00abEr det <em>her <\/em>de sit?\u00bb<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/img_20161208_194019insta\/\" rel=\"attachment wp-att-5100\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone wp-image-5100 size-large\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_194019insta-974x1024.jpg\" width=\"974\" height=\"1024\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_194019insta-974x1024.jpg 974w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_194019insta-285x300.jpg 285w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_194019insta-250x263.jpg 250w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161208_194019insta.jpg 1210w\" sizes=\"auto, (max-width: 974px) 100vw, 974px\" \/><\/a>Ho peika p\u00e5 kaffikoppane og det halvtomme medisinglaset: \u00abTar du medisinen saman med<em> dette<\/em>, John?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abFaen, Bente. Medisinen smakar heilt jevleg, og det veit du. Det er jo du som lagar han, ditt r\u00e6vhol. Du m\u00e5 d\u00e5 forst\u00e5 at eg blandar han med kaffi.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abDet er kje kaffien eg snakkar om!\u00bb Doktor\u00a0Vold slo neven i bordet s\u00e5 plastikkbegera eksploderte under den. \u00abDet er mj\u00f8lka! Mj\u00f8lkeprodukt svekkar verknaden. Det er motgift, John, h\u00f8yrer du meg?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abH\u00f8gt og tydeleg, Bente. Du spylte jo \u00f8yrene mine i f\u00f8rre veke. Du fann ei katteleike inni der, har du gl\u00f8ymt det alt? Du sa at slikt var sjeldant. Dessutan var det du som meinte at eg m\u00e5tte slutta med konjakk. D\u00e5 begynte eg med mj\u00f8lk i staden.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abKonjakkforbodet\u00bb, hamra doktor\u00a0Vold fram, \u00abvar p\u00e5 grunn av at forbruket ditt dreiv alkoholprisane oppover, sj\u00f8lv p\u00e5 legesprit. Kor lenge har dette foreg\u00e5tt, John? Har du hatt mj\u00f8lk i kaffien heile tida? Den f\u00f8rste medisinen fekk du for tre \u00e5r, sju m\u00e5nader og tjuetre dagar sidan, i halv tre-tida. Medisinen kjem til \u00e5 mista sin verknad\u2026\u00bb Ho rekna i hovudet. \u00ab\u2026<em>n\u00e5!<\/em>\u00bb<\/p>\n<p>Fossmark h\u00f8yrde ikkje etter lenger. Tungt og m\u00e5lretta som ein zombie trampa han mot den andre enden av restauranten.<\/p>\n<p>Der sat poeten Helge Torvund i ein hyggeleg samtale med ein slektning.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p><strong><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/4-desember\/img_2052svartkvitt6krymp3\/\" rel=\"attachment wp-att-4721\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"43\" height=\"42\" class=\"size-full wp-image-4721 aligncenter\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_2052svartkvitt6krymp3.jpg\" alt=\"\" \/><\/a><\/strong><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Hos riksm\u00e5lslosjen Det norske akademi var det stort oppstyr. Medan medlemmane hadde vore opptatt med \u00e5 avlegga ed p\u00e5 at dei aldri skulle skriva nynorsk, forsvann forfattaren og nynorskspionen Nils Henrik Smith fr\u00e5 fangeburet sitt. D\u00f8ra var l\u00e5st fr\u00e5 utsida og ingen kunne skj\u00f8na kor det var blitt av han.<\/p>\n<p>\u00abHar han gjort seg usynlig?\u00bb sa ho som h\u00f8yrdest ut som Helene Uri.<\/p>\n<p>\u00abP\u00f8h!\u00bb tenkte Nils Henrik Smith. Han hadde kledd seg ut som ei jernstong.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<hr \/>\n<p><em>Til opplysing: Skulle denne episoden ha p\u00e5verka einskilde lettp\u00e5verkelege lesarar til \u00e5 tvila p\u00e5 <\/em>Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet<em> sin realitetsstatus, kan me stadfesta at det var mange vitne til hendingane b\u00e5de p\u00e5 Vitengarden og i losjesalen. Ikkje ein b\u00f8ddel er g\u00e5tt tapt. F\u00f8lg med i morgon og sj\u00e5 om nokre blir lagt til.<\/em><\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/18-desember\/\">Til neste episode<\/a>\u00a0(18. desember)<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kategori\/garborgs-galningar-moter-riksmalsforbundet\/\">Til oversynsside<\/a><\/p>\n<p>PS! Garborgsenteret poengterer at alle karakterar og institusjonar, sj\u00f8lv dei som er baserte p\u00e5 verkelege personar og institusjonar, er fiktive karakterar og institusjonar.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Sorry Jansen let fingrane gli over kappa til sin herre,&#8230;<\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":4705,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[56],"tags":[58],"class_list":["post-4288","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar-moter-riksmalsforbundet","tag-garborgs-galningar-moter-riksmalsforbundet","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.4 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>17. desember: #gourmet - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"17. desember: #gourmet - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Sorry Jansen let fingrane gli over kappa til sin herre,...\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2016-12-06T22:00:32+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2019-11-01T11:18:29+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/fossmarkplakatLig.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"683\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"581\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"5 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/17-desember\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/17-desember\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"headline\":\"17. desember: #gourmet\",\"datePublished\":\"2016-12-06T22:00:32+00:00\",\"dateModified\":\"2019-11-01T11:18:29+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/17-desember\\\/\"},\"wordCount\":1092,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/17-desember\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/11\\\/fossmarkplakatLig.jpg\",\"keywords\":[\"Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet\"],\"articleSection\":[\"Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/17-desember\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/17-desember\\\/\",\"name\":\"17. desember: #gourmet - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/17-desember\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/17-desember\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/11\\\/fossmarkplakatLig.jpg\",\"datePublished\":\"2016-12-06T22:00:32+00:00\",\"dateModified\":\"2019-11-01T11:18:29+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/17-desember\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/17-desember\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/17-desember\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/11\\\/fossmarkplakatLig.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/11\\\/fossmarkplakatLig.jpg\",\"width\":683,\"height\":581},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/17-desember\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"17. desember: #gourmet\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"17. desember: #gourmet - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"17. desember: #gourmet - Garborgsenteret","og_description":"Sorry Jansen let fingrane gli over kappa til sin herre,...","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2016-12-06T22:00:32+00:00","article_modified_time":"2019-11-01T11:18:29+00:00","og_image":[{"width":683,"height":581,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/fossmarkplakatLig.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"5 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"headline":"17. desember: #gourmet","datePublished":"2016-12-06T22:00:32+00:00","dateModified":"2019-11-01T11:18:29+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/"},"wordCount":1092,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/fossmarkplakatLig.jpg","keywords":["Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet"],"articleSection":["Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/","name":"17. desember: #gourmet - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/fossmarkplakatLig.jpg","datePublished":"2016-12-06T22:00:32+00:00","dateModified":"2019-11-01T11:18:29+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/fossmarkplakatLig.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/fossmarkplakatLig.jpg","width":683,"height":581},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/17-desember\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"17. desember: #gourmet"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/fossmarkplakatLig.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4288","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4288"}],"version-history":[{"count":23,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4288\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":7339,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4288\/revisions\/7339"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/4705"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4288"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4288"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4288"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}