{"id":4270,"date":"2016-12-16T01:00:17","date_gmt":"2016-12-15T23:00:17","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=4270"},"modified":"2017-01-09T15:17:14","modified_gmt":"2017-01-09T13:17:14","slug":"8-desember","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/","title":{"rendered":"8. desember: #ivaraasen"},"content":{"rendered":"<p>For andre dag p\u00e5 rad\u00a0kom John Fossmark og Sorry Jansen g\u00e5ande gjennom Storgata for \u00e5 snakka med Helge Torvund. Poeten var utkledd som julenisse, men eigentleg spionerte han. Saman med ein ape i band samla han inn pengar til folk flest, slik at dei ikkje skulle kjenna seg diskriminerte i forhold til flyktningehjelpa.<\/p>\n<p>Han tok det fr\u00e5 begynnelsen.<\/p>\n<p>\u00abH\u00e6?\u00bb sa Fossmark.<\/p>\n<p>\u00abI begynnelsen,\u00bb sa Torvund, \u00abvar ordet. Dei sa <em>eg<\/em>, men skreiv <em>jeg<\/em>. Attenhundretalet var ei m\u00f8rk tid utan lys i skugganes dal. L\u00e5gt skydekke, h\u00f8ge fjell. Lysp\u00e6ra var kje oppfunnen enn\u00e5. Svenskekongen regjerte med dunkle metodar og skriftspr\u00e5ket var dansk i gotisk skrift. Nordmennene fekk kje lov til \u00e5 vera norske og det gjorde dei nedtrykte. Mange berre sulla rundt i s\u00f8la, s\u00e6rleg her p\u00e5 Vestlandet. Tida gjekk sakte. Det regna mykje. Det var ulve\u00e5r. Og var det kje ulve\u00e5r, s\u00e5 var det lemen\u00e5r. Og var det kje lemen\u00e5r, s\u00e5 var det svenske\u00e5r. Vaflane var gamle og t\u00f8rre. Pannekakene trilla av garde. Ein god m\u00e5lestokk p\u00e5 tingas tilstand er at i l\u00f8pet av heile hundre\u00e5ret klarte me kje \u00e5 kvalifisera oss til fotball-VM ein einaste gong.\u00bb<\/p>\n<p>Sorry m\u00e5pte:<\/p>\n<p>\u00abIkkje ein <em>einaste <\/em>gong?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abIkkje ein einaste gong,\u00bb gjentok Torvund. \u00abOppr\u00f8ret m\u00e5tte koma. Og det kom. Han som kom var Ivar Aasen; rett nok berre \u00e9in meter og f\u00f8rtini centimeter h\u00f8g, men n\u00e5r han kom, s\u00e5 kom han. Dessutan var det ei h\u00f8gd som kledde han. Han hadde berre sm\u00e5 klede, s\u00e5 viss han hadde vore h\u00f8gare, ville det ha sett rart ut. Aasen la ut til fots. Han labba nord og ned, s\u00f8r og opp, rett vest og snirklete i aust. Der snubla han fleire gonger. P\u00e5 denne m\u00e5ten fekk han snakka med mange utan \u00e5 seia noko. Han tidde nemleg, slik at dei ikkje vart p\u00e5verka av talem\u00e5let hans. Han var redd dei skulle knota om dei skj\u00f8na at han kom langvegs fr\u00e5. Resultatet av dette er den dominerande posisjonen monologen har f\u00e5tt i norsk litteratur. Knausg\u00e5rd, til d\u00f8mes, skriv bind etter bind utan \u00e5 sleppa andre til orde. Det er Aasen si skuld, men han kunne ikkje noko for det. Han kunne ikkje ha gjort det annleis. Han m\u00e5tte skriva dialektane ned, s\u00e5 reine som overhovudet mogleg. Dessutan hadde han d\u00e5rleg tid. Han hadde berre tatt med seg \u00e9i einaste underbukse og ville gjerne koma seg heim for \u00e5 skifta. Sj\u00e5 her, gutar,\u00a0ein spr\u00e5khygienisk skandale. Dette m\u00e5 aldri koma i hendene p\u00e5 bokm\u00e5lsfolk.\u00bb<strong>\u00a0<\/strong><\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/img_20161127_192232insta\/\" rel=\"attachment wp-att-4803\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignnone wp-image-4803 size-large\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161127_192232insta-911x1024.jpg\" alt=\"img_20161127_192232insta\" width=\"911\" height=\"1024\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161127_192232insta-911x1024.jpg 911w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161127_192232insta-267x300.jpg 267w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161127_192232insta-250x281.jpg 250w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161127_192232insta.jpg 1520w\" sizes=\"auto, (max-width: 911px) 100vw, 911px\" \/><\/a><\/p>\n<p>&#8220;Men\u00a0ein sundags morgon\u00a0kunne\u00a0Aasen endeleg st\u00e5 opp i ein skinnande rein dovremakko og presentera livsverket sitt: <em>landsm\u00e5let<\/em>, eit m\u00e5l for heile landet \u2013 omtrent som d\u00e5 Rekdal sk\u00e5ra i Marseilles. Seinare kalla dei landsm\u00e5l for nynorsk, men Rekdal kallar dei framleis for Rekdal. Nynorsken viste seg \u00e5 vera eit skriftspr\u00e5k som ingen ville bruka, difor m\u00e5tte Aasen bruka det sj\u00f8lv. Dette irriterte han, for han var mest van med \u00e5 skriva dansk. Men etterkvart fekk han dreisen p\u00e5 det. Etter \u00e5 ha pr\u00f8vd seg fram med eit dikt kalla &#8220;J\u00e6rbuen&#8221;, fann han endeleg l\u00f8ysinga og kalla det &#8220;Nordmannen&#8221; i staden. Det var glupt av han. For det er jo ingen j\u00e6rbuar som har fengje sin heim millom bakkar og berg. Med dette diktet gjorde Aasen endeleg suksess og vart nokre centimeter h\u00f8gare. Men s\u00e5 d\u00f8ydde han, og mange fors\u00f8kte \u00e5 fortrenga dette spr\u00e5karbeidet. Dei med makt lika nemleg best dansk; det var dette dei kunne fr\u00e5 f\u00f8r og dei gadd ikkje \u00e5 bruka krefter p\u00e5 \u00e5 l\u00e6ra noko nytt.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abOi oi,\u00bb sa Jansen.<\/p>\n<p>\u00abJa,\u00bb sa Torvund. \u00abDet er neimen kje rart at Noreg ikkje klarte \u00e5 kvalifisera seg til fotball-VM med slike haldningar. Men s\u00e5 plutseleg ein dag kom det ein ny mann. Eg snakkar sj\u00f8lvsagt om Garborg, me har kje tid til \u00e5 dr\u00f8sa om Vinje. Arne Garborg var \u00e9in sekstito h\u00f8g; ikkje sv\u00e6rt stort det heller, men det kledde han. Han lika nemleg \u00e5 g\u00e5 i litt store klede. P\u00e5 det viset\u00a0kunne han framst\u00e5 som veik og audmjuk, sj\u00f8lv om\u00a0han var stolt og sterk og regjerte heile Stortinget fr\u00e5 kopistkontoret sitt. Han l\u00e6rte seg sj\u00f8lv \u00e5 skriva nynorsk utan \u00e5 kunna det fr\u00e5 f\u00f8r. For ein l\u00e6rar! Og for ein elev! Han gjorde det p\u00e5 berre \u00e9in einaste sommar. Og s\u00e5, i 1883, sto han bak nynorskens kunstnarlege gjennombrot med Bondestudentar. Etter dette var det ingen veg tilbake. Alle kunne sj\u00e5 at Garborg hadde rett i alt, han var den beste og han var h\u00f8gare enn dei hadde trudd. P\u00e5standane om at han var \u00e9in sekstitre eller \u00e9in sekstifire kjem fr\u00e5 denne tida. Ei b\u00f8lgje b\u00f8lgja over landet. N\u00e5 ville alle vera m\u00e5lmenn.<\/p>\n<p>\u00abVerkeleg?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abJa ja,\u00bb sa Torvund, \u00abs\u00e5 intens var denne vekkinga at det blei underskot p\u00e5 utespelarar, noko som m\u00e5 ta skulda for den d\u00e5rlege fotballinnsatsen siste delen av hundre\u00e5ret. Kort tid etter kom jamstellingsvedtaket. Stortinget sa at nynorsk var like bra som gammal dansk, og p\u00e5 kopistkontoret sat Garborg og gliste. Han feira med absint, han var jo bohem. Vegen l\u00e5g open. Noreg skulle bli Nynoreg. Den nye litteraturen skulle ta over og bli feira i heile landet. Alle barn skulle ta til seg det nye m\u00e5let. Den gamle litteraturen skulle gl\u00f8ymast og utsiktene var herlege.<\/p>\n<p>\u00abKva skjedde s\u00e5?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abVel, det som skjedde var Bj\u00f8rnstjerne Bj\u00f8rnson. Han var noks\u00e5 h\u00f8g og det kledde han d\u00e5rleg. Han trudde han var noko. Likeeins med Alexander Kielland som var ein meter og nitti. Og Jonas Lie. Faktisk foretrakk Ibsen \u00e5 sitja p\u00e5 skuldrene til dei tre andre store for \u00e5 framst\u00e5 som jamh\u00f8g. Men dette er noko som ikkje har kome fullgodt fram i den norske litteraturhistoria.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abKorleis veit <em>du<\/em> det d\u00e5, Helge? Er du s\u00e5 gammal at du hugsar det?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abNei, <em>s\u00e5 <\/em>gammal er eg ikkje, men eg hugsar det. Eg er velsigna med eit kolossalt kollektivt undermedvit. Eg er jo psykolog. Dessutan var ein slektning av meg med i forfattarmilj\u00f8et den gongen. Han heitte Langhelge og vart skikkeleg gammal, og fekk med seg alt, og fortalde det til meg f\u00f8r han d\u00f8ydde.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abVar han like lang som dei andre, han d\u00e5, sidan han heitte Langhelge?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abNei, nei. Han var berre glad i fritid. Han likte \u00e5 avspasera, dra p\u00e5 hytta. Han var ein latsabb. Men n\u00e5 tok m\u00e5lstrevet fyr. Bj\u00f8rnson hadde jo tent seg rik p\u00e5 \u00e5 selja b\u00f8ker p\u00e5 dansk og ville gjerne oppretthalda sin ekstravagante livsf\u00f8rsel. For \u00f8vrig mykje det same som Kielland og Lie. Men ikkje Ibsen, han selde mest p\u00e5 tysk og fransk og engelsk. Bj\u00f8rnson blei desperat og reiste land og strand rundt og fortalde b\u00f8ndene om kor dumme dei var som ville ha nynorsk. Dei var kje danna nok, meinte han, til \u00e5 forst\u00e5 at dansk var det danna spr\u00e5ket som var best for alle dei udanna.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abVar kje det litt frekt?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abOm det var <em>frekt<\/em>? Det var s\u00e5 frekt at Garborg tok fram sin beste polemikk. \u00abBj\u00f8rnstjerne!\u00bb tordna han, \u00abdin dust!\u00bb \u00abGarborg er ei pingle!\u00bb svarte Bj\u00f8rnson. \u00abBj\u00f8rnson er eit dyrebarn!\u00bb sa Garborg. Og slik heldt dei p\u00e5 i \u00e5revis; den eine sintare enn den andre, men Garborg hadde rett og Bj\u00f8rnson tok feil. Men ein kan seia at striden endte uavgjort sidan Bj\u00f8rnson var h\u00f8gare. At bokm\u00e5lsfolket leid nederlag p\u00e5 logikkens alter har plaga dei sidan, difor har dei halde fram med \u00e5 spela ut storleikskortet. Dei meiner at sidan dei er st\u00f8rst og flest, s\u00e5 er det dei som skal bestemma. Me m\u00e5 skriva s\u00e5 dei forst\u00e5r, seier dei, i staden for at dei skal forst\u00e5\u00a0det me skriv.<\/p>\n<p>\u00abDette er jo forferdeleg!\u00bb sa Sorry Jansen.<\/p>\n<p>\u00abJa, forst\u00e5 det den som kan,\u00bb sa Torvund. \u00abOg eg har sett fleire slike bokm\u00e5lsfolk i Storgata i dag.\u00bb<\/p>\n<p>\u00ab<em>Har <\/em>du, Helge? Fortel! Kven har du sett?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abKom tilbake i morgon, s\u00e5 skal eg fortelja det d\u00e5.\u00bb<\/p>\n<p>\u00abMen Helge! M\u00e5 me venta heilt til i morgon?\u00bb Sorry Jansen reiv seg utolmodig i kragen. \u00abKvifor det, Helge? Kvifor? Kvifor?\u00bb<\/p>\n<p>\u00abFordi eg vil fortelja det eg skal fortelja p\u00e5 ein morosam og spennande m\u00e5te, og d\u00e5 m\u00e5 eg \u00f8va litt. Dessutan har eg ei kjensle av at det blir meir action i morgon. D\u00e5 m\u00e5 me vera her, alle fire. Snakkast d\u00e5!\u00bb<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/img_20161106_210949insta\/\" rel=\"attachment wp-att-4805\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"768\" height=\"834\" class=\"alignnone size-full wp-image-4805\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161106_210949insta.jpg\" alt=\"img_20161106_210949insta\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161106_210949insta.jpg 768w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161106_210949insta-276x300.jpg 276w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/11\/IMG_20161106_210949insta-250x271.jpg 250w\" sizes=\"auto, (max-width: 768px) 100vw, 768px\" \/><\/a><\/p>\n<p>Torvund og apen vinka farvel.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<hr \/>\n<p><em>Men i alle dagar! M\u00e5 me venta heilt til i morgon for \u00e5 f\u00e5 vita kva som skjer i morgon? Vel, d\u00e5 er det berre \u00e9in ting \u00e5 gjera: f\u00f8lg med i morgon!<\/em><\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/9-desember\/\">Til i morgon<\/a> (9. desember)<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/kategori\/garborgs-galningar-moter-riksmalsforbundet\/\">Til oversynsside<\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>For andre dag p\u00e5 rad\u00a0kom John Fossmark og Sorry Jansen&#8230;<\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":5127,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[56],"tags":[58],"class_list":["post-4270","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar-moter-riksmalsforbundet","tag-garborgs-galningar-moter-riksmalsforbundet","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.6 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>8. desember: #ivaraasen - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"8. desember: #ivaraasen - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"For andre dag p\u00e5 rad\u00a0kom John Fossmark og Sorry Jansen...\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2016-12-15T23:00:17+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2017-01-09T13:17:14+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/aasen4.png\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"196\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"156\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/png\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"7 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/8-desember\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/8-desember\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"headline\":\"8. desember: #ivaraasen\",\"datePublished\":\"2016-12-15T23:00:17+00:00\",\"dateModified\":\"2017-01-09T13:17:14+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/8-desember\\\/\"},\"wordCount\":1470,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/8-desember\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/12\\\/aasen4.png\",\"keywords\":[\"Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet\"],\"articleSection\":[\"Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/8-desember\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/8-desember\\\/\",\"name\":\"8. desember: #ivaraasen - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/8-desember\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/8-desember\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/12\\\/aasen4.png\",\"datePublished\":\"2016-12-15T23:00:17+00:00\",\"dateModified\":\"2017-01-09T13:17:14+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/8-desember\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/8-desember\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/8-desember\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/12\\\/aasen4.png\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/12\\\/aasen4.png\",\"width\":196,\"height\":156},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/8-desember\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"8. desember: #ivaraasen\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"8. desember: #ivaraasen - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"8. desember: #ivaraasen - Garborgsenteret","og_description":"For andre dag p\u00e5 rad\u00a0kom John Fossmark og Sorry Jansen...","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2016-12-15T23:00:17+00:00","article_modified_time":"2017-01-09T13:17:14+00:00","og_image":[{"width":196,"height":156,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/aasen4.png","type":"image\/png"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"7 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"headline":"8. desember: #ivaraasen","datePublished":"2016-12-15T23:00:17+00:00","dateModified":"2017-01-09T13:17:14+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/"},"wordCount":1470,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/aasen4.png","keywords":["Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet"],"articleSection":["Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/","name":"8. desember: #ivaraasen - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/aasen4.png","datePublished":"2016-12-15T23:00:17+00:00","dateModified":"2017-01-09T13:17:14+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/aasen4.png","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/aasen4.png","width":196,"height":156},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/8-desember\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"8. desember: #ivaraasen"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/aasen4.png","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4270","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4270"}],"version-history":[{"count":43,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4270\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5452,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4270\/revisions\/5452"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/5127"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4270"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4270"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4270"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}