{"id":4264,"date":"2016-12-19T01:00:55","date_gmt":"2016-12-18T23:00:55","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=4264"},"modified":"2017-01-09T15:15:35","modified_gmt":"2017-01-09T13:15:35","slug":"5-desember","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/","title":{"rendered":"5. desember: #hemmeleg #losje"},"content":{"rendered":"<p>Medan\u00a0den tidlegare pateren forflytta seg, s\u00e5g det ut som han svevde. Men nede under munkekjolen var t\u00e6rne i arbeid. Kunsten hadde han l\u00e6rt seg i eit kloster i Paris. Litt styrketrening og balansering var alt som skulle til. Var\u00a0t\u00e6rne berre sterke nok, kunne dei bera kroppstyngda \u00e5leine, utan st\u00f8tte fr\u00e5 h\u00e6len eller fots\u00e5len. Berrf\u00f8tt p\u00e5 kalde steingolv hadde mang ein munk nytta den sofistikerte teknikken. N\u00e5r berre nokre f\u00e5 t\u00e5puter r\u00f8rte golvet samstundes var det enklare \u00e5 halda varmen.<\/p>\n<p>Det var ei velsigning. <em>Tenk at mennesket var s\u00e5 tilpassingsdyktig at det kunne f\u00e5 t\u00e6rne til \u00e5 g\u00e5 som krabbebein!<\/em><\/p>\n<p>N\u00e5 var ikkje temperaturen eit problem der den tidlegare pateren befann seg for augneblinken. Den store losjesalen blei varma av ein diger peis. Lukkeleg og yr l\u00e9t han t\u00e6rne springa over golvet; snart til h\u00f8gre, snart til venstre; snart bakover, br\u00e5tt framover. Det kitla i magen. Han lente hovudet bakover og klukka som eit lite barn.<\/p>\n<p>Midt p\u00e5 golvet stod eit gigantisk spisebord med stolar til femti menneske. Den tidlegare pateren flytta p\u00e5 serviettane. Han l\u00f8fta p\u00e5 bestikket, pusta p\u00e5 det og t\u00f8rka doggen.<\/p>\n<p>Alt skulle vera perfekt.<\/p>\n<p>For f\u00f8rste gong hadde det lukkast han i \u00e5 samla dei alle i heimbyen sin. Han gledde seg til \u00e5 sj\u00e5 dei att, visa dei salen, trykka hendene deira og rista vennleg, servera dei lokal kokekunst \u2013 og han gledde seg til \u00e5 presentera planen.<\/p>\n<p><em>Meisterplanen.<\/em><\/p>\n<p>P\u00e5 bordet hadde han lagt ein seks meter lang l\u00f8par, kongebl\u00e5, og opp\u00e5 den ei rekke massive s\u00f8lvkandelabrar. Sju gonger sju raude lys venta p\u00e5 \u00e5 bli tende. Det var jo jul.<\/p>\n<p>&#8220;Det er jo jul,&#8221; tenkte den tidlegare pateren. &#8220;Jula som skal endra norsk spr\u00e5khistorie&#8221;.<\/p>\n<p>Steinpeisen fekk salen til \u00e5 minna om eit middelalderslott. Det var ikkje lett \u00e5 skj\u00f8na at han l\u00e5g i andre etasje i eit vanleg forretningsbygg i sentrum av ein norsk sm\u00e5by. Steinkledde spissbogar gav vindauga eit gotisk preg. Dei var laga p\u00e5 ein slik finurleg m\u00e5te at dei var gotiske inne, men moderne og firkanta ute.<\/p>\n<p>Langs den andre langveggen sto bokhyllene. Her fann ein klassikarar, norske og utalandske, samtlege i norsk eller dansk spr\u00e5kdrakt. Homer, Cicero, Dante og Hemingway. Samt Ibsen, Bj\u00f8rnson og Kielland.<\/p>\n<p>Den tidlegare pateren smilte og l\u00e9t t\u00e6rne springa over golvet. Han drog fingrane over samlingas aller gjevaste bok, lukka augene og klukka stille. Han opna henne og las ei setning. Han las <em>to <\/em>setningar. Han klukka h\u00f8gare og h\u00f8gare, ja endog end\u00e5 h\u00f8gare; s\u00e5 h\u00f8gt lo han at han blei redd for \u00e5 te seg som ein novise utan latinskule. Han sette boka p\u00e5 plass.<\/p>\n<p><em>Det norr\u00f8ne meisterverket i dansknorsk spr\u00e5kdrakt. <\/em>Heimkringla. Pollestad-utgaven.<\/p>\n<p>Utgjevinga hadde vore ein test av det norske folket, og det hadde best\u00e5tt med glans. Somme kritikarar hadde jamvel sagt at den originale sagastilen var bevart!<\/p>\n<p>Den tidlegare pateren klukka igjen.<\/p>\n<blockquote><p><strong>\u00abKark ble rent f\u00e6len, han tok en sv\u00e6r kniv han hadde i beltet og kj\u00f8rte den gjennom strupen p\u00e5 jarlen og skar den ut igjen. Det ble H\u00e5kon Jarls d\u00f8d. Etterp\u00e5 skar Kark hodet av jarlen og l\u00f8p sin veg; dagen etter kom han inn til Lade og gav jarlens hode til kong Olav. Han fortalte ogs\u00e5 alt det som hadde hendt mellom ham og H\u00e5kon jarl, og som er skrevet her ovenfor. Da lot kong Olav ham f\u00f8re bort og hogge hodet av ham.\u00bb <\/strong><\/p>\n<p><strong>Ingen tvil om hva som foreg\u00e5r her. <\/strong><strong>Men det er mer effektivt fortalt hos Pollestad: <\/strong><\/p>\n<p><strong>\u00abKark ble s\u00e5 redd og forskremt at han grep en sv\u00e6r kniv han hadde i beltet, kj\u00f8rte den i halsen p\u00e5 jarlen og skar strupen over. Slik d\u00f8de H\u00e5kon jarl. Kark skar hodet av ham og l\u00f8p bort med det. Dagen etter kom han til Lade og for\u00e6rte kong Olav jarlens hode. Han fortalte ogs\u00e5 alt som hadde hendt mellom ham og H\u00e5kon jarl, slik det her er beskrevet. S\u00e5 lot kong Olav ham f\u00f8re bort og hogge hodet av ham.\u00bb <\/strong><strong><a href=\"http:\/\/www.dagbladet.no\/2012\/02\/27\/kultur\/litteratur\/bok\/anmeldelser\/litteraturanmeldelser\/20425969\/\">dagbladet.no<\/a>, 27.2.2012<\/strong><\/p><\/blockquote>\n<p>D\u00e5 folket hadde vist seg \u00e5 akseptera norr\u00f8nt p\u00e5 bokm\u00e5l, var det klart at nynorskens endetid var n\u00e6r. Nokre \u00e5r med intens planlegging hadde f\u00f8lgt. Og n\u00e5 hadde den tidlegare pateren meisterplanen klar. Byen hadde allereie sett begynnelsen av den, dei skj\u00f8na berre ikkje rekkevidda.<\/p>\n<p><em>Dei gule b\u00f8kene.<\/em><\/p>\n<p>Han hadde ikkje sett namnet sitt p\u00e5; men n\u00e5r slaget var vunne, skulle det koma nye utg\u00e5ver. D\u00e5 skulle <em>han<\/em>, den tidlegare pateren, st\u00e5 att som bokm\u00e5lets imperator.<\/p>\n<p><em>Fred. Pollestad-utgaven.<\/em><\/p>\n<p>Snart ville dei koma, dei andre i den hemmelege losjen. Han skulle fortelja dei om meisterplanen, og dei ville hylla han som sin herre.<\/p>\n<p>\u00abMen f\u00f8rst,\u00bb tenkte han, \u00aben selfie!\u00bb<\/p>\n<p>Han smilte.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/img_1717smilinsta5\/\" rel=\"attachment wp-att-5008\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1664\" height=\"1505\" class=\"alignnone size-full wp-image-5008\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/IMG_1717smilInsta5.jpg\" alt=\"img_1717smilinsta5\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/IMG_1717smilInsta5.jpg 1664w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/IMG_1717smilInsta5-300x271.jpg 300w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/IMG_1717smilInsta5-1024x926.jpg 1024w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/IMG_1717smilInsta5-250x226.jpg 250w\" sizes=\"auto, (max-width: 1664px) 100vw, 1664px\" \/><\/a><\/p>\n<p>T\u00e6rne skyssa han over golvet. Han lente seg ut av det eine vindauget. Hadde han lent seg lenger ut og sett til h\u00f8gre, ville han f\u00e5tt auge p\u00e5 h\u00f8ghuset Forum J\u00e6ren, og der, i den s\u00f8rlege fl\u00f8yen, Garborgsenteret.<\/p>\n<p>Men den tidlegare pateren s\u00e5g til venstre.<\/p>\n<p>Og der nede s\u00e5g han den eine etter den andre. Alle kvar for seg, ingen saman. Dei gjekk ut og inn\u00a0av butikkar, nokre i bondeoverallar, andre med stresskoffertar. Det var ikkje mogleg \u00e5 skjelna losjemedlemmane fr\u00e5 vanlege folk.<\/p>\n<p>\u00abVi er s\u00e5 lure,\u00bb tenkte den tidlegare pateren. \u00abDette kommer til \u00e5 g\u00e5 bra.\u00bb<\/p>\n<p>Han folda hendene og nynna melodien til den eldgamle losjesongen. Snart skulle dei synga for full hals.<\/p>\n<p><em>For ei jul det skulle bli!<\/em><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<hr \/>\n<p><em>Har dette noko med Garborgsenteret \u00e5 gjera? Nei, det er sj\u00f8lvsagt ingen samanheng mellom desse parallellhistoriane. Det er ikkje ein krim, dette. F\u00f8lg med i morgon, det blir kriminelt spennande! <\/em><\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/6-desember\/\">Til i morgon<\/a> (6. desember)<\/p>\n<p>PS! Garborgsenteret poengterer at alle karakterar og institusjonar, sj\u00f8lv dei som er baserte p\u00e5 verkelege personar og institusjonar, er fiktive karakterar og institusjonar.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Medan\u00a0den tidlegare pateren forflytta seg, s\u00e5g det ut som han&#8230;<\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":4999,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[56],"tags":[58],"class_list":["post-4264","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-garborgs-galningar-moter-riksmalsforbundet","tag-garborgs-galningar-moter-riksmalsforbundet","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.6 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>5. desember: #hemmeleg #losje - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"5. desember: #hemmeleg #losje - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Medan\u00a0den tidlegare pateren forflytta seg, s\u00e5g det ut som han...\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2016-12-18T23:00:55+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2017-01-09T13:15:35+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/IMG_20161115_163148bearb2.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"619\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"579\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"5 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/5-desember\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/5-desember\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"headline\":\"5. desember: #hemmeleg #losje\",\"datePublished\":\"2016-12-18T23:00:55+00:00\",\"dateModified\":\"2017-01-09T13:15:35+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/5-desember\\\/\"},\"wordCount\":1007,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/5-desember\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/12\\\/IMG_20161115_163148bearb2.jpg\",\"keywords\":[\"Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet\"],\"articleSection\":[\"Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/5-desember\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/5-desember\\\/\",\"name\":\"5. desember: #hemmeleg #losje - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/5-desember\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/5-desember\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/12\\\/IMG_20161115_163148bearb2.jpg\",\"datePublished\":\"2016-12-18T23:00:55+00:00\",\"dateModified\":\"2017-01-09T13:15:35+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/5-desember\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/5-desember\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/5-desember\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/12\\\/IMG_20161115_163148bearb2.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2016\\\/12\\\/IMG_20161115_163148bearb2.jpg\",\"width\":619,\"height\":579},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/5-desember\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"5. desember: #hemmeleg #losje\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"5. desember: #hemmeleg #losje - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"5. desember: #hemmeleg #losje - Garborgsenteret","og_description":"Medan\u00a0den tidlegare pateren forflytta seg, s\u00e5g det ut som han...","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2016-12-18T23:00:55+00:00","article_modified_time":"2017-01-09T13:15:35+00:00","og_image":[{"width":619,"height":579,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/IMG_20161115_163148bearb2.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"5 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"headline":"5. desember: #hemmeleg #losje","datePublished":"2016-12-18T23:00:55+00:00","dateModified":"2017-01-09T13:15:35+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/"},"wordCount":1007,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/IMG_20161115_163148bearb2.jpg","keywords":["Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet"],"articleSection":["Garborgs galningar m\u00f8ter Riksm\u00e5lsforbundet"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/","name":"5. desember: #hemmeleg #losje - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/IMG_20161115_163148bearb2.jpg","datePublished":"2016-12-18T23:00:55+00:00","dateModified":"2017-01-09T13:15:35+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/IMG_20161115_163148bearb2.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/IMG_20161115_163148bearb2.jpg","width":619,"height":579},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/5-desember\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"5. desember: #hemmeleg #losje"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2016\/12\/IMG_20161115_163148bearb2.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4264","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=4264"}],"version-history":[{"count":38,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4264\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":5449,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/4264\/revisions\/5449"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/4999"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=4264"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=4264"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=4264"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}