{"id":1660,"date":"2015-03-08T10:34:40","date_gmt":"2015-03-08T08:34:40","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=1660"},"modified":"2015-10-08T11:50:13","modified_gmt":"2015-10-08T09:50:13","slug":"eit-meisterverk-pa-versefoter","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/","title":{"rendered":"Haugtussa 120 \u00e5r: &#8220;Eit meisterverk p\u00e5 versef\u00f8ter&#8221;"},"content":{"rendered":"<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Den f\u00f8rste veka i mai 1895 m\u00f8tte norske lesarar for f\u00f8rste gong ei ungjente som skulle bli ein av dei mest kjende personane i norsk litteratur til alle tider. D\u00e5 kom den nye boka til Arne Garborg ut p\u00e5 Aschehoug Forlag i Christiania. Boka heitte <i>Haugtussa<\/i> \u2013 <i>forteljing.<\/i> Garborg var eit namn mange hadde meiningar om, og det var b\u00e5de p\u00e5 godt og vondt. Han hadde i \u00e5revis gjennom b\u00f8ker og avispolemikk lagt seg ut med b\u00e5de den eine og den andre, helst dei store og mektige, og han var god til det.\u00a0<\/span><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Derfor vart nye b\u00f8ker etterkvart im\u00f8tesette med s\u00e5 vel forventning som skepsis, s\u00e5 ogs\u00e5 denne gongen.<\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Forma p\u00e5 den nye boka var \u00f2g uvanleg, sidan Garborg var mest kjent for romanane sine. Rett nok hadde han skrive dikt <i>f\u00f8r<\/i>, mellom andre det som eigentleg var gjennombrotet hans som lyrikar, fedrelandssongen \u00abGud signe Noregs land\u00bb, som han hadde publisert i bladet <i>Fedraheimen<\/i> s\u00e5 tidleg som i 1878. D\u00e5 var han bare 27 \u00e5r. <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Men dette var alts\u00e5 <i>ei heil bok<\/i> med bare dikt, dikt i mange fasongar, storleikar og p\u00e5 vekslande versef\u00f8ter. Boka inneheldt ei vakker, men vond kj\u00e6rleikshistorie; men innhaldet elles var mildt sagt noko meir spesielt: Det var nemleg \u00abei bok om tussar og huldrer, raggetroll og nasegygrer, daudingar som grafsar etter bein, haugkallar p\u00e5 danselag inni djupaste fjellheimen, talande trer\u00f8ter, sp\u00f8kelse og sm\u00e5sporv og kattar og dansande tre! Om \u00f8yar som s\u00f8kk i havet. Om v\u00e5r og sommar, menneske som blir til dyr i jula, og om hauststormar som uler!\u00bb, for \u00e5 sitera Arild Linneberg, mannen som har skrive ei av dei lengste litter\u00e6re doktorgradsavhandlingane i norsk historie om nettopp <i>Haugtussa<\/i>. <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Det politiske uteblei forresten ikkje i <i>Haugtussa<\/i> heller; der den tidlause ironien over samfunn og menneske var \u2013 og er &#8211; beisk, bitande, og briljant.\u00a0 <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignleft\" src=\"http:\/\/old.jaermuseet.no\/images\/stories\/garborgsenter\/artikkelbilder\/2015\/Mi_Haugtussa\/Haugtussa_Haukland_01web.jpg\" alt=\"Haugtussa Haukland 01web\" width=\"369\" height=\"336\" \/>Namnet <i>Haugtussa<\/i> er Garborg sitt eige ord, sett saman av stavingar<i> <\/i>fr\u00e5 orda <i>haug<\/i>-folk og<i> tussa<\/i>-r.\u00a0\u00a0 I tillegg til tittelen hadde boka ein undertittel: &#8211; <i>forteljing<\/i>. Den hadde han \u00f2g brukt tre \u00e5r tidlegare i storverket <i>Fred<\/i>. Diktaren tok vekk undertittelen i seinare utg\u00e5ver, som det etter kvart skulle bli mange av. Alt same \u00e5ret kom nemleg boka i nytt opplag, og<i> Haugtussa <\/i>er i dag den Garborgboka som har kome i flest opplag, godt over tjue til n\u00e5. Boka vart p\u00e5 vanleg Garborgvis endra og flikka p\u00e5 etter kvart som ho kom ut i nye opplag og diktaren hadde kome p\u00e5 andre tankar. <\/span><\/p>\n<p><em><span style=\"font-family: 'Georgia','serif'; font-style: normal;\">\u00abI de siste dager har jeg v\u00e6rt nedsunket i en h\u00f8yst eiendommelig lyrikk: det er en nettopp utkommet bok p\u00e5 landsm\u00e5l av Arne Garborg, <\/span><\/em><em><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Haugtussa<\/span><\/em><em><span style=\"font-family: 'Georgia','serif'; font-style: normal;\">. Det er en helt genial bok, hvor musikken egentlig allerede er komponert. <\/span><\/em><em><span style=\"font-family: 'Georgia','serif'; font-style: normal;\">Man beh\u00f8ver kun \u00e5 skrive den ned.\u00bb Slik skreiv Edvard Grieg etter \u00e5 ha lese <\/span><\/em><em><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Haugtussa<\/span><\/em><em><span style=\"font-family: 'Georgia','serif'; font-style: normal;\">, og me veit alle kva den geniale boka gjorde med han.<\/span><\/em><i><\/i><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Eg trur denne \u00abh\u00f8yst eiendommelige\u00bb lyrikken har gjort og gjer mykje med mange andre \u00f2g: Det er ikkje mange verk i den norske bokheimen som har vore s\u00e5 slitesterke og mykje brukte til s\u00e5 mangt som <i>Haugtussa<\/i>. Boka har i tillegg greidd det sv\u00e6rt f\u00e5 b\u00f8ker av dette formatet oppn\u00e5r: \u00c5 verta <i>b\u00e5de<\/i> kritikarrost <i>og<\/i> allemannseige. I slutten av 1890-\u00e5ra vart ho nemleg k\u00e5ra til \u00ab\u00c5rhundrets diktverk\u00bb av kritikarane. Det var velfortent, for s\u00e6rleg st\u00f8rre skrivekunst har me knapt hatt korkje f\u00f8r eller sidan i bokheimen v\u00e5r.<\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Forteljinga om Veslem\u00f8y best\u00e5r opphavleg av ei samling p\u00e5 over 90 dikt av varierande storleik og form, der innhaldet har bakgrunnen sin i det eldre og meir ekte j\u00e6rske bondesamfunnet med sitt religi\u00f8se liv som var bygt p\u00e5 restar av b\u00e5de det eine og det andre. Heidenskap, overtru og eventyr med dei magiske tala 3 og 12 og krevjande pr\u00f8vingar vert fort synlege. Det same gjer den kristne grunnfestinga, denne gongen basert p\u00e5 ei sunn og trygg og oppbyggeleg gudstru, og ikkje den sjuklege, destruktive og feilslegne villfaringa han hadde skildra i <i>Fred<\/i> tre \u00e5r f\u00f8r. <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Verket opnar imidlertid jordn\u00e6rt nok med ei hylling til J\u00e6ren p\u00e5 elleve vers \u2013 i tre deler: <\/span><\/p>\n<p><strong><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Til deg, du hei og bleike myr med bukkeblad<br \/>\n<\/span><\/strong><strong><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Der hegre stig og heilo flyr, eg gjev mitt kvad<\/span><\/strong><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\"> Kvadet er historia om landet, om naturen, fuglar og dyr, om nedbrytande og oppbyggelege krefter, om overtru og tru, og om menneska i alt dette; mellom dei \u00f2g far hans: <\/span><\/p>\n<p><strong><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Eg kjenner deg, eg kjenner deg, som ikkje vann<br \/>\n<\/span><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Eg s\u00e5g din strid, eg veit din veg, i skuggeland<\/span><\/strong><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Opningskvadet er eigentleg eit samandrag av heile verket, b\u00e5de kva det skal handla om, og korleis me kan lesa og forst\u00e5 det. Det presenterer i tillegg det sentrale motivet: Gjennom fleire rundar viser det oss ein livssyklus om mennesket sin kamp for tilveret, der byggjande og nedbrytande krefter &#8211; i verket \u00abtroll\u00bb og \u00ab\u00e5nd\u00bb st\u00e5r mot kvarandre i ein stigande kurve som i ein spiral. Denne konstante kampen mellom det vonde og det gode finn me \u00f2g i Garborg sitt livssyn. Eit sterkt sidemotiv er det som gjennom \u00e5ra kanskje har gripe flest lesarar: Sviket \u2013 dette tidlaust vonde som finst alt i Moseb\u00f8kene, og som me alle og i alle aldrar kan identifisera oss med.<\/span><\/p>\n<p><i><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Haugtussa<\/span><\/i><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\"> er delt i tolv kapittel, alle med overskrifter. I tillegg har kvart enkeltdikt ein eigen tittel. Innhaldet i tekstane er, som diktaren har antyda, ei usalig blanding av alt fr\u00e5 vakre og vare naturskildringar, gjenkjenneleg realisme og fri fantasi, folklore med g\u00e5ter, rim og regler, versef\u00f8ter som blant mykje anna leiar tankane til norr\u00f8n dikting, Bibel, tru og overtru, eventyr og magi, draumar og tankespinn, men \u00f2g alvorlege feberfantasiar og maredraumar; avsindige og til dels psykotiske vrangf\u00f8restillingar. <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Persongalleriet er b\u00e5de av denne verda og av ei verd mange av oss tenkjer me er mindre bevandra i, men der me nok om me vil vera heilt \u00e6rlege m\u00e5 vedg\u00e5 at me kjenner igjen forbausande mange av akt\u00f8rane, og <i>iallfall<\/i> det dei driv p\u00e5 med. Hovudpersonen oppheld seg ut fr\u00e5 skiftande f\u00f8resetnader i begge verdenar. Og me fylgjer heilt uanstrengt med henne &#8211; ogs\u00e5 inn i det ukjende. Er det fordi det kanskje ikkje er s\u00e5 ukjent likevel? <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Kva er det s\u00e5 diktaren <i>eigentleg<\/i> vil seia oss med denne mildt sagt fantastiske forteljinga fr\u00e5 verd og underverd? Er det bare ei vakker kj\u00e6rleikshistorie som endar galt, og som f\u00f8rer til sjukdom, med p\u00e5f\u00f8lgjande utrulege og uverkelege m\u00f8te og opplevingar i ei fullstendig vanvitig og til dels psykotisk og kolm\u00f8rk fantasiverd, og som kan vera underhaldande nok i all sin geniale forteljekunst og galskap, men som ikkje er s\u00e6rleg meir enn det?<\/span><\/p>\n<p><em><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Truleg ikkje.<\/span><\/em><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\"> Veslem\u00f8y sine opplevingar, reelle eller irrasjonelle og i kva verd det m\u00e5tte vera, handlar eigentleg om noko sv\u00e6rt n\u00e6rt; nemleg om <i>oss sj\u00f8lve<\/i>. Mon om det ikkje er derfor at s\u00e5 mykje i dette merkelege universet verkar s\u00e5 kjent? For \u00abden andre verda\u00bb Veslem\u00f8y ser inn i og til tider er i er eigentleg ikkje anna enn v\u00e5rt eige menneskelege spegelbilete. Trolla ho m\u00f8ter i alle slags former og fasongar viser oss korleis me kan framst\u00e5 i v\u00e5re mangfaldige og ofte lite flatterande forkledningar og rollar. S\u00e5 n\u00e5r me f\u00e5r <i>sj\u00e5 og vita<\/i> kva og kven trolla er, f\u00e5r me samstundes vita kven <i>me<\/i> sj\u00f8lv er. Det vert dermed noko tidlaust over det Veslem\u00f8y opplever, i kva tid eller verd det enn m\u00e5tta finna stad. <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Det som gjer <i>Veslem\u00f8y<\/i> annleis er ikkje bare at ho er synsk og dermed litt spesiell; det er vel s\u00e5 mykje hennar evne til \u00e5 sj\u00e5 sanninga, og ta l\u00e6rdom av og avstand fr\u00e5 det negative ho opplever. Klokskapen og tryggleiken ho viser gjennom kampen sin vert eit f\u00f8red\u00f8me for oss alle; for utfordringane ho kjempar mot kunne like gjerne vore v\u00e5re. Men Veslem\u00f8y vil ikkje vera ein av dei som vel lettvinte l\u00f8ysingar eller minste motstands veg. Ho vil heller ikkje vera ein som diltar tanketomt og ukritisk med, utan motf\u00f8restellingar eller motsegner, eller ein av dei som ikkje stiller sp\u00f8rsm\u00e5l, og som alltid m\u00e5 tilh\u00f8yra fleirtalet og g\u00e5 i takt med det. Ho vil ikkje vera ein av dei som for ein kvar pris m\u00e5 vera inne med \u00abdei rette\u00bb, ein av dei som let seg lura og sel sjela si for kva inkjevetta som helst, eller ein av dei som fylgjer bj\u00f8llesauen blindt om det s\u00e5 ber like utfor stupet og rett i fortapinga, materielt s\u00e5 vel som \u00e5ndeleg. <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\"><a href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa-120-\u00e5r.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"300\" height=\"300\" class=\"size-medium wp-image-1397 alignleft\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa-120-\u00e5r-300x300.jpg\" alt=\"Haugtussa 120 \u00e5r\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa-120-\u00e5r-300x300.jpg 300w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa-120-\u00e5r-150x150.jpg 150w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa-120-\u00e5r-250x250.jpg 250w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa-120-\u00e5r.jpg 768w\" sizes=\"auto, (max-width: 300px) 100vw, 300px\" \/><\/a>For Veslem\u00f8y er livet med sin ukrenkelege integritet for dyrebart til \u00e5 bli misbrukt p\u00e5 f\u00e5nyttige og kortsiktige l\u00f8ysingar og val. \u00abTroll\u00bb er jo s\u00e5 mangt, og me m\u00f8ter dei n\u00e6r sagt dagleg med sine mangslungne tilbod, sj\u00f8lv om det stort sett er \u00absame m\u00f8let i ny innpakking\u00bb. Og likevel bit me p\u00e5. Enkelte av oss l\u00e6rer kanskje av feila sine, andre ikkje. Andre sine feil l\u00e6rer dei f\u00e6rraste av oss noko av. <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Det er like tidlaust som det er enkelt: Verda vil bedragast, og den menneskelege d\u00e5rskapen og kynismen er utan ende. Derfor kan dei som g\u00e5r <i>\u00abblinde og dauve\u00bb<\/i> bli lette bytte for alle slags troll &#8211; til alle tider. Med<i> \u00e5ra<\/i> burde me truleg blitt litt meir vaktsame. At me ikkje i st\u00f8rre grad <i>er<\/i> det, er eigentleg tankevekkjande, sidan <i>det<\/i> kan vera eit resultat av mangel p\u00e5 gode og trygge knaggar og retning i liva v\u00e5re. Me treng normer, og me treng sunne og gode <i>felles<\/i> haldningar for \u00e5 fungera godt og trygt saman. N\u00e5r normer vert relative eller individuelle kan mange fort mista b\u00e5de fotfestet og retningssansen.<\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Forteljinga om Veslem\u00f8y er ikkje bare natur- og folkelivsbilete: Ho er eit <i>symbol<\/i>, eit teikn p\u00e5 <i>den \u00e5ndelege og moralske krafta<\/i> som Garborg trudde p\u00e5; <i>draginga mot det gode og sanne<\/i>, og at \u00ab\u00e5nd m\u00e5 vinna p\u00e5 troll til sist, og vit p\u00e5 den varge villskap\u00bb [1]. Veslem\u00f8y har religionen i seg som eit naturleg instinkt, som sjela si eiga sj\u00f8lvopphaldsdrift. Kampen hennar mot det vonde, mot m\u00f8rket, mot trolla og den overveldande naturmakta er kanskje verkeleg nok i verket, men det heile er samtidig eit tidlaust <i>bilete<\/i>, \u00f2g eit bilete p\u00e5 diktaren sin eigen kamp med byggjande og nedbrytande krefter; \u00abtroll og \u00e5nd\u00bb. Det er v\u00e5r kamp \u00f2g, anten me er klare over det eller ei. <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Det jordn\u00e6re som er vist gjennom kj\u00e6rleikssviket og sorga over <i>det<\/i> som Veslem\u00f8y slit seg gjennom og som held p\u00e5 \u00e5 knekka henne, kan dessverre vera like aktuelt i dag, og viser m. a. alt for ofte igjen p\u00e5 den h\u00f8ge sj\u00f8lvdrapsstatikken v\u00e5r. Derfor og dermed burde forteljinga om Veslem\u00f8y si reise gjennom kj\u00e6rleik og sorg, sunnheit og sjukdom, draumar og syner, verkelegheit og fantasi i ei verd blant menneske og ei underverd blant tussar og troll til alle tider ha noko viktig \u00e5 minna oss p\u00e5: Me m\u00e5 vita \u00e5 velja vegane v\u00e5re, for det er ikkje alle som greier \u00e5 betala n\u00e5r prisen p\u00e5 erfaringane vert for h\u00f8g. <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Me h\u00f8yrde tidlegare om kor begeistra Edvard Grieg var for teksten i <i>Haugtussa<\/i>. I eit brev til Grieg, datert 7. november 1899, var det Garborg sin tur: Etter \u00e5 ha h\u00f8yrt Eva Nansen [2] og Agathe Backer Gr\u00f8ndahl [3] framf\u00f8ra songsyklusen skriv han i det som for han er uvanleg oppstemte ordelag: \u00abNu har jeg endelig f\u00e5tt h\u00f8re Haugtussasangene ordentlig, og jeg er blitt s\u00e5 glad i dem, mer enn jeg kan si. <\/span><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Det er nettopp dette dype, bl\u00f8te, dempede, denne underjordiske musikken, som <i>jeg<\/i> p\u00e5 min vis s\u00f8kte \u00e5 f\u00e5 inn i ord og vers, men som <i>De<\/i> har fanget. Og s\u00e5 plutselig igjen tindrende, str\u00e5lende sol og sommerfryd, som i den velsignede killingdansen. Men noe av det meste betagende er bekken. Ja, jeg er s\u00e5 glad og kry, rent utillatelig kry, fordi De kunne bruke disse versene. <\/span><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Takk!\u00bb <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">Men det er <i>me<\/i> som skal takka. Takka diktaren som gav oss noko av det absolutt vakraste av <i>ordkunst<\/i> \u2013 <i>og<\/i> <i>livsvisdom<\/i> me har i den norske bokheimen. Det viser ikkje minst igjen i alt det dette storverket gjennom \u00e5ra har inspirert til og blitt brukt til gjennom andre kunstuttrykk, og det at teksten stadig er i bruk av s\u00e5 mange. <\/span><\/p>\n<p><span style=\"font-family: 'Georgia','serif';\">S\u00e5 les <i>Haugtussa<\/i> du \u00f2g &#8211; og bli klokare! For den som les mykje, veit meir. <\/span><\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<p>Sigbj\u00f8rn Reime<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n<hr align=\"left\" size=\"1\" width=\"33%\" \/>\n<p><span style=\"font-family: 'Tahoma','sans-serif'; font-size: 8pt;\">[1] Fr\u00e5 \u00abStrid for fred\u00bb.<br \/>\n<\/span>[2]<span style=\"font-family: 'Tahoma','sans-serif'; font-size: 8pt;\"> Eva (Helene) Nansen (f. Sars) (1858-1907) &#8211; mezzosopran (g. m. F. Nansen 1889). Debuterte i 1881. Popul\u00e6r romanse-songar i heile Norden.<br \/>\n<\/span>[3]<span style=\"font-family: 'Tahoma','sans-serif'; font-size: 8pt;\"><span class=\"fornavn\"> Agathe (Ursula) Backer<\/span><span class=\"oppslag\"> Gr\u00f8ndahl<\/span> (1847-1907) &#8211; norsk pianist og komponist.<\/span><\/p>\n<hr \/>\n<p>Artikkelen er illustrert med foto fr\u00e5 Knudaheio,\u00a0tatt av Asle Haukland.<\/p>\n<p>&nbsp;<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Den f\u00f8rste veka i mai 1895 m\u00f8tte norske lesarar for&#8230;<\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":1396,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[13],"tags":[],"class_list":["post-1660","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-nytt-fra-garborgsenteret","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.4 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Haugtussa 120 \u00e5r: &quot;Eit meisterverk p\u00e5 versef\u00f8ter&quot; - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Haugtussa 120 \u00e5r: &quot;Eit meisterverk p\u00e5 versef\u00f8ter&quot; - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"Den f\u00f8rste veka i mai 1895 m\u00f8tte norske lesarar for...\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2015-03-08T08:34:40+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2015-10-08T09:50:13+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa_Haukland_03wp.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"2128\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"1416\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"11 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-meisterverk-pa-versefoter\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-meisterverk-pa-versefoter\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99\"},\"headline\":\"Haugtussa 120 \u00e5r: &#8220;Eit meisterverk p\u00e5 versef\u00f8ter&#8221;\",\"datePublished\":\"2015-03-08T08:34:40+00:00\",\"dateModified\":\"2015-10-08T09:50:13+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-meisterverk-pa-versefoter\\\/\"},\"wordCount\":2166,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-meisterverk-pa-versefoter\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2015\\\/08\\\/Haugtussa_Haukland_03wp.jpg\",\"articleSection\":[\"Nytt\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-meisterverk-pa-versefoter\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-meisterverk-pa-versefoter\\\/\",\"name\":\"Haugtussa 120 \u00e5r: \\\"Eit meisterverk p\u00e5 versef\u00f8ter\\\" - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-meisterverk-pa-versefoter\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-meisterverk-pa-versefoter\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2015\\\/08\\\/Haugtussa_Haukland_03wp.jpg\",\"datePublished\":\"2015-03-08T08:34:40+00:00\",\"dateModified\":\"2015-10-08T09:50:13+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-meisterverk-pa-versefoter\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-meisterverk-pa-versefoter\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-meisterverk-pa-versefoter\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2015\\\/08\\\/Haugtussa_Haukland_03wp.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2015\\\/08\\\/Haugtussa_Haukland_03wp.jpg\",\"width\":2128,\"height\":1416},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/eit-meisterverk-pa-versefoter\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Haugtussa 120 \u00e5r: &laquo;Eit meisterverk p\u00e5 versef\u00f8ter&raquo;\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Haugtussa 120 \u00e5r: \"Eit meisterverk p\u00e5 versef\u00f8ter\" - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Haugtussa 120 \u00e5r: \"Eit meisterverk p\u00e5 versef\u00f8ter\" - Garborgsenteret","og_description":"Den f\u00f8rste veka i mai 1895 m\u00f8tte norske lesarar for...","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2015-03-08T08:34:40+00:00","article_modified_time":"2015-10-08T09:50:13+00:00","og_image":[{"width":2128,"height":1416,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa_Haukland_03wp.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"11 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99"},"headline":"Haugtussa 120 \u00e5r: &#8220;Eit meisterverk p\u00e5 versef\u00f8ter&#8221;","datePublished":"2015-03-08T08:34:40+00:00","dateModified":"2015-10-08T09:50:13+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/"},"wordCount":2166,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa_Haukland_03wp.jpg","articleSection":["Nytt"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/","name":"Haugtussa 120 \u00e5r: \"Eit meisterverk p\u00e5 versef\u00f8ter\" - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa_Haukland_03wp.jpg","datePublished":"2015-03-08T08:34:40+00:00","dateModified":"2015-10-08T09:50:13+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa_Haukland_03wp.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa_Haukland_03wp.jpg","width":2128,"height":1416},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/eit-meisterverk-pa-versefoter\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Haugtussa 120 \u00e5r: &laquo;Eit meisterverk p\u00e5 versef\u00f8ter&raquo;"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/ad46de80e03bba57cc11b8cfcd842c99","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2015\/08\/Haugtussa_Haukland_03wp.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1660","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=1660"}],"version-history":[{"count":12,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1660\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":1663,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/1660\/revisions\/1663"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/1396"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=1660"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=1660"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=1660"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}