{"id":13165,"date":"2023-12-01T16:23:13","date_gmt":"2023-12-01T14:23:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=13165"},"modified":"2024-01-03T12:53:57","modified_gmt":"2024-01-03T10:53:57","slug":"har-du-sett-medaljen-til-arne-garborg","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/har-du-sett-medaljen-til-arne-garborg\/","title":{"rendered":"Veit du kor “nobelmedaljen” til Arne Garborg er?"},"content":{"rendered":"\n

Berre veker etter at nynorskhatet prega valkampen fekk Jon Fosse nobelprisen i litteratur. N\u00e5 kan alle sj\u00e5 at det beste landet v\u00e5rt har \u00e5 by p\u00e5, er p\u00e5 nynorsk. Hurra for Fosse!<\/p>\n\n\n\n

Og eit lite hjartesukk med det same: Kvifor s\u00e5g ikkje Svenska Akademien til nynorsken tidlegare?<\/p>\n\n\n\n

Allereie i 1902 blei Arne Garborg nominert til nobelprisen i litteratur, som f\u00f8rste nordmann i lag med Bj\u00f8rnstjerne Bj\u00f8rnson og Henrik Ibsen, som begge var ein generasjon eldre. Den aller f\u00f8rste nobelprisen i litteratur var utdelt \u00e5ret f\u00f8r og norsk litteratur stod h\u00f8gt i kurs, ikkje berre i den svensknorske unionen, men i den vestlege verda. Dette var siste delen av \u00abgullalderen\u00bb i norsk litteratur. Forfattarane sette dagsorden og hadde stor p\u00e5verknadskraft. Alle desse tre var store internasjonale namn, men berre Garborg skreiv p\u00e5 nynorsk. Han og Bj\u00f8rnson var stadig i tottane p\u00e5 einannan og enda opp med \u00e5 fronta kvar si m\u00e5lform.<\/p>\n\n\n\n

Den 26 \u00e5r gamle bondesonen Arne Garborg stod fram som nynorskr\u00f8rsla sin f\u00f8rar s\u00e5 tidleg som i 1877. Dette var ein posisjon han skulle ha til sin d\u00f8d. Det kunstnariske gjennombrotet kom f\u00f8rst i 1883 med romanen \u00abBondestudentar\u00bb. Utover p\u00e5 1880-talet stod han fram som \u00abNoregs farlegaste mann\u00bb og p\u00e5 1890-talet kom det internasjonale gjennombrotet. Meisterverk f\u00f8lgte meisterverk. \u00abMannfolk\u00bb i 1886, \u00abKolbotnbrev\u00bb 1890, \u00abTrette menn\u00bb 1891, \u00abFred\u00bb 1892, \u00abHaugtussa\u00bb 1895, \u00abDen bortkomne faderen\u00bb 1899. Fleire av desse var internasjonale bestseljarar og Garborg fekk \u00e6ra for \u00e5 ha innf\u00f8rt naturalismen til Tyskland.<\/p>\n\n\n\n

Han kunne vel f\u00e5 nobelprisen?<\/p>\n\n\n\n

\"\"
Arne Garborg. Foto: Nasjonalbiblioteket.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n

1902 var for tidleg for nynorsk. Rett nok hadde Stortinget sidestilt det med bokm\u00e5l, men formvariasjonane var store. B\u00e5de sidem\u00e5lsstilen og Noregs m\u00e5llag l\u00e5g nokre \u00e5r inn i framtida. Svenska Akademien sleit litt med \u00e5 forst\u00e5 det nye og uvande skriftspr\u00e5ket, sj\u00f8lv om det likna meir p\u00e5 svensk enn kva dansk og bokm\u00e5l gjorde. <\/p>\n\n\n\n

Den store Ibsen d\u00f8ydde truleg fr\u00e5 prisen i 1906, Bj\u00f8rnson fekk han i 1908. Men Garborg hadde stigande stjerne.   <\/p>\n\n\n\n

Med \u00e5ra la lesarane meir merke til kunstnaren Garborg, noko mindre til samfunnskritikaren. B\u00f8kene heldt seg. Han var ogs\u00e5 ein moderne forfattar. Samfunnsskildring, naturskildring, menneskeskildring og lyrikk smelta saman i ei h\u00f8gare eining.<\/p>\n\n\n\n

\u00abEg er poet\u00bb, seier romanforfattaren, essayisten og dramatikaren Fosse. Det same kunne Garborg ha sagt. Gjennom poesien f\u00e5r ein auge p\u00e5 \u00abdet useielege\u00bb, som Svenska Akademin sa om Fosse. \u00abFred\u00bb er ei av dei mest lyriske romanane i den norske bokheimen, \u00abHaugtussa\u00bb er er lyrikk sett inn i ein episk samanheng.<\/p>\n\n\n\n

\u00abNoregs farlegaste mann\u00bb stod fram som meir spiseleg for kvart \u00e5r som gjekk. Ikkje fordi han var blitt mindre radikal, mindre prinsipiell eller mindre folkeleg, men fordi det hadde vakse fram ein ny generasjon lesande borgarskap som var einige med han. Visst skulle me ha menneskerettar i Noreg, visst skulle me ha eit demokratisk og rettferdig samfunn, visst skulle dei fattige f\u00e5 same moglegheiter som dei rike. Og ja, visst skulle alle kunna lesa og bruka sitt eige spr\u00e5k!<\/p>\n\n\n\n

Arne Garborg hadde vore forut for si tid. N\u00e5 gjekk tida i takt med han.<\/p>\n\n\n\n

Etter fem nominasjonar s\u00e5g det endeleg ut til \u00e5 bli hans tur. I 1920 var den d\u00e5 69 \u00e5r gamle nynorskf\u00f8raren favoritt. M\u00e5lr\u00f8rsla f\u00f8rebudde seg p\u00e5 siger. Og etter ein lang prosess sat Svenska Akademien igjen med berre to namn: Garborg og ein annan nordmann, Knut Hamsun.<\/p>\n\n\n\n

Det var \u00abFred\u00bb mot \u00abMarkens gr\u00f8de\u00bb. Enok H\u00f2ve mot Isak Sellanraa.<\/p>\n\n\n\n

Og det vart vanskeleg. Dei vridde og vrengte p\u00e5 hovuda og omgrepa. Kva for ei bok var best? Kva hovudperson var djupast? Kva forfattar var mest human?<\/p>\n\n\n\n

Dei vurderte \u00e5 dela prisen mellom dei, end\u00e5 Hamsun hadde ymta om at han ville sleppa \u00e5 dela prisen med ein nynorskforfattar..<\/p>\n\n\n\n

Og til slutt fall valet p\u00e5 Hamsun \u00e5leine, rettferdig eller ikkje. Etterp\u00e5 sa rykta at Hamsun hadde vunne med fire stemmar (Svenska Akademien har 18 medlemmar). Skuffelsen var uansett stor i Nynorskland. Det finst ikkje s\u00f8lv- eller bronsemedaljar i kampen om nobelprisen. At Hamsun hadde vunne var inga tr\u00f8yst. Han skreiv jo nesten dansk!<\/p>\n\n\n\n

M\u00e5lfolket bestemte seg for \u00e5 samla inn ein tr\u00f8ystepremie til Garborg, overrekt p\u00e5 70-\u00e5rsdagen 25. januar 1921. Det vart ei grandios g\u00e5ve. Pengestraumen t\u00f8rka ikkje inn f\u00f8r summen n\u00e5dde 104 000 norske kroner, to tredelar av prisen. I dag er nobelprisen p\u00e5 11 millionar svenske kroner og to tredelar er omkring sju millionar, men av ulike grunnar tilsvarer g\u00e5va rundt tre millionar kroner i dag. Dette var uansett store pengar for ein mann som hadde levd delar av livet i fattigdom, det er berre \u00e5 lesa \u00abBondestudentar\u00bb eller \u00abKolbotnbrev\u00bb for \u00e5 skj\u00f8na det.<\/p>\n\n\n\n

Pengane var ogs\u00e5 uttrykk for takksemd etter at Garborg ved minst to h\u00f8ve valde fattigdom framfor rikdom, han ville nemleg vera fri til \u00e5 kjempa dei svake si sak. Dette skjedde f\u00f8rst i 1873, d\u00e5 han takka nei til eit jobbtilbod fr\u00e5 svenskekongen for \u00e5 kunna kjenna seg fri til \u00e5 kritisera monarkiet; og dernest i 1886, d\u00e5 han mista jobben som statsrevisor etter samfunnskritikken i romanen \u00abMannfolk\u00bb.<\/p>\n\n\n\n

Folkeg\u00e5va til Garborg er utan sidestykke i norsk litteraturhistorie, men hadde truleg sin inspirasjon fr\u00e5 Sverige, der folk hadde rast d\u00e5 August Strindberg blei forbig\u00e5tt i 1912. Fattigfolk, som s\u00e5g p\u00e5 Strindberg som sin talsmann, samla inn 45 000 kroner til han, pengar han straks l\u00f8yvde tilbake til dei fattige.<\/p>\n\n\n\n

Strindberg fekk ogs\u00e5 sin<\/em> tr\u00f8ystepremie p\u00e5 bursdagen. Nokre m\u00e5nadar seinare var han d\u00f8d.<\/p>\n\n\n\n

Men Garborg fekk meir enn pengar. I \u00abKolbotnbrev\u00bb hadde han skrive at han hadde alt han trong, bortsett fr\u00e5 ein hest. Dette hugsa folket 30 \u00e5r seinare, s\u00e5 hest fekk han, ein fjording, og ein medalje.<\/p>\n\n\n\n

\"\"
Hesten Garborg fekk til venstre. Kona Hulda, svigerdottera og barnebarn til h\u00f8gre. Foto: Asker museum.<\/figcaption><\/figure>\n\n\n\n