{"id":12719,"date":"2023-06-28T14:46:31","date_gmt":"2023-06-28T12:46:31","guid":{"rendered":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?p=12719"},"modified":"2023-07-13T13:44:15","modified_gmt":"2023-07-13T11:44:15","slug":"haaland-eller-garborg","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/","title":{"rendered":"Haaland eller Garborg?"},"content":{"rendered":"\n<p>21. juni gjekk ordf\u00f8raren i Time, Andreas Vollsund, ut og sa at fotballspelar Erling Braut Haaland var blitt st\u00f8rre enn Arne Garborg. Mange reagerte p\u00e5 dette, ogs\u00e5 me. Men som det kunnskapssenteret me er, vil me ikkje la oss riva med av f\u00f8lelsar. Me bestemte oss for \u00e5 g\u00e5 vitskapleg til verks.<\/p>\n\n\n\n<p>Men f\u00f8rst: Kva inneber det \u00e5 vera &#8220;st\u00f8rst&#8221;? Ogs\u00e5 her er folk ueinige. Ordf\u00f8raren la vekt p\u00e5 popularitet og kven som er mest ber\u00f8mt akkurat n\u00e5, medan me hella meir mot kven som er viktigast &#8211; b\u00e5de i samtida og ettertida.<\/p>\n\n\n\n<p>Me tar punkt for punkt, fr\u00e5 sm\u00e5tt til stort, heilt til me har ein vinnar. F\u00f8rstemann til ti poeng vinn!<\/p>\n\n\n\n<p>Me g\u00e5r i gang:<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Fysisk storleik: stor eller liten?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Haalands 1,95 er jo meir enn Garborg sine anslagsvis 1,62 meter, men ikkje alle ser det som noko positivt \u00e5 vera h\u00f8g. Likevel, sidan sp\u00f8rsm\u00e5let det gjeld er nettopp kven som er st\u00f8rst, f\u00e5r Haaland poeng her.<\/p>\n\n\n\n<p>Og sj\u00f8lv om det framleis er fleire Garborg-museum (tre), statuar (tre), vegar (tre) enn Haaland-monument i Time, ruvar sistnemnde noko skikkeleg i Bryne sentrum. Og mange lo d\u00e5 Haaland slengde rundt p\u00e5 lagkamerat Bernardo &#8220;<a href=\"https:\/\/www.youtube.com\/watch?v=g2o3-Xjtc3U\" target=\"_blank\" rel=\"noreferrer noopener\">som eit lite barn<\/a>&#8220;. Vel, Bernardo er elleve centimeter <em>h\u00f8gare<\/em> enn Garborg.<\/p>\n\n\n\n<p><em>Poeng til Haaland.<\/em> 1-0.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Utsj\u00e5nad. Krans eller hestehale?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Mange er opptekne av h\u00e5r, og d\u00e5 kan me ikkje ta lett p\u00e5 dette punktet. Kva er eigentleg flottast av krans og hestehale? Haaland overraska mange d\u00e5 han sleppte ut h\u00e5ret og laga hale, medan Garborg nok m\u00e5 seiast \u00e5 ha hatt eit meir avslappa forhold til h\u00e5ret sitt, utan at han eigentleg hadde noko val. Han blei tynn i h\u00e5ret i starten av tretti\u00e5ra, og etter ein spennande periode med hentesveis (framover) slo han seg til ro med den klassiske kransen. Dette er ei vanskeleg vurdering, men sidan Haaland sitt tjukke, lyse h\u00e5r utvilsamt er flottare enn Garborg sitt, uavhengig av frisyre, f\u00e5r han poenget her.<\/p>\n\n\n\n<p>Bildet av Garborg med framover-hentesveis er henta fr\u00e5 norgeshistorie.no. Foto: Ola Andreas Stang Geelmuyden \/ Oslo Museum.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"714\" height=\"1024\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Framoverhentesveis-Norgeshistorie-714x1024.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-12749\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Framoverhentesveis-Norgeshistorie-714x1024.jpg 714w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Framoverhentesveis-Norgeshistorie-209x300.jpg 209w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Framoverhentesveis-Norgeshistorie-139x200.jpg 139w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Framoverhentesveis-Norgeshistorie.jpg 816w\" sizes=\"auto, (max-width: 714px) 100vw, 714px\" \/><\/figure>\n\n\n\n<p><em>Poeng til Haaland.<\/em> 2-0.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Klede. Pysjamas eller sl\u00e5brok?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Haaland har f\u00e5tt mange kommentarar p\u00e5 pysjamasbruken sin, s\u00e6rleg d\u00e5 han dukka opp p\u00e5 fest med lagkameratane i sovet\u00f8y. Men det ser unekteleg noks\u00e5 kult ut, han har skapt mote og det er lett \u00e5 forst\u00e5 at ein mann som til ei kvar tid har gangsperr, l\u00e5rh\u00f8ne, leggh\u00f8ne, skrubbs\u00e5r og bl\u00e5merke likar \u00e5 kle seg behageleg. Sl\u00e5broken Garborg brukte \u00e5 g\u00e5 med i Knudaheio var altfor stor, men god og varm i den kalde hytta. Dessverre (eller heldigvis) brukte han den aldri ute blant folk, s\u00e5 han skapte ingen mote.<\/p>\n\n\n\n<p><em>Poeng til Haaland. <\/em>Hattetriks. 3-0.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Namn. Fr\u00e5 H\u00e5land til Haaland eller fr\u00e5 Aadne til Arne?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Det er interessant \u00e5 merka seg at b\u00e5de Haaland og Garborg valde vekk dei j\u00e6rske namna sine. Haaland anglifiserte det norr\u00f8ne H\u00e5land til Haaland, og me aner at far Alfie (tidl. Alf-Inge) ikkje heilt har f\u00e5tt med seg p\u00e5verknaden digitaliseringa har hatt p\u00e5 det engelske spr\u00e5ket. Til d\u00f8mes er det heilt uproblematisk \u00e5 heita \u00d8degaard i England i dag. Aadne endra til Arne d\u00e5 han flytta til hovudstaden, noko som kanskje var litt feigt, men han trudde i det minste (om enn feilaktig) at Arne var eldre og meir norr\u00f8nt enn Aadne.<\/p>\n\n\n\n<p><em>Minuspoeng til begge.<\/em> Haaland held leiinga med 2 poeng, Garborg kjem etter med minus 1.<\/p>\n\n\n\n<p>NB! Det er sikkert ein og annan j\u00e6rgut som blir d\u00f8ypt Erling i tida framover, og det er til inntekt for fotballspelaren. Men det var f\u00f8rst etter Haugtussa at <a href=\"https:\/\/no.wikipedia.org\/wiki\/Veslem%C3%B8y\" target=\"_blank\" rel=\"noreferrer noopener\">Veslem\u00f8y<\/a> kom i bruk. F\u00f8r boka, som kom i 1895, heitte ingen norske jenter Veslem\u00f8y. Dette kunne gitt ekstrapoeng til Garborg, men me held oss til saka og gjev poenget til dei 619 flotte kvinnene som heiter Veslem\u00f8y i Noreg i dag (kjelde: Statistisk sentralbyr\u00e5).<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Musikk. Kygo Jo eller Haugtussa-songane?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Haaland laga jo r\u00e6ppen Kygo Jo saman med juniorlandslagsvennane i bandet Flow Kingz, med over 11 millionar treff p\u00e5 YouTube. I tillegg har han f\u00e5tt den morosame &#8220;Haaland (Ha Ha Ha)&#8221; laga til seg, og fansen syng namnet hans kvar veke. Dette er sj\u00f8lvsagt stort. Likevel er Garborg overlegen her. &#8220;Gud signe Noregs land&#8221; var nynorskens nasjonalsong, &#8220;Sm\u00e5sporven&#8221; er framleis ei av dei mest popul\u00e6re visene p\u00e5 J\u00e6ren og Haugtussa-songane til Grieg sine melodiar er verdsber\u00f8mte. Saman med Peer Gynt er Haugtussa det norske diktverket som er blitt laga mest musikk til. Mellom komponistane og artistane er Jorunn Undheim og Bj\u00f8rge Verbaan (sj\u00e5 under). I tillegg var Garborg ein flink felespelar, medan me ikkje kjenner til liknande talent hos Haaland.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-embed is-type-video is-provider-youtube wp-block-embed-youtube wp-embed-aspect-16-9 wp-has-aspect-ratio\"><div class=\"wp-block-embed__wrapper\">\n<div class=\"iframe-wrapper-youtube\"><iframe title=\"Flow Kingz Feat Lyng - Kygo jo\" src=\"https:\/\/www.youtube.com\/embed\/oYJWkDFzEXA?feature=oembed\" frameborder=\"0\" allow=\"accelerometer; autoplay; clipboard-write; encrypted-media; gyroscope; picture-in-picture; web-share\" referrerpolicy=\"strict-origin-when-cross-origin\" allowfullscreen><\/iframe><\/div>\n<\/div><\/figure>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-embed is-type-video is-provider-youtube wp-block-embed-youtube wp-embed-aspect-16-9 wp-has-aspect-ratio\"><div class=\"wp-block-embed__wrapper\">\n<div class=\"iframe-wrapper-youtube\"><iframe title=\"Elsk - Garborg\/Verbaan\/Undheim\" src=\"https:\/\/www.youtube.com\/embed\/VP7Fbml19jA?feature=oembed\" frameborder=\"0\" allow=\"accelerometer; autoplay; clipboard-write; encrypted-media; gyroscope; picture-in-picture; web-share\" referrerpolicy=\"strict-origin-when-cross-origin\" allowfullscreen><\/iframe><\/div>\n<\/div><\/figure>\n\n\n\n<p><em>Poeng til Garborg.<\/em> Haaland leiar 2-0 ettersom Garborg hadde minuspoeng f\u00f8r denne runden.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Turisme. Kven er flinkast til \u00e5 marknadsf\u00f8ra heimstaden?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Ordf\u00f8raren skryt av at Haaland ofte snakkar om Bryne. Men kvifor er det meir imponerande at ber\u00f8mte personar snakkar om heimstaden sin enn at andre gjer det? Alle kjem vel fr\u00e5 ein plass? Opplev J\u00e6ren marknadsf\u00f8rer Bryne som &#8220;heimbyen til Haaland&#8221;, og to turistar fr\u00e5 England (den eine halvt norsk) dukka opp i byen. Garborg skreiv seks b\u00f8ker om J\u00e6ren og nemnde heimstaden i tallause avisartiklar. Haaland har kanskje gjort Bryne litt kjend i utlandet, men Garborg gjorde Knudaheio til den mest kjende staden p\u00e5 J\u00e6ren. Turistar til Knudaheio? Fleire hundre tusen i l\u00f8pet av 124 \u00e5r.<\/p>\n\n\n\n<p>Under ser me tilreisande i Knudaheio ein vinterdag i 1909. Fotograf: K.K. Kleppe.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"793\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Folkehogskuleelevar-ved-Knudaheio-om-lag-1909-foto-K-K-Kleppe-1024x793.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-12750\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Folkehogskuleelevar-ved-Knudaheio-om-lag-1909-foto-K-K-Kleppe-1024x793.jpg 1024w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Folkehogskuleelevar-ved-Knudaheio-om-lag-1909-foto-K-K-Kleppe-300x232.jpg 300w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Folkehogskuleelevar-ved-Knudaheio-om-lag-1909-foto-K-K-Kleppe-200x155.jpg 200w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Folkehogskuleelevar-ved-Knudaheio-om-lag-1909-foto-K-K-Kleppe-1536x1190.jpg 1536w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Folkehogskuleelevar-ved-Knudaheio-om-lag-1909-foto-K-K-Kleppe-2048x1586.jpg 2048w\" sizes=\"auto, (max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/figure>\n\n\n\n<p><em>Poeng til Garborg. <\/em>2-1 til Haaland.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Identitet. Kven er flinkast til \u00e5 halda p\u00e5 dialekten?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Haaland har f\u00e5tt mykje ros for \u00e5 halda p\u00e5 dialekten sin, men er ikkje det ein sj\u00f8lvsagt ting? Nei, viser det seg. Garborg, nynorskf\u00f8raren sj\u00f8lv, begynte nemleg \u00e5 snakka austlandsk d\u00e5 han busette seg i Kristiania. Rett nok gjorde alle det p\u00e5 den tida, men skuffande er det allikevel.<\/p>\n\n\n\n<p><em>Poeng til Haaland. <\/em>3-1.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Talent. Kven har det r\u00e5aste r\u00e5materialet?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>N\u00e5 g\u00e5r me inn i litt tyngre saker. Og her snakkar me om to uvanlege talent. <\/p>\n\n\n\n<p>Haaland viste sensasjonelle evner allereie fr\u00e5 f\u00f8rste fotballtrening som fem\u00e5ring, og same \u00e5ret sette han uoffisiell verdsrekord i stille lengde for fem\u00e5ringar. Garborg var sekret\u00e6r i kommunens forsikringsnemnd som elleve\u00e5ring, og var allereie kjend i lokalmilj\u00f8et for dikta sine. Haaland fekk eit internasjonalt gjennombrot som nitten\u00e5ring, Garborg var i same alder redakt\u00f8r for to aviser, den eine landsdekkande. Haaland vann europacupen som 22-\u00e5ring, Garborg tok artium p\u00e5 to \u00e5r i staden for tre &#8211; og oppn\u00e5dde dei beste karakterane i heile Noreg.<\/p>\n\n\n\n<p>Her er det s\u00e5 vanskeleg \u00e5 skilja at me m\u00e5 bruka askeladden-metoden. Garborg vaks opp p\u00e5 ein middels stor gard med omgangsskule og ein psykisk sjuk og valdeleg far. Han m\u00e5tte risikera alt for \u00e5 oppfylla sine draumar. Haaland blei f\u00f8dd med s\u00f8lvskei i munnen og fekk vera med p\u00e5 eit av landets fremste ungdomslag med glimrande trenarar og lagkameratar. Han blei oppfordra til \u00e5 spela mest mogleg fotball medan Garborg m\u00e5tte g\u00f8yma seg fr\u00e5 faren og lesa i smug.<\/p>\n\n\n\n<p>Under er hoppet til Haaland. Teikning av Thomas Kirkeberg, henta fr\u00e5 &#8220;Historia om Erling Braut Haaland&#8221; av \u00d8rjan Zazzera Johansen.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"777\" height=\"1024\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Kjempehopp-1-777x1024.png\" alt=\"\" class=\"wp-image-12754\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Kjempehopp-1-777x1024.png 777w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Kjempehopp-1-228x300.png 228w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Kjempehopp-1-152x200.png 152w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Kjempehopp-1.png 820w\" sizes=\"auto, (max-width: 777px) 100vw, 777px\" \/><\/figure>\n\n\n\n<p><em>Poeng til Garborg.<\/em> 3-2 til Haaland.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Forvaltning av talentet?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Her har me \u00e5 gjera med to r\u00e5skinn. Haaland bestemte seg allereie p\u00e5 barneskulen for \u00e5 bli verdas beste fotballspelar, medan Garborg bestemte seg for \u00e5 bli forfattar d\u00e5 han h\u00f8yrde salmesong i kyrkja som fire\u00e5ring. Garborg fors\u00f8mte l\u00e6rarjobben sin ved \u00e5 sitta oppe om nettene og skriva Ibsen-inspirert dramatikk. Haaland spelte fotball i kvart friminutt, kvar ettermiddag og kvar helg sidan han gjekk p\u00e5 sm\u00e5skulen, og han trener framleis s\u00e5 mykje kroppen berre kan tola. Garborg skreiv d\u00f8gnet rundt i fleire ti\u00e5r, ofte s\u00e5 konsentrert at han tok feil av vatnglaset og blekkhuset n\u00e5r han blei t\u00f8rst. &#8220;Eg veit godt at det er ufarleg \u00e5 drikka blekk&#8221;, sa han, &#8220;for det har eg drukke mykje av&#8221;.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-embed is-type-video is-provider-youtube wp-block-embed-youtube wp-embed-aspect-16-9 wp-has-aspect-ratio\"><div class=\"wp-block-embed__wrapper\">\n<div class=\"iframe-wrapper-youtube\"><iframe title=\"Blekk og lefse\" src=\"https:\/\/www.youtube.com\/embed\/M6Bn9I-kXMM?feature=oembed\" frameborder=\"0\" allow=\"accelerometer; autoplay; clipboard-write; encrypted-media; gyroscope; picture-in-picture; web-share\" referrerpolicy=\"strict-origin-when-cross-origin\" allowfullscreen><\/iframe><\/div>\n<\/div><\/figure>\n\n\n\n<p><em>Poeng til begge.<\/em> 4-3.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Ber\u00f8mmelse. Kven var mest kjend?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Verda har endra seg s\u00e5 mykje p\u00e5 hundre \u00e5r at me m\u00e5 sj\u00e5 dei to kandidatane i forhold til samtida si. Garborg var den store ulven i norsk offentlegheit p\u00e5 1880-talet, han blei kalla &#8220;Noregs farlegaste mann&#8221; fordi han gjekk rett i strupen p\u00e5 kyrkja og svenskekongen. Han fekk b\u00f8kene sine brent i gatene og mista jobben for sine meiningar. P\u00e5 den andre sida var han s\u00e5 popul\u00e6r at unge jenter sverga p\u00e5 \u00e5 kalla ungane sine opp etter han, dette til tross for at han ogs\u00e5 blei kalla &#8220;Noregs styggaste mann&#8221;. Han var superstjerne i utlandet, og seinare nobelprisvinnarar bes\u00f8kte han i Noreg for \u00e5 l\u00e6ra \u00e5 skriva romanar av meistaren. Garborg blei gjenkjent i tyske landsbyar p\u00e5 ei tid d\u00e5 det ikkje ein gong var fotografi i avisene. Han utl\u00f8yste &#8220;det st\u00f8rste oppr\u00f8ret i Noreg i fredstid&#8221; i 1913, d\u00e5 15000 menneske slost utanfor Det norske teatret under oppsettinga av Garborg si omsetting av &#8220;Jeppe paa Bierget&#8221; (til &#8220;Jeppe p\u00e5 berget&#8221; &#8211; ein provokasjon!). D\u00e5 Garborg d\u00f8ydde, fekk kona Hulda klar beskjed fr\u00e5 regjeringa: &#8220;Han tilh\u00f8yrte ikkje familien, han tilh\u00f8yrte det norske folket.&#8221; Alle statsr\u00e5dar og kong H\u00e5kon kom i gravferda i Oslos st\u00f8rste kyrkje, F\u00f8rst etterp\u00e5 fekk Hulda regjeringas spesialtillating til \u00e5 gravleggja mannen i hans eigen hage (Knudaheio). <\/p>\n\n\n\n<p>Det er ei anna medieverkelegheit i dag, med Internett, sosiale medier, radio og teve. \u00c5 bli kalla &#8220;verdas mest kjende nordmann&#8221; og &#8220;verdas mest omtalte idrettsut\u00f8var&#8221; er likevel noko for seg sj\u00f8lv. Garborg hadde nok aldri ein slik status, men han konkurrerte med Ibsen og Bj\u00f8rnson, Nansen og Amundsen. Grieg og Munch n\u00e5dde ikkje opp, dei heller. Trass i konkurransen var Garborg i periodar den mest omtalte i Noreg, t.d. kunne ein lesa p\u00e5 kaf\u00e9d\u00f8rer i hovudstaden &#8220;Her diskuteres ikke Garborg sine b\u00f8ker!&#8221; Folk var leie av at det var s\u00e5 mykje Garborg. <\/p>\n\n\n\n<p>Ber\u00f8mmelse er i dag flyktigare og kanalane er fleire, men konkurransen er stor. Teikninga er henta fr\u00e5 &#8220;Historia om Erling Braut Haaland&#8221; og laga av Thomas Kirkeberg.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"729\" height=\"1024\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Populand-729x1024.png\" alt=\"\" class=\"wp-image-12755\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Populand-729x1024.png 729w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Populand-214x300.png 214w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Populand-142x200.png 142w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Populand.png 831w\" sizes=\"auto, (max-width: 729px) 100vw, 729px\" \/><\/figure>\n\n\n\n<p><em>Poeng til begge. <\/em>5-4 til Haaland. <\/p>\n\n\n\n<p><strong>Kunstoppleving. Er det vesensskilnad p\u00e5 fotball og litteratur?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>At litteratur er kunst er akseptert; at fotball er det, er noko meir omdiskutert. Uansett m\u00e5 ein kunna seia at einskilde av Haaland sine m\u00e5l er s\u00e5 vakre at dei blir sublime, dei gjev ei sterk oppleving av kunst. <\/p>\n\n\n\n<p>Litteratur gjev st\u00f8rre fridom, noko av greia er nettopp \u00e5 bryta reglane. I fotballen er det motsette tilfelle: Bryt du reglane, bl\u00e6s dommaren frispark. Fotball kan definerast som brukskunst: Korleis vera kreativ innanfor reglane? Haaland er oppfinnsam og finn r\u00e5d gong p\u00e5 gong. Han er mykje lurare enn forsvarsspelarane han m\u00f8ter. Til gjengjeld innleidde og utvikla Garborg fleire litter\u00e6re periodar og stilar. I Tyskland laga han &#8220;skule&#8221;, unge forfattarar ville skriva som han. Kolbotnbrev og Trette menn var s\u00e5 nyskapande at dei framleis st\u00e5r igjen som meisterverk. Har Haaland gjort noko nyskapande? Det m\u00e5tte i s\u00e5 fall vera <a href=\"https:\/\/www.vg.no\/sport\/fotball\/i\/P4XP40\/haaland-overrasket-barna-i-bryne-enormt-stas\" target=\"_blank\" rel=\"noreferrer noopener\">volleyen<\/a> mot Dortmund i meisterligaen.<a href=\"\"><\/a><\/p>\n\n\n\n<p><em>Eit knapt poeng til Garborg.<\/em> 5-5.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Den samlande funksjonen. Kor stort engasjement skapar dei i lokalmilj\u00f8et?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Under europacupfinalen samla 2500 menneske seg p\u00e5 Bryne torg for \u00e5 sj\u00e5 kampen p\u00e5 storskjerm, sj\u00f8lv om helten representerte eit lag fr\u00e5 ein annan by i eit anna land. Det er over ti prosent av kommunens folketal, og det er jo imponerande! Men dagen Garborgheimen opna som museum i 1951 m\u00f8tte n\u00e6rmare 5000 menneske opp. D\u00e5 hadde Garborg vore d\u00f8d i 28 \u00e5r. Og i f\u00f8lge Statistisk sentralbyr\u00e5 hadde Time kommune 5201 innbyggarar. <\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"1024\" height=\"768\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Torget_oej-1024x768.jpg\" alt=\"\" class=\"wp-image-12758\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Torget_oej-1024x768.jpg 1024w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Torget_oej-300x225.jpg 300w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Torget_oej-200x150.jpg 200w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Torget_oej-1536x1152.jpg 1536w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Torget_oej-2048x1536.jpg 2048w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Torget_oej-800x600.jpg 800w\" sizes=\"auto, (max-width: 1024px) 100vw, 1024px\" \/><\/figure>\n\n\n\n<p><em>Klart poeng til Garborg. <\/em>5-6 til diktaren.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Prestasjon. Kven er best?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Dette er ein tungvektar. Me n\u00e6rmar oss kjernen i &#8220;st\u00f8rst&#8221;. Og til mange si overrasking er det faktisk mogleg \u00e5 samanlikna desse to. Fotball og skriving er begge mellom verdas st\u00f8rste, mest popul\u00e6re og oftast omtalte verksemder. Her finst det k\u00e5ringar og prisar og kontekstar i alle former og retningar. <\/p>\n\n\n\n<p>Niv\u00e5et er skyh\u00f8gt hos begge kandidatane, dei har n\u00e5dd den ypparste verdseliten. Haaland er ein av tre favorittar til Gullballen, medan Garborg blei nummer to i Nobelprisen i 1920, fire stemmar bak Hamsun (i f\u00f8lgje rykta). Garborg var nominert mange \u00e5r p\u00e5 rad, men han hadde jo alderen p\u00e5 si side. Eller forresten: det er det vel Haaland som har?<\/p>\n\n\n\n<p><em>Poeng til begge.<\/em> 6-7.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Varigheit. Aktuelt eller tidlaust?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Litteratur er nok meir slitesterkt enn fotball. Kvart \u00e5r oppdagar nye lesarar Garborg og f\u00e5r sterke leseopplevingar og nye innsikter. Alle har h\u00f8yrt om Ibsen og Bj\u00f8rnson og Kielland og Garborg, sj\u00f8lv om dei har vore daude i over 99 \u00e5r. Til samanlikning er fotball ferskvare. Eit d\u00f8me er rekordhaldaren i sk\u00e5ringar p\u00e5 det norske landslaget. F\u00f8rst n\u00e5, \u00e5tti \u00e5r etter at han spelte, er det nokon som b\u00f8rstar st\u00f8v av J\u00f8rgen Juve. Kvifor? Fordi Haaland kan sl\u00e5 rekorden hans. Betyr dette at Haaland blir gl\u00f8ymt til det kjem andre som kan sl\u00e5 rekordane hans?<\/p>\n\n\n\n<p><em>Poeng til Garborg.<\/em> 6-8 til diktaren.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-image size-large\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" width=\"795\" height=\"1024\" src=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Superlagstripe15etg-795x1024.png\" alt=\"\" class=\"wp-image-12868\" srcset=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Superlagstripe15etg-795x1024.png 795w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Superlagstripe15etg-233x300.png 233w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Superlagstripe15etg-155x200.png 155w, https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/Superlagstripe15etg.png 1178w\" sizes=\"auto, (max-width: 795px) 100vw, 795px\" \/><\/figure>\n\n\n\n<p><strong>Medmenneskelegheit. Kven har den finaste personlegdommen?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Garborg hadde utvilsamt hjernen p\u00e5 rette staden, men kor hadde han hjartet? Han var jo kjend for \u00e5 vera ein gniar av verste sort, ein slik som (bokstaveleg tala) samla p\u00e5 hyssing i bukselommane og gjekk i vegkanten for \u00e5 slita mindre p\u00e5 skorne (ja, det er heilt vanvittig). Spesielt hjelpsam hadde han heller ikkje ord p\u00e5 seg for \u00e5 vera.<\/p>\n\n\n\n<p>Haaland, derimot, framst\u00e5r som ein relativt raus person. At han blir sint p\u00e5 utanlandske midtstopparar synest me berre er festleg, me er jo sinte, me \u00f2g. At han kjeftar p\u00e5 gilde ungar i <a href=\"https:\/\/www.vg.no\/sport\/fotball\/i\/P4XP40\/haaland-overrasket-barna-i-bryne-enormt-stas\" target=\"_blank\" rel=\"noreferrer noopener\">United-drakt<\/a> er derimot uakseptabelt, iallfall s\u00e5 lenge denne artikkelforfattaren er United-fan.<\/p>\n\n\n\n<p><em>Poeng til Garborg.<\/em> 6-9.<\/p>\n\n\n\n<p><strong>Betydning. Kven er viktigast?<\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Me skal ikkje undersl\u00e5 betydinga Haaland har for j\u00e6rbuen. Han gjer oss stolte og glade, det kjennest nesten som at det er me sj\u00f8lve som sk\u00e5rer m\u00e5l og vinn trippelen. Me ruslar i gatene og sparkar sm\u00e5stein &#8211; ikkje av frustrasjon, men fordi me vil &#8220;dryla&#8221;. Me leiker Haaland.<\/p>\n\n\n\n<p>Samanlikna med diktarfilosofen og redakt\u00f8ren Garborg sin utr\u00f8yttelege innsats for ytringsfridom, religionsfridom, likestilling, demokrati &#8211; ja, kort sagt frie menneske i eit fritt Noreg &#8211; blir Haaland likevel ein sm\u00e5gut, kanskje til og med f\u00f8rste\u00e5rs lilleputt. Det er her Garborg sin &#8220;storleik&#8221; kjem tydelegast fram. Han var <em>viktig<\/em>.<\/p>\n\n\n\n<p>Garborg valde fattigdom fleire gonger for \u00e5 kjempa fellesskapet sine saker. Han bidrog til \u00e5 gjera Noreg til det det er i dag. Og han gjorde det ved hjelp av ein lyrikk og ein prosa som framleis er noko av det skarpaste og vakraste som er skrive p\u00e5 norsk (eller noko anna spr\u00e5k, for den saks skuld). <\/p>\n\n\n\n<p>Er du ueinig, m\u00e5 du gjerne protestera, men at du i det heile tatt f\u00e5r <em>lov<\/em> til \u00e5 ytra deg, kan du mellom anna takka Garborg for.<\/p>\n\n\n\n<p><em>Poeng til Garborg.<\/em> 6-10 til diktaren.  Utklassing.<\/p>\n\n\n\n<p class=\"has-text-align-center\"><strong><span style=\"color: #b5091f;\" class=\"stk-highlight\">Konklusjon: Garborg er framleis den st\u00f8rste!<\/span><\/strong><\/p>\n\n\n\n<p>Fanfare: &#8220;<a href=\"https:\/\/www.youtube.com\/watch?v=kUM4shabUmU\" target=\"_blank\" rel=\"noreferrer noopener\">Sm\u00e5sporven gjeng i tunet<\/a>&#8221; med Deep River Boys, eit amerikansk band som ikkje kunne norsk.<\/p>\n\n\n\n<figure class=\"wp-block-embed is-type-video is-provider-youtube wp-block-embed-youtube wp-embed-aspect-16-9 wp-has-aspect-ratio\"><div class=\"wp-block-embed__wrapper\">\n<div class=\"iframe-wrapper-youtube\"><iframe title=\"The Deep River Boys: \u00abSm\u00e5sporven gjeng i tunet\u00bb\" src=\"https:\/\/www.youtube.com\/embed\/kUM4shabUmU?feature=oembed\" frameborder=\"0\" allow=\"accelerometer; autoplay; clipboard-write; encrypted-media; gyroscope; picture-in-picture; web-share\" referrerpolicy=\"strict-origin-when-cross-origin\" allowfullscreen><\/iframe><\/div>\n<\/div><\/figure>\n\n\n\n<p>Haaland kan berre seiast \u00e5 vera st\u00f8rre enn Garborg slik Beatles var st\u00f8rre enn Jesus: han er meir popul\u00e6r blant dei unge og uvitande (og ordf\u00f8rarar) akkurat n\u00e5. Men som John Lennon presiserte: Beatles var verken betre eller viktigare enn Garborg, unnskuld, Jesus.  <\/p>\n\n\n\n<p>Var det her me skulle lagt til: &#8220;utan samanlikning for \u00f8vrig&#8221;? Sannsynlegvis. Men me gjer ikkje det. Me er Garborgsenteret.<\/p>\n\n\n\n<p><em>Artikkelforfattaren har vore formidlar p\u00e5 Garborgsenteret i 12 \u00e5r. Han har \u00f2g skrive fire b\u00f8ker om fotball p\u00e5 Bryne, mellom dei &#8220;Fotballprosjektet&#8221;, i lag med Haaland sin ungdomstrenar Alf Ingve Berntsen, og biografien &#8220;Historia om Erling Braut Haaland&#8221;.<\/em><\/p>\n\n\n\n<p><em>Veggm\u00e5leriet \u00f8vst er laga av P\u00f8bel. Steinhovudet p\u00e5 Knudaheio er hogd ut av Hugo Frank Wathne. Er ikkje anna angitt, er bilda tatt av Garborgsenteret.<\/em><\/p>\n\n\n\n<p><\/p>\n\n\n\n<p><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>21. juni gjekk ordf\u00f8raren i Time, Andreas Vollsund, ut og&#8230;<\/p>\n","protected":false},"author":17,"featured_media":12746,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"_acf_changed":false,"_jetpack_memberships_contains_paid_content":false,"footnotes":""},"categories":[13],"tags":[],"class_list":["post-12719","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-nytt-fra-garborgsenteret","featured-image-size-large"],"acf":[],"yoast_head":"<!-- This site is optimized with the Yoast SEO plugin v27.4 - https:\/\/yoast.com\/product\/yoast-seo-wordpress\/ -->\n<title>Haaland eller Garborg? - Garborgsenteret<\/title>\n<meta name=\"robots\" content=\"index, follow, max-snippet:-1, max-image-preview:large, max-video-preview:-1\" \/>\n<link rel=\"canonical\" href=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/\" \/>\n<meta property=\"og:locale\" content=\"nn_NO\" \/>\n<meta property=\"og:type\" content=\"article\" \/>\n<meta property=\"og:title\" content=\"Haaland eller Garborg? - Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"og:description\" content=\"21. juni gjekk ordf\u00f8raren i Time, Andreas Vollsund, ut og...\" \/>\n<meta property=\"og:url\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/\" \/>\n<meta property=\"og:site_name\" content=\"Garborgsenteret\" \/>\n<meta property=\"article:published_time\" content=\"2023-06-28T12:46:31+00:00\" \/>\n<meta property=\"article:modified_time\" content=\"2023-07-13T11:44:15+00:00\" \/>\n<meta property=\"og:image\" content=\"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/TraktorBearbDobbel-scaled.jpg\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:width\" content=\"2560\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:height\" content=\"1192\" \/>\n\t<meta property=\"og:image:type\" content=\"image\/jpeg\" \/>\n<meta name=\"author\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n<meta name=\"twitter:card\" content=\"summary_large_image\" \/>\n<meta name=\"twitter:label1\" content=\"Written by\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data1\" content=\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:label2\" content=\"Est. reading time\" \/>\n\t<meta name=\"twitter:data2\" content=\"16 minutt\" \/>\n<script type=\"application\/ld+json\" class=\"yoast-schema-graph\">{\"@context\":\"https:\\\/\\\/schema.org\",\"@graph\":[{\"@type\":\"Article\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/haaland-eller-garborg\\\/#article\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/haaland-eller-garborg\\\/\"},\"author\":{\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"headline\":\"Haaland eller Garborg?\",\"datePublished\":\"2023-06-28T12:46:31+00:00\",\"dateModified\":\"2023-07-13T11:44:15+00:00\",\"mainEntityOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/haaland-eller-garborg\\\/\"},\"wordCount\":2720,\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/haaland-eller-garborg\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2023\\\/06\\\/TraktorBearbDobbel-scaled.jpg\",\"articleSection\":[\"Nytt\"],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"WebPage\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/haaland-eller-garborg\\\/\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/haaland-eller-garborg\\\/\",\"name\":\"Haaland eller Garborg? - Garborgsenteret\",\"isPartOf\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\"},\"primaryImageOfPage\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/haaland-eller-garborg\\\/#primaryimage\"},\"image\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/haaland-eller-garborg\\\/#primaryimage\"},\"thumbnailUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2023\\\/06\\\/TraktorBearbDobbel-scaled.jpg\",\"datePublished\":\"2023-06-28T12:46:31+00:00\",\"dateModified\":\"2023-07-13T11:44:15+00:00\",\"author\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\"},\"breadcrumb\":{\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/haaland-eller-garborg\\\/#breadcrumb\"},\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"ReadAction\",\"target\":[\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/haaland-eller-garborg\\\/\"]}]},{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/haaland-eller-garborg\\\/#primaryimage\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2023\\\/06\\\/TraktorBearbDobbel-scaled.jpg\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/wp-content\\\/uploads\\\/sites\\\/2\\\/2023\\\/06\\\/TraktorBearbDobbel-scaled.jpg\",\"width\":2560,\"height\":1192},{\"@type\":\"BreadcrumbList\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/haaland-eller-garborg\\\/#breadcrumb\",\"itemListElement\":[{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":1,\"name\":\"Hjem\",\"item\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\"},{\"@type\":\"ListItem\",\"position\":2,\"name\":\"Haaland eller Garborg?\"}]},{\"@type\":\"WebSite\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#website\",\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/\",\"name\":\"Garborgsenteret\",\"description\":\"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg\",\"potentialAction\":[{\"@type\":\"SearchAction\",\"target\":{\"@type\":\"EntryPoint\",\"urlTemplate\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/?s={search_term_string}\"},\"query-input\":{\"@type\":\"PropertyValueSpecification\",\"valueRequired\":true,\"valueName\":\"search_term_string\"}}],\"inLanguage\":\"nn-NO\"},{\"@type\":\"Person\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/#\\\/schema\\\/person\\\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39\",\"name\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\",\"image\":{\"@type\":\"ImageObject\",\"inLanguage\":\"nn-NO\",\"@id\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"url\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"contentUrl\":\"https:\\\/\\\/secure.gravatar.com\\\/avatar\\\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g\",\"caption\":\"\u00d8rjan Zazzera Johansen\"},\"url\":\"https:\\\/\\\/www.jaermuseet.no\\\/garborgsenteret\\\/author\\\/orjo\\\/\"}]}<\/script>\n<!-- \/ Yoast SEO plugin. -->","yoast_head_json":{"title":"Haaland eller Garborg? - Garborgsenteret","robots":{"index":"index","follow":"follow","max-snippet":"max-snippet:-1","max-image-preview":"max-image-preview:large","max-video-preview":"max-video-preview:-1"},"canonical":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/","og_locale":"nn_NO","og_type":"article","og_title":"Haaland eller Garborg? - Garborgsenteret","og_description":"21. juni gjekk ordf\u00f8raren i Time, Andreas Vollsund, ut og...","og_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/","og_site_name":"Garborgsenteret","article_published_time":"2023-06-28T12:46:31+00:00","article_modified_time":"2023-07-13T11:44:15+00:00","og_image":[{"width":2560,"height":1192,"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/TraktorBearbDobbel-scaled.jpg","type":"image\/jpeg"}],"author":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","twitter_card":"summary_large_image","twitter_misc":{"Written by":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","Est. reading time":"16 minutt"},"schema":{"@context":"https:\/\/schema.org","@graph":[{"@type":"Article","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/#article","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/"},"author":{"name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"headline":"Haaland eller Garborg?","datePublished":"2023-06-28T12:46:31+00:00","dateModified":"2023-07-13T11:44:15+00:00","mainEntityOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/"},"wordCount":2720,"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/TraktorBearbDobbel-scaled.jpg","articleSection":["Nytt"],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"WebPage","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/","name":"Haaland eller Garborg? - Garborgsenteret","isPartOf":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website"},"primaryImageOfPage":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/#primaryimage"},"image":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/#primaryimage"},"thumbnailUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/TraktorBearbDobbel-scaled.jpg","datePublished":"2023-06-28T12:46:31+00:00","dateModified":"2023-07-13T11:44:15+00:00","author":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39"},"breadcrumb":{"@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/#breadcrumb"},"inLanguage":"nn-NO","potentialAction":[{"@type":"ReadAction","target":["https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/"]}]},{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/#primaryimage","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/TraktorBearbDobbel-scaled.jpg","contentUrl":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/TraktorBearbDobbel-scaled.jpg","width":2560,"height":1192},{"@type":"BreadcrumbList","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/haaland-eller-garborg\/#breadcrumb","itemListElement":[{"@type":"ListItem","position":1,"name":"Hjem","item":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/"},{"@type":"ListItem","position":2,"name":"Haaland eller Garborg?"}]},{"@type":"WebSite","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#website","url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/","name":"Garborgsenteret","description":"A national arena to promote the interest for authors Arne and Hulda Garborg","potentialAction":[{"@type":"SearchAction","target":{"@type":"EntryPoint","urlTemplate":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/?s={search_term_string}"},"query-input":{"@type":"PropertyValueSpecification","valueRequired":true,"valueName":"search_term_string"}}],"inLanguage":"nn-NO"},{"@type":"Person","@id":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/#\/schema\/person\/52c44fabae367c881e773d89b13f6a39","name":"\u00d8rjan Zazzera Johansen","image":{"@type":"ImageObject","inLanguage":"nn-NO","@id":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","url":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","contentUrl":"https:\/\/secure.gravatar.com\/avatar\/0b86a48618c6ca6592b74ea11c3de001ac75d3e294240f39e05a080f19386fb4?s=96&d=mm&r=g","caption":"\u00d8rjan Zazzera Johansen"},"url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/author\/orjo\/"}]}},"cc_featured_image_caption":{"caption_text":"","source_text":"","source_url":""},"jetpack_featured_media_url":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-content\/uploads\/sites\/2\/2023\/06\/TraktorBearbDobbel-scaled.jpg","jetpack_sharing_enabled":true,"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12719","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/users\/17"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=12719"}],"version-history":[{"count":136,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12719\/revisions"}],"predecessor-version":[{"id":13038,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/12719\/revisions\/13038"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media\/12746"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=12719"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=12719"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.jaermuseet.no\/garborgsenteret\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=12719"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}