Garborgsenteret er eit interaktivt litteraturmuseum om Hulda og Arne Garborg. Senteret er plassert sentralt på Bryne saman med Time bibliotek, like ved togstasjonen. Dei historiske museumsanlegga Garborgheimen, Knudaheio og Fotland Mølle ligg lenger vekk frå sentrum, og ein treng eige transportmiddel for å koma seg dit.
Alle vertane våre arbeider på fleire av museumsanlegga i løpet av sommaren. Sommarsesongen varer frå 1. juli til 14. august.
I denne perioden er Garborgsenteret ope måndag-laurdag kl. 10-15, Garborgheimen og Knudaheio alle dagar kl. 12-17, og Fotland mølle søndagar kl. 12-16.
Arbeidsoppgåver:
- Vera godt vertskap for gjestene
- Gje gjestene ei god museumsoppleving
- Formidla historia og utstillingane ved museumsanlegga
- Resepsjonsarbeid og sal i museumsbutikk
- Rydding og lettare reinhald
- Andre arbeidsoppgåver kan koma til
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Utovervend, positiv og imøtekomande
- Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
- Gjerne erfaring frå formidlingsarbeid, drama, musikk
- Interesse for historie, samfunnsvitskap, språk og litteratur
- Kunne arbeida sjølvstendig
Ungdom og unge vaksne blir spesielt oppfordra til å søkja. Søkjar bør vera fylt 16 år.
Spesifiser i søknaden viss det er periodar mellom 1. juli – 14. august du ikkje kan jobba.




Meir informasjon
Ta kontakt med avdelingsdirektør Inger Undheim på telefon 97 53 25 29
Søknadsfrist
25. april 2022