Vertar til sommarjobb ved Garborg-musea og Fotland Mølle

Er du utovervend og engasjert, med interesse for historie, samfunnsvitskap, språk og litteratur? Me søker nå sommarvertar til å jobba på Garborgsenteret, Garborgheimen, Knudaheio og Fotland Mølle.

Utstillinga på Garborgsenteret

Arbeidsoppgåver

  • Vera godt vertskap for gjestene
  • Gje gjestene ei god museumsoppleving
  • Formidla historia og utstillingane ved museumsanlegga
  • Resepsjonsarbeid og sal i museumsbutikk
  • Rydding og lettare reinhald
  • Andre arbeidsoppgåver kan koma til

Kvalifikasjonskrav og eigenskapar

  • Utovervend, positiv og imøtekomande
  • Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling
  • Utovervend, positiv og imøtekomande
  • Gjerne erfaring frå formidlingsarbeid, drama og/eller musikk
  • Interesse for historie, samfunnsvitskap, språk og litteratur
  • Kunne arbeide sjølvstendig
  • Ungdom og unge vaksne blir spesielt oppfordra til å søka. Søkjar må ha fult 16 år i løpet av 2023
  • Spesifiser i søknaden viss det er periodar mellom 1. juli til 13. august du ikkje kan jobba

Om Garborgsenteret

Garborgsenteret er eit interaktivt litteraturmuseum om Hulda og Arne Garborg. Senteret er plassert sentralt på Bryne saman med Time bibliotek, like ved togstasjonen. Dei historiske museumsanlegga Garborgheimen, Knudaheio og Fotland Mølle ligg lenger vekk frå sentrum, og ein treng eige transportmiddel for å koma seg dit.

Alle vertane våre arbeider på fleire av museumsanlegga i løpet av sommaren. Sommarsesongen varer frå 1. juli til 13. august.

I denne perioden er  Garborgsenteret ope måndag-laurdag kl. 10-15, Garborgheimen og Knudaheio alle dagar kl. 12-17, og Fotland mølle søndagar kl. 12-16

Fleire opplysningar?

Ta kontakt med avdelingsdirektør Inger Undheim på telefon 97 53 25 29 / inger.undheim@jaermuseet.no

Om Jærmuseet

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet.
Museet har ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar.

Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling.
Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi. Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.


«Å samkøyra formidlingskonsept som har utgangspunkt både i vitensentera og musea sin kompetanse og formidlingstradisjon, er gjort med stort hell mellom anna på Jærmuseet, der dette òg er organisatorisk samkøyrt i same institusjon. Kulturdepartementet ser gjerne meir utveksling mellom vitensenter og museum, der dette er naturleg, i tida som kjem.» Meld. St. 23 (2020–2021) Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid

Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca 200.000.