Korleis er det å veksa opp i ein låginntektsfamilie i dagens Noreg? I «Verdas rikaste land» møter du ungdommar i krevjande livssituasjonar. I ein heilt spesiell installasjon, hjartet i utstillinga, fortel ungdommane om tankane sine, kjensler, utfordringar og draumar.
11,3% av alle barn i Norge veks i dag opp i ein familie med dårleg råd. Det er meir enn ei tredobling sidan 2001, og det ser berre ut til å auka. I utstillinga blir me kjend med ungdommane sine utfordringar og vanskar, men òg draumane og kva dei ønskjer for framtida.
Hovudmålgruppa er ungdomsskule/vidaregåande skule, men utstillinga er tankevekkande for yngre barn og vaksne også.





Utstillinga skal stå t.o.m. haustferien 2023.