TEAMBUILDING-TILBOD PÅ GARBORGSENTERET

STRID

I det interaktive spelet «Strid» konkurrerer deltakarane om å vinna ei folkeavstemming i det fiktive landet Heimland. Skal Heimland behalda språket sitt – eller gå over til engelsk som offisielt språk, som språkministeren foreslår? Deltakarane blir delt inn i fire lag som kjempar anten for eller imot dette forslaget. Laga får kvart sitt kontor, må svara på epostar og telefonar frå meiningsfeller og motstandarar, media, politikarar og innbyggarar i Heimland, dei må gjera oppgåver, laga reklame, lesa nettavis og delta i den store debatten. Kven vinn? STRID er «rosinen i pølsa» i Garborgsenteret si utstilling, utvikla av Mediafarm For 12-30 deltakarar.

Varer i 90 minutt. Pris: kr 3500.

ungdommer-garborgsenteret

POLITISK TRENINGSLØYPE

Her tar me politikarspråket på alvor. Kven er best i å legga seg flat, svelga kamelar, ha mange hattar på, ri kjepphestar og halda mange ballar i lufta? Dette er lagsveising som byr på mykje latter og fysiske utfordringar. Kan tilpassast etter spesielle ønske og behov. Frå 8-100 deltakarar.

Varer i 60/90 minutt. Pris: kr 3500 inntil 30 deltakar. Pris etter avtale for store grupper.

Kontraktlatterrymp.JPG

Teambuilding-arrangement kan kombinerast med omvising i Garborgsenteret si interaktive utstilling. Me kan sjølvsagt også tilby omvisingar i utstillinga for grupper som ønsker det. Formidlingsprisar er kr 500 per time kvardag 8-16, og kr 750 per time etter kl. 16 kvardag eller helg. Bestiller ein berre omvising (og ikkje teambuilding) på Garborgsenteret, kjem inngangsbillettar i tillegg: kr 70 (vaksne) / 30 (barn) / 50 (grupper min. 10 pers.).