Sommar-Time: Opplev, delta og utforsk med Garborgsenteret

I vekene 26, 27 og 31 blir det mykje moro!

Bli med på ei gild veke med Garborgsenteret! Sjå og opplev eit lite stykke Jæren og jærsk natur. Det blir humorverkstad eller sjonglering, museumsbesøk, aktivitetar ute og inne, fotokurs og god mat! Forutan Garborgsenteret skal me til Vitengarden på Nærbø, besøka Knudaheio og bygdemuseet på Undheim, Garborgheimen på Garborg og ha utedag med gilde sommaraktivitetar! Me lovar mykje moro og litt innsikt i kva Jæren er, har vore og kan bli. Museum er gildt og opnar for forståinga av oss sjølv og samfunnet me lever i.

Oppmøte på Garborgsenteret 9.30 kvar dag, avslutning kl. 15. Lunsj er inkludert. Alle deltakarar får ei kul T-skjorte som minne.

Bli med! Påmelding gjer du her.

SommarTime med Garborgsenteret er gratis og passar for ungar fødd 2008-2010. Oppdragsgjevar er Time kommune.


Veke 26 (28. juni – 2. juli)

Kl. 9.30-15, oppmøte Garborgsenteret alle dagar

Måndag: Humorverkstad med komikarane Terje Torkildsen og Fredrik Brimsøe.

Tysdag: Tur til Knudaheio og Time bygdemuseum med buss.

Onsdag: Utedag med sommaraktivitetar.

Torsdag: Tur til Garborgheimen med buss og fotokurs med Ingeborg Skrudland.

Fredag: Tur til Vitengarden med buss.


Veke 27 (5.-9- juli)

Kl. 9.30-15, oppmøte Garborgsenteret alle dagar

Måndag: Lær å sjonglera med Atlars og Anders frå Flaks sjongleringsgruppe.

Tysdag: Tur til Knudaheio og Time bygdemuseum med buss.

Onsdag: Utedag med sommaraktivitetar.

Torsdag: Tur til Garborgheimen med buss og fotokurs med Ingeborg Skrudland.

Fredag: Tur til Vitengarden med buss.


Veke 31 (2.-6. august)

Kl. 9.30-15, oppmøte Garborgsenteret alle dagar

Måndag: Lær å sjonglera med sjonglørar frå Flaks sjongleringsgruppe.

Tysdag: Tur til Knudaheio og Time bygdemuseum med buss.

Onsdag: Utedag med sommaraktivitetar.

Torsdag: Tur til Garborgheimen med buss og fotokurs med Ingeborg Skrudland.

Fredag: Tur til Vitengarden med buss.

Foto, øvst: Asle Haukland. Nedst: Iselin Grayston, Garborgsenteret.