Garborgheimen, Knudaheio og Garborgsenteret held opent kvar dag f.o.m. 1. juli t.o.m. 11. august 2019.

Me er på leit etter engasjerte og flinke sommarvertar som kan jobba på Garborg-anlegga i sommar. Me søker òg ein omgjengeleg og blid person med salgstalent som kan jobba som vert i museumsbutikken på Garborgsenteret i veke 30-32 medan våre faste tilsette har ferie.

Som sommarvert på Garborg-anlegga tek du imot og viser rundt gjester på Garborgsenteret, Garborgheimen og Knudaheio. Du er utovervend og positiv, og får gjestene til å føla seg velkomne. Du liker å fortelja for både barn og unge, og du ønskjer å læra mykje om Hulda og Arne Garborg.

 

Som museumsbutikk-vert er du også resepsjonsvert for Garborgsenteret. Du møter gjestene med smil og god service. Du trivst med å vera seljar, skaffar deg raskt kunnskap og overblikk, og gir gjestene informasjonen dei treng. Garborgsenteret deler resepsjon med Time bibliotek.

 

Garborgsenteret er eit interaktivt formidlingssenter for Hulda og Arne Garborg. Senteret er plassert sentralt på Bryne saman med Time bibliotek, like ved togstasjonen. Dei historiske anlegga Garborgheimen og Knudaheio  ligg lenger vekk frå sentrum og det er nødvendig med eige transportmiddel for å koma seg dit. Vaktene rullerer mellom dei ulike Garborg-anlegga slik at ein arbeider litt alle dei tre stadene.

 

Hovudoppgåver museumsbutikk-vert:

  • Vertskap: Gje gjestene ein god velkomst til Garborgsenteret
  • Butikksal:  Selja  varer i museumsbutikken
  • Ta dagsoppgjer for Garborgsenteret
  • Resepsjon: Selja billettar til Garborgsenteret si utstilling
  • Informasjonsarbeid
  • Avlastingshjelp i bibliotekresepsjonen (ved behov)
  • Rydding/lett reingjering
  • Andre arbeidsoppgåver kan koma til

Hovudoppgåver Garborg-vert:

  • Vertskap: Gje gjestene ein god velkomst til Garborg-anlegga
  • Formidling: Visa gjestene utstillingane og husa, fortelja om Arne og Hulda Garborg
  • Fordjuping: lesa Garborglitteratur og gjera seg kjend med stadene i rolege stunder
  • Varesal:  sal av bøker og andre varer på Garborgheimen og Knudaheio
  • Rydding/lett reingjering
  • Andre arbeidsoppgåver kan koma til

Kvalifikasjonar me ser etter:

  • Du er utadvendt, sjølvstendig, blid og høflig.
  • Du får folk til å føla seg velkomne og liker å yta god service.
  • Du er ryddig, sjølvstendig og pliktoppfyllande.
  • Gjerne erfaring frå formidling, butikk og turistnæring.
  • Som Garborg-vert liker du å fortelja for barn og vaksne, og vera interessert i litteratur, språk og historie.
  • Som museumsbutikk-vert bør du ha gode salgsevner og vera flink med med både folk og tal.
  • Gode språkkunnskapar – arbeidsspråket er nynorsk.

 

Tidsrom:

Garborg-vert: inntil 6 veker i perioden 1. juli –11. august. Opplæring etter avtale før vaktstart.

Museumsbutikk-vert:  22. juli—11. august. Opplæring etter avtale i veke 29.

Det kan òg bli aktuelt med helgevakter på Garborgsenteret til hausten.

Løn etter avtale.

 

Søknadsfrist:

Send søknad og CV innan 4. mai. til: ledigstilling@jaermuseet.no. Merk søknaden med Garborgsenteret. For fleire opplysningar kontakt avdelingsdirektør Inger Undheim, 97532529.

 

Om arbeidsgjevaren:

Garborgsenteret er plassert sentralt på Bryne, nær togstasjonen, saman med Time bibliotek. Garborgsenteret er ein del av Jærmuseet, som har 12 opne publikumsanlegg over heile Jæren.