Smittevern på Garborgsenteret

Det skal vera trygt både for gjester og tilsette å vera på musea. Nedanfor kan du lesa kva tiltak Jærmuseet har gjort for å sikra dette.

Jærmuseet følger til ei kvar tid FHI sine retningslinjer for smitteverntak, og dei gjeldande lokale retningslinjene i kommunane der musea våre er. Vitenfabrikken, Vitengarden og Garborgsenteret har ope.

Korleis gjer du besøket trygt for deg og for andre?
  • Registrer deg via QR-kode når du kjem. Alle besøkande skal registrera seg. (Jærmuseet oppbevarer data ti dagar etter besøk.)
  • Hugs å halda minst éin meters avstand til andre.
  • Vask/sprit hender.
  • Bli heime dersom du er sjuk.
  • Me oppmodar alle vaksne til å bruka munnbind. Dette er påbudt der ein ikkje kan halde 1-meteren.
Korleis gjer Jærmuseet besøket trygt for deg?
  • Overflater og berøringspunkt vert reingjort regelmessig og ofte
  • Antibac-stasjonar er sett ut fleire stader på musea
  • Me oppfordrar gjestene å bruka kontaktlaus betaling
  • Me har tilrettelagt for 1-meters avstand
  • Eit par installasjonar er stengt ned
  • Grupper må reservera plass på førehand
  • Me avgrensar talet på gjester som kan vera inne på museet samstundes
Spørsmål?

Ta kontakt med oss på telefon 47776020 / post@jaermuseet.no