Leik, lesing og Inger Lise Belsvik sine illustrasjonar til Haugtussa.

I 1895 skreiv Arne Garborg dei folkekjære dikta om Veslemøy, katten Mons og Småsporven. Over hundre år seinare laga Inger Lise Belsvik laga bilde til dei: «Slik blir dei som nye, dikta om den silkekledde haren og killingane som dansar, om jenta i blåbærli og katten som drøymer under omnen – og om småsporven som tippar korn i tunet og ler åt katten grå» (Samlaget 2001, på omslaget til barneboka «Småsporven»).

Og på denne måten kan dikta om den spesielle jenta appellera til både barn og vaksne. Barna får oppleva historia for første gong, gjennom dyra i Veslemøy si verd; og dei vaksne får diktsyklusen i ein ny versjon, gjennom ei sprell levande ungjente i tida før kjærleikssorga og møtet med dei utspekulerte underjordiske.

I utstillinga finn du òg ei stove med omnskrå, lesekrok og bøker, kosespurv og kosekatt – og ei diger kurompe på veggen.

Inger Lise Belsvik.

Inger Lise Belsvik er ein populær og prislønt illustratør. Forutan Arne Garborg har ho mellom anna illustrert bøker av Arnljot Eggen, Rønnaug Kleiva, Eva Jensen, Rune Belsvik, Odd Nordstoga, Erna Osland, Olav H. Hauge, Halldis Moren Vesaas og Bjørn Sortland. Ho fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris i 1997 og 2004 og har to gonger vunne gull i Årets vakreste bøker. Les meir her