Innføring i historia og tradisjonane bak folkevisene, og Hulda Garborg sitt arbeid for folkevisedansen. Elevane får prøva seg på både song og dans.

Hulda Garborg er kanskje mest kjend for å ha blåst liv i bunadane. Visste du at bunadsinteressa hennar sprang ut av engasjementet for den norske folkedansen, og spesielt folkevisene?

Kort om opplegget

  •  Formidlar fortel om bakgrunnen for dei norske folkevisene, og om arbeidet med å samla dei inn.
  •      Hulda Garborg si rolle i dette arbeidet får spesiell merknad, og me prøver å gjenskapa arbeidet hennar med folkevisedansen.
  •  Me ser spesielt på mellomalderballadane og historiene dei formidlar. Kva ligg bak bergtakingsvisene, kan desse mytene ha hatt nokon funksjon?
  •  Elevane får både synga og dansa til fleire kjende og ukjende viser.

Klasse/trinn: 8.-10. trinn

Tidsrom: Heile året

Pris: Gratis

Tid: 60 minutt

 

Kompetansemål (8.-10. trinn)

Språk og kultur (norsk)

  •  presentera tema og uttrykksmåtar i eit utval sentrale samtidstekstar og nokon klassiske tekstar i norsk litteratur
  •  beskriva samspelet mellom estetiske verkemiddel i samansette tekstar, og reflektera over korleis me vert påverka av lyd, språk og bilde

Utforskaren (samfunnsfag)

  •  visa korleis hendingar kan framstillast ulikt, og drøfta korleis interesser og ideologi kan prega synet på kva som blir opplevd som fakta og sanning
  •  skapa forteljingar om menneske frå ulike samfunn i fortid og notid og visa korleis livsvilkår og verdiar påverkar tankar og handlingar

Historie (samfunnsfag)

  •  finna døme på hendingar som har vore med på å forma dagens Noreg, og diskutera korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis
  •  drøfta ideal om menneskeverd, diskriminering og utvikling av rasisme i eit historisk og notidig perspektiv
  •  presentera viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet og beskriva korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag

 

 

Send førespurnad