Koss var det då Arne Garborg var liten? Kva var han opptatt av, og koss var det å veksa opp?

Koss var det då Arne Garborg var liten? Kva var han opptatt av, og koss var det å veksa opp? Her får barna høyra om koss Arne, eller Aadne, fekk namnet sitt, og om kvardagslivet på Jæren midt på 1800-talet.

Kort om opplegget

  • Formidlar les og fortel om Arne Garborg sin oppvekst og det gamle Jæren
  • Barna får utforska utstillinga: kle seg ut, teikna og bygga med ordklossar
  • Fri leik inspirert av forteljingane

Kompetansemål (1. – 4. klasse)

Munnleg kommunikasjon (norsk)

  • Lytta til tekstar på bokmål og nynorsk og samtala om dei
  • Fortelja samanhengande om opplevingar og erfaringar
  • Uttrykka eigne tekstopplevingar gjennom ord, teikning, song og andre estetiske uttrykk
  • Lytta etter, gjenfortelja, forklara og reflektera over innhaldet i munnlege tekstar
  • Bruka eit eigna ordforråd til å samtala om faglege emne, fortelja om eigne erfaringar og uttrykka eigne meiningar
  • Samhandla med andre gjennom leik, dramatisering, samtale og diskusjon

Samfunnskunnskap (samfunnsfag)

  • Samtala om variasjonar i familieformer og om relasjonar og oppgåver i familien
  • Gje døme på rettar barn har, og ulike forventningar jenter og gutar møter i kvardagen, og samtala om korleis forventningane kan opplevast

Klasse/trinn: 1. – 4. klasse

Tidsrom: Heile året

Varigheit: 1 time (inkl. tid til fri leik)

Send førespurnad