Jakt på svara i Garborgsenteret. Skriv eit dikt, spel inn ein film og høyr på den snakkande kista.

Jakt på svara i Garborgsenteret. Skriv eit dikt, spel inn ein film og høyr på den snakkande kista.

Kort om opplegget

  • Elevane blir delte i grupper og får oppgåver dei skal løysa ved hjelp av utstillinga, slik blir dei betre kjende med Arne og Hulda Garborg.
  • Oppgåvene gir eit breitt norskfagleg spenn, og elevane får oppdaga lese- og skriveglede gjennom dikt, ordklossar og lyttestolar.

 

Kompetansemål

Munnleg kommunikasjon (norsk)

  • lytta til og vidareutvikla innspel frå andre og skilja mellom meiningar og fakta
  • uttrykka og grunngi eigne standpunkt og visa respekt for andre sine
  • uttrykka seg med eit variert ordforråd tilpassa kommunikasjonssituasjonen

Skriftleg kommunikasjon (norsk)

  • lesa eit breitt utval norske og omsette tekstar i ulike sjangrar på bokmål og nynorsk, og reflektera over innhald og form i teksten
  • referera, oppsummera og reflektera over hovudmoment i ein tekst
  • forstå og tolka opplysningar frå fleire uttrykksformer i ein samansett tekst
  • velga ut og vurdera informasjon frå bibliotek og digitale informasjonskanalar

Klasse/trinn: 5.-7. trinn

Tidsrom: Heile året

Pris: Gratis

Tid: 30-90 minutt, kan tilpassast ønske

Send førespurnad