Sjå Jæren 2017

Den 29. utgåva av Jærmuseet si årbok

I årets bok kan du lesa om:

  • Noregs første omreisande vitensenter, Science Circus. Pionéren Ivar Reed Nakken har gått av med pensjon, men klarer framleis ikkje å halda seg unna realfagsformidling. I «Landet rundt med fiselyd og flammekastar» fortel Ørjan Zazzera Johansen historia om Science Circus – i praksis forteljinga om Ivar.
  • Sandnes sin møbelproduksjon. Per Inge Bøe er historikar og har sett på Sandnes sin møbelproduksjon. I «Størst på småmøbler» får me høyra om sterke foregangsmenn, dyktige handverkarar og eit heilt miljø som gjorde byen til eit kjerneområde innan møblar og trevare.
  • Den imponerende historia om to av Jærens sanne slitarar, nyryddaren Ole Jakobsen Indrebø og kona Rakel Marie, som slo seg ned på Indrebø i andre halvdel av 1800-talet. Ivar Hognestad har funne stoff i gamle aviser i «En nydyrkers livsgjerning».
  • Tilvêret som bokillustratør. I «Småsporven og heimstadillustratøren » fortel Inger Lise Belsvik om arbeidet sitt og kva som ligg bak både boka, bilda og utstillinga.
  • Bunadens historie. I «Bunadsjenter og dressgutar» har nordist Jorunn Osland sett på utviklinga frå Hulda Garborg fremma bunaden i begynnelsen av førre hundreåret til den populariteten han har blant dagens konfirmantar.
  • Samlingsteam Rogaland. I «Et felles løft for framtiden» gir leiar Jeanne Dalbu eit innblikk i teamets arbeid med gjenstandsregistrering ved alle regionmusea i fylket – og kva dette betyr for musé med lite lagringsplass og dårlege oppbevaringsforhold.
  • Dei handlagde fiskestengene til Garman og Magnhild Holen på Kvåle i Time. Historikar Knut G. Austad dokumenterte arbeidet ved intervju og video så tidleg som i 2000, men det er først no at materialet blir presentert for publikum i «Garman og splitcanestengene».
  • Utedoets historie. Hans Torgny Indrebø gir oss eit artig innblikk i eit tema som ikkje har fått så mykje merksemd.