Torsdag 4. oktober opna Garborgsenteret si nye, temporære utstilling.

Garborgsenteret er glade for å kunna presentera broderiutstillinga SEKS MILLIONAR STING av Janne Robberstad. I denne utstillinga presenterer Robberstad eigne samtidsbroderi og redesign, kombinert med tradisjonelt broderi. Kvaliteten i handverket er viktig for Robberstad. Ho er opptatt av å vidareføra den kulturarven som ligg i denne tradisjonen. I tillegg synest ho det er viktig å sjå på tekstil og søm som noko berekraftig i samtida. Utstillinga har tidlegare vore vist av Sunnhordland museum.

Utstillinga viser 13 verk av Janne Robberstad i tillegg har me fått låne fleire broderi frå privatpersonar. Utstillinga skal stå til 19. mai 2019. Kurator for utstillinga er Marte Moen Danielsen.

SEKS MILLIONAR STING er open i Garborgsenteret si opningstid. Måndag – laurdag kl. 10 – 15 og sundag kl. 12 – 17.