Barnebursdag Garborgsenteret
Barnebursdag på Garborgsenteret

 

På Garborgsenteret får barna heile anlegget for seg sjølv. Dei kan utforska utstillinga, leika med ordklossar, kle seg ut og teikna. I tillegg kan ein velja ekstra aktivitetar, som konkurransar, kinovisning og formingsaktivitetar.

Grunnpakke kr 200

Pølse i brød
Brus
Saftis / fløteis
Inngangsbillett

Verdt å merka seg

  • Du kan gjerne ta med kake om du vil
  • Minimum 8 barn, maksimum 30 barn
  • Det skal vera ein vaksen per 10 barn, minimum 2 vaksne uansett
  • Aldersgrense 5-12 år
  • Meld frå om allergiar eller andre behov

Ekstra

  • Kino med popkorn kr 10
  • Formingsaktivitet kr 20
  • Konkurranse m/ oppgåveløype kr 10

Tidspunkt

Me tar imot selskap på følgande tidspunkt:
Fredag 17-19
Laurdag 15-17
Søndag 17-19

Bestilling

Send ein epost til garborg@jaermuseet.no med følgande detaljar:

  • namn og alder på jubilanten
  • ønska dato og klokkeslett
  • tal barn og vaksne (dette kan endrast seinare)
  • eventuelt ønska ekstraaktivitetar

Spørsmål? Ring oss på tlf. 47 77 60 20