Garborgsenteret og Time bibliotek leiger ut Storsalen, eit auditorium med plass til meir enn 100 menneske. Her er det mogleg å arrangera middagar, sjå filmar, halda møte osb.

Folkedansfest16web.jpgDette er ein fullt utstyrt møtesal med plass til 100 i kinooppsett, 65 plassert ved bord til eit måltid. Salen har lydanlegg, projektor og lerret, og kan brukast til konferansar, festar, øvingar m.m. Prisane er som følger:

Privatpersonar/bedrifter: kr 700 per time før kl. 16, kr 1000 per time etter kl. 16 og i helga.
Frivillege organisasjonar: kr 750 per time same kva tid.

Leiga inkluderer vert, reinhald og bruk av utstyr. Dersom det trengst ekstra vert, kostar det kr 400 ekstra per time på kvardagar, kr 450 ekstra per time i helga.
Dersom eit arrangement varer i 8 timar eller meir, ta kontakt for eigen avtale. Dersom ein arrangør ønsker å nytta dei andre romma i tillegg, be om eigen avtale.

Bestill hos Time bibliotek: bibliotek@time.kommune.no.
Leiga inkluderer vert, reinhald og bruk av utstyr. Dersom det trengst ekstra vert kostar det kr 400 ekstra per time på kvardagar, kr 450 ekstra per time i helga.

Folkedansfest64web2.jpg

 

 

 

 

 

Sameksistensen med Time bibliotek og kafé Garborgstova gir ytterlegare moglegheiter.