Jørgen Tjemslands plateverkstad

Ein ny song i månaden gjennom eit heilt år

Her kan du følga utviklinga i artisten Jørgen Tjemsland sitt nyaste prosjekt. Kvar månad i eitt år skal han laga ein ny song og framføra den. Han inviterer publikum til å koma med innspel og tema til kva den neste songen skal handla om. Hovudscenen er Mellombels ølstove på Bryne, men han kan dukka opp hos oss òg.

Du kan lesa meir på jbl.no (abo).

Tysdag 13. februar lanserte han prosjektet på Garborgsenteret, ideen fekk han då han var på skulebesøk (han er lærar ved Øksnevad vgs) og blei ståande og leika seg med diktarhjulet. Lanseringsdagen skreiv han følgjande diktarhjuldikt: «Colaflaska lengtar forbi tørre hender». Kjem det med i den første songen? Følg med!

 


Første plateverkstad var torsdag 15. februar. Då spelte han songar frå debutalbumet «Øyehulehånd» frå 2017. Etterpå fekk publikum koma med forslag til ord som han skal ta med i den neste songen sin.


Den andre plateverkstaden fann stad 15. mars. Tjemsland framførte då den nyskrivne songen sin, skriven etter forslaga som kom i februar.

Rennedrev på Bryne torg
Rennedrev på Bryne torg
dekke øve all din sorg
og farge all skiden kvide
te bestemor di tar du med deg korgå
på besøk te ei så fast ein snøborg
så smelte for så lide

Ulven kom her te bygdå i fjor
då jeger flytta inn med mor
men nå e de ikkje samen meir
For nå e den…

Lunefulle våren tebage igjen
og øyreverken ska sleppa taget igjen
men så komme kalle trekken
og puste deg i nakken
og trekke te på skrustikkå
sånn at smerten presse på bag auene
når du ligge der og prøve å tella sauene

Når skrustikkå strame seg
om alt du brenne inne med
og holde det te hjerta fastne
Og du kjenne skogen mørkne seg
og luntå frese ner
mot adle dei tingå du e i kast med
Når alt har eksplodert
og skamfert dine drømmer
og du robe ulv
for søttende gangen
Då då då…
Då e det den

Lunefulle våren tebage igjen
og øyreverken ska sleppa taget igjen
men så komme kalle trekken
og puste deg i nakken
og trekke te på skrustikkå
sånn at smerten presse på bag auene
når du ligge der og prøve å tella sauene

Det finns håb i eventyret
og inni beistet finns det mer enn du tror
men hvis du skjere opp det udyret
finne du ingen bestemor

Nei du finne ein
Lunefulle vår så e tebage igjen
og ein øyreverk ska sleppa taget igjen
men så komme kalle trekken
og puste deg i nakken
og trekke te på skrustikkå
sånn at smerten presse på bag auene
når du ligge der og prøve…

Lunefulle våren tebage igjen
og øyreverken ska sleppa taget igjen
men så komme kalle trekken
og puste deg i nakken
og trekke te på skrustikkå
sånn at smerten presse på bag auene
når du ligge der og prøve å tella sauene

Og Tjemsland fekk songen til å rocka på første forsøk! Både konserten sett under eitt, og den nye songen, fekk svært god respons frå publikum.

Etterpå tok han imot ord frå publikum som han skal bruka i sin neste song. Den skal presenterast på Mellombels om omkring ein månad. Her er dei orda og vendingane han har å jobba med: bondestudent, spiker, lommering, tjelva, ånnas, mannabrus, kvemleie, nå står det stilt, buss for tog – og så eit ord som var uforståeleg for oss, men kanskje ikkje for Tjemsland.


Her er teksten til songen Tjemsland har laga til konserten på Mellombels 12. april:

 

Daniel Braut i løvehulen

Fmaj                           Am

Eg sko ha vågt å stått som Daniel

Fmaj                           Am

men det her e jæli flaut

Fmaj                           Am

Kjenne meg mer som Daniel Braut

Fmaj                           G6

Som smøyge seg i hjel

 

Eg drog inn i hulen i kvellingå

for å se løven i kvidaua

Neste morning låg eg nesten halvdaue

Kom ud igjen med bare halve fortellingå

 

B                       C

Eg sko ha ringt deg for lenge siå

Fmaj                     B

Men eg ga opp då det va på tiå

Essmaj                 H79/#f i bass

Ville heller møda blikket te løvene

#G6                                   G

Men så blei eg trøtte og sløve av det

C                                      F

Nå står det stille, buss for tog

Dm                               G7

Spiger i kistå for meg og deg òg

C                                       F

Nå står det stille, buss for tog

Dm                 #G6                  G

Spiger i kistå for meg og deg òg

 

Fmaj                           Am

Eg bygde mitt mot på høvelspon

Fmaj                           Am

Høvla av de store dagane

Fmaj                           Am

Nå har eg fått meg nye telefon

Fmaj                           C

og smyge rondt i baggadene

 

B                       C

Eg sko ha ringt deg for lenge siå

Fmaj                     B

Men eg ga opp då det va på tiå

Essmaj                 H79/#f i bass

Ville heller møda blikket te løvene

#G6                                   G

Men så blei eg trøtte og sløve av det

C                                       F

Nå står det stille, buss for tog

Dm                              G7

Spiger i kistå for meg og deg òg

C                                       F

Nå står det stille, buss for tog

Dm                 #G6                  G

Spiger i kistå for meg og deg òg


13. september var det på nytt konsert på Mellombels. Denne gongen var det Garborg-tombola. Publikum blei inviterte til å finna ord i Arne Garborg sin avantgardistiske roman, «Trette menn», frå 1891. Det blei også lodda ut to eksemplar av den språkmoderniserte («Trette menn» var Garborg sin einaste bokmålsroman) versjonen som Garborgsenteret gav ut i 2016.

Endre Landsnes på trommer og Jørgen Tjemsland.
Her er dei orda frå «Trette menn» som publikum valde. Nå må Tjemsland ta utgangspunkt i desse når han lagar ein ny song som skal framførast i oktober.

Jørgen Tjemslands siste plateverkstad finn stad på Mellombels 14. mars kl. 21. I samband med det la Tjemsland ut følgande statusoppdatering på Facebook:

«Rekviem for ein plateverkstad

No var me altså attende der me starta, med ein lunefull vår i kjømda og ei god bodde songar rikare, som skal verta til plate.

Målet var å skriva ein song i månaden etter innhaldsforslag frå publikum. Eit noko sjeggete mål, kan ein seie. Medrekna ymse feriar, nokre ulydige og halvferdige songar, er me kanskje ikkje så langt unna. Ein brodert diplom på peishylla stadfestar at eg óg har vorte ein slags meister i SLAM på vegen. Kven skulle tru?

Gjildast med dette har vore å få å testa nye songar for skikkelege folk. Publiken på Mellombels har bestått av alt frå ølseminaristar, slektå te Strømsvold og ymse lærarar med kompetanse for kvalitet. Det har gjort jobben rimeleg grei for innehavar og utkastar Bjørn Hagerup.

Vil óg nytta høve til å takka dei faste benkjeslitarane som brukar Mellombels som permanent vingleplass. Dinest høyrer også ein særleg takk til Bjørn som har støtta prosjektet når eg har tvila og angsta meg. Takkar óg Garborgsenteret og Ørjan som har stått på. Den feitaste kredden går jamvel til han Endre Landsnes, eksilstavangerbuen som har slått seg ned på Bryne. Utan han hadde det ikkje gått. Ovasjonar går óg til strengetraktør Ståle Stømsvold (han med slektå) og feletutbanjomannen Egil Heine Strand, samt songar og medmenneskje Signe Irene Thime og sist ljodmannen som har baksa med det susande ljodanlegget.

Då gjeld det berre å appellera til vyrdnadskjennsla i Tjemslandslekta; kjem dei til å akseptera at dei nok ei gong har vorte forbigått av Strømsvoldane når det gjeld å stå opp for slekta? (PS. Dette gjeld ikkje Tormod og Kurt)

Og med det sagt, sjåast me vel 14 mars…»