Hurra! Det blir Garborgdagar!

Siste veka i januar brakar det laus med mange fine arrangement: Marit Eikemo, Gunnar og Helge Torvund, Øyvind Rimbereid, Ingrid Nielsen, Ingrid Fiskaa, Rune Salvesen, Sigbjørn Reime, Per Buvik og Ingvill Førland Hellstrand! Velkommen til dei – og velkommen til dykk!

Tysdag 25. januar kl. 18: Forfattarsamtale med Rune Salvesen, Garborgsenteret/Time bibliotek

Tysdag 25. januar kl. 20: Snakk om framtidsmennesket med Ingvill Førland Hellstrand, Mellombels

Onsdag 26. januar kl. 19: «Min Garborg»-foredraget med Ingrid Fiskaa, Garborgsenteret/Time bibliotek

Torsdag 27. januar kl. 11: Foredrag om Trette menn med Per Buvik, Garborgsenteret/Time bibliotek

Torsdag 27. januar kl. 19: Bokbad om Team Tuva med Marit Eikemo, Garborgsenteret/Time bibliotek

Fredag 28. januar kl. 18: Helge Torvund opnar utstilling av Gunnar Torvund, Bryne mølle

Laurdag 29. januar kl. 13: Foredrag om Garborg og fantane med Sigbjørn Reime, Garborgsenteret/Time bibliotek

Laurdag 29. januar kl. 15: Ingrid Nielsen og Øyvind Rimbereid les, Mellombels

Søndag 30. januar kl. 9: Trette menn-marsjen, frå Knudaheio til Bryne

Det vil også verta gjennomført nokre Garborgdagar-arrangement seinare i år, det er berre å gleda seg!