Haugtussa: eit skogsbad

Utstilling 18. januar - 1. mars 2020

Komponist Ketil Kinden Endresen har laga ei nytolking av Griegs Haugtussa-songar, også kjent som Opus 67. Verket til Endresen er basert på fragment av ei grammofoninnspeling frå 1940, med Kirsten Flagstad og Edwin McArthur, frå samlinga til Norsk lydinstitutt. I tillegg er det nytta lydopptak frå Knudaheio og Grieg sin bustad Troldhaugen i Bergen.

Verket blir presentert som ein lydinstallasjon i eit skogsrom med plantar, lyd og lys. Slå deg ned i skoglysinga og nyt musikken og stemninga. Delar av musikken blir styrt av biodata frå dei levande plantane. Installasjonen er inspirert av den japanske filosofien shinrin-yoku og er utvikla i samarbeid med Dionne Elizabeth. Høyr utdrag frå verket her.

Verket er støtta av Kulturrådet, Jæren sparebank og Norsk lydinstitutt.