Garborgsenteret søker ein vert til ulike typar formidlingsoppgåver på senteret. Jobben vil i hovudsak bestå av å vera vertskap for store og små elevgrupper på Garborgsenteret, og gjennomføra ulike typar pedagogiske opplegg med dei. Opplegga kan vera alt frå eventyrstund med barnehage / småskule til meir fagleg krevjande opplegg knytt til språk og litteratur for vidaregåande skule. Nødvendig opplæring vil bli gitt, men fagleg interesse og forkunnskapar er nødvendig. Arbeidet vil først og fremst føregå i «skuletid». Det kan òg bli aktuelt med helgevakter, om det er av interesse.

Me ønsker:
Lektorstudent med minst eitt av faga: norsk, historie, religion
Fleksibel m.o.t. arbeidstid
For spørsmål, ta kontakt med museumslektor Jorunn Osland på tlf. 905 05 186.

Søknad sendast til garborg@jaermuseet.no snarast.