Musea dansar

Dans med oss! er ei vandreutstilling som skal innom totalt 9 museum i Noreg i løpet av tre og eit halvt år. Utgangspunktet for vandreutstillinga er dei tre utstillingene som blei produsert av Museene danser i Trondheim som eit samarbeid mellom Museene i Sør-Trøndelag og Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Dette prosjektet blei finansiert av Trondheim kommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune og Norsk kulturråd. Nå har utstillingane fått nytt liv gjennom økonomisk støtte frå Sparebankstiftinga DNB!

Utstillinga har åtte museum på mottakarlista. Voss folkemuseum, Garborgsenteret, Nord-Troms museum, Rørosmuseet, Romsdalsmuseet, Hardanger folkemuseum, Ullensaker museum i Akershus og Sigdal museum i Buskerud.

Utstillinga skal stå hos oss i fire månadar fram til januar 2020.

I tillegg har me spedd på med lokalt arkivmateriale og lokalt dansemateriale; for oss gjeld det først og fremst historier frå dans på Planen. Vandreutstillinga er innholdsrik og mangfoldig – med alt frå passinho frå Brasil til strekkbuksepolka frå Noreg.

På Garborgsenteret får du moglegheita til å dansa mange dansar dei neste fire månadane!