På grunn av koronasituasjonen ser me oss dessverre nøydde til å avlysa årets Garborgdagar 25.-31. januar.
Berre konserten med Hilde Selvikvåg 30. januar og Trette menn-marsjen 31. januar går som planlagt. Me håpar å setta opp einskilde arrangement på eit seinare tidspunkt.
Me beklagar dette, men bed om forståing for den vanskelege situasjonen me alle er i om dagen.
Me kjem tilbake med meir informasjon om eventuell refusjon av billettar.
I 1891 gav Arne Garborg ut romanen “Trætte Mænd”, ein av hans mest lesne og omdiskuterte. Romanen tek temperaturen på eit tidsskilje. Dei politiske kampåra på 1880-talet vart avløyste av ei meir individualistisk, distansert og dekadent tidsånd. I litteraturen veik naturalismen plass for nyromantikk.
I foredraget vil Per Buvik dels sjå Garborgs roman i ein europeisk samtidskontekst og dels diskutera Garborgs ironi. Han vil drøfta bruken av ulike former for ironi i litteraturen, og spesielt forholdet mellom ironi, humor og komikk.
Per Buvik er professor emeritus i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har særleg arbeidd med fransk litteratur og har vore engasjert i fransk-norsk kultursamarbeid. Buvik har også vore redaktør for tidsskriftet Norsklæraren og redaksjonssekretær i tidsskriftet Edda.
Arrangør: Jæren Senioruniversitet