Garborgdagar 25. januar: Popsongar 2018 med Frode Grytten og Øyvind Vågnes

25. januar 2018 19:00
Garborgsenteret
200,-

Litteraturen er full av popsongar. Popsongane er fulle av litteratur. Frode Grytten og Øyvind Vågnes møtest til samtale om musikken og bøkene, og korleis dei finn vegen inn i kvarandre.

Frode Grytten er forfattar av prisvinnande bøker som Bikubesong (1999), Flytande bjørn (2005) og Rom ved havet (2007), og har i seinare år markert seg som dramatikar med Sånne som oss (2014/2015) og Albert og Anna (2017). I 2016 kom den kritikarroste novellesamlinga Menn som ingen treng. Musikken spelar ei viktig rolle i mange av bøkene hans, ikkje minst Popsongar (2001) og Clash-romanen Brenn huset ned (2013), og Frode Grytten Band fyller stadig salar landet rundt.

Øyvind Vågnes er forfattar og forskar, sist aktuell med romanane Sone Z og Vesaas (2017). For Ekko (2005) fekk han Nynorsk Litteraturpris. Vågnes har skrive om musikk i vekeavisa Dag og Tid i ei årrekkje, noko han vart nominert til språkprisen for i 2015. På 2000-talet sat han i redaksjonen i det litterære tidsskriftet Vagant, der han også sette om nordamerikansk samtidslitteratur til norsk.

Billettar kan kjøpast i resepsjonen og på Vipps: #Garborgsenteret.