Klassikarar på fire minutt – Garborg spesial

Litterære klassikarar

24. januar 2019 19:00
Storsalen, Garborgsenteret
200,-

Kvar veke på NRK P1 går Janne Stigen Drangsholt, Bjørn Olav Skjæveland og Per Øystein Kvindesland gjennom ein klassikar på fire minutt, slik at me i selskapslivet kan lata som me har lese dei. I anledning Garborgdagar har dei sett saman ei spesialsydd forestilling som i tillegg kan hjelpa dei som ikkje har lese Jæren sin store son, men som ønskar å lyga om det. Trioen går òg gjennom spørsmål som kva er ei klassikar, kven les klassikarar og kvifor ønsker me å gje inntrykk av å ha lese desse bøkene? Serien finst òg som poddkast under tittelen «Kjente bøker på fire minutter».

Arr.: Garborgdagar 2019