Hulda Garborgs litterære skandale

Litterær lunsj

22. november 2018 13:00
Kafeen
Gratis

Skodespelet «Edderkoppen» var Hulda Garborgs mest ambisiøse stykke. Av somme samanlikna med sjølvaste Ibsen og med ein tematikk som fortsette der «Et dukkehjem» slapp. Fiaskoen var likevel fullstendig. Stykket fekk hard medfart då det blei sett opp på Nationaltheatret i 1904 og blei tatt av plakaten etter tre dagar. Meldarane tolte ikkje eit stykke om kvinners makt, erotikk og intelligens – endåtil skrive av ei kvinne og bygd på ei sann historie. Ho bygde forteljinga på oppveksten sin, der hennar fråskilte far losjerte hos ei rik kvinne med stor seksuell apetitt – «edderkoppen». Garborg skreiv stykket anonymt, mellom anna fordi fleire av modellane framleis var i live, men nesten alle avisene oppgav opphavskvinnas namn. På toppen av det heile var Nationaltheatrets direktør Bjørn Bjørnson son av Bjørnstjerne, Arne Garborgs hovudmotstandar i målstriden.

«Hulda Garborgs litterære skandale» er eit foredrag ved lesevitar Ørjan Zazzera Johansen.