28. mars 20:00
Helgåleiren/Ogna scene
Hipp hopp og Garborg består av ræpparen Atlars, Ørjan Zazzera Johansen frå Garborgsenteret og bassisten Roar Skjelbred. Gruppa blei sett saman i 2013 av Rogaland fylkeskommune for å turnera Rogaland rundt i samband med lanseringa av Hele Rogaland Leser si bok “Makt, ofre og idioter”, ein antologi om makt med tekstar av m.a. Atlars og Arne Garborg. Gruppa har fortsatt å turnera årleg i den kulturelle skulesekken og våren 2019 passerer dei 100 førestillingar og vil ha spelt for over 10 000 menneske. Denne gongen har alle sjansen til å oppleva Hipp hopp og Garborg!
Billett kjøpast i døra på Helgåleiren/Ogna scene.