Garborgdagar 2022: Trette menn-marsjen

30. januar 2022 09.00
100,-

Under Garborgdagar 2022 er det igjen mogleg å melda seg på Trette menn-marsjen. Marsjen er jærsk natur og vær på sitt beste og passar for både store og små.

Marsjen fylgjer den same legendariske trasèen som i fjor. Oppstart er ved Arne Garborg si skrivestove i Knudaheio og endepunkt er på Bryne torg.

Tittelen «Trette menn» speler på Arne Garborg sin roman Trætte Mænd frå 1891. Romanen handlar om både rørsle og stagnasjon, og hovudkarakteren Gabriel Gram er ein trøytt type med fastlåste tankar som er mykje ute og går. Trette menn-marsjen spelar på tittelen til denne boka i heilt konkret forstand. Marsjen handlar om å gå seg trøytt.

Marsjen er lagt til eit variert terreng. Deltakarar får moglegheit til å oppleva den jærske vinteren på sitt mest autentiske. Om det blir det beste eller verste gjenstår å sjå. Dei jærske værforholda er uansett årstid ei oppleving i seg sjølv. Landskapet på Jæren er bart og alt vær blir ekstra tydeleg i dette himmelstrøket. I fjor hadde me strålande sol og kunne sjå langt til havs, men marsjen kan like gjerne bli ei vindfrisk oppleving med ruskete elementer. Trette menn-deltakarar gjer derfor lurt i å førebu seg på ein vær-marsj vel så mykje som på ei naturoppleving.

Turen går og via Fotland mølle ved Fotlandsfossen, den største fossen på Jæren. Her blir det ein kort stopp og ein kan ete nistepakke og få med seg eit kulturelt innslag. På Fotland har det blitt drive med maling av korn siden 1200-tallet. Mølla blei bygd i 1845 som industrimølle og dei restaurerte bygga ved mølla er i dag museum og utstillingslokale for kunst.

Leiar av Trette menn-marsjen er Jarle Skjæveland i samarbeid med Garborgdagar og Snakk! Skjæveland er ein litteraturglad ingeniør frå Figgjo, busett i Oslo som elskar å gå. Han har sidan sommaren 2019 arrangert Trette menn-marsjar både på aust og vestlandet, den siste marsjen han arrangerte var i Finnskogen hausten 2021.

Praktisk info: Det kan vere lurt å ta med sitteunderlag og niste. Elles anbefalast gode sko, til dømes fjellsko.

Værforbehold: Om det ligg an til uframkommeleg trasè grunna skitver, så vert marsjen avlyst og kontingenten refundert.

Start: sundag 30. januar kl. 09.00 (tidleg avmarsj for å utnytta den korte dagen i januar)

Stad: Oppmøte utanfor skrivestova til Arne Garborg i Knudaheio, Undheim
Lengd: ca 13 km. (Framme på Bryne torg ca klokka 14.00)

Påmeldingskontigent: 100 kroner (VIPPS: 96373)

Arrangør: Jarle Skjæveland og Snakk! i samarbeid med Garborgdagar

Påmelding: Skriv en e-post til lilliansutne@gmail.com

Påmeldingsfrist: 29. januar