Jærkrim/KJÆRE GUD

Bokprat og filmvising med Ivar Aase.

28. januar 2023 16.00
Mellombels, Bryne torg
100,-

Ivar Aase (f. 1991) er ein filmregissør og forfattar frå Orre. I 2016 debuterte han med krimromanen Jernspøkelset og lanserte samstundes omgrepet «jærkrim» i lag med forretningspartnar Jan Inge Wiig. I 2022 kom oppfølgaren Steinansiktet. Dette året vann han også Gullstolen for beste musikkvideo, «KJÆRE GUD», ein 11 minutt lang musikal med tre songar
av General Forsamling.

Det blir snakk om både bok og film, og me får sjansen til å sjå den prislønte musikkvideoen med Aase som manusforfattar og regissør, med Brigt Skrettingland i hovudrolla.

Samtaleleiar er Ørjan Zazzera Johansen.

Tid: Laurdag 28. januar kl. 16.00
Stad: Mellombels
Pris: 100. Kjøp billett.
Arrangør: Garborgdagar
Arrangementet på Facebook

 

Foto: Stine Haugland