Me treng endå nokre engasjerte og flinke sommarvertar til Fotland Mølle, Garborgheimen, Knudaheio og Garborgsenteret, som held ope kvar dag frå 1. juli til 14. august. Søknadsfrist 22. mai.

Garborgsenteret er eit interaktivt formidlingssenter for Hulda og Arne Garborg. Senteret er plassert sentralt på Bryne saman med Time bibliotek, like ved togstasjonen. Dei historiske anlegga Garborgheimen, Knudaheio og Fotland Mølle ligg lenger vekk frå sentrum og det er nødvendig med eige transportmiddel for å koma seg dit. Vaktene rullerer mellom dei ulike Garborg-anlegga slik at ein arbeider litt alle dei tre stadene.

Sommarvertane sine arbeidsoppgåver:

  • Formidling og vertskap på anlegga
  • Resepsjonsvakt med billett-/butikksal
  • Rydding/lettare reinhald, plenklypping der det er aktuelt
  • Andre arbeidsoppgåver kan koma til

 

Kvalifikasjonar

Erfaring frå formidlingsarbeid
Interesse for eller utdanning innan historie, samfunnsvitskap, språk og litteratur.
Gode språkkunnskapar: arbeidsspråket er nynorsk
Utovervend, positiv og imøtekomande
Gode samarbeidsevner og serviceinnstilling

Lønn etter avtale.

Send søknad med CV innan 22. mai til: garborg@jaermuseet.no. Spesifiser viss det er periodar mellom 1. juli -14. august du ikkje kan jobba.

Ungdom og unge vaksne blir spesielt oppfordra til å søkja. Søkjar bør vera fylt 16 år.

For fleire opplysningar kontakt avdelingsdirektør Inger Undheim, tlf. 97532529.